Labyrinth av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Labyrinth
Filmmusikkalbum av David Bowie og Trevor Jones
Utgjeve 23. juni 1986
Innspelt Juli og september 1985
Sjanger
Lengd 43:33
Selskap EMI AML 3104
Produsent
David Bowie-kronologi
Tonight
(1984)
Labyrinth Never Let Me Down
(1987)
Trevor Jones-kronologi
Runaway Train
(1985)
Labyrinth Dominick and Eugene
(1988)
Singlar frå Labyrinth
  1. «Underground»
    Utgjeve: 9. juni 1986
  2. «Magic Dance»
    Utgjeve: Januar 1987
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Labyrinth er eit filmmusikkalbum av den engelske musikaren David Bowie og den sørafrikanske komponisten Trevor Jones, gjeve ut i 1986 for filmen Labyrinth. Det var det andre av tre filmmusikkalbum der Bowie hadde ei støre rolle som han gav ut, etter Christiane F. og førThe Buddha of Suburbia. Filmmusikkalbum inneheld lydsporet til Jones for filmen, som er delt inn i seks spor for albume: «Into the Labyrinth», «Sarah», «Hallucination», «The Goblin Battle», «Thirteen O'Clock» og «Home at Last».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Regissøren Jim Henson møtte Bowie for å ta del i filmen i 1983 under Serious Moonlight-turneen til Bowie, då han synte Bowie tidlege design for filen og ein kopi av The Dark Crystal. Bowie hadde ønska å lage musikk til ein barnefilm og såg dette som sjansen sin.[2] Bowie spelte inn fem songar for filmen: «Underground», «Magic Dance», «Chilly Down», «As the World Falls Down» og «Within You». Temasongen til filmen, «Underground», som er to gonger i filmen, først i ei forkorta utgåve spelt under opningasekvensen og andre gongen den fulle versjonen av songen. Den einaste songen Bowie ikkje song solovokal på var «Chilly Down», som vart framført av Charles Augins, Richard Bodkin, Kevin Clash og Danny John-Jules, skodespelarane som hadde røysta til 'Fire Gang'-skapningane i filmen.[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikkalbumet kom ut i juli 1986 i samband med at filmen hadde premiere i USA.[4] «Underground» kom ut i ulike område på singel i juni 1986[5] og i somme marknader vart det òg gjeve ut ein instrumental versjon og ein forlenga «dance-miks».[1] I januar 1987 vart «Magic Dance» gjeven ut på 12"-singel i somme marknader, inkludert i USA.[6] «As the World Falls Down» var opphavleg tenkt som den neste singelen etter «Underground» for jula i 1986, men dette vart det aldri noko av.[7]

I 2017 vart albumet ommastra og gjeve ut på vinyl på Capitol Records, med ein kopi av det originale omslaget, inkludert den originale logoen til EMI America som stod på originalen[8][9] og eit innvendig omslag med foto av Bowie frå filmen.[10] Plata kom òg i avgrensa grøn og levendel-farga vinyl.[11][10]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart marknadsført i musikkmagasin som Billboard.[12] Steve Barron laga ein musikkvideo for «Underground» og «As the World Falls Down».[13] Musikkvideoen for «Underground» syner Bowie som ein nattklubbsongar som snublar inn i verda i Labyrinth, og møter mange av skapningane ein kan sjå i filmen. Videoen for «As the World Falls Down» inneheld klipp frå filmen og bruker dei i lag med svartkvitbilete av Bowie som framfører songen i eit elegant rom.

Sjølv om Bowie ikkje var særleg involvert i marknadsføringa av Labyrinth, var Jim Henson likevel takksam for at han laga musikkvideoane og sa «Eg trur det er det beste han kunne ha gjort for filmen.»[14] Barron-videoane for «As the World Falls Down» og «Underground» imponerte Henson så mykje at han fekk Barron til å regissere fjernsynsserien hans The Storyteller.[15]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Adam Trainer i Senses of Cinema skildra dei fem songane til Bowie som «andelege og nyskapande. Dei har tilfredsstillande melodiar og allsongvenlege refreng» som «Magic Dance». Han skreiv at sjølv om songane fungerte bra i filmen, «som eit ekko av plottet og emna som fantasi og moro», syns han dei var overproduserte og for «sjølvmedviten pop».[16]

Labyrinth-albumet vart inkludert på ei liste over dei 50 beste filmmusikkalbuma av magasinet Paste[17] og Gigwise.[18]

I følgje Bowie-biografen David Buckley i 2015 var Labyrinth-albumet det tredje bestseljande iTunes-albumet i Storbritannia.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Opening Titles including Underground»musikk av Trevor Jones; tekst av Bowie3:21
2.«Into the Labyrinth»Jones2:12
3.«Magic Dance»Bowie5:13
4.«Sarah»Jones3:12
5.«Chilly Down»Bowie3:44
6.«Hallucination»Jones3:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«As the World Falls Down»Bowie4:51
2.«The Goblin Battle»Jones3:31
3.«Within You»Bowie3:30
4.«Thirteen O'Clock»Jones3:06
5.«Home at Last»Jones1:49
6.«Underground»Bowie5:57
Total lengd:43:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande per Nicholas Pegg.[20]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Den nederlandske albumlista[21] 39
Den tyske albumlista[21] 29
Den newzealandske albumlista[21] 15
UK Albums Chart[22] 38
US Billboard 200[23] 68

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 McDonald, Steven. «Labyrinth [From the Original Soundtrack of the Jim Henson Film] – Trevor Jones». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. juni 2021. Henta 26. juni 2021. 
  2. Owen, Williams (17. mai 2016). «Labyrinth: The behind-the-scenes history». EmpireOnline.com. Henta 18. mai 2016. 
  3. «Labyrinth Liner Notes». Labyrinth (Liner Notes). David Bowie. EMI. 1986. 
  4. (Pegg 2016, «Labyrinth» in chapt. The Albums)
  5. (Pegg 2016, s. 294, «Underground» in chapt. The Songs From A to Z)
  6. (Pegg 2016, »Magic Dance« in chap. The Songs from A to Z.)
  7. (Pegg 2011, s. 28)
  8. Gaca, Anna (26. april 2017). «David Bowie's Labyrinth Soundtrack Is Getting a Vinyl Reissue». Spin. Henta 7. september 2021. 
  9. Strauss, Matthew (26. april 2017). «David Bowie's Labyrinth Soundtrack Gets First Vinyl Reissue». Pitchfork. Henta 7. september 2021. 
  10. 10,0 10,1 Bonner, Michael (28. juni 2017). «David Bowie's Labyrinth soundtrack set for vinyl reissue». Uncut. Henta 7. september 2021. 
  11. Draper, Jason (17. juni 2017). «David Bowie's 'Labyrinth' Soundtrack Released On Coloured Vinyl». UDiscover Music. Henta 7. september 2021. 
  12. McGowan, Chris (21. juni 1986). «Soundtrack Fastlane Already Facing Congestion As Labels Strengthen Crossover Links In Marketing Chain». Billboard 99 (25). Henta 7. september 2021. 
  13. (Pegg 2016, s. 27, 294)
  14. «'Labyrinth' Music Video Applauded». Sun-Sentinel (Fort Lauderdale, Florida). 4. juli 1986. s. 23.  ProQuest 389704937
  15. (Pegg 2016, s. 294)
  16. Trainer, Adam (October 2003). ««Well, I Wouldn’t Buy the Merchandise»: David Bowie as Postmodern Auteur». Senses of Cinema (28). ISSN 1443-4059. Arkivert frå originalen 18. oktober 2015. Henta 8. juli 2021. 
  17. Saunders, Hillary (11. april 2016). «The 50 Best Movie Soundtracks». Paste. Henta 7. september 2021. 
  18. Gregory, Jason (2. april 2010). «The Top-50 Movie Soundtracks of All Time». Gigwise. Henta 7. september 2021. 
  19. (Buckley 2015, s. 70)
  20. Pegg 2011, s. 426.
  21. 21,0 21,1 21,2 «Soundtrack / David Bowie / Trevor Jones – Labyrinth» (in Dutch). Hung Medien Charts Portal. Henta 22. april 2018.
  22. «Labyrinth (OST)». Official Charts Company. Henta 7. september 2021. 
  23. «Labyrinth (1986) – Awards». Billboard 200. Allmusic. Henta 12. mars 2013.