Day-In Day-Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Day-In Day-Out
Singel av David Bowie
frå albumet Never Let Me Down
B-side Julie
Utgjeve 23. mars 1987
Innspelt Hausten 1986
Studio Mountain (Montreux i Sveits)
Sjanger R&B
Lengd 4:38 (album)
4:14 (singel)
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Magic Dance»
(1987)
Day-In Day-Out «Time Will Crawl»
(1987)


«Day-In Day-Out» er ein song spelt inn av den engelske songaren David Bowie, som opningssporet til det 17. studioalbumet hans, Never Let Me Down (1987). Han vart gjeven ut på singel 23. mars 1987 før albumet kom ut. Songen var skriven av Bowie aleine, medan innspelinga vart produsert i lag med David Richards. Songen er eit R&B-spor som kritiserer handsaminga av heimlause i USA på den tida, og kor langt ei ung mor er villig til gå for å fø barnet sitt.

Ein tilhøyrande musikkvideo for singelen vart filma i 1987 og vart bannlyst av somme stasjonar på grunn av innhaldet. Likevel vart han nominert til MTV Video Music Award i 1987 i kategorien «beste mannlege video». Kommersielt var «Day-In Day-Out» den mest suksessrike singelen frå Never Let Me Down, og nådde 17. plassen i Storbritannia og nådde topp 40 i fleire andre land.

Ein ny versjon av songen med Bowie sin originale vokal, og noko av den originale musikken kom ut i 2018 som ein del av albumet Never Let Me Down 2018, som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988).

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Day-In Day-Out» vart skriven av Bowie i heimen hans i Montreux i Sveits, i lag med det meste av resten av Never Let Me Down i midten av 1986.[1] Han vart spelt inn hausten 1986 i Mountain Studios i same byen.[2] Songaren skreiv songen fordi han var uroa over handsaminga av heimlause i USA,[3] eit steg inn i samfunnskommentarar, som han kom til å gjere meir av med bandet Tin Machine to år seinare.[4]

Musikalsk er songen ein R&B-song,[5] som kan minne om nokre av R&B-songane hans frå 1970-åra.[6] Ein forfattar sa at han er «eit døme av styrken til Bowie i R&B-sjangeren.»[5] Teskten på songen vart av ein skribent samanlikna med Dolly Parton-songen «9 to 5» (1980), og omhandlar kor langt ei ung mor kan gå for å brødfø barnet sitt.[5] Bowie hevda songen vart valt ut som den første singelen frå Never Let Me Down «meir som ei utsegn for energi» enn eit forsøk på å nå singellistene.[1] Han kom ut 23. mars 1987 på EMI på fleire 7"- og 12"-singelformat med B-sida «Julie».[7][8] Det kom òg ut ein video-EP same året.[4] Singelen vart lagt til fleire samleplater, som Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), The Singles Collection (1993), Bowie – The Video Collection (1993), Best of Bowie (2002), The Platinum Collection (2005) og The Best of David Bowie 1980–1987 (2007).[9]

Ein spanskspråkleg versjon av «Day-In-Day-Out», kalla «Al Alba» eller «Dia Tras Dia», og vart spelt inn i 1987 for å skape blest rundt dei aller første konsertane hans i Spania under Glass Spider-turneen (1987). Singelen vart spelt på spansk radio før konsertane, men vart aldri gjeven ut som ein eigen singel. Han vart derimot tilgjengeleg for digital nedlasting i 2007.[4]

«Day-In Day-Out» vart framført på konsertar under Glass Spider-turneen (1987), og kom ut på konsertvideoen Glass Spider (1988).[4]

Songen vart nyinnspelt og ommastra for plateboksen Loving the Alien (1983-1988) (2018).[10] For den nyinnspelte versjonen av songen oppdaga Mario J. McNulty, som miksa plata, at Bowie hadde spelt inn The Borneo Horns (Stanley Harrison, Lenny Pickett, Steve Elson og Arif Mardin) på dei originale lydbanda, men valt å erstatte dei med syntetiske blåsarar. McNulty henta inn att desse blåsarane og sa at songen no hadde «ein fot i fortida og ein i notida».[11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicPositiv[12]
PitchforkNegativ[13]

Då singelen kom ut fekk «Day-In Day-Out» blanda kritikk frå musikkpressa. Dei fleste klaga på dårleg studioproduksjon,[6][12][13][14] men somme meinte songen var «moro»[12][15] og «dansbar».[6][16] Bowie-biografen Nicholas Pegg kalla songen «frustrerande», for på eine sida var det «ein ganske bra song», men på den andre sida «omfatta han alt som i starten verkar lovande, men som til sjuande og siste berre er irriterande» ved albumet. Han avslutta «Ein stad inn i der er det eit forsøk på å erobre attende det tidlegare Bowie-territoriet innan gitarbasert rock, men 'Day-In Day-Out' lid under å vere overprodusert. Det er eit stykke 80-tals softrock som i 2016 høyrest utruleg utdatert ut samanlikna med tidlegare musikk av Bowie.»[4]

B-sida til singelen «Julie», vart av biografen David Buckley skildra som den mest «fengande» songen av alle songane frå Never Let Me Down-innspelinga og klagde over at songen berre vart plassert på B-sida.[17] Pegg var samd og kalla han «utan tvil ein av dei beste spora frå heile innspelinga», og meinte det kunne ha vore ein hit om Bowie hadde gjeve denne ut på singel i staden.[4]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Day-In Day-Out» vart filma i Los Angeles tidleg i 1987 og Bowie hevda han «ikkje kom til å selje songen i det heile tatt», og berre var designa for å utforske musikkvideo som historieforteljing i staden for å marknadsføre sjølve songen.[1] Songaren tok òg hand i designet og biletmanuset for det visuelle og sa «Eg gjer dei originale teikningane, hovudbiletet i kvar situasjon, og så sette teiknarane dei i rekkjefølgje bakover og framover frå det. Så sette eg inn dei viktigaste kameravinklane eg tenkte kom til å bli interessante eller forskjellige. Og Julien [Temple] kom med sine innspel. Eg byrja å arbeide på denne måten på 'Ashes to Ashes'-videoen med David Mallet. Det var det første store forsøket mitt og vann prisar på den tida for å lage musikkvideoar på ein ny måte.»[18]

Musikkvideoen for «Day-In Day-Out» vart filma i Hollywood Boulevard (avbilda) på kvelden.[19]

Julien Temple og Bowie regisserte videoen i lag og sytne eit ungt par som kjempa mot eit samfunn som ikkje bryr seg.[3] Bowie arbeidde med teatergruppa «Skid Row» frå Los Angeles for å representere dei heimlause i videoen.[20] Tony Selznik lærte Bowie å gå på rulleskeiser for videoen og sa i 2013 «David var særs audmjuk og på eit vis mellom to karrierer. Han var desillusjonert av musikkindustrien. Eg lærte han å skeise på ein parkeringsplass. Me filma videoen på Hollywood Boulevard om natta, med meg i ein parykk og lêrjakke som hans dobbeltgjengar for somme scener. Det einaste stygge fallet var det ein instruktør som hadde: hjula mine falt av og eg blødde overalt. David reinsa såra mine. Han var så grei og normal.»[19]

Kontrovers og prisar[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart bannlyst på somme TV-stasjonar, sjølv etter scenar som indikerte at den kvinnelege hovudpersonen vart valdteken og byta inn ein alternativ scene der barnet til paret stavar «Mom», «Food» og «Fuck» i bokstavklossar,[4] og fjerna ein scene der ein ung mann urinerer på stjerna til Ronald ReaganHollywood Walk of Fame.[21]

Bowie sa om bannlysinga: «Eg syns det er latterleg. Sensuren vart fanga opp i den vanlege gule pressa på grunn av kva det såg ut som og ikkje på grunn av kva det sa.»[22] Under presseturneen for Glass Spider-turneen vart han spurt om kontroversen og sa: «Me spurte politiet i Los Angeles om å arbeide med oss og det gjorde dei gledeleg. Me ønskte å indikere korleis somme av husa for heimlause vart fjerna, så me spurte om dei kunne ta med seg eit av apparata dei bruker. Det var ein slags tanks med ein stor rambukk. Og på enden av rambukken hadde dei laga ein liten vits. Når denne går gjennom vindauget står det 'Have a nice day.' Og eg sa at det kom til å bli med i videoen, og dei sa dei berre var glad til, så dei let han henge på rambukken. Er det kontroversielt? Eg veit ikkje.»[23] Videoen vart nominert for ein MTV Video Music Award i 1987 i kategorien «beste mannlege video», men tapte for Peter Gabriel sin «Sledgehammer» (1986).[24]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst av Bowie, medan remiksane er produsert av Shep Pettibone, utanom «Groucho» mix, som vart miksa av Paul «Groucho» Smykle.[4] Ei avgrensa utgåve (EAX 230) av den andre 7"-singelen som kom i Storbritannia hadde ei 7" raud vinylplate i ein nummerert boks med klistremerke og eit fotohefte.[8] Video-EP er den einaste kjelda til den uredigerte versjonen av «Day-In Day-Out» og «Loving the Alien». Sistnemnde inneheld eit klipp av Bowie som blør naseblod, noko som vart redigert bort i andre versjonar.[4]

  1. «Day-In Day-Out» (Single edit) – 4:14
  2. «Julie» – 3:40
  1. «Day-In Day-Out» (Extended Dance Mix) – 7:15
  2. «Day-In Day-Out» (Extended Dub Mix) – 7:17
  3. «Julie» – 3:40
  • UK & verda 12"-singel 2[25]
  1. «Day-In Day-Out» (Remix [aka Groucho Mix]) – 6:30
  2. «Day-In Day-Out» (Extended Dub Mix) – 7:17
  3. «Julie» – 3:40
  1. «Day-In Day-Out» (Groucho Mix [aka Remix]) – 6:30
  2. «Day-In Day-Out» (Extended Dance Mix) – 7:15
  3. «Day-In Day-Out» (Single edit) – 4:14
  4. «Julie» – 3:40
  1. «Day-In Day-Out» (7" Dance Edit) – 3:35
  2. «Day-In Day-Out» (Extended Dance Mix) – 7:15
  3. «Day-In Day-Out» (Edited Dance Mix) – 4:30

  1. «Day-In Day-Out» (video)
  2. «Loving the Alien» (video)
  3. «Day-In Day-Out» (Extended Dance Version) (video)
  • UK digital nedlasting (2007)[4][25]
  1. «Al Alba» [aka spanskspråkleg versjon av Day-In Day-Out) – 5:37
  2. «Julie» – 3:40
  3. «Day-In Day-Out» (Extended Dance Mix) – 7:15
  4. «Day-In Day-Out» (Extended Dub Mix) – 7:17
  5. «Day-In Day-Out» (12" Groucho Mix) – 6:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå platenotata til Never Let Me Down.[2]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Australia (Kent Music Report)[27] 33
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[28] 25
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[29] 10
Canada (Canadian Hot 100)[30] 16
Finland (Suomen virallinen lista)[31] 6
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[32] 14
Nederland (Mega Single Top 100)[33] 15
New Zealand (RIANZ)[34] 12
Sverige (Sverigetopplistan)[35] 5
Spania (AFYVE)[36] 14
Sveits (Schweizer Hitparade)[37] 28
UK Singles (Official Charts Company)[38] 17
US Billboard Hot 100[39] 21
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[40] 10
US Mainstream Rock (Billboard)[41] 3
Tyskland (Media Control AG)[42] 25

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Belgia (Ultratop Flandern)[43] 94
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[44] 92

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Isler, Scott (August 1987). «David Bowie Opens Up - A Little». Musikar (106): 60–73. 
  2. 2,0 2,1 Never Let Me Down (Liner notes/ CD booklet). EMI. 1987. 
  3. 3,0 3,1 The Glass Spider-turneen Press Conferences (Stockholm) (vinyl). 28. mars 1987. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 Pegg, Nicholas (October 2016). The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated. Titan Books. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Perone, James (2007). The Words and Music of David Bowie. Greenwood Publishing Group. s. 93. ISBN 9780275992453. Henta 10. september 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Sandford, Christopher (5. august 2009). Bowie: Loving the Alien. s. 264. ISBN 9780786750962. Henta 10. september 2021. 
  7. 7,0 7,1 Day-In Day-Out (Liner notes). EMI (Barcode: 5099920171377). 1987. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Day-In Day-Out (Liner notes). EMI (Barcode: 077771923418). 1987. 
  9. Sources for the addition of «Day-In Day-Out» on various media:
  10. Loving the Alien (1983-1988). Parlophone. 2018. 
  11. Grow, Kory; Greene, Andy (24. juli 2018), «How David Bowie's Biggest 'Disappointment' Became a Posthumous, Reworked Album», Rolling Stone, henta 10. september 2021 
  12. 12,0 12,1 12,2 Raggett, Ned. «David Bowie «Day-In Day-Out» Review"». AllMusic. Henta 10. september 2021. 
  13. 13,0 13,1 Berman, Stuart (6. juli 2007). «David Bowie «Best of Bowie: 1980-1987» Review». Pitchfork. Henta 10. september 2021. 
  14. Pareles, Jon (26. april 1987). «David Bowie mingles glamour and gloom». The New York Times. Henta 10. september 2021. 
  15. ««Never Let Me Down Rolling» Stone album review». Rolling Stone. Henta 10. september 2021. 
  16. O'Brien, Glenn (May 1987). «Never Let Me Down album review». Spin: 29–30. Henta 10. september 2021. 
  17. Buckley, David (24. april 2012). Strange Fascination: David Bowie: The Definitive Story. Random House. s. 374. ISBN 9781448132478. Henta 10. september 2021. 
  18. «Dave In, Dave Out». Music & Sound Output Magazine. June 1987. 
  19. 19,0 19,1 Simpson, Dave (22. februar 2013). «David Bowie and Me». The Guardian (London). Henta 2. september 2021. 
  20. Unknown host (18. oktober 1991). Tin Machine (Special) (Television documentary). Copenhagen. 7 minutes in. 
  21. Taylor, Jonathan (9. april 1987). «Cleaned Up Bowie's New Video Is A Hit». Chicago Tribune. Henta 10. september 2021. 
  22. The Glass Spider-turneen Press Conferences (Amsterdam) (vinyl). 30. mars 1987. 
  23. The Glass Spider-turneen Press Conferences (New York) (vinyl). 18. mars 1987. 
  24. «MTV Video Music Awards 1987». MTV. 11. september 1987. Henta 10. september 2021. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 25,5 «David Bowie – Day-In Day-Out». Discogs. Henta 8. november 2019. 
  26. Day-In Day-Out (Liner notes). EMI (Kat.-Nr.: SPRO 9996/9997). 1987. 
  27. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  28. "David Bowie – Day-In Day-Out – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  29. "Ultratop.be – David Bowie – Day-In Day-Out" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  30. "Bowie?f=793&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  31. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  32. "Nederlandse Top 40 – week 18, 1987" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  33. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Day-In Day-Out" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  34. "Charts.org.nz – David Bowie – Day-In Day-Out". Top 40 Singles. Hung Medien.
  35. "Swedishcharts.com – David Bowie – Day-In Day-Out". Topp 60. Hung Medien.
  36. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  37. "David Bowie – Day-In Day-Out – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  38. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  39. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  40. "Bowie?f=359&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for David Bowie. Prometheus Global Media.
  41. Mal:BillboardID/D/Mal:BillboardEncode/D/chart?f=376 "David Bowie – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for David Bowie.
  42. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  43. «Jaaroverzichten 1987». Ultratop. Henta 11. april 2021. 
  44. «Top 100-Jaaroverzicht van 1987». Nederlandsk Topp 40. Henta 11. april 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]