Hopp til innhald

Isolar II-turneen 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isolar II-turneen 1978
Turné av David Bowie

David Bowie på scenen i Oslo, 5. juni 1978.
Stad Nord-Amerika
Europa
Australia
New Zealand
Japan
Tilknytt(e) album Low og "Heroes"
Startdato 29. mars 1978
Sluttdato 12. desember 1978
Talet på konsertar 78
Konsertkronologi
Isolar-turneen 1976
(1976)
Isolar II-turneen 1978 Serious Moonlight-turneen
(1983)

Isolar II-turneen i 1978,[1] oftare kjend som Low/Heroes-turneen eller Stage-turneen,[2] var ein verdsturné av David Bowie. Turneen opna 29. mars 1978 i San Diego Sports Arena og fortsette gjennom Nord-Amerika, Europa og Australia, før han enda i Nippon Budokan i Japan den 12. desember 1978.

Turnéutvikling og songutval

[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Brian Eno meint å vere ein del av turneen, men måtte kaste inn handkle på grunn av helseproblem. Bandet hadde berre to veker på seg til å øve for turneen. Carlos Alomar var bandleiar på turneen og dreiv øvingane.[3]

Setlista for konsertane bestod av songar frå albuma frå året før, Low og "Heroes", medan den andre halvdelen av kvar konsert opna med fem songar på rad frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Bowie fekk bandet til å lære seg alle songane på Ziggy Stardust på øvinga, men dei andre av desse songane vart ikkje spelte på turneen. Den instrumentale «Art Decade» følgde ofte etter Ziggy Stardust-songane, som var eit roleg spor etter energien på Ziggy Stardust-songane.[3] Spor frå albumet Station To Station i 1976 var avslutningsnummer. Seint i 1980-åra rekna Bowie somme av songane han spelte på turneen som noko «tunge og klossete», og refererte særskild til somme av dei lange instrumentalane som «Warszawa[4]

Ein kort pause delte vanlegvis konserten i to delar. På den andre delen gjekk Bowie kledd i ein drapert frakk i slangeskinn og «store kvite bukser.»[3]

Det sterke lysrøyra frå den førre turneen i 1976 vart utvikla vidare til å bestå av store bur av lysrøyr, som gjekk kring heile scenen. Desse pulserte stemningsfullt under dei langsame instrumentalane og blinka febrilsk under dei kjappare songane.

Turnéhendingar

[endre | endre wikiteksten]

Konserten i Marseille vart forstyrra av då sikringane til PA-anlegget gjekk (tilfeldigvis under songen «Blackout»).[3]

Under den australske delen av turneen spelte Bowie dei første konsertane sine i Australia og den første større utandørskonserten sin.[2] For dei første to konsertane var klaverspelaren Dennis Garcia vikar for Roger Powell, som hadde ein tidlegare avtale med Utopia.

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]

Konsertane i Providence Civic Center i Boston Garden og Philadelphia Spectrum vart spelte inn for konsertalbumet Stage. Turnepianisten Sean Mayes hugsa at for desse konsertane tok dei ned tempoet (på dei fleste songane) for innspelinga. Det var den einaste kvelden dei gjorde dette.[3]

Konserten 10. april 1978 i Dallas Convention Center vart filma for eit fjernsynsprogram kalla «David Bowie on Stage», der seks av songane vart sende på TV: «What in the World», «Blackout», «Sense of Doubt», «Speed of Life», «Hang On to Yourself» og «Ziggy Stardust». Konsertane i Earls Court i London i England vart filma av David Hemmings, og utdrag vart sendt på det britiske TV-programmet The London Weekend Show. Filmen er enno ikkje komen ut. Konserten i NHK Hall i Tokyo i Japan den 12. desember 1978 vart filma og sendt på det japanske TV-showet The Young Music Show.

Den siste konserten i Earls Court vart teken opp med RCA sitt mobile opptaksutstyr og det var første gongen songen «Sound and Vision» vart framført på konsert. Seinare kom denne ut på samlealbumet Rarestonebowie i 1995. Songen vart ikkje framført igjen før under Sound+Vision-turneen i 1990.

Record Store Day den 21. april 2018 vart albumet Welcome to the Blackout (Live London ’78) gjeve ut. Det vart spelt inn i Earls Court den 30. juni og 1. juli 1978.[5][6]

Turnébandet hugsa at «alle konsertane vart teken opp» for Bowie sitt private bruk, og at lydbanda vart nøye passa på av Alomar.[3]

Dette er ei typisk setliste for alle konsertane på turneen, med nokre få unntak. Opphavleg var det planlagt at heile albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars suklle framførast i midten av konserten.

  1. «Warszawa»
  2. «"Heroes"»
  3. «What in the World»
  4. «Be My Wife»
  5. «The Jean Genie»
  6. «Blackout»
  7. «Sense of Doubt»
  8. «Speed of Life»
  9. «Breaking Glass»
  10. «Beauty and the Beast»
  11. «Fame»
  12. «Five Years»
  13. «Soul Love»
  14. «Star»
  15. «Hang On to Yourself»
  16. «Ziggy Stardust»
  17. «Suffragette City»
  18. «Rock 'n' Roll Suicide»
  19. «Art Decade»
  20. «Station to Station»
  21. «Stay»
  22. «TVC 15»

Ekstranummer:

  1. «Rebel Rebel»

Turnéband

[endre | endre wikiteksten]

Turnémannskap

[endre | endre wikiteksten]
  • Jan Michael Alejandro – bandteknikar (Pre Jan-Al Cases)
  • Vern «Moose» Constan – bandteknikar
  • Rob Joyce – scenemanager
  • Leroy Kerr – bandteknikar
  • Edd Kolakowski – piano- og klaverteknikar (Australia, New Zealand og Japan)
  • Buford Jones – FOH-miksar
  • Townsend Wessinger– lydmannskap frå Showco
  • Billy King– lydmannskap frå Showco
  • Russell Davis– lydmannskap frå Showco
  • Randy Marshall– lydmannskap frå Showco
  • Glenn George– lydmannskap frå Showco
  • Lonnie McKenzie – Showco
  • Warren Cunningham – lysmannskap frå Showco
  • Dirk Arnold - lysmannskap frå Showco
  • Rick Hunnicuut – lysmannskap frå Showco
  • John Mitchell – lysmannskap frå Showco
  • Juan Gonzales – lysmannskap frå Showco
  • Kevin Di Piazza – lysmannskap frå Showco
  • Richard Brown– lysmannskap frå Showco
  • Kevin Randall– riggmannskap frå Showco
  • J. Smith– riggmannskap frå Showco
  • Lyle Centola– riggmannskap frå Showco
  • Morris Lyda – produksjonskonsulent
  • David Bernstein – lasteguru
  • Mike Brady – sjåfør og livvakt for Bowie
  • George, Stuart (Stuey) - livvakt for Bowie
  • Eric «B» Barrett – turnémanager og lysdesigner
  • Ronn Roberts – assistent for turnémanager
  • Pat Gibbons – turnémanager og rekneskapsførar
  • Richard Boote & Gwyn Lawrence - sjåførar i Europa
  • Coco Schwab – personleg assistent for Bowie

Turnédatoar

[endre | endre wikiteksten]
Dato By Land Spelestad Publikum Inntekt
Nord-Amerika
29. mars 1978San DiegoUSASan Diego Sports Arena 9 837 $93 286[8]
30. mars 1978PhoenixArizona Veterans Memorial Coliseum
2. april 1978FresnoSelland Arena 4 953 $42 592[8]
3. april 1978InglewoodThe Forum 44 415 $402 307[9]
4. april 1978
5. april 1978OaklandOakland-Alameda County Coliseum
6. april 1978InglewoodThe Forum
9. april 1978HoustonThe Summit
10. april 1978DallasDallas Convention Center
11. april 1978Baton RougeLSU Assembly Center
13. april 1978NashvilleMunicipal Auditorium 7 096 $59 749[10]
14. april 1978MemphisMid-South Coliseum
15. april 1978Kansas CityMunicipal Auditorium
17. april 1978ChicagoArie Crown Theatre 8 555 $87 022[11]
18. april 1978
20. april 1978DetroitCobo Arena
21. april 1978
22. april 1978RichfieldRichfield Coliseum
24. april 1978MilwaukeeMECCA Arena 7 015 $50 691[12]
26. april 1978PittsburghCivic Arena
27. april 1978LandoverCapital Centre
28. april 1978PhiladelphiaThe Spectrum
29. april 1978
1. mai 1978TorontoCanadaMaple Leaf Gardens
2. mai 1978OttawaOttawa Civic Centre
3. mai 1978MontrealMontreal Forum
5. mai 1978ProvidenceUnited StatesProvidence Civic Center
6. mai 1978BostonBoston Garden
7. mai 1978New York CityMadison Square Garden
8. mai 1978
9. mai 1978
Europa
14. mai 1978FrankfurtVest-TysklandFesthalle Frankfurt
15. mai 1978HamburgCongress-Centrum
16. mai 1978DüsseldorfPhilipshalle
West BerlinDeutschlandhalle
18. mai 1978EssenGrugahalle
19. mai 1978CologneSporthalle
20. mai 1978MünchenOlympiahalle
21. mai 1978 Bremen Musikladen
22. mai 1978WienAustriaWiener Stadthalle
24. mai 1978ParisFrankrikePavillon de Paris
25. mai 1978
26. mai 1978LyonPalais des Sports de Gerland
27. mai 1978MarseilleParc Chanot
Palais des Sports de Marseille
31. mai 1978KøbenhavnDanmarkFolketeatret
1. juni 1978
2. juni 1978StockholmSverigeSkansen
Kungliga Tennishallen
4. juni 1978GöteborgScandinavium
5. juni 1978OsloNoregEkeberghallen
7. juni 1978RotterdamNederlandRotterdam Ahoy
8. juni 1978
9. juni 1978
11. juni 1978BrusselBelgiaForest National
12. juni 1978
14. juni 1978Newcastle upon TyneEnglandNewcastle City Hall
15. juni 1978
16. juni 1978
19. juni 1978GlasgowSkottlandThe Apollo
20. juni 1978
21. juni 1978
22. juni 1978
24. juni 1978StaffordEnglandNew Bingley Hall
25. juni 1978
26. juni 1978
29. juni 1978LondonEarl's Court
30. juni 1978
1. juli 1978
Oceania
11. november 1978AdelaideAustraliaAdelaide Oval
14. november 1978PerthPerth Entertainment Centre
15. november 1978
18. november 1978MelbourneMelbourne Cricket Ground
21. november 1978BrisbaneLang Park
24. november 1978SydneyRAS Showgrounds
25. november 1978
29. november 1978ChristchurchNew ZealandQueen Elizabeth II Park
2. desember 1978AucklandWestern Springs Stadium
Asia
6. desember 1978OsakaJapanKoseinenkin Kaikan
7. desember 1978
9. desember 1978SuitaExpo Commemoration Park
11. desember 1978TokyoNippon Budokan
12. desember 1978NHK Hall
Total

FråThe Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå Station to Station

Frå Low

Frå "Heroes"

Andre songar:

  1. Sean Mayes, Life on Tour with David Bowie: We Can Be Heroes, Independent Music Press, 2003, ISBN 978-1-897783-17-7
  2. 1 2 Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  3. 1 2 3 4 5 6 David Currie, red. (1985), David Bowie: The Starzone Interviews, England: Omnibus Press, ISBN 0-7119-0685-8
  4. Isler, Scott (August 1987), «David Bowie Opens Up – A Little», Musician: 60–73
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 1. mars 2018. Henta 2. mars 2018.
  6. «Rare and unreleased David Bowie albums set for Record Store Day 2018 - NME». 1. mars 2018.
  7. Jones, Dylan (2017), David Bowie: A Life, Crown/Archetype
  8. 1 2 «Billboard Box Office 15. april 1978» (PDF).
  9. «Billboard Box Office 22. april 1978» (PDF).
  10. «Billboard Box Office 29. april 1978» (PDF).
  11. «Billboard Box Office 6. mai 1978» (PDF).
  12. «Billboard Box Office 13. mai 1978» (PDF).