Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scary Monsters (and Super Creeps)
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 12. september 1980
Innspelt Februar til april 1980
Studio
Sjanger
Lengd 45:37
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
Lodger
(1979)
Scary Monsters (and Super Creeps) The Best of Bowie
(1980)


Singlar frå Scary Monsters
(and Super Creeps)
  1. «Ashes to Ashes»
    Utgjeve: 1. august 1980
  2. «Fashion» / «Scream Like a Baby»
    Utgjeve: 24. oktober 1980
  3. «Scary Monsters (and Super Creeps)» / «Because You're Young»
    Utgjeve: 2. januar 1981
  4. «Up the Hill Backwards»
    Utgjeve: March 1981

Scary Monsters (and Super Creeps), eller berre Scary Monsters, er det 14. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 12. september 1980 på RCA Records. I løpet av dei førre tre åra hadde Bowie oppnådd massiv kunstnarisk suksess med «Berlintrilogien», som bestod av Low, “Heroes” og Lodger (1977–1979). Trilogien hadde derimot ikkje seld så godt. I 1980 var det mange artistar som var inspirerte av Bowie som no selde betre enn han, noko som gjorde at han ønskte å gå for ein meir kommersiell stil på den neste plata hans.

Albumet vart produsert i lag med Tony Visconti og vart spelt inn mellom februar og april 1980, hovudsakleg i Power Station i New York City, med ekstra lydspor i Good Earth Studios i London. Fleire av musikarane som hadde spelt på føregåande albuma hans var med på innspelingane, i tillegg til gitaristen Robert Fripp frå King Crimson, som tidlegare hadde spelt på “Heroes”, og gjesteartisten Pete Townshend frå The Who på gitar. Musikken består dels av kunstrock, new wave og post-punk. I motsetnad til det improvisasjonsbaserte preget på dei føregåande platene, brukte Bowie tid på å skrive musikk og tekst til songane, og fleire vart spelte inn under arbeidstitlar, medan somme songar inneheldt element frå tidlegare songar Bowie ikkje hadde gjeve ut før. Plateomslaget er ein stor collage med Bowie i eit Pierrot-kostyme, i lag med referansar til tidlegare utgjevingar på baksida.

Den første singelen frå albumet, «Ashes to Ashes», fortsette soga om karakteren Major Tom frå «Space Oddity» og vart marknadsført med ein påkosta musikkvideo. Då det kom ut fekk Scary Monsters god kritikk og selde godt. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia, medan det vart eit comeback for Bowie i USA med ein 12. plass på Billboard-lista. Scary Monsters vart sidan ofte omtalt av skribentar som «det siste store albumet» til Bowie, og albumet som seinare utgjevingar vart samanlikna med. Det var det siste albumet Bowie gav ut på RCA og markerte det siste samarbeidet mellom Bowie og Visconti på over 20 år. Fleire publikasjonar reknar det som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Albumet har kome ut att på ny fleire gonger og vart ommastra i 2017 i høve plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frå 1976 til 1979 spelte Bowie inn det som vart kjend som «Berlintrilogien», som bestod av Low, “Heroes” (begge 1977) og Lodger (1979). Desse vart laga i samarbeid med musikaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti, og trilogien vart særs inspirasjonsrik.[1] Low vart rekna som ein forløpar til post-rock og post-punk,[2][3] og inspirerte artistar som Joy Division og The Human League,[4] medan bruken av verdsmusikk på Lodger skal ha inspirert artistar som Talking Heads og Paul Simon.[5]

Sjølv om albuma ofte fekk særs god kritikk, selde trilogien mindre bra.[6] Salstala til Lodger vart dels hindra av artistar som var inspirerte av dei tidlegare Berlin-platene, som Gary Numan.[7][8] Numan, som var ein stor fan av Bowie, irriterte på seg fansen til Bowie, som berre såg på han som ein billig kopi. Bowie sjølv kritiserte Numan, som førte til ein mangeårig feide mellom dei to artistane. I følgje biografen David Buckley, førte heidringa til Numan indirekte til at Bowie tok ein meir kommersiell retning for den neste plata si.[9]

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

« Det var til ein viss grad optimise under innspelinga, fordi eg gjekk gjennom nokre av problema mine. Eg var positiv med tanke på framtida, og eg trur eg berre sette med ned for å skrive eit verkeleg omfattande og gjennomarbeidd album.[10] »

—– David Bowie, 1999

I februar 1980 drog Bowie til Power Station i New York City for å byrje innspelinga av det neste albumet sitt.[10] Med seg frå «Berlintrilogien» hadde han Visconti, som raskt fekk vite av Bowie at dette kom til å bli eit meir kommersielt album enn dei føregåande albuma hans.[10][11] Brian Eno vart ikkje med på dette albumet, og enda samarbeidet med Bowie etter Lodger, då han meinte at «Berlintrilogien» vart «vatna ut» av den plata.[12] Kjernen av musikarar bestod av Dennis Davis, Carlos Alomar og George Murray. Dette var femte og siste Bowie-albumet med denne besetninga, som hadde vore saman sidan Station to Station (1976). Berre Alomar fortsette å arbeide med Bowie etter dette.[10][13] Gitaristen Adrian Belew, som spelte på Lodger, fortalte Buckley at han vart førehandsbetalt for å spele på innspelinga og vart overraska då han fann ut at innspelinga skjedde utan han.[14] I staden for Belew vart King Crimson-gitaristen Robert Fripp, som spelte på “Heroes”, henta attende, i lag med nykomarane Chuck Hammer, som Bowie henta inn etter å ha høyrd han spele med Lou Reed året før.[10] I følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray, la Hammer til fleire teksturlag ved hjelp av gitarsynth og Fripp tok med seg den same særeigen stilen han hadde brukt på “Heroes”.[15] Frå Station to Station-innspelingane kom pianisten Roy Bittan attende, som spelte med Bruce SpringsteenThe River (1980) samstundes i same studioet.[10][15] Visconti hugsa ein augneblink i pauserommet til studioet, der Davis snudde seg mot Springsteen og spurte «Kva band spelar du i?».[10]

King Crimson-gitaristen Robert Fripp kom attende til innspelinga (avbilda 2007), etter tidlegare å ha spelt på “Heroes”.

Dei første innspelingane i Power Station tok to og ei halv veke, i tillegg til ei ekstra veke for ekstra lydspor. På denne tida vart berre «It's No Game (No. 2)» laga heilt ferdig. Dei andre songane var berre instrumentalar.[10] Under innspelinga føreslo Alomar at dei skulle spele inn ein coverversjon av Tom Verlaine sin «Kingdom Come». Bowie meinte songen var den klårt beste på det første soloalbumet til Verlaine og sa «Han passar rett og slett inn i desse spreidde greiene».[16] Bowie spurte Verlaine om å spele sologitar på songen. Verlaine takka ja til tilbodet, men då han var i studioet prøvde han ut ei rekkje gitarforsterkarar for å prøve og få «den rette lyden» medan Bowie og Visconti let han vere aleine. Visconti sa «Eg trur ikkje med brukte ein einaste note av spelinga hans, om han i det heile tatt vart spelt inn.» I staden enda Fripp opp med å spele sologitar.[16] Ein instrumental kalla «Crystal Japan» vart spelt inn under innspelinga. Denne var opphavleg tenkt å vere avslutningssporet på albumet, men vart droppa til fordel for ein reprise av «It's No Game». Han vart i staden gjeven ut på singel i Japan, og vart først vist i ein japansk fjernsynsreklame for shōchū-drykken Crystal Jun Rock i 1980.[17][18]

I staden for å improvisere tekst og musikk slik Bowie hadde gjort på tidlegare plater, sa Bowie til Visconti at han ønskte å bruke tid på å komponere og utvikle tekstar og melodiar.[19] Visconti sa «I staden for å skrive ferdige melodiar og tekstar der og då, ønskte David å ta ein lang pause for å tenkje ut alt saman, så me møttest to månader seinare i London.»[10] Buckley skreiv at Bowie presenterte for Visconti «nokre av dei mest nyskapande melodiane i karrieren hans.»[19] I følgje biografen Nicholas Pegg vart noko av den handskrivne teksten utstilt i 2013 på David Bowie Is-utstillinga.[20] Mange av songane hadde tidleg i prosessen arbeidstitlar. På ein kassett frå mars 1980 i arkivet til Visconti hadde somme spora namn som «People Are Turning to Gold» (seinare «Ashes to Ashes»), «It Happens Everyday» (seinare «Teenage Wildlife») og «Jamaica» (seinare «Fashion» seint i albumprosessen).[19] På dette stadiet var i tillegg «Up the Hill Backwards» kjend som «Cameras in Brooklyn» og «Scream Like a Baby» som «I Am a Laser», opphavleg skriven i 1973 og spelt inn av The Astronettes (som bestod av Bowie-samarbeidspartnarane Ava Cherry og Geoff MacCormack) i Olympic Studios same året.[21] Pegg skreiv at det var eit spor kalla «Is There Life After Marriage?» som vart spelt inn og ikkje fullført under innspelinga.[22] Ein instrumental coverversjon av «I Feel Free» av Cream vart òg spelt inn og heller ikkje fullført, men vart henta attande i 1993 for Black Tie White Noise.[23] I følgje Pegg var teksten på tittelsporet skriven som eit svar på reklamekampanjen til Kellogg's Corn flakes, som selde produktet med leiketøya «Scary Monsters and Super Heroes».[24]

Innspelinga fortsette i april 1980 i Good Earth Studios i London, som var studioet til Visconti på den tida.[25] Her vart all vokal spelt inn,[24] inkludert den japanske snakkinga til skodespelarinna Michi Hirota på «It's No Game (No. 1)».[26] Ekstra lydspor vart lagt til av Fripp og klaverspelaren Andy Clark, i lag med gjestemusikaren Pete Townshend frå The Who på gitar på «Because You're Young».[24] Townshend, som sleit med fleire personlege problem på den tida, kom til studioet i dårleg humør. Då han spurte dei kva dei ønskte, sa Bowie og Visconti «Pete Townshend-akkordar». Bidraga hans vart til slutt plasserte lågt i miksen.[27]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

« Kring Scary Monsters vart musikken eg laga særs akseptabel ... det var definitivt stilen for tidleg i 1980-åra.[28] »

—– David Bowie, 1990

Skribentar har klassifisert Scary Monsters som kunstrock,[29] new wave og post-punk.[30] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic rekna Scary Monsters som kulminasjonen av musikken til Bowie i 1970-åra. Han meinte òg at stilen på plata ikkje var «langt unna postpunken tidleg i 1980-åra».[31] Pegg var samd og skildra plata som «den triumferande kulminasjonen av den stålkalde kunstrockfasen til Bowie og ein viktig døropnar inn i tidleg 1980-tals britisk pop.»[32] Consequence of Sound skildra Scary Monsters som «eit toppunkt innan kunstpop som Bowie sine framtidige utgjevingar vert samanlikna med.»[33] Bowie sjølv rekna plata som «sjølve symbolet på new wave-stilen på den tida.»[32] Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra stilen på albumet som barskare - og verdssynet hans meir desperat – enn noko han hadde gjeve ut sidan Diamond Dogs (1974).[15] Biografen Christopher Sandford skreiv at tekstmessig stadfestar Scary Monsters tema som Bowie hadde utforska fram til då i karrieren, som galskap, framandgjering og «den forløysande krafta til kjærleiken». I dette tilfellet kunne Bowie bringe lyttaren inn i staden for å «fryse dei ute».[34]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Albumet opnar med «It's No Game (No. 1)», som har skumle gitarsløyfer og skrikande vokal av Bowie,[35] som O'Leary meiner likna framføringa til John LennonPlastic Ono Band (1970).[36] Songen er dels basert på ein eldre melodi kalla «Tired of My Life» og har ein teksten lesen av den japanske skodespelarinna Michi Horita, omsett av Hisahi Miura. Horita leverer teksten i det som av Buckley er skildra som ei «macho, samurai-røyst», noko Bowie insisterte på som ein måte «å bryte ned ein særskild type sexistisk haldning til kvinner».[26][35] Teksten på «Up the Hill Backwards» omhandlar kampen om å møte ei krise.[37] Bowie feilsiterer Thomas Anthony Harris i sjølvhjelp-boka I'm OK – You're OK frå 1967, som var ein guide om korleis ein kunne berge eit ekteskap.[38] Carr og Murray såg dette som ein referanse til skilsmissa mellom Bowie og Angie Bowie.[37] Musikalsk har han ein uvanleg takt og ein Bo Diddley-inspirert rytme.[39][40] Tittelsporet er datert attende til ein song frå 1975 kalla «Running Scared», som Bowie opphavleg spelte for venen Iggy Pop.[41] Rytmeseksjonen henta inspirasjon frå Joy Division. Trommespelinga til Davis er blitt samanlikna med Stephen Morris på «She's Lost Control».[42][43] Musikken er kraftig forvrengd med valdsam gitar av Fripp, hamrande trommer av Davis og den handsama vokalen til Bowie med Cockney-aksent. Teksten følgjer eit klaustrofobisk forhold mellom ei kvinne (datert attende til Berlindagane til Bowie) og ein mann (demonane i Bowie).[41][44]

«Ashes to Ashes» går attende til karakteren Major Tom frå Bowie-songen «Space Oddity» frå 1969. Over ti år seinare vert Major Tom skildra som ein «narkoman», som er blitt tolka som ein parallell til Bowie sin eigen kamp med dopmisbruk gjennom 1970-åra.[45][46] I 1990 anerkjende Bowie «Ashes to Ashes» som ein konfrontasjon med fortida si: «Du må imøtekome fortida di i deg sjølv. Du må forstå kvifor du gjekk gjennom dei... Du kan ikkje berre ignorere dei for å setje dei ut av tankane dine eller late som om dei ikkje skjedde, eller berre sei: 'Å, eg var annleis då'»[47] Musikalsk er «Ashes to Ashes» bygt kring eit gitarsynthesizertema av Chuck Hammer, i lag med Andy Clark på synthesiser. Som «Space Oddity» før seg, var songen bygt i ulike stadium, og har ein miks med fleire lag av instrument.[46] «Fashion» kan minne om den tidlegare singelen til Bowie, «Golden Years», med ei blanding av funk og reggae. Han utvikla seg ut frå ein reggae-«imitasjon» starta av Clark på syntheziseren hans og med «gitarhyl» av Fripp. Bortsett frå at det er ein dansesong, framkallar songen element av fascisme, med tekstlinjer som «we are the goon squad» og «turn to the left, turn to the right».[48][49] «Beep beep»-linjene var teken frå ein tidlegare, ikkje-utgjeven song kalla «Rupert the Riley».[26]

Side to[endre | endre wikiteksten]

The Who-gitaristen Pete Townshend (avbilda i 2008) spelte gitar på «Because You're Young».

«Teenage Wildlife» er det lengste sporet på albumet og har ein struktur som liknar på «"Heroes"», men er utan refreng. Versa endar berre med at tittelen vert sungen over gitarsoloane til Fripp. Korvokalen kan likne på The Ronettes, medan Roy Bittan speler piano.[50][51][52] Songteksten har blitt vidt tolka. Ei tolking er at dei er eit åtak på imitatorane av Bowie som dukka opp seint i 1970-åra, som Gary Numan, som personleg meinte han var eit mål med songen.[26] Carr og Murray skreiv at songen er Bowie som reflekterer over dei yngre dagane sine,[15] medan Pegg reknar det som ein konfrontasjon mot kritikarane som prøvde å hindre Bowie frå å utvikle seg gjennom 1970-åra.[52] Bowie skreiv sjølv i 2008 at teksten «tek eit kort blikk på livet, ikkje så for langt framover og ikkje føresei dei komande harde slaga».[50] Sjølv om «Scream Like a Baby» var basert på ein song frå første halvdel av 1970-åra kalla «I Am a Laser», med ein samtidig new wave-stil og ein tekst om ustabilitet og politisk fengsel, liknande emna som fanst på The Man Who Sold the World (1970).[15][53][54] Bowie spelte inn vokalen sin med varispeed, ein teknikk som gjev ein effekt av «delt personlegdom».[26]

«Kingdom Come» var den første coversongen hans på eit studioalbum sidan Station to Station,[55] og er i same stil som originalen til Verlaine,[56] men totalt sett meir storslått.[16] Doggett skildra arrangementet som «ei ulukkeleg kryssing av Motown-stilen og steriliteten til amerikansk AOR».[56] Teksten følgjer tema som ein finn att på andre albumspor, som frustrasjon, keisamheit og repetisjon.[56] Då albumet kom ut dediserte Bowie «Because You're Young» til den då ni år gamle sonen Duncan. Teksten liknar på andre songar på Scary Monsters der Bowie reflekterer over og kjem med råd til ein yngre generasjon. Bidraga til gjestegitaristen Pete Townshend er plassert lågt i miksen.[57][27][58] Albumet endar med «It's No Game (No. 2)», som står i sterk kontrast til «No. 1». Han har ein annan tekst og er langt meir roleg og meditativ.[35] Doggett skriv at der «No. 1» «endar med signal om galskap», sluttar berre «No. 2» «og tappar fargar frå alt kring seg».[59] På liknande vis som albumet byrjar, sluttar det med lyden av eit lydband som spoler tilbake og speler ut, men denne gongen stoppar det.[35][36]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget til Scary Monsters er ein stor collage av kunstnaren Edward Bell med Bowie i Pierrot-kostymet han gjekk med i musikkvideoen til «Ashes to Ashes», i lag med bilete teken av fotografen Brian Duffy. Duffy likte visstnok ikkje det endelege resultatet, sidan han meinte teikningane forringa fotografia hans. Bakssida av omslaget refererer til fire tidlegare album, nemleg «Berlintrilogien» og Aladdin Sane i 1973, der sistnemnde var blitt designa og fotografert av Duffy. Bileta frå Low, “Heroes” og Lodger — sistnemnde med kroppen til over figuren frå innsidebiletet av omslaget til Aladdin Sane — stod i små kvitvaska ramer til venstre for sporlista. Bokstaveringa var ei utgåve av bokstaveringa Gerald Scarfe nytta for Pink Floyd-albumet The Wall, som kom til å bli etterlikna på mange albumomsmlag dei neste åra.[60][61] Desse bileta vart ikkje reproduserte for Rykodisc-utgåva i 1992, men var attende på den ommastra utgåva til EMI/Virgin i 1999. De originale, innrama albumet vart utstilt på David Bowie Is-utstillinga.[62]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen, «Ashes to Ashes», vart gjeven ut i forkorta form på RCA Records den 1. august 1980, med katalognummeret RCA BOW 6 og Lodger-sporet «Move On» som B-side.[63] Det kom ut i tre ulike omslag. Dei første 100 000 eksemplara kom i lag med eit av fire frimerkesett, alle med Bowie i Pierrot-kostymet han hadde i musikkvideoen for songen.[45] Songen vart markandsført med ein musikkvideo som med ein kostnad på 250 000 britiske pund på den tida var den dyraste musikkvideoen som var laga.[64] Videoen var regissert av David Mallet, som regisserte alle musikkvideoane for Lodger,[65] og syner Bowie i eit Pierot-kostyme designa av den tidlegare samarbeidspartnaren hans, Natasha Korniloff.[46] Singelen og videoen vert begge av biografane rekna blant dei aller beste Bowie laga,[64] og Pegg sa at det sparka i gang New Romantic-rørsla.[45] Singelen debuterte på fjerdeplassen på UK Singles Chart etter at musikkvideoen hadde premiere i BBC-programmet Top of the Pops,og gjekk så til førsteplassen på lista. Det vart den raskast-seljande singelen til Bowie og skyvde ned ABBA sin «The Winner Takes It All». Det var den andre førsteplassen til Bowie i Storbritannia, etter ei nyutgjeving av «Space Oddity».[46][45][64] I USA, der B-sida var «It's No Game (No. 1)», gjekk det ikkje like bra og singelen nådde 79. plassen på Cash Box Top 100-lista og berre 101. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista.[66]

Scary Monsters kom ut på RCA den 12. september 1980 med katalognummeret RCA BOW LP 2.[67] Han vart marknadsført av RCA med teksten «Often Copied, Never Equalled» (ofte kopiert, aldri like bra) med ein peikefinger til new wave-artistane som Bowie hadde inspirert i løpet av åra.[68] Albumet vart ein stor suksess og gjekk til topps på UK Albums Chart, det første sidan Diamond Dogs (1974), og låg inne på lista i 32 veker,[69] det lengste sidan Aladdin Sane (1973).[61][70] Albumet gjenoppretta òg salstala til Bowie i USA,[15] nådde 12. plassen på Billboard 200 og låg inne på lista i 27 veker.[71] Buckley skreiv at med Scary Monsters oppnådde Bowie «den perfekte balansen» mellom kreativitet og salssuksess.[68]

Den andre singelen, «Fashion», kom ut i forkorta form den 24. oktober 1980 med katalognummeret RCA BOW 7 og albumsporet «Scream Like a Baby» som B-side.[72][73] Singelen selde igjen godt og nådde femteplassen i Storbritannia og 70. plassen i USA.[48] Som den første singelen vart han marknadsført med ein musikkvideo regissert av Mallet. Videoen syner Bowie og musikarane hans som «tyggegummi-tyggjande tøffingar», innimellom klipp av dansarar som øver og New Romantic-fans. Som «Ashes to Ashes» fekk videoen god omtale og Record Mirror kåra dei begge til dei beste musikkvideoane i 1980.[48] Tittelsporet kom ut som den tredje singelen, igjen i forkorta utgåve,[41] den 2. januar 1981, med katalognummeret RCA BOW 8 og albumsporet «Because You're Young» som B-side.[73] Singelen fortsette den kommersielle suksessen til Bowie i Storbritannia og nådde 20. plassen.[72] Den fjerde og siste singelen, «Up the Hill Backwards», kom ut i mars 1981 med katalognummeret RCA BOW 9 og den japanske singelen «Crystal Japan» som B-side.[73] Han nådde 32. plassen i Storbritannia og gjorde det verst av dei fire singlane.[72]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[31]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[74]
Chicago Tribune3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[75]
Christgau's Record GuideB+[76]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[77]
Q5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[78]
Record Mirror5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[79]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[80]
Smash Hits9/10[81]
Spin4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[82]
Spin Alternative Record Guide8/10[83]

Scary Monsters fekk særs god omtale av stort sett alle musikkritikarane.[61] Record Mirror gav albumet sju av fem stjerner[79] og kåra Bowie til årets mannlege songar i 1980. Det same gjorde Daily Mirror.[61] Melody Maker kalla det «eit utruleg imponerande steg inn i 1980-åra»,[84] medan Billboard føresåg at det «kom til å bli det mest tilgjengelege og den største salssuksessen til Bowie på mange år».[85] NME-skribenten Charles Shaar Murray gav albumet meir middels omtale: «Scary Monsters er avskoren frå alt håp, men det representerer eit kampsignal. Det er et album som føreset nederlag, men det er skamlaust og utvetydig konfronterande.» Murray kalla det vidare «realisten» si Bowie-plate.[86]

I seinare år har albumet framleis fått god kritikk. Jon Dolan i Spin skriv at sjølv om 1980-åra var eit mindre bra tiår for Bowie kunstnarisk sett, byrja han tiåret sterkt med Scary Monsters, hylla vokalen til Bowie og skildra «Ashes to Ashes» som særskild «nydeleg».[82] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic hyla albumet som kulminasjonen av verka til Bowie i 1970-åra. Han skreiv: «Sjølv om musikken ikkje er langt unna postpunken tidleg i 1980-åra, høyrest det friskt, hipt og moderne ut, som er noko Bowie tapte i løpet av 1980-åra.»[31] Eduardo Rivadavia i Ultimate Classic Rock hylla dei kreative riskane som vart teken på plata, og skreiv at det at Bowie valte å bruke tid på tekstane førte til dei beste tekstane og vokalframføringane i heile karrieren hans. Han kalla til slutt albumet ei av dei aller beste i heile karrieren til Bowie.[87] Peter Doggett skildra Scary Monsters som ei av dei «mest verdifulle utsegnene» til Bowie og at det «annullerte forventningane til publikum» og gav ei «åtvaring for dei som vågde å følgje i fotefaret hans.»[88]

Chris Gerard i PopMatters skreiv om albumet i samband med plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) i 2017 og trekte fram vokalen til Bowie på albumet som blant hans beste, og roste arrangementa og harmoniane på albumet som «forbløffande strålande som lite anna i rock and roll.»[89] I ein analyse av albumet i høve 40-årsjubileet i 2020 skildra Ryan Leas i Stereogum Scary Monsters som «den mindre nemnte klassikaren i karrieren til Bowie», og komplimenterte korleis Bowie klarte å blande forskjellige periodar i karrieren hans til då til ein kunstnarisk heilskap. Leas konkluderte: «[Scary Monsters] var albumet som best fanga alt Bowie handla om - og det vil alltid vere kanalen som alt reiste gjennom, alle hans tidlegare personar bretta inn og førte vidare for resten av livet.[90]

Etter utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av Scary Monsters i februar 1980 møtte Bowie Jack Hofsiss, regissøren for Broadway-skodespelet The Elephant Man, og han fekk tilbodet om å spele hovudrolla som Joseph «John» Merrick, betre kjend som Elefantmannen, ein alvorleg deformet engelskmann som vart redda frå eit freak show av kirurgen Frederick Treves i det victorianske England i 1880-åra. Hofsiss såg Bowie i The Man Who Fell to Earth (1976) og meinte at han kunne passe i rolla. Bowie tok i mot tilbodet i juni 1980 og gjorde grundige undersøkingar om Merrick som førebuing. Han framstilte Merrick gjennom miming i staden for sminke. Skodespelet hadde premiere i Denver i Colorado den 29. juli 1980 og det gjekk fram til 3. januar 1981. Bowie fekk særs god omtale for rolla.[91][92] Bowie dreiv òg på med andre prosjekt medan skodespelet gjekk, og deltok mellom anna i Uli Edel-filmen Christiane F. (1981) og filma musikkvideoen for «Fashion» i oktober.[93]

Den 8. desember 1980 vart venen til Bowie, John Lennon, som han hadde arbeidd med på Young Americans (1975),[94] myrda utafor leilegheita si New York. Det vart seinare oppdaga at mordaren hans, Mark David Chapman, hadde sett ei førestelling av The Elephant Man, og til og med vurdert Bowie som eit mål.[95] Dødsdallet til Lennon råka Bowie hardt og han nekta å fornye kontrakten for skodespelet lengre enn til januar og avlyste planar om ein konsertturné Scary Monsters i 1981. Etter dette drog Bowie attende til heimen sin i Sveits og vart tilbaketrekt.[91][96] Likevel fortsette Bowie å arbeide. I juli 1981 samarbeidde han med Giorgio Moroder for temasongen til Paul Schrader-filmen Cat People (1982). Under den same innspelinga spelte han inn «Under Pressure» i lag med rockebandet Queen.[97][98] Han byrja seinare å øve for hovudrolla i BBC-utgåva av Bertolt Brecht-skodespelet Baal, regissert av Alan Clarke. Skodespelet vart spelt inn i august 1981 og sendt i mars 1982. Bowie spelte òg inn ein EP med musikken frå skodespelet, som kom ut på RCA i februar 1982 i samband med sendinga. Premieren av Baal fekk god omtale og særskild framføringa til Bowie vart trekt fram.[99] I 1982 spelte Bowie òg i filmane The Hunger og Merry Christmas, Mr. Lawrence, som begge kom i 1983.[100][101]

Bowie gav ikkje ut eit nytt studioalbum før Let's Dance i 1983. Scary Monsters vart òg det siste studioalbumet til Bowie for RCA Records, som hadde vore selskapet hans sidan Hunky Dory (1971).[102] Bowie hadde blitt stadig meir misnøgd med selskapet, som han følte «mjølka» katalogen hans.[103] Bowie ønskte òg at avtalen om sluttvederlag med den gamle manageren hans Tony Defries frå 1975 skulle gå ut i september 1982.[95] Sjølv om RCA var villig til å signere ny avtale, signerte Bowie i staden for EMI America Records,[104] og med Let's Dance, byrja han ein periode med stor kommersiell suksess.[105]

Inspirasjon og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Scary Monsters var siste samarbeidet mellom Bowie og Tony Visconti (avbilda i 2007) på over 20 år.

Visconti snakka om suksessen til Scary Monsters og sa «Me kjende at me endeleg oppnådde vårt Sgt. Pepper, eit mål me hadde hatt sidan The Man Who Sold the World[32] Visconti sa vidare: «Det er eit av mine absolutte favorittalbum av Bowie.»[106] Trass i dette vart Scary Monsters det siste samarbeidet mellom Bowie og Visconti på over 20 år, etter at Bowie valte å la Nile Rodgers produsere Let's Dance.[103] Sjølv om Bowie vart ei megastjerne verda over og fekk stor kommersiell suksess dei neste åra, særskild med Let's Dance, meiner mange kommentatorar Scary Monsters som det «siste store albumet hans»[31][90] og «standard» for kvart nye album etter dette.[32] Kritikarroste album som Outside (1995),[107] Earthling (1997),[108] Heathen (2002) og Reality (2003) vart omtalte som «det beste albumet sidan Scary Monsters[109] Buckley meinte at «Bowie burde ha klistra eit merke på det neste albumet sitt som sa 'Beste sidan Scary Monsters' og bli ferdig med det».[110] Biografen Marc Spitz meinte at det var meir rett og kalle albumet Bowie sitt «siste 'unge' album», sidan det var den siste «fullstendig sjølvsikre utsegna» og siste gongen Bowie «leita etter det 'nye' i vår lydverd som kjendest reint ut, i motsetnad til å forråde seg sjølv».[40]

Bowie-biografane har halde fram å hylle Scary Monsters. Pegg skreiv år seinare at Scary Monsters høyrdest «like friskt og dynamisk som alltid», og enda «den gyldne rekkja av banebrytande album Bowie gav ut.»[32] O'Leary var samd og skildra i 2019 albumet som Bowie sitt mest «moderne»-lydande album.[36] Spitz var samd i at plata har ein energi som hans seinare «gode» album ikkje har (og nemnde Outside og Heathen).[40] Doggett skildra plata som ein av «dei mest verdifulle utsegnene» til Bowie, og overgjekk forventingane til lyttarane sine, medan det samtidig åtvara dei som våga og følgje i fotefaret hans.[88] Sandford skreiv at med Scary Monsters fann Bowie «røysta si igjen» etter fleire år med eksperimentering.[34] I 2011 skreiv Paul Trynka at «Scary Monsters gnistrar framleis i dag. Den intense, malande rytmen høyrest merkverdig moderne ut... men trass i dei komplekse arrangementa er det mange upåverka, enkle augneblikk.»[111] Trynka rekna det «tette, tøffe, rock-møter-funk-akkompagnementet» på plata som inspirerande for seinare band som Blur og The Strokes.[112]

Rangeringar[endre | endre wikiteksten]

Scary Monsters har vore med på fleire lister over dei beste albuma gjennom tidene. I 2000 rangerte Q Scary Monsters på 30. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[113] I 2002 plasserte Pitchfork albumet på 93. plassen på si liste over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[114] I 2012 rangerte Slant Magazine albumet på 27. plassen på si liste over dei 100 beste albuma 1980-åra og sa «Bowie tømer eksperimenteringa av Berlintrilogien hans og kanaliserer desse synth-utbroderingane og eksentriske gitar inn i eit av dei merkelegaste popalbuma frå tiåret.»[115] I 2013 rangerte NME albumet på 381. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[116] I 2018 plasserte Pitchfork det på 53. plassen på si reviderte liste over dei 200 beste albuma frå 1980-åra.[117] I 2020 plasserte Rolling Stone det på 443. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[118] Basert på ei rekkje profesjonelle rangeringar og lister har samlenettsida Acclaimed Music plassert albumet på 11. plassen for 1980, 70. plassen for heile 1980-åra og 501. plassen for tidenes beste album..[119]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«It's No Game (No. 1)»4:20
2.«Up the Hill Backwards»3:15
3.«Scary Monsters (And Super Creeps)»5:12
4.«Ashes to Ashes»4:25
5.«Fashion»4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Teenage Wildlife» 6:56
2.«Scream Like a Baby» 3:35
3.«Kingdom Come»Tom Verlaine3:45
4.«Because You're Young» 4:54
5.«It's No Game (No. 2)» 4:22

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet har kome ut på ny fem gonger på CD. Det vart først gjeve ut på CD på RCA Records i midten av 1980-åra. Ei ny CD-utgåve kom i 1992 på Rykodisc og EMI med fire bonusspor.[120] Ei utgåve frå 1999 på EMI/Virgin kom utan bonusspor, men med 24-bits digitalt ommastra lyd.[121] Albumet kom ut på ny i 2003 på EMI som ein Super Audio CD, igjen utan bonusspor.[122] I 2017 vart albumet ommastra for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982)Parlophone.[123] Det kom ut på CD, vinyl og digitale format, både som ein del av denne samlinga, og som separat album året etter.[89][124]

Bonusspor på 1992-utgåva
Nr.TittelTekstMusikkLengd
11.«Space Oddity» (Singel B-side, nyinnspelt akustisk versjon, 1979)  4:47
12.«Panic in Detroit» (Nyinnspelt versjon 1979, ikkje tidlegare utgjeven)  3:00
13.«Crystal Japan» (Japansk singel A-side, 1980)instrumental 3:08
14.«Alabama Song» (Britisk singel A-side, spelt inn 1978)Bertolt Brecht, omsett av Elisabeth HauptmannKurt Weill3:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje platenotata og biografen Nicholas Pegg.[10][125]

Produksjon
  • David Bowie, Tony Visconti – produksjon og lydteknikk
  • Larry Alexander, Jeff Hendrickson – assisterande lydteknikar
  • Peter Mew, Nigel Reeve – mastering

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

1980 vekesliste for Scary Monsters
Liste (1980) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[126] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[127] 20
Belgiske album (Billboard Benelux)[128] 3
Kanadiske album (RPM)[129] 9
Den danske albumlista (IFPI)[130] 4
Nederlandske album (MegaCharts)[131] 3
Den franske albumlista (SNEP)[132] 1
Den japanske albumlista (Oricon)[133] 35
Newzealandske album (RIANZ)[134] 1
Norske album (VG-lista)[135] 3
Spanske album (Promusicae)[136] 26
Svenske album (Sverigetopplistan)[137] 4
Britiske album (OCC)[138] 1
US Billboard 200[139] 12
West Tyske album (Media Control)[140] 8
2016 vekesliste for Scary Monsters
Liste (2016) Plassering
Italienske album (FIMI)[141] 81
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[142] 75

Årslister[endre | endre wikiteksten]

1980 årsliste for Scary Monsters
Liste (1980) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[126] 18
Kanadiske album (RPM)[143] 54
Nederlandske album (MegaCharts)[144] 85
1981 årsliste for Scary Monsters
Liste (1981) Plassering
Kanadiske album (RPM)[145] 63

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[146] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[147] Gull 379,000[148]
Tyskland 70,000[149]
Storbritannia (BPI)[150] Platina 300 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mastropolo, Frank (18. august 2021). «The History of David Bowie's Berlintrilogien: 'Low,' 'Heroes,' and 'Lodger'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 20. august 2021. 
  2. Randolph, Bjorn (3. september 2004). «Top Ten Albums on Which the Sequencing Is Lost on CD – Staff Top 10». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 24. august 2021. Henta 24. august 2021. 
  3. «Post-Punk Music Genre Overview». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. oktober 2020. Henta 4. oktober 2020. 
  4. Goldring, Susie (2007). «Review of David Bowie – Low». BBC Music. Arkivert frå originalen 29. november 2018. Henta 3. oktober 2020. 
  5. Spitz 2009, s. 298–299.
  6. Buckley 1999, s. 302.
  7. Spitz 2009, s. 290.
  8. Buckley 2005, s. 309–310.
  9. Buckley 2005, s. 308–314.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 10,9 Pegg 2016, s. 397.
  11. Buckley 2005, s. 314.
  12. Gittins, Ian (2007). «Art Decade». Mojo (60 Years of Bowie utg.): 70–73. 
  13. Buckley 1999, s. 270.
  14. Buckley 2005, s. 315–316.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 Carr & Murray 1981, s. 108–114.
  16. 16,0 16,1 16,2 O'Leary 2019, s. 144–146.
  17. Pegg 2016, s. 67–68.
  18. O'Leary 2019, s. 163.
  19. 19,0 19,1 19,2 Buckley 2005, s. 316.
  20. Pegg 2016, s. 397–398.
  21. Pegg 2016, s. 234–235, 398.
  22. Pegg 2016, s. 133.
  23. Pegg 2016, s. 120.
  24. 24,0 24,1 24,2 Pegg 2016, s. 398.
  25. O'Leary 2019, s. 138–139.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 Buckley 2005, s. 322–323.
  27. 27,0 27,1 O'Leary 2019, s. 142–144.
  28. Pegg 2016, s. 399–400.
  29. DeMain, Bill (2. september 2020). «How David Bowie returned to orbit and made Scary Monsters». Classic Rock. Arkivert frå originalen 28. august 2021. Henta 28. august 2021. 
  30. Blackard, Cat; Graves, Wren; Manning, Erin (6. januar 2016). «A Beginner's Guide to David Bowie». Consequence. Arkivert frå originalen 28. august 2021. Henta 28. august 2021. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Erlewine, Stephen Thomas. «Scary Monsters – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 28. mars 2013. Henta 29. august 2021. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 Pegg 2016, s. 400.
  33. Goble, Blake; Blackard, Cap; Levy, Pat; Phillips, Lior; Sackllah, David (8. januar 2018). «Ranking: Every David Bowie Album from Worst to Best». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 5. januar 2021. Henta 22. august 2021. 
  34. 34,0 34,1 Sandford 1997, s. 203.
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Pegg 2016, s. 136–137.
  36. 36,0 36,1 36,2 O'Leary 2019, s. 138–142.
  37. 37,0 37,1 Carr & Murray 1981, s. 113.
  38. Pegg 2016, s. 295–296.
  39. Doggett 2012, s. 369–370.
  40. 40,0 40,1 40,2 Spitz 2009, s. 311.
  41. 41,0 41,1 41,2 Pegg 2016, s. 234.
  42. Carr & Murray 1981, s. 112–115.
  43. O'Leary 2019, s. 150–151.
  44. Doggett 2012, s. 370–371.
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 Pegg 2016, s. 27–30.
  46. 46,0 46,1 46,2 46,3 O'Leary 2019, s. 155–161.
  47. Doggett 2012, s. 372–374.
  48. 48,0 48,1 48,2 Pegg 2016, s. 89–91.
  49. O'Leary 2019, s. 161–163.
  50. 50,0 50,1 O'Leary 2019, s. 151–155.
  51. Doggett 2012, s. 377–380.
  52. 52,0 52,1 Pegg 2016, s. 277–278.
  53. Pegg 2016, s. 234–235.
  54. O'Leary 2019, s. 147–149.
  55. Pegg 2016, s. 146–147.
  56. 56,0 56,1 56,2 Doggett 2012, s. 381–382.
  57. Pegg 2016, s. 35.
  58. Doggett 2012, s. 382–383.
  59. Doggett 2012, s. 368–369.
  60. Buckley 2005, s. 321–322.
  61. 61,0 61,1 61,2 61,3 Pegg 2016, s. 399.
  62. Sheridan, Linda (5. mars 2018). «Sound & Vision: 'David Bowie is' Opens at the Brooklyn Museum». City Guide. Arkivert frå originalen 20. november 2018. Henta 29. august 2021. 
  63. O'Leary 2019, s. 155, 660.
  64. 64,0 64,1 64,2 Buckley 2005, s. 316–317.
  65. Buckley 2005, s. 304–307.
  66. Whitburn 2015, s. 57.
  67. Pegg 2016, s. 397, 399.
  68. 68,0 68,1 Buckley 2005, s. 321.
  69. Sandford 1997, s. 204.
  70. «Scary Monsters and Super Creeps – Official Chart History». UK Albums Chart. Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. august 2020. Henta 24. august 2021. 
  71. «Scary Monsters Chart History». Billboard. Arkivert frå originalen 16. august 2021. Henta 24. august 2021. 
  72. 72,0 72,1 72,2 O'Leary 2019, s. 660.
  73. 73,0 73,1 73,2 Pegg 2016, s. 781.
  74. Wolk, Douglas (July 2006). «David Bowie: Scary Monsters (and Super Creeps)». Blender (49). 
  75. Kot, Greg (10. juni 1990). «Bowie's Many Faces Are Profiled On Compact Disc». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 22. august 2021. 
  76. Christgau 1990.
  77. Larkin 2011.
  78. «David Bowie: Scary Monsters (and Super Creeps)». Q (158): 140–41. November 1999. 
  79. 79,0 79,1 Ludgate, Simon (20. september 1980). «Bowie Takes a Bow». Record Mirror: 16. 
  80. Sheffield 2004, s. 97.
  81. Hepworth, David (2–15. oktober 1980). «David Bowie: Scary Monsters». Smash Hits 2 (20): 29. 
  82. 82,0 82,1 Dolan, Jon (July 2006). «How to Buy: David Bowie». Spin 22 (7): 84. Arkivert frå originalen 2. oktober 2017. Henta 16. august 2021. 
  83. Sheffield 1995, s. 55.
  84. Humphrey, Patrick (2007). «You've Been Around». Mojo (60 Years of Bowie utg.): 79. 
  85. «Top Album Picks» (PDF). Billboard. 20. september 1980. s. 70. Arkivert frå originalen (PDF) 7. august 2020. Henta 24. august 2021 – via worldradiohistory.com. 
  86. Murray, Charles Shaar (20. september 1980). «David Bowie: Scary Monsters (RCA)». NME. Arkivert frå originalen 9. august 2020. Henta 14. mars 2021 – via Rock's Backpages. 
  87. Rivadavia, Eduardo (12. september 2015). «Revisiting David Bowie's 'Scary Monsters (and Super Creeps)'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 20. oktober 2020. Henta 24. august 2021. 
  88. 88,0 88,1 Doggett 2012, s. 384.
  89. 89,0 89,1 Gerard, Chris (12. oktober 2017). «Filtered Through the Prism of David Bowie's Quixotic Mind: 'A New Career in a New Town'». PopMatters. s. 2. Arkivert frå originalen 24. august 2020. Henta 24. august 2021. 
  90. 90,0 90,1 Leas, Ryan (22. august 2021). «David Bowie's 'Scary Monsters' at 40: The Hidden Classic of His Career». Stereogum. Arkivert frå originalen 23. november 2020. Henta 24. august 2021. 
  91. 91,0 91,1 Pegg 2016, s. 662–664.
  92. Buckley 2005, s. 324–325.
  93. Pegg 2016, s. 665.
  94. Buckley 2005, s. 215–217.
  95. 95,0 95,1 Doggett 2012, s. 389.
  96. Buckley 2005, s. 325.
  97. Pegg 2016, s. 57, 291–292.
  98. Doggett 2012, s. 389–390.
  99. Pegg 2016, s. 665–667.
  100. Pegg 2016, s. 667–670.
  101. Doggett 2012, s. 390.
  102. Sandford 1997, s. 81.
  103. 103,0 103,1 Pegg 2016, s. 400–401.
  104. Buckley 2005, s. 334–335.
  105. Pegg 2016, s. 403.
  106. Trynka 2011, s. 355.
  107. Sullivan, Jim (12. april 1993). «New wife, new album keep David Bowie in fine spirits». The Boston Globe. 
  108. Kemp, Mark (20. februar 1997). «David Bowie: Earthling». Rolling Stone (754): 65–66. Henta 1. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  109. Easlea, Daryl (20. november 2002). «David Bowie Reality Review». BBC Music. Arkivert frå originalen 23. mai 2013. Henta 29. august 2021. 
  110. Buckley 2005, s. 500.
  111. Trynka 2011, s. 353.
  112. Trynka 2011, s. 489.
  113. «The 100 Greatest British Albums Ever! – David Bowie: Scary Monsters (and Super Creeps)». Q (165): 74. June 2000. 
  114. «The Top 100 Albums of the 1980s». Pitchfork. 21. november 2002. s. 1. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 5. november 2011. 
  115. «The 100 Best Albums of the 1980s». Slant Magazine. 5. mars 2012. Arkivert frå originalen 25. mars 2012. Henta 29. august 2021. 
  116. «The 500 Greatest Albums Of All Time: 400–301». NME. 23. oktober 2013. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 22. august 2021. 
  117. «The 200 Best Albums of the 1980s». Pitchfork. 10. september 2018. s. 8. Arkivert frå originalen 11. september 2018. Henta 30. august 2021. 
  118. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 22. september 2020. Arkivert frå originalen 24. september 2020. Henta 24. september 2020. 
  119. Franzon, Henrik. «Scary Monsters (and Super Creeps)». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 21. januar 2021. Henta 21. januar 2021. 
  120. Scary Monsters (and Super Creeps) (CD liner notes). David Bowie. US: Rykodisc. 1992. RCD 20147. 
  121. Scary Monsters (and Super Creeps) (CD liner notes). David Bowie. Europe/US: EMI/Virgin Records. 1999. 7243 521895 0 2. 
  122. Scary Monsters (and Super Creeps) (SACD liner notes). David Bowie. UK & Europe: EMI. 2003. 07243 543318 2 4. 
  123. «A New Career In A New Town (1977–1982)». David Bowie Official Website. 12. juli 2016. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  124. Grow, Kory (28. september 2017). «Review: David Bowie's Heroically Experimental Berlin Era Explored in 11-CD Box Set». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. november 2020. Henta 24. august 2021. 
  125. Scary Monsters (and Super Creeps) (liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1980. BOW LP 2. 
  126. 126,0 126,1 Kent, David (1993). Kent Music Report: Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  127. «David Bowie – Scary Monsters – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 12. desember 2011. Henta 20. august 2021. 
  128. «Hits of the World» (PDF). Billboard: 84. 1. november 1980. Henta 30. august 2021 – via World Radio History. 
  129. «Top Albums/CDs – Volume 34, No. 6». RPM. 20. desember 1980. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 20. august 2021. 
  130. «Hits of the World» (PDF). Billboard: 67. 14. mars 1981. Henta 30. august 2021 – via World Radio History. 
  131. «dutchcharts.nl David Bowie – Scary Monsters». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 28. januar 2013. Henta 20. august 2021. 
  132. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 20. august 2021.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  133. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  134. «charts.nz David Bowie – Scary Monsters». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 28. august 2021. Henta 20. august 2021. 
  135. «norwegiancharts.com David Bowie – Scary Monsters». Arkivert frå originalen (ASP) 17. oktober 2013. Henta 20. august 2021. 
  136. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  137. «swedishcharts.com David Bowie – Scary Monsters». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 12. januar 2014. Henta 20. august 2021. 
  138. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  139. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  140. «Album Search: David Bowie – Scary Monsters» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 5. april 2015. Henta 1. august 2021. 
  141. "David Bowie – Scary Monsters (And Super Creeps)". Italiancharts.com. Hung Medien.
  142. "David Bowie – Scary Monsters (And Super Creeps)". Swisscharts.com. Hung Medien.
  143. «RPM Top 100 Albums of 1980». RPM. 20. desember 1980. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. august 2021. 
  144. «Dutch charts jaaroverzichten 1980» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 4. mars 2016. Henta 2. april 2014. 
  145. «Top 100 Albums of 1981». RPM. 26. desember 1981. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 6. desember 2013. 
  146. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Scary Monsters». Music Canada. 
  147. «French album salstrofé – Bowie D. – Scary Monsters» (på fransk). InfoDisc.  Select BOWIE D. and click OK
  148. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 28. august 2012. Henta 31. august 2011. 
  149. «Bowie LP Is German Smash». Billboard. 27. september 1980. s. 58. Arkivert frå originalen 21. april 2021. Henta 1. november 2019. 
  150. «British album salstrofé – David Bowie – Scary Monsters». British Phonographic Industry.  Enter Scary Monsters in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]