Changesonebowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Changesonebowie
Samlealbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 21. mai 1976[1]
Innspelt 1969–1976
Sjanger Rock, glamrock, kunstrock
Lengd 44:14
Selskap RCA Records
David Bowie-kronologi 
Station to Station
(1976)
Changesonebowie Low
(1977)


Singlar frå Changesonebowie
  1. «Suffragette City»
    Utgjeve: 9. juli 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
The Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[3]
Pitchfork8.8/10[4]
Robert ChristgauA[5]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[6]

Changesonebowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på RCA Records i 1976. Det er ei samling av songar frå perioden 1969 til 1976, inkludert første gongen «John, I'm Only Dancing» kom ut på eit album. Dette var ein «sax-versjon» av songen, spelt inn under Aladdin Sane-innspelinga i 1973, og kom ut på dei første tusen, britiske eksemplara (identifisert på at det mangla RCA-logo i det øvre høgre hjørnet av omslaget). Seinare trykk av Changesonebowie kom med den originale versjonen av singelen som vart spelt inn og gjeven ut i 1973. Alle dei amerikanske utgåvene av LP-plata hadde denne originalen òg.

To spor, «Ziggy Stardust» og «Suffragette City», var aldri komne ut som singlar då Changesonebowie kom ut, men førstnemnde hadde vore B-side til «The Jean Genie» i november 1972 og sistnemnde kom ut på singel i juli 1976 for å marknadsføre samlinga.

Biletet på plateomslaget vart teke av Tom Kelley, som tok dei kjende naken-kalenderbileta av Marilyn Monroe på raud fløyel i 1949.

Albumet vart følgd opp av samlealbumet Changestwobowie i 1981.

Albumsoge[endre | endre wikiteksten]

RCA Records gav ut Changesonebowie på CD i 1984, men trekte det tilbake etter kort tid, i lag med resten av RCA-katalogen til Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Denne CD-utgåva inneheld den originale singelversjonen av «John, I'm Only Dancing».

Då Bowiekatalogen kom ut på Rykodisc i 1990, vart Changesonebowie erstatta av ei ny samleplate, Changesbowie, der «Fame» vart erstatta av «Gass Mix» frå «Fame 90» (produsert og remiksa av Jon Gass) og «'Heroes'», «Ashes to Ashes», «Fashion», «Let's Dance», «China Girl», «Modern Love» og «Blue Jean» vart lagt til. I tillegg til dei over, la Rykodisc til songane «Starman» (etter «Space Oddity»), «Life on Mars?» (etter «The Jean Genie») og «Sound and Vision» (etter «Golden Years») til dobbel-LP-utgåva av albumet.

Ei ommastra utgåve av det originale Changesonebowie kom ut 20. mai 2016 på vinyl og CD for å markere 40-årsjubileet.[1] 13. april 2018 vart Changesonebowie gjeve ut digitalt i lag med ei nyleg ommastra utgåve av oppfølgjaren Changestwobowie på vinyl, CD og digitalt format.[7]

Plateomslaget inspirerte den utvida utgåva av Morrissey-albumet Southpaw Grammar i 2009.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

I 1987 rangerte Rolling Stone albumet på 96. plassen på lista si «The Top 100 Albums of the Last Twenty Years», i høve 20-årsjubileet deira. I 2003 vart albumet rangert på 425. plassen på Rolling Stone si liste over 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelOriginal utgjevingLengd
1.«Space Oddity»Space Oddity (1969)5:14
2.«John, I'm Only Dancing» (sax-versjon)Singel A-side (1972)2:43
3.«Changes»Hunky Dory (1971)3:33
4.«Ziggy Stardust»The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972)3:13
5.«Suffragette City»The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars3:25
6.«The Jean Genie»Aladdin Sane (1973)4:03
Total lengd:22:11
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Original utgjevingLengd
1.«Diamond Dogs» Diamond Dogs (1974)5:56
2.«Rebel Rebel» Diamond Dogs4:30
3.«Young Americans» Young Americans (1975)5:10
4.«Fame»Bowie, Carlos Alomar, John LennonYoung Americans4:12
5.«Golden Years» Station to Station (1976)3:59
Total lengd:22:03 (44:14)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Bowie – vokal, gitar, klaverinstrument, saksofon, munnspel, stylophone, Moog, Mellotron, korvokal
  • Tim Renwick – gitar (side one-1)
  • Mick Wayne – gitar (side one-1)
  • Rick Wakeman – mellotron (side one-1)
  • Herbie Flowers – bass (side one-1, side to 1,2)
  • Terry Cox – trommer (side one-1)
  • Mick Ronson – gitar, piano, moog, korvokal (side one 2–6)
  • Trevor Bolder – bass (side one 2–6)
  • Mick Woodmansey – trommer (side one 2–6)
  • Tony Newmark – trommer (side to 1)
  • Aynsley Dunbar – trommer (side to 2)
  • Carlos Alomar – gitar (side to 3,4,5)
  • Earl Slick – gitar (side to 4,5)
  • John Lennon – gitar, korvokal (side to 4)
  • Mike Garson – Piano, klaverinstrument (side one 2–6, side to 1–4)
  • Roy Bittan – piano (side to 5)
  • Willy Weeks – bass (side to 9)
  • Emir Ksasan – bass (side to 10)
  • George Murray – bass (side to 5)
  • Andy Newmark – trommer (side to 3)
  • Dennis Davis – trommer (side to 4,5)
  • David Sanborn – saksofon (side to 3)
  • Pablo Rosario – perkusjon (side to 3)
  • Larry Washington – perkusjon (side to 3)
  • Ralph Mcdonald – perkusjon (side to 4)
  • Ava Cherry, Robin Clark, Anthony Hinton, Diane Sumler, Luther Vandross – korvokal (side to 3)
  • Warren Peace – korvokal (side to 3,5)
  • Jean Millington, Jean Fineberg – korvokal (side to 4)
  • Harry Maslin, Editing, Assembling, and Mastering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] 8
UK Albums Chart 2
US Billboard Pop Albums 10
Liste (2016) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[10] 59
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[11] 89
Franske album (SNEP)[12] 197
Ungarske album (MAHASZ)[13] 14
Irske album (IRMA)[14] 49

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[15] 19

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 2. august 1976
Platina 15. september 1981

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «CHANGESONEBOWIE random vinyl out now». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 23. mai 2016. Henta 3. juni 2016. 
  2. Thompson, Dave. «Changesonebowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 18. desember 2019. Henta 16. april 2021. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas (24. mai 2016). «David Bowie: Changesonebowie Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 25. november 2020. Henta 16. april 2021. 
  5. «CG: bowie». Robert Christgau. Henta 12. august 2021. 
  6. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  7. «CHANGESTWO black or blue?». David Bowie Official Website. Henta 12. august 2021. 
  8. «News». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. april 2013. Henta 12. august 2021. 
  9. "David Bowie – Changesonebowie". Charts.org.nz. Hung Medien.
  10. "David Bowie – Changesonebowie" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  11. "David Bowie – Changesonebowie" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  12. "David Bowie – Changesonebowie". Lescharts.com. Hung Medien.
  13. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  14. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.
  15. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 428. ISBN 0-646-11917-6.