Rubber Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rubber Band
Singel av David Bowie
frå albumet David Bowie
B-side «The London Boys»
Utgjeve 2. desember 1966
Innspelt R G Jones Studios i London, 18. oktober 1966
Sjanger Pop
Lengd 2:05
Selskap Deram
DM 107
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Mike Vernon
David Bowie-kronologi
«I Dig Everything»
(1966)
Rubber Band «The Laughing Gnome»
(1967)

«Rubber Band» er ein song av David Bowie. Songen vart gjeven ut på singel 2. desember 1966 og markerte starten på platekontrakten til Bowie med Deram som gav ut debutalbumet hans David Bowie i 1967.

Songen var ein av tre songar på eit lydband som manageren til Bowie, Kenneth Pitt, nytta til å overtale selskapet til å signere han. Songen var den første gongen han gjekk bort frå soul-inspirasjonen og fuzz-gitarane han hadde brukt tidlegare, og var i stor grad inspirert av Anthony Newley på denne tida. Trass i god omtale i musikkpressa vart singelen mislykka og nådde ikkje salslista i Storbritannia. Teksten handla ikkje lenger om ungdom, men visne minne om fyrste verdskrigen. Bowie hadde no Ken Pitt som manager. Pitt var frå overklassen og hadde lang erfaring frå underhaldningsbransjen. Han har fått skulda for at Bowie byrja med kabaret og pantomime. Pitt tok med seg Bowie til galleriopningar i West End og eksponerte han for Andy Warhol, Velvet Underground og Bob Dylan, og Bowie budde i leilegheiten hans i Marylebone.[1]

«Rubber Band» var med på å skaffe Bowie kontrakt med Deram og markerte ei musikalsk ny retning for Bowie. Han opnar med fire taktar spelt på trompet, obo og tuba. Dei fem versa vert framførte som ein parademarsj, medan refrenget er kort og enkelt.[1] Songen syner òg korleis Bowie kjapt tilpassa seg endringar i popen. Den britiske psykedeliaen var på frammarsj der ein tok barndommen attende, folk kledde seg i kleda til besteforeldra sine og hylla det gamle. Samstundes som Bowie spelte inn «Rubber Band», nådde the New Vaudeville Band toppen av singellista i Storbritannia med «Winchester Cathedral», medan the Beatles byrja innspelinga av Sgt. Pepper's Lonely Heart Club Band, der «When I’m 64» var ein av dei første songane som vart spelt inn, og sjølv Rolling Stones spelte inn vaudeville-songar som «Something Happened to Me Yesterday» og «Cool, Calm, Collected».

Den første versjonen av «Rubber Band», vart gjeven ut som singel, medan han spelte inn songen på nytt for debutalbumet sitt. Den første versjonen gjekk i eit litt kjappare tempo, og Bowie syng songen i eit lågare toneleie. Den første versjonen vart spelt inn 18. oktober 1966, medan albumversjonen vart gjeven ut 25. februar 1967.

B-side[endre | endre wikiteksten]

Songen vart seinare spelt inn på ny for debutalbumet. B-sida «The London Boys» vart gjeven ut som eigen singel i 1975.

«The London Boys» handlar om ein 17-år gammal gut som kjem til byen og prøver å kome seg på banen, som tyder piller, eit røft liv og truleg verre.[2] Etter kvart vert guten ein del av ein gjeng, kler seg hipt og er høg på piller. Den utsvevande triumfen gjer han meir aleine enn han var før.

Songen er bygd kring orgel og bass, i lag med blåseinstrument. Bowie skreiv «The London Boys» i 1965 og spelte han inn seint det året med The Lower Third for Pye Records, som ikkje ønskte songen. Bowie spelte inn songen under prøvespelinga som sikra han ein kontrakt med Deram. Songen vart spelt inn 18. oktober 1966.

Songen vart spelt inn på ny i 2000 for det uutgjevne albumet Toy, som vart lekka i 2011. To utdrag vart sleppt på BowieNet i 2002, eit i juli som var 1:26 langt og det andre i august, som var 1:30 langt. Begge klippa dekka ikkje heile songen. Han vart framført får ein spesialkonsert for BowieNet i 2000.

Det amerikanske plateselskap til Bowie, Decca, avslo songen på grunn av dopreferansane, og erstatta han med barndomsfantasien til Bowie, «There Is a Happy Land».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chris O’Leary. Rubber Band. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  2. Chris O’Leary. The London Boys. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.