I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 29. august 2020
Innspelt 20. oktober & 30. november 1974
Spelestad Michigan Palace i Detroit i Michigan; Municipal Auditorium i Nashville i Tennessee
Sjanger Rock, soul
Lengd 1:26:00
Selskap Parlophone
Produsent Aisha Cohen, Nigel Reeve
David Bowie-kronologi
Is It Any Wonder?
(2020)
I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) Ouvrez le Chien (Live Dallas 95)
(2020)


I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Albumet fekk ei avgrensa utgjeving 29. august 2020 for Record Store Day som ei dobbel LP-plate og ein dobbel-CD.[1] Han vart spelt inn under andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen i 1974, som er mest kjend som «Soul-turneen» på grunn av innverknaden dei då nye songane Bowie hadde byrja å spele inn for Young Americans (1975). I'm Only Dancing markerer den første gongen innspelingar frå denne delen av turneen er offisielt gjeven ut.

Bskgrunn[endre | endre wikiteksten]

David Bowie marknadsførte det åttande studioalbumet sitt, Diamond Dogs, med Diamond Dogs-turneen. Den første delen varte frå 14. juni til 20. juli 1974. Kulissane for scenen vart dels designa og bygt av Chris Langhart og kosta 250 000 dollar. Flimar som påverka desginet var Fritz Lang sin Metropolis (1927) og Robert Wiene sin The Cabinet of Dr. Caligari (1920).[2] Den andre delen av turneen varte frå 2. september til 1. desember 1974 og har blitt kalla «The Soul Tour», på grunn av påverknaden frå soulmusikken Bowie hadde byrja å spele inn for Young Americans i august. På grunn av dette vart konsertane kraftig endra. Dei omfattande kulissane vart fjerna, dels fordi Bowie var lei designet og fordi han ønskte å utforske den nye stilen han skapte. Besetninga vart òg endra og han tok med seg musikarar han hadde spelt med på Young Americans. Songar frå den første delen av turneen vart droppa, medan somme nye (somme frå Young Americans) vart lagt til.[1][3] Opptak frå turneen var tidlegare gjevne ut på to konsertalbum, David Live og Cracked Actor (Live Los Angeles '74), som kom ut i høvesvis 1974 og 2017.[4][5] Men I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) markerer første gongen opptak frå «Soul»-delen av turneen er offisielt gjeve ut.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det meste av I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) vart spelt inn 20. oktober 1974 i Michigan Palace i Detroit, medan tre spor, inkludert «Knock on Wood» og medlyane «Footstompin'» / «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate» / «Footstompin'» og «Diamond Dogs» / «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» / «Diamond Dogs» vart spelte inn 30. november 1974 i Municipal Auditorium i Nashville.[1] I følgje Rolling Stone speglar plateomslaget det originale designet for programma for dei to innspelingsdatoane.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Vinyl-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Introduction / Memory of a Free Festival» 0:30
2.«Rebel Rebel» 2:46
3.«John, I'm Only Dancing (Again)» 6:33
4.«Sorrow»Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer3:11
5.«Changes» 3:27
6.«1984» 2:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Moonage Daydream» 5:03
2.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Warren Peace5:04
3.«Love Me Do» / «The Jean Genie»Lennon–McCartney, Bowie6:32
4.«Young Americans» 4:45
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Can You Hear Me?»5:54
2.«It's Gonna Be Me»6:52
3.«Somebody Up There Likes Me»5:31
4.«Suffragette City»3:48
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rock 'n' Roll Suicide» 5:54
2.«Panic in Detroit» 4:28
3.«Knock on Wood» (*)Eddie Floyd, Steve Cropper2:57
4.«Footstompin'» / «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate» / «Footstompin'» (*)Aaron Collins, Ande Rand, Armand Piron, Clarence Williams3:08
5.«Diamond Dogs» / «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» / «Diamond Dogs» (*)Bowie, Jagger–Richards6:56

CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

CD 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Introduction / Memory of a Free Festival» 0:30
2.«Rebel Rebel» 2:46
3.«John, I'm Only Dancing (Again)» 6:33
4.«Sorrow»Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer3:11
5.«Changes» 3:27
6.«1984» 2:50
7.«Moonage Daydream» 5:03
8.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Warren Peace5:04
9.«Love Me Do» / «The Jean Genie»Lennon–McCartney, Bowie6:32
10.«Young Americans» 4:45
CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Can You Hear Me?» 5:54
2.«It's Gonna Be Me» 6:52
3.«Somebody Up There Likes Me» 5:31
4.«Suffragette City» 3:48
5.«Rock 'n' Roll Suicide» 5:54
6.«Panic in Detroit» 4:28
7.«Knock on Wood» (*)Eddie Floyd, Steve Cropper2:57
8.«Footstompin'» / «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate» / «Footstompin'» (*)Aaron Collins, Ande Rand, Armand Piron, Clarence Williams3:08
9.«Diamond Dogs» / «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» / «Diamond Dogs» (*)Bowie, Jagger–Richards6:56

Spelt inn i The Michigan Palace i Detroit den 20. oktober 1974.
Spor merka med * spelt inn i The Municipal Auditorium i Nashville den 30. november 1974.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Per davidbowie.com.[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2020) Plassering
UK Albums (OCC)[7] 18
US Billboard 200[8] 104
US Top Alternative Albums (Billboard)[9] 12
US Top Rock Albums (Billboard)[10] 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «I'm Only Dancing for Record Store Day 2020». David Bowie Official Website. 19. februar 2020. Arkivert frå originalen 18. april 2020. Henta 1. august 2021. 
  2. Pegg 2016, s. 567.
  3. Pegg 2016, s. 562.
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «David Live – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 31. juli 2021. 
  5. Randle, Chris (29. juni 2017). «David Bowie: Cracked Actor (Live Los Angeles '74)». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2017. Henta 1. august 2021. 
  6. Kreps, Daniel (20. februar 2020). «David Bowie Live LP 'I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)' Set for Record Store Day». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. august 2020. Henta 1. august 2021. 
  7. «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 3. november 2013. Henta 1. august 2021. 
  8. «I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) Chart History». Billboard. Henta 1. august 2021. 
  9. «David Bowie Chart History (Alternative Albums)». Billboard. Arkivert frå originalen 11. oktober 2020. Henta 1. august 2021. 
  10. «David Bowie Chart History (Top Rock Albums)». Billboard. Arkivert frå originalen 11. oktober 2020. Henta 1. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]