“Heroes”

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå "Heroes")
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå “Heroes” av David Bowie.
“Heroes”
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Hansa Studio ved Berlinmuren i Vest-Berlin
juli-august 1977
Sjanger Rock, Krautrock
Lengd 40:36
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie, Tony Visconti
Kritikk
David Bowie-kronologi
Low
(1977)
“Heroes” Stage
(1978)


“Heroes” (hermeteikna er ein del av tittelen for å uttrykke ironi)[6] er eit album av David Bowie frå 1977, og den andre delen av Berlintriologien med Brian Eno. “Heroes” har eit liknande lydbilete som det førre albumet Low, men utvikla stilen i ein meir positiv retning.[7] Av dei tre albuma er dette det einaste albumet som berre vart spelt inn i Berlin. Tittelsporet er ein av dei mest kjende songane til Bowie, ei klassisk soge om eit kjærastepar som møtes ved Berlinmuren, og sjølve albumet vert òg rekna som eit av dei beste av Bowie. Ein av årsakene til dette er gitararbeidet til gitaristen Robert Fripp, som kom frå USA og spelte inn delane sine i løpet av ein dag.[8] John Lennon vart sitert i 1980 då han laga albumet sitt Double Fantasy om at han ynskte å «gjere noko som var like bra som “Heroes”».[8][8][9] Det vart kåra til årets album av NME.

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Hansa Studios i det som då var Vest-Berlin, og “Heroes” reflekterte tidsanda i den kalde krigen, symbolisert av den delte byen. Medprodusent Tony Visconti har sagt at det var «ein av dei største studioopplevingane eg har hatt. Studioet var om lag 500 meter frå muren, og vaktsoldatar såg inn i kontrollrommet gjennom kikkertar.»[10] Bowie viste igjen at han var påverka av Krautrock. Tittelen er eit vink til songen «Hero» på albumet NEU! '75 av det tyske bandet Neu!,[11] medan «V-2 Schneider» er inspirert og kalla opp etter Florian Schneider i Kraftwerk.[12] Tidlegare i 1977 hadde Kraftwerk nemnd Bowie og albumet Station to Station på tittelsporet på Trans-Europe Express.

Plateomslaget var inspirert av den tyske kunstnaren Erich Heckel sin Roquairol, og det same var omslaget til The Idiot av Iggy Pop, som Bowie medverka på og som kom same året.[13]

Sjølv om “Heroes” innehald fleire mørke og atmosfæriske instrumentalar som «Sense of Doubt» og «Neuköln», i tillegg til songar som «Blackout», vart albumet rekna for å vere ei lidenskapleg og positiv plate samanlikna med den melankolske og inadvente Low.[10][12] Dette merka ein ikkje berre på tittelsporet, men og på songar som «Beauty and the Beast» (gjeven ut som singel i januar 1978), den rustne «Joe the Lion» og den muntre avslutningssongen «The Secret Life of Arabia». Teksten til «Joe the Lion» vart skriven og spelt inn på mindre enn ein time i følgje Visconti.[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

“Heroes” vart marknadsført av RCA med slagordet «There’s Old Wave. There’s New Wave. And there's David Bowie...»[12] Albumet fekk mykje ros då det kom seint i 1977,[8] Melody Maker og NME utropte begge albumet til «Årets album».[9][15] Albumet nådde tredjeplass i Storbritannia og heldt seg på lista i 26 veker, men var ikkje like populær i USA der det nådde 35. plass. I Noreg nådde albumet 13. plass.

Fleire av songane på albumet vart spelt på Bowie sine konsertar i 1978, og gjevne ut på konsertalbumet Stage (1978). Philip Glass lagde eit klassisk stykke, “Heroes” Symphony, basert på dette albumet, som han òg hadde gjort med Low.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Beauty and the Beast»     3:32
2. «Joe the Lion»     3:05
3. «Heroes»   Bowie, Brian Eno 6:07
4. «Sons of the Silent Age»     3:15
5. «Blackout»     3:50
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «V-2 Schneider»     3:10
7. «Sense of Doubt»     3:57
8. «Moss Garden»   Bowie, Eno 5:03
9. «Neuköln»   Bowie, Eno 4:34
10. «The Secret Life of Arabia»   Bowie, Eno, Carlos Alomar 3:46

Nye utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet har vorte gjeve ut på CD to gongar, den første gongen i 1991 av Rykodisc (med to bonusspor) og den andre i 1999 av EMI (med nymastra lyd og ingen bonusspor).

Bonusspor 1991[endre | endre wikiteksten]

  1. «Abdulmajid» (tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:40
  2. «Joe the Lion» (remixa versjon frå 1991) – 5:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «"Heroes" Overview». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2494. Henta 9. mai 2011. 
  2. «Heroes». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53899/147heroes148.html. Henta 9. mai 2011. 
  3. Christgau, Robert. «David Bowie». http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie. Henta 9. mai 2011. 
  4. Testa, Bart (12 January 1978). «Heroes». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/heroes-19780112. Henta 9. mai 2011. 
  5. «RollingStoneAlbumGuide's music». http://rateyourmusic.com/collection/RollingStoneAlbumGuide/strm_a/david+bowie/1. Henta 9. mai 2011. 
  6. Shaar Murray, Charles (1977). «NME interview». Bowie Golden Years. Arkivert frå originalen den 5 October 2009. http://www.bowiegoldenyears.com/heroes.html. Henta 9. mai 2011. «I'd felt that the use of quotes indicate a dimension of irony about the word 'Heroes' or about the whole concept of heroism.» 
  7. Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie (4th utg.). London: Reynolds & Hearn Ltd. s. 312. ISBN 1-905287-15-1. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Pegg, Nicholas (2000). The Complete David Bowie. s. 307–309. 
  9. 9,0 9,1 Sandford, Christopher (1996, 1997). Loving the Alien. s. 182–193. 
  10. 10,0 10,1 Buckley, David (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. s. 320–325. 
  11. Mat Snow (2007). "Making Heroes", MOJO 60 Years of Bowie: s.69
  12. 12,0 12,1 12,2 Carr, Roy; Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record. s. 91–92.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  13. «UNCUT interview». Bowie Golden Years. 1999. Arkivert frå originalen den 5 October 2009. http://www.bowiegoldenyears.com/heroes.html. Henta 9. mai 2011. 
  14. Pegg, Nicholas (2000). The Complete David Bowie. s. 112. 
  15. Gittens, Ian (2007). "Art Decade", MOJO 60 Years of Bowie. s. 70–73.