Sound+Vision-turneen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sound+Vision-turneen
Turné av David Bowie
David Bowie Chile.jpg
David Bowie i Chile, 27. september 1990
Stad Europa
Nord-Amerika
Japan
Sør-Amerika
Tilknytt(e) album Sound+Vision
Startdato 4. mars 1990
Sluttdato 29. september 1990
Talet på konsertar 7 i Nord-Amerika
23 i Europa
7 i Nord-Amerika
2 i Asia
40 i Nord-Amerika
24 i Europa
6 i Sør-Amerika
108 totalt
Konsertkronologi
Glass Spider-turneen
(1987)
Sound+Vision-turneen Outside-turneen
(1995–96)
Konsertkronologi for Tin Machine
Tin Machine-turneen
(1989)
Sound+Vision-turneen It's My Life-turneen
(1991–92)

Sound+Vision-turneen var ein konsertturné i 1990 av den engelske musikaren David Bowie. Han vart marknadsført som ein «greatest hits»-turné der Bowie indikerte at det var siste gongen han kom til å spele dei mange hittane sine på konsertane sine. Turneen opna i Colisée de Québec i Quebec City i Canada den 4. mars 1990 og vart avslutta på River Plate stadion i Buenos Aires i Argentina 29. september 1990, og gjekk over fem kontinent i løpet av sju månadar. Det var den lengste turneen til Bowie til då og bestod av 108 konsertar fordelt på 27 land.

Édouard Lock frå La La La Human Steps var kunstnarisk leiar for turneen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den førre turneen til Bowie, Glass Spider-turneen og dei to siste albuma hans (Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987)) hadde alle blitt slakta av kritikarane, og Bowie såg etter ein måte å revitalisere seg sjølv kunstnarisk.[1] Bowie kom derfor til konklusjonen om at han ikkje ønskte å spele dei gamle hittane sine meir på konsertane og brukte plateboksen Sound + Vision som drivkrafta bak turneen, trass i at han ikkje hadde nokre nytt materiale spelt inn.[2][3][4] Bowie tok ein pause frå bandet sitt Tin Machine for «Sound+Vision», og sa til bandet at han ein kontrakt å oppfylle for å gjere denne turneen. Han inviterte med seg bandkollegaen og gitaristen Reeves Gabrels på turneen, men Gabrels avslo og føreslo i staden Adrian Belew, som både Gabrels og Bowie hadde arbeidd med før. Gabrels ringde Belew og sa «'Eg har ein ven som skal på turné og han treng ein gitarist. Han spurte meg og eg kan ikkje, men eg tenkte kanskje du vil' og så gav eg røyret til David.»[5]

Det vart sagt at Bowie aldri kom til å spele dei største hittane sine på turné igjen.[6][7][8][9] Bowie sa «å vete at eg aldri kjem til å ha desse songane til å stole på igjen, får meg til å fortsette å gjere nye ting, noko som er bra for ein artist,»[10] og seinare, «Eg har ingen intensjonar om å mekaniske repetere mine eigne songar, som er slik det endar å bli etter at du har gjort det i 20 år. Du kan ikkje gjere det med meir entusiasme. Eg bryr meg ikkje kom kven du er, du kjem til eit punkt der du ikkje liker å syngje songen lenger.»[11]

Bowie såg fram til å skrinleggje dei gamle hittane sine og sa «Det er tid på å leggje kring 30-40 songar i skuffa og det er intensjonen min at dette vil bli siste gongen eg spelar desse songane, fordi eg vil ha ein pause frå det eg har gjort fram til no, eg må gjere det kortfatta og ikkje ha det som ein vane å falle attende. Det er så lett å fortsette og sei, vel, du kan stole på desse songane, du kan stole på det for å ha ein karriere eller noko slikt og er eg ikkje sikker på at eg vil ha det.»[3]

Han sa i eit anna intervju på den tida «Eg vil avslutte den gamle fasen og starte på nytt. Når eg er i slutten av førtiåra, vil eg ha bygt opp eit heilt nytt repertoar.»[4]

Ein merka seg at Bowie er «kjent» for å ha hevda å trekkje inn årene tidlegare, så mange kritikarar og observatørar trudde ikkje heilt på Bowie då han sa at han ikkje ville spele desse songane igjen.[3][6][10][12][13]

Bowie brukte starten av 1990 på å førebu turneen i ein øvingshall på vestsida av Manhattan.[3]

Songutval[endre | endre wikiteksten]

Det vart annonsert at setlista for kvar av konsertane på turneen skulle delvis avgjerast av at folk kunne ringje inn og stemme på kva song dei ville høyre[6] by calling the number 1-900-2-BOWIE-90.[2] Pengane som kom inn frå telefonsamtalane til 1-900-nummeret vart donerte til to veldedige føremål, Save the Children og ein organisasjon i Brixton.[14] Poststemmer vart gjort tilgjengelege i område der telefonteknologien ikkje var tilgjengeleg.[9]

Bowie laga faktisk setlista for turneen frå desse innringingane frå heile verda og sa «Eg enda opp med å ta kring sju eller åtte songar frå innringarane i England, sju eller åtte til frå resten av Europa og resten frå Amerika, så det er ei godt utval av det alle ønskte på alle kontinenta.»[2] Den første konserten på turneen var i mars 1990 i Canada før alle telefonstemmene var komen inn, så Bowie gjetta seg fram til kva publikum ønskte å høyre.[15]

I USA toppa songane «Fame», «Let's Dance» og «Changes» lista over songar som fansen ønskte, medan i Europa var det songane «Heroes» og «Blue Jean» som var mest etterspurt.[6]

NME køyrde ein kampanje, Just Say Gnome, i eit forsøk på å få «The Laughing Gnome» inkludert på setlista.[2][16] Bowie hadde vurdert å spele «The Laughing Gnome» «i same stil som The Velvets eller noko slikt» før han fann ut av avstemninga var blitt sett i stand av musikkmagasinet.[2]

Scenografi[endre | endre wikiteksten]

Édouard Lock (frå La La La Human Steps) var kunstnarisk leiar for turneen.[10] Bowie hadde opphavleg ønskt å ha La La La Human Steps med seg på Glass Spider-turneen, men dei var då opptekne med andre oppgåver.[2][3] Etter den negative kritikken den førre soloturneen hans hadde fått, ønskte Bowie å vere sikker på at Sound+Vision-turneen vart annleis. Han sa «Det vil bli iscenesett; det er ingen måte eg nokon gong kunne tenke meg å verkeleg sette noko på scenen som ikkje har litt theatah ('teater' med ein tjukk britisk aksent) i seg, men det vil ikkje vere openlyst teater. Å gå tilbake til måten vi jobba mot Station to Station-turneen, som i utgangspunktet var eit spørsmål om å bruke ei slags brechtiansk lysflate og arbeidsområde og lysatmosfærar, er i stor grad den kjensla eg er ute etter.»[3] Bowie heta inn Willie Williams for å designe lysa for turneen, etter å ha arbeidd med han på Tin Machine-turneen året før.[17]

Han la til at denne turneen ikkje «er i nærleiken like ambisiøs som Glass Spider, men kvalitativt er det i røynda like teatralsk tenkjer eg.»[9]

I tillegg til den kraftige belysninga og eit fire manns rockeband, nytta Bowie eit nytt verktøy for denne turneen.: ein enorm 60x40 fot gjennomsiktig skjerm eller teppe av eit gasbind-liknande materiale.[15] Teppet vart senka føre eller bak Bowie,[2] og det vart projisert bilete av Bowie og videoar på skjermen.[6][7][10] Bowie skildra det som «eit enormt javanesisk skugge-dokketeater til tider.»[2] To store, runde skjermar på kvar side av scenen synte òg videoane som vart projiserte på teppet.[15]

Settet vart bygt av 80 arbeidarar som reiste med turneen, i tillegg til at dei fekk hjelp av lokale arbeidarar som vart leigd inn i kvar by. Ein måtte ha åtte lastebilar for å flytte eit enkelt sett (i tillegg til fire bussar for arbeidarane), og det tok ni timar å sette opp og fire timar å ta ned kvar kveld.[18]

Videoopptak av Louise Lecavalier frå La La La Human Steps som dansar til musikken og bilete av Bowie som syng, spelar instrument, mimar og liknande til visse songar vart synte på teppet og skjermane under konserten.[2][3] På somme konsertar, som i Montreal den 6. mars 1990, dansa somme av dansarane frå La La La Human Steps på scenen til somme av songane.[15] Bowie var entusiastisk til å ha med seg dansarar på turneen: «Du har aldri set noko slik som dei før. Dei er truleg den leiande avantgarde dansetruppen i Nord-Amerika. Louise Lecavalier, stjerna deira, er ikkje som noko anna du har sett nokon gong på scenen. Ho er heilt fenomenal. ... Dansetruppen er utruleg. Det er der punk og ballett kræsjar saman.»[19]

Fame '90[endre | endre wikiteksten]

Utan nytt materiale i samband med turneen gav Bowie ut ein oppdatert remiks av singelen «Fame» frå 1975, kalla «Fame '90». Han ønskte å lage ein remiks av dei mest suksessrike amerikanske singlane, og «Let's Dance» vart vurdert, men vart avvist av Bowie fordi han ikkje var så gamal.[9] For musikkvideoen dansa han med Louise Lecavalier, ein av hovuddansarane i La La La Human Steps.[7] Ein remiks av songen vart så nytta i filmen Pretty Woman (1990), og den amerikanske versjonen av videoen erstatta somme av scenane i musikkvideoen med scenar frå filmen.[8]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Bowie ønskte å gjere konsertopptak av turneen, noko han ikkje alltid hadde gjort før og sa «Det er meininga å filme turneen for ettertida. Eg håpar me får det til. Eg angra alltid på at me ikkje filma ting som 'Diamond Dogs'-showet. Me filma heller aldri 'Station to Station'-showet. Eller 'soul'-showet med Dave Sanborn og dei karane. Eg har absolutt ingen filmklipp av dei greiene. Det er forferdeleg. Det er irriterande.»[10]

Trass i dette finst det ingen offisielle opptak av showet som er gjeve ut offentleg verken på plate eller video. Ei rekkje av konsertane vart filma og spelte inn for fjernsyns- og radiosendingar:

Dato Stad Kringkasting
16. mai 1990 Tokyo Dome
5. august 1990 Milton Keynes Bowl BBC Radio 1
14. september 1990 Estádio José Alvalade RTP1
20. september 1990 Sambodromo de Rio – Rio de Janeiro Rede Globo
23. september 1990 Estadio de PalmeirasSão Paulo Radio Transamérica
27. september 1990 Rock in Chile Festival – Estadio Nacional de Chile

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone skildra sommarkonsert-sesongen i 1990 som «ein konsertsesong å hugse», og nemnte Sound+Vision-turneen som eit av høgdepunkta. Dei sa «Louise Lecavalier frå Montreal-truppen La La La Human Steps tilbyr avantgarde akrobatikk, og fleire songar er pryda med fantastiske kortfilmar, inkludert eit klipp for «Ashes to Ashes» ein må sjå for å tru. Elles er det ingen pyroteknikk, ingen laserstrålar og best av alt, ingen glas-edderkoppar,»[7] sistnemnde ein referanse til den førre verdsturneen til Bowie. Ei melding av ein av dei tidlege konsertane i Rolling Stone var positiv og sa «Bowie viste seg i stand til å vinne attende praktisk talt heile sitt mangfaldige verk - sjølv dei songane som no verkar lengst frå han - gjennom ren vokalkraft og karisma» og klaga berre over at «bandet ikkje alltid var like på høgda, og viste for mykje respekt for dei originale arrangementa til songane.»[15] Ei melding av konserten i Vancouver i BC sa at «Bowie ikkje har høyrt så bra ut på mange år», og berømma at turneen ikkje berre fokuserte på songane, men på Bowie sjølv,[20] og ei melding av konserten i Seattle kalla det visuelle «ein knockout» og roste Bowie som ein nyskapar, og klaga berre over at musikken i seg sjølv verka «mekanisk.»[21]

Sjølv om somme av konsertane i Nord-Amerika ikkje var utselde, som i Seattle og somme konsertar i Florida, var det likevel gode publikumstal. Det var ofte utseld, ofte over fleire kveldar, i byar som San Francisco, Sacramento, Philadelphia og Detroit.[22]

Den britiske konserten i Milton Keynes Bowl fekk negativ omtale av Melody Maker, som kalla delar av framsyninga «flat» og avskreiv songen «Pretty Pink Rose» som «ein stor haug med møkk.»[23]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Halvvegs i turneen fekk Bowie, Erdal Kızılçay og gitaristen Adrian Belew med seg bluesartisten Buddy Guy i Chicago for ei framsyning på NAMM Expo '90, som feira Guy.[24]

Ein månad seinare i Philadelphia, stoppa Bowie framføringa i midten av songen «Young Americans» for å snakke mot musikksensur, særskild på grunn av kontroversen kring 2 Live Crew-albumet As Nasty As They Wanna Be, og sa «Eg har lytta til albumet av 2 Live Crew. Det er ikkje det beste albumet som er laga, men når eg høyrde dei bannlyste det, drog eg ut og kjøpte det. Tankefridom, ytringsfridom – det er noko av det viktigaste me har.»[25]

Under konserten i Modena, stoppa Bowie framføringa i midten av «Station to Station» og sa på scenen «Ok, eg må velje enklare songar, eller så kjem eg ikkje til å kome gjennom halvparten av desse... La oss prøve 'Fame'.» før Bowie tok gitaren sin og kasta han til den andre sida av scenen..[26] Det er sagt at Bowie var forkjølt og vart frustrert over korleis det påverka røysta hans.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Turneen opna i Colisée de Québec i Quebec City[3] den 4. mars 1990 og vart avslutta i Buenos Aires i Argentina 29. september 1990, og gjekk over fem kontinent i løpet av sju månader.[2][4] Turneen var lengre enn dei tidlegare Serious Moonlight- og Glass Spider-turneane og bestod av 108 konsertar fordelte på 27 land. For dei ti konsertane i Storbritannia aleine var det estimert eit samla publikumstal på 250 000[27]. Turneen vart estimert til å ha tent inn 20 millionar amerikanske dollar.[28]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Bowie kjende at ei byrde hadde blitt løfta ved å trekke attende dei gamle hittane han kjende seg tvungen til å framføre, og sa at «det var ein veldig egoistisk ting å gjere, men det gav meg ei enorm kjensle av fridom, å føle at eg ikkje kunne stole på nokre av desse tinga. Det er som om eg nærmar meg alt frå grunnen av no, og begynner med 'Ok, me veit kva songar me ikkje treng å gjere lenger. Kva i fortida mi likte eg eigentleg?' Du vel ting som var verkeleg gode songar, og du prøver å rekontekstualisere dei ved å gje dei noverande, samtidige rytmar. Og vi har leika med tankar kring 'Shopping for Girls' frå Tin Machine, 'Repetition' og 'Quicksand' frå Hunky Dory. Enkelte songar som eg truleg aldri har framført på scenen. Dei står skulder til skulder med det nye materialet, og eg byrjar å sjå kontinuitet i måten eg jobbar på.»[29]

Generelt vart dei fleste songane Bowie spelte på denne turneen framført igjen i åra som kom, og berre nokre få av songane på setlista til Sound+Vision vart aldri spelt igjen. Dei mest markante songane han ikkje spelte igjen på konsertane sine var «Young Americans» og «Rock 'n' Roll Suicide».[30] Bowie spelte berre «Space Oddity» ein enkel gong etter turneen,[31] sjølv om Bowie spelte songen tre gonger til ved andre høve.[32][33][34] På framtidige turnear byrja faktisk Bowie å spele mindre kjende songar, berre stundom markert med dei meir kjende, eldre hittane hans, og han hadde ein tendens til å fokusere på songar skrivne etter 1990.[35][36][37][38] Då Sound+Vision-tureen var over, drog Bowie attende til bandet sitt Tin Machine for det andre albumet deira.

Turnéband[endre | endre wikiteksten]

Bowie valte eit mindre band for turneen og sa i intervju på de tida at «Det er ein langt mindre lyd. Det er ikkje like orkestrert som mange av dei andre turenane. Fordelen med det er at det gjev eit visst driv og stramheit, der alle er heilt avhengige av dei andre to eller tre karane, så alle gjev mykje meir.»[9] Det var noko spaning i bandet under turneen, i følgje Kızılçay, som hugsa at Bowie «ikkje var veldig nøgd,»[39] og at «[Bowie] var særs stressa, særskild i Sør-Amerika. Han kom ikkje ein gong til lydprøvane.[40] Klaverspelaren Rick Fox la ikkje sjela si i turneen. Han åt stundom middag på scenen, og ved minst eitt høve skrudde han av sitt eige klaverinstrument og spelte sine eigne songar, medan han sampla delar av songane til Bowie som han spelte på.[39]

Setliste[endre | endre wikiteksten]

Denne setlsta er frå konserten i Milton Keynes Bowl i Milton Keynes i England den 5. august 1990.

  1. «Space Oddity»
  2. «Rebel Rebel»
  3. «Ashes to Ashes»
  4. «Fashion»
  5. «Life on Mars?»
  6. «Pretty Pink Rose»
  7. «Sound and Vision»
  8. «Blue Jean»
  9. «Let's Dance»
  10. «Stay»
  11. «Ziggy Stardust»
  12. «China Girl»
  13. «Station to Station»
  14. «Young Americans»
  15. «Suffragette City»
  16. «Fame»
  17. «"Heroes"»
    Ekstranummer
  18. «Changes»
  19. «The Jean Genie»
  20. «White Light/White Heat»
  21. «Modern Love»

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Dato By Land Spelestad Publikumstal / Kapasitet Inntekt
Nord-Amerika
4. mars 1990 Quebec City Canada Colisée de Québec 15 000 / 15 756 $397 500
6. mars 1990 Montreal Montreal Forum 16 235 / 19 000 $535 755
7. mars 1990 Toronto Skydome 55 000 / 55 000 $1 229 008
10. mars 1990 Winnipeg Winnipeg Arena 18 460 / 18 460 $486 328
12. mars 1990 Edmonton Northlands Coliseum 13 000 / 13 000 $264 000
13. mars 1990 Calgary Olympic Saddledome 18 000 / 22 000 $360 000
15. mars 1990 Vancouver Pacific Coliseum 17 500 / 17 500 $420 000
Europa
19. mars 1990 Birmingham England National Exhibition Centre 34 560 / 38 000 $978 589
20. mars 1990
23. mars 1990 Edinburgh Skottland Royal Highland Exhibition Centre 42 000 / 42 000 $924 000
24. mars 1990
26. mars 1990 London England Docklands Arena 43 560 / 45 000 $1 089 000
27. mars 1990
28. mars 1990
30. mars 1990 Rotterdam Nederland Rotterdam Ahoy 13 000 / 13 000
1. april 1990 Dortmund Vest-Tyskland (Flytta) Westfalenhalle N/A N/A
2. april 1990 Paris Frankrike Palais Omnisports de Paris-Bercy 40 000 / 40 000
3. april 1990
5. april 1990 Frankfurt Vest-Tyskland Festhalle Frankfurt N/A N/A
7. april 1990 Hamburg Alsterdorfer Sporthalle 7 000 / 7 000
8. april 1990 Berlin Deutschlandhalle 10 000 / 10 000
10. april 1990 München Olympiahalle 12 000 / 12 000
11. april 1990 Stuttgart Hanns-Martin-Schleyer-Halle Ukjend Ukjend
13. april 1990 Milano Italia Palatrussardi
14. april 1990
17. april 1990 Roma Palaeur
18. april 1990 (Avlyst) Palaeur N/A N/A
20. april 1990 Brussel Belgia Forest National 16 000 / 16 000
21. april 1990
22. april 1990 Dortmund Vest-Tyskland Westfalenhalle Ukjend Ukjend
Nord-Amerika[42]
27. april 1990 Miami USA Miami Arena 13 121 / 13 121 $338 388
29. april 1990 Pensacola Pensacola Civic Center 10 000 / 10 000 $210 000
1. mai 1990 Orlando Orlando Arena 18 000 / 18 000 $378 000
4. mai 1990 St. Petersburg Florida Suncoast Dome 40 000 / 50 000 $840 000
5. mai 1990 Jacksonville Jacksonville Memorial Coliseum 8 760 / 10 125 $183 960
7. mai 1990 Atlanta Omni Coliseum 10 912 / 12 781 $257 500
9. mai 1990 Chapel Hill Dean Smith Center 17 500 / 21 750 $367 500
Asia
15. mai 1990 Tokyo Japan Tokyo Dome 110 000 / 110 000 $2 310 000
16. mai 1990
Nord-Amerika
20. mai 1990 Vancouver Canada BC Place Stadium 46 560 / 55 000 $976 500
21. mai 1990 Tacoma USA Tacoma Dome 23 000 / 23 000 $483 000
23. mai 1990 Los Angeles Los Angeles Memorial Sports Arena 12 756 / 12 756 $356 991
24. mai 1990 Sacramento Cal Expo 13 961 / 13 961 $384 165
26. mai 1990 Los Angeles Dodger Stadium 40 877 / 47 000 $1 117 086
28. mai 1990 Mountain View Shoreline Amphitheatre 35 207 / 40 000 $862 515
29. mai 1990
1. juni 1990 Denver McNichols Sports Arena 35 800 / 35 800 $823 400
2. juni 1990
4. juni 1990 Dallas Starplex Amphitheater 11 538 / 20 000 $276 167
6. juni 1990 Austin i Texas Frank Erwin Center 17 678 / 17 900 $618 730
7. juni 1990 Houston Woodlands Pavilion 9 481 / 10 000 $215 877
9. juni 1990 Kansas City Sandstone Amphitheater 18 000 / 18 000 $378 000
10. juni 1990 St. Louis St. Louis Arena 8 975 / 18 000 $235 175
12. juni 1990 Noblesville Deer Creek Music Center 10 100 / 18 000[43] $237 350
13. juni 1990 Milwaukee Marcus Amphitheater 25 000 / 25 000 $600 000
15. juni 1990 Chicago World Music Theatre 55 130 / 56 000 $1 543 640
16. juni 1990
19. juni 1990 Cleveland Richfield Coliseum 26 319 / 26 319 $657 975
20. juni 1990
22. juni 1990 Auburn Hills The Palace of Auburn Hills 39 225 / 39 900 $980 625
24. juni 1990
25. juni 1990
27. juni 1990 Burgettstown Coca-Cola Star Lake Amphitheater 12 521 / 22 917[44] $375,630
30. juni 1990 St. John's Canada Memorial Stadium 6 000 / 6 000 $126 000
2. juli 1990 Moncton Moncton Coliseum 7 200 / 7 200 $187 200
4. juli 1990 Toronto Canadian National Exhibition Stadium 73 000 / 74 500 $1 825 000
6. juli 1990 Ottawa Ottawa Civic Centre 9 500 / 9 750 $199 500
7. juli 1990 Saratoga Springs USA Saratoga Performing Arts Center 25 000 / 25 000 $700 000
9. juli 1990 Philadelphia The Spectrum 74 000 / 74 000 $1 554 000
10. juli 1990
12. juli 1990
13. juli 1990
16. juli 1990 Uniondale Nassau Veterans Memorial Coliseum 14 500 / 14 500 $435 000
18. juli 1990 Columbia Merriweather Post Pavilion 36 460 / 38 000 $984 420
19. juli 1990
21. juli 1990 Foxborough Sullivan Stadium 57 000 / 60 000 $1 197 000
23. juli 1990 Hartford Hartford Civic Center 12 760 / 12 760 $273 063
25. juli 1990 Niagara Falls Niagara Falls Convention and Civic Center 10 000 / 10 000 $230 000
29. juli 1990 East Rutherford Giants Stadium 80 000 / 80 000 $1 711 993
Europa
4. august 1990 Milton Keynes England National Bowl 120 000 / 120 000 $2 520 000
5. august 1990
7. august 1990 Manchester Maine Road 80 000 / 83 000 $2 640 000
9. august 1990 Dublin Irland Point Depot 24 150 / 26 000 $507 150
10. august 1990
13. august 1990 Fréjus Frankrike Arènes de Fréjus 13 500 / 13 500 $364 500
16. august 1990 Gent Belgia Flandern Expo 5 000 / 5 000 $130 000
18. august 1990 Nijmegen Nederland Stadion de Goffert 14 500 / 14 500 $304 500
19. august 1990 Maastricht Maastricht Exhibition & Congress Centre 3 700 / 3 700 $111 000
22. august 1990 Oslo Noreg Jordal stadion 18 000 / 20 000 130 000
24. august 1990 Stockholm Sverige Olympiastadion 30 000 / 33 000 $602 540
25. august 1990 København Danmark Idrætsparken 95 000 / 97 000 $3 230 000
26. august 1990
29. august 1990 Linz Austria Linzer Stadion 28 400 / 28 400 $596 400
31. august 1990 Berlin Vest-Tyskland Weißensee Sportplatz 6 750 / 6 750 $162 000
1. september 1990 Schüttorf Festival Site 8 500 / 9 000 $178 500
2. september 1990 Ulm Open Air Festival Ukjend Ukjend
4. september 1990 Budapest Hungary MTK stadion 5 675 / 5 675 $124 850
5. september 1990 Zagreb Jugoslavia Stadion Maksimir 54 740 / 60 000 $1 204 280
8. september 1990 Modena Italia Festa de l'Unità 45 000 / 45 000 -
11. september 1990 Gijón Spania Hipódromo de las Mestas 10 000 / 10 000 $250 000
12. september 1990 Madrid Rockodromo Arena 9 850 / 12 000 $285 650
14. september 1990 Lisbon Portugal Alvalade Stadium 57 850 / 60 000 $1 909 050
16. september 1990 Barcelona Spania Estadio Olímpico de Montjuic 55 000 / 55 000 $1 650 000
Sør-Amerika
20. september 1990 Rio de Janeiro Brasil Praça da Apoteose 40 000 / 40 000 $1 052 325
22. september 1990 São Paulo Estádio Palestra Itália 70 000 / 70 000 1 750 000
23. september 1990
25. september 1990 Olímpia Theatre - -
27. september 1990 Santiago Chile Rock in Chile Festival -
Estadio Nacional de Chile
60 456 / 60 456 -
29. september 1990 Buenos Aires Argentina River Plate Stadium 60 356 / 61 000 $1 267 476

Songar[endre | endre wikiteksten]

Frå David Bowie

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Live Santa Monica '72

Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå Station to Station

Frå Low

Frå "Heroes"

Frå Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Let's Dance

Frå Tonight

Andre songar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barton, David (8. juni 1989), «David Bowie puts career on the line», Journal-American, s. D5 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 2,9 «Bowie: Boys Keep Swinging», Melody Maker 66 (12): 24–26, 24. mars 1990 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Clarke, Tina (March 1990), «Watch That Man», Music Express Magazine: 12 
  4. 4,0 4,1 4,2 Bromberg, Craig (June 1990), «David Bowie (Interview)», Smart: 50–57 
  5. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era – When He Got Weird Again». Henta 12. september 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Gundersen, Edna (27. april 1990), «Bowie, Rebel in Repose», USA Today: D1–D2 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Rolling Stone Summer Music Guide 1990», Rolling Stone Magazine Insert: 3, 1990 
  8. 8,0 8,1 Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 «David Bowie Interview». Q magazine: 60–70. April 1990. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 O'Brien, Glenn (May 1990), «Bowie (Interview)», Interview Magazine 20 (5): 84–91 
  11. «Bowie on the road with Tin Machine». 14. november 1991. Henta 11. september 2021. 
  12. White, Dennis R. (May 1990), «The Man Who Showed the World», The Rocket (Seattle) (127), s. 19–20 
  13. Hilburn, Robert (20. mai 1990), «Can We Trust Bowie This Time? : Rock's Man of 1 000 Faces reminisces about his key songs--which he vows never to sing again in concert», Los Angeles Times, henta 11. september 2021 
  14. The Simon Bates interviews, BBC Radio 1, Jan-Feb 1990
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Robbins, Ira (19. april 1990), «Canadian Opening for Sound+Vision Tour», Rolling Stone magazine: 21 & 23 
  16. David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999, ISBN 1-85227-784-X
  17. LiveDesign. «Memory Lane». Henta 25. mars 2016. 
  18. KISW's Lowdown: David Bowie's Sound+Vision Tour by Mike Jones (radio interview). 21. mai 1990. 
  19. Clarke, Tina (1990), «David Bowie: Ornament – Oddity – Artist – Survivor», Elle, arkivert frå originalen 16. juli 2001 
  20. Flannigan, Erik (April 1990), «David Bowie, PNE Coliseum, 3/15», The Rocket (Seattle) (126), s. 10 
  21. MacDonald, Patrick (22. mai 1990), «Bowie's Past Lives», The Seattle Times (Seattle), s. F1 & F3 
  22. Neely, Kim (12–26. juli 1990), «Heavy Summer Traffic», Rolling Stone, no. 582/583, s. 26–27 
  23. Price, Simon (11. august 1990), Station to Station (David Bowie at Milton Keynes Bowl review), henta 11. september 2021 
  24. «Buddy & Bowie at NAMM Shure Show», Pro Sound News 12 (7): SR16, 13. juli 1990 
  25. «People in the news», Times News Service, 14. juli 1990
  26. Matt Day (4. februar 2009), David Bowie Station To Station – Modena 08.09.90 Bowie Tantrum!!!, henta 12. september 2021 
  27. Christopher Sandford, Bowie: Loving the Alien, Warner Books, 1997, ISBN 0-7515-1924-3
  28. The Man Who Fell to Earth, henta 8. januar 2013 
  29. Pond, Steve (March 1997), «Beyond Bowie», Live Magazine: 38–41, 93 
  30. O'Leary, Chris (2012). «Did Bowie really retire his oldies?». Henta 12. september 2021. 
  31. «UNDER PRESSURE: Gail Ann Dorsey on playing bass for David Bowie». PleaseKillMe.com. 20. desember 2017. Henta 12. september 2021. 
  32. «DAVID BOWIE - Space Oddity (live)». Henta 12. september 2021. 
  33. «David Bowie Tibet House Benefit Concert 22.02.02 Space Oddity». Henta 12. september 2021. 
  34. «David Bowie- Space Oddity (live in Dennmark, 2002)». Henta 12. september 2021. 
  35. Gundersen, Edna (14. september 1995), «Cover Story: Bowie, Beyond fame and fashion», USA Today: D1–2 
  36. Strauss, Neil (16. september 1996), «David Bowie, Without All the Gadgetry», New York Times, henta 11. september 2021 
  37. Jacobson, Colin (3. november 2004), David Bowie: A Reality Tour (2003), henta 20. september 2013 
  38. Pareles, Jon (29. september 1995). «POP REVIEW; Bowie and Nails Mesh (Sometimes)». Henta 24. desember 2020. 
  39. 39,0 39,1 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976-2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  40. Sinclair, Paul (11. desember 2013), Bowie collaborator Erdal Kizilcay on »Glass Spider« and »Never Let Me Down«, henta 3. september 2019 
  41. Gordon, Arielle (25. september 2017). «David Bowie Collaborators Announce 2018 Celebrating David Bowie Tour». Spin. Henta 12. september 2021. 
  42. Sound+Vision Tour
  43. «The Cincinnati Enquirer from Cincinnati, Ohio on 14. juni 1990 · Page 29». 
  44. «Pittsburgh Post-Gazette from Pittsburgh, Pennsylvania on 4. september 1990 · Page 19».