Tin Machine-turneen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tin Machine-turneen
{{{type}}} konsert av Tin Machine
Stad United States
Europe
Tilknytt(e) album Tin Machine
Startdato 14. juni 1989
Sluttdato 3. juli 1989
Talet på konsertar 12
Konsertkronologi
Tin Machine-turneen It's My Life-turneen
(1991–92)
Konsertkronologi for David Bowie
Glass Spider-turneen
(1987)
Tin Machine-turneen Sound+Vision-turneen
(1990)

Tin Machine-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 14. juni 1989, etter ei framføring av «Heaven's in Here» på International Music Awards i New York City den 31. mai 1989.[1] Turneen bestod av 12 konsertar i seks land (USA, Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Storbritannia) på spelestader med kapasitet til 2 000 menneske eller mindre. Kevin Armstrong var med bandet på scenen og dei spelte heile den sjølvoppkalla debutplata si med unntak av «Video Crime», i tillegg til coversongar av Bob Dylan og Johnny Kidd & The Pirates.

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Bandet spelte i «fasjonable svarte dressar» føre eit skarpt lys, som stod i skarp kontrast til den førre turneen til Bowie. Konserten den 17. juni vart lagt til i siste minutt då Bowie såg dei lange køane for å kjøpe billettar til konserten 16. juni. Konserten var ved midnatt (teknisk sett kvelden 16. juni) og bilettane vart selde til halv pris.[2] For konserten 24. juni i Amsterdam, vart det reist videoskjermar utafor spelestaden for dei som ikkje hadde fått tak i billett.[3] Videoen for «Maggie's Farm» vart spelt inn på same spelestad.

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Konserten 25. juni i La Cigale i Paris vart spelt inn og utdrag vart kringkasta på Westwood One FM-radio. Fire songar frå den same konserten vart gjevne ut som B-sider til singlane frå 1989: «Tin Machine» og «Prisoner of Love.» Åtte songar frå konserten kom sidan ut digitalt på albumet Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 i august 2019, i samband med 30-årsjubileet til debutplata. Den digitale utgjevinga var mastra av den originale plateprodusenten Tim Palmer.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Los Angeles Times skreiv ei positiv melding om den første konserten til Tin Machine på turneen i New York City, og sa «bandet var fulle av liv, heftig og frekk, godmodig og smart.»[5] Rolling Stone skreiv at fansen som gjekk for å sjå «The Thin White Duke syngje 'Young Americans'» fekk ei brå oppvaking då Bowie ikkje spelte «no oldies, no encores and no apologies» («ingen gamle [songar], ingen ekstranummer og ingen unnskuldingar»). Reaksjonane til dei amerikanske konsertane var blanda blant fansen og kritikarane følte at nærleiken til Bowie ofte var meir spanande enn musikken bandet spelte. Til slutt skreiv Rolling Stone at det var nærværet til Bowie som «heva songane frå gjennomsnittleg grunge til teatralsk avant-garasje-rock»,[2] og sa seinare at det var med å skaffe Bowie attende noko av kredibiliteten han hadde mista under det førre albumet og turneen.[6]

Turnéband[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

  • 14. juni 1989 The World – New York City, USA

Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Sorry,
Prisoner of Love, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, I Can't Read, You've Been Around, Baby
Can Dance, Run, Crack City, Pretty Thing, Under The God

Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Prisoner of
Love, Sorry, Bus Stop, Bus Stop (countryversjon), Run, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing,
Crack City, Under The God

  • 17. juni 1989 The Roxy – Los Angeles, California, USA

Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Sorry, Bus Stop (countryversjon),
Bus Stop, I Can't Read, Run, Pretty Thing, Crack City, Baby Can Dance, Under The God

  • 21. juni 1989 Saga Rockteatre – København, Danmark

Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Prisoner of
Love, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing,
Crack City, Under The God

  • 22. juni 1989 Docks – Hamburg, Tyskland

Setliste: Amazing, Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Tin Machine, Sorry,
Bus Stop, Bus Stop (countryversjon), Run, Maggie's Farm, Baby Can Dance, I Can't Read, Pretty
Thing, Crack City, Under The God

Setliste: Amazing, Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Prisoner of Love,
Tin Machine, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read,
Baby Can Dance, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, Tin
Machine, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read, Baby Can
Dance, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Oppvarming: La Place (Frankrike)

Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, Sorry,
Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Oppvarming: Jesus Jones (Storbritannia)

  • 29. juni 1989 National Ballroom – London, England

Setliste: Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Amazing, Working Class Hero, Sacrifice Yourself,
Heaven's in Here, Prisoner of Love, Sorry, Now, Run, Baby Can Dance, Tin Machine, Maggie's
Farm, I Can't Read, Shakin' All Over, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, Sorry,
Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Shakin' All Over, Run, Baby Can Dance, I Can't Read, Maggie's
Farm, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Setliste: Now, Amazing, Heaven's in Here, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Working Class Hero,
Prisoner of Love, Sacrifice Yourself, Sorry, Run, I Can't Read, Maggie's Farm, Tin Machine, Baby Can
Dance, Shakin' All Over, Pretty Thing, Crack City, Under The God

Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Working Class Hero, Shakin' All Over, Sorry, Sacrifice Yourself,
Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, I Can't Read, Maggie's Farm, Baby Can Dance, Tin Machine,
Pretty Thing, Crack City, Under The God

Songar[endre | endre wikiteksten]

Frå Tin Machine

  • «Heaven's in Here»
  • «Tin Machine» (Bowie, Reeves Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales)
  • «Prisoner of Love» (Bowie, Gabrels, H. Sales, T. Sales)
  • «Crack City»
  • «I Can't Read» (Bowie, Gabrels)
  • «Under the God»
  • «Amazing» (Bowie, Gabrels)
  • «Working Class Hero» (opphavleg frå John Lennon/Plastic Ono Band (1970) av John Lennon; skriven av Lennon)
  • «Bus Stop» (Bowie, Gabrels)
  • «Pretty Thing»
  • «Run» (Bowie, Kevin Armstrong)
  • «Sacrifice Yourself» (Bowie, H. Sales, T. Sales)
  • «Baby Can Dance»

Frå Tin Machine II

  • «Sorry» (H. Sales)

Frå Black Tie White Noise

  • «You've Been Around» (Bowie, Gabrels)

Andre songar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fantino, Lisa (August 1989), «International Rock Awards – May 31», The Music Paper: 14 
  2. 2,0 2,1 Ressner, Jeffrey (10. august 1989), «Bowie's Bicoastal Blitz», Rolling Stone magazine: 24 
  3. Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  4. Tin Machine at La Cigale in Paris 1989, 31. august 2019, henta 12. september 2021 
  5. Pareles, Jon (16. juni 1989), «Review/Rock; Bowie and Band, Without Disguises», Los Angeles Times, henta 11. september 2021 
  6. «June 1989», Rolling Stone magazine: 96, 14–28. desember 1989