The Buddha of Suburbia av David Bowie
The Buddha of Suburbia Filmmusikk av David Bowie | ||
Utgjeve | 8. november 1993 | |
Innspelt | Mountain Studios, Montreux i Sveits | |
Sjanger | Rock, electronica | |
Lengd | 55:26 | |
Selskap | BMG International | |
Kritikk | ||
---|---|---|
David Bowie-kronologi | ||
Black Tie White Noise (1993) |
The Buddha of Suburbia | Outside (1995)
|
The Buddha of Suburbia er eit filmmusikkalbum frå 1993 av David Bowie som følgde miniserien The Buddha of Suburbia på BBC2 etter romanen The Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi.
Albumet er det 19. studioalbumet til David Bowie og kom ut mellom Black Tie White Noise (1993) og Outside (1995). Det var produsert og miksa i Mountain Studios (Montreux) i Sveits og tok i følgje Bowie seks dagar å skrive og spele inn, og femten dagar å mikse på grunn av tekniske problem.[3]
Albumet er klassifisert som eit soundtrack sjølv om berre tittelsporet faktisk vart nytta i fjernsynsserien.
To av songane er ambiente instrumentalar og likna arbeidet Bowie gjorde med Brian Eno seint i 1970-åra. Andre songar på albumet nyttar mykje saksofon, elektronisk keyboard og piano.
Soundtrack[endre | endre wikiteksten]
Sjølv om det er klassifisert som eit soundtrack på plateomslaget, inneheld ikkje albumet mykje av musikken Bowie skreiv for BBC-serien. Denne musikken er ikkje gjeven ut. I staden valte Bowie å arbeide vidare med dei same motiva frå serien og skapte heilt forskjellige stykke som ein kan høyre på albumet. Berre tittelsporet er uendra frå det originale soundtracket.[3]
Sletting[endre | endre wikiteksten]
Trass i at Bowie trekte albumet fram som favorittalbumet hans[4] var dei amerikanske og europeiske versjonane av albumet lenge ute av opplag.
Albumet vart gjeve ut på ny 17. september 2007,[5]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av David Bowie.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Buddha of Suburbia» | 4:28 |
2. | «Sex and the Church» | 6:25 |
3. | «South Horizon» | 5:26 |
4. | «The Mysteries» | 7:12 |
5. | «Bleed Like a Craze, Dad» | 5:22 |
6. | «Strangers When We Meet» | 4:58 |
7. | «Dead Against It» | 5:48 |
8. | «Untitled No. 1» | 5:01 |
9. | «Ian Fish, UK Heir» | 6:27 |
10. | «Buddha of Suburbia» (med Lenny Kravitz på gitar) | 4:19 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Produsentar:
- David Bowie
- David Richards
- Musikarar:
- David Bowie – vokal, keyboard, synths, gitar, altsaksofon, barytonsaksofon, keyboard perkusjon
- Erdal Kizilcay – tangentinstrument, trompet, bass, gitar, trommer, perkusjon
- 3D Echo – trommer, bass, gitar på «Bleed Like a Craze, Dad»
- Mike Garson – piano på «Bleed Like a Craze, Dad» og «South Horizon»
- Lenny Kravitz – gitar på «Buddha of Suburbia»
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «The Buddha of Suburbia (soundtrack)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r228641
- ↑ http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie
- ↑ 3,0 3,1 Bowie, David. The Buddha of Suburbia liner notes (BMG International, 1993) (available at Bassman's David Bowie page)
- ↑ Bowie quote from Contact Music Web Article
- ↑ BowieNet news 19. juni 2007