The Next Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Next Day
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 8. mars 2013
Innspelt Mai 2011 – februar 2013
Studio The Magic Shop, Human Worldwide på Manhattan i New York City
Sjanger
Lengd 53:17
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi 
A Reality Tour
(2010)
The Next Day Nothing Has Changed
(2014)
Studioalbum av David Bowie-kronologi
Reality
(2003)
The Next Day Blackstar
(2016)
Singlar frå The Next Day
  1. «Where Are We Now?»
    Utgjeve: 20. september 2021
  2. «The Stars (Are Out Tonight)»
    Utgjeve: 23. september 2021
  3. «The Next Day»
    Utgjeve: 17. juni 2013
  4. «Valentine's Day»
    Utgjeve: 19. august 2013
  5. «Love Is Lost»
    Utgjeve: 23. september 2021

The Next Day er det 24. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 8. mars 2013 på selskapet hans ISO Records, med eksklusiv lisens til Columbia Records. Det vart samprodusert av Bowie og mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti og vart spelt inn i løyndom i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City mellom 2011 og 2013. Det er hovudsakleg eit rockealbum med element av kunstrock. Plateomslaget er ein tilpassa versjon av omslaget til “Heroes” frå 1977, med ein kvit firkant med albumtittelen som skjuler andletet hans. Albumet vart annonsert på 66. årsdagen til Bowie, 8. januar 2013.[1] Nettsida til Bowie vart oppdatert med ein video for singelen «Where Are We Now?», og singelen vart samstundes lagt ut for sal på iTunes Store.

Det var det første albumet til Bowie med nytt materiale på ti år, etter Reality i 2003, og overraska fans og media som hadde trudd at han hadde trekt seg attende frå musikkindustrien.[2] Heile albumet vart strøymd på iTunes dagar før den offisielle utgjevinga.[3] The Next Day Extra, var ein ekstra disk med ytterlegare fire spor og remiksar av songar frå det originale albumet, som kom ut i november.[4] The Next Day vart kritikarrost og var det første albumet til Bowie som gjekk til topps på den britiske albumlista sidan Black Tie White Noise i 1993.[5] Det vart rangert som det nest beste albumet i 2013 (likt med Blue October sitt Sway) av det tyske musikkmagasinet Kulturnews og vart nominert til Mercury-prisen i 2013.[6] Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste rockealbum og for årets britiske album under Brit Awards i 2014.

Albumet vart inkludert i 2014-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City.[7] Bowie og produsenten Tony Visconti arbeidde i løyndom i lag med lydteknikaren Mario J. McNulty i løpet av ein toårsperiode.[8] Innspelingane var sporadiske og Visconti har rekna at det berre tok kring tre månader samla sett å få spelt inn demoar og heile albumet. Visconti sa at innspelinga av albumet byrja med ei veke i studio: «Sterling Campbell var på trommar, eg var på bass, David var på klaverinstrument, Gerry Leonard var på gitar. På slutten av fem dagar hadde vi demoar av eit dusin songar. Berre strukturar. Ingen tekstar, ingen melodiar og alle arbeidstitlar. Slik byrjar alt med han. Så tok han dei med heim, og vi høyrde ikkje noko anna frå han på fire månader.»[9] Bowie forsvann med musikken «for å sikre at han var på dette rette sporet», og så bringe bandet attende for det neste steget i innspelinga når han var klar. Visconti skildra innspelingane som «intense», men dei heldt seg til vanleg arbeidstid. «Den siste gongen me heldt på heile natta var Young Americans».[9]

Under pausar frå studio gjekk Visconti rundt i gatene i New York og høyrde på musikk frå The Next Day på øyretelefonane:[8] «Eg gjekk rundt i New York med hovudtelefonane på og såg på alle menneska med Bowie-skjorter på - dei er overalt her - og tenkte: 'Åh hadde du berre visste kva eg høyrer på akkurat no.'»[9]

Trass i meldinga om at det ikkje var gjesteartistar på albumet,[10] brukte Bowie somme av musikarane han hadde spelt med tidlegare, inkludert Earl Slick, som spelte inn sine delar for albumet i juli 2012.[11] Bassgitaristen Gail Ann Dorsey og trommeslagaren Sterling Campbell, som begge hadde arbeidd med Bowie sidan 1990-åra, bidrog òg til albumet.[12] Dorsey song vokal for songen «If You Can See Me».[13] Trommeslagaren Zachary Alford[14] og gitaristane Gerry Leonard og David Torn vart henta inn for innspelinga og Slick avslørte at Visconti òg spelte bass.[12] Saksofonisten Steve Elson, som hadde arbeidd med Bowie sidan i 1980-åra, speler òg på albumet.[15] Det vart sagt at Robert Fripp, som tidlegare hadde arbeidd med Bowie i studio, vart invitert til å spele på albumet, men ikkje kunne fordi han hadde andre avtalar[16] men dette netta Fripp for, som sa «Eg har ikkje snakka med David på ei stundom og vart ikkje spurt [om å spele på albumet]», og la til «Eg er ikkje sint i det heile. Ingen er såra, eg er ikkje såra, berre ønskte å oppklare det.»[17]

Løyndom[endre | endre wikiteksten]

Bowie gjekk langt for å halda innspelinga av albumet hemmeleg, og kravde at personar som var involverte i innspelinga signerte teielovnad. Bowie måtte byta innspelingsstudio etter ein dag då nokon i studio avslørte at Bowie var i studio der. Han flytta til studioet The Magic Shop, som dreiv studioet med eit skjelettmannskap på berre ein eller to tilsette på dagar då Bowie var der. Columbia Records sitt britiske PR-firma fekk vite om prosjektet berre nokre få dagar før albumet kom ut.[16]

Det kanadiske bandet Metric avslørte nesten løyndom då dei kom til Magic Shop uannonsert i 2011, og Bowie-saksofonisten Steve Elson sa han var freista til å avsløra alt saman.[18][19]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

The Next Day er eit rockealbum,[20][21][22][23] hovudsakleg med kunstrock.[24] Tony Visconti sa til NME at The Next Day «er eit ganske så rocka album»[25] og Alexis Petridis i The Guardian rekna plata som «eit streit rockealbum.»[23][26]

Den første singelen var balladen «Where Are We Now?», ein song Visconti skildra som «det einaste sporet på albumet som går så mykje innover han».[25] Visconti meinte at Bowie valde «Where Are We Now?» som opningssingel fordi «folk måtte takle sjokket med at han var attende [etter ti år]» og at det introspektive preget på songen gjorde han til eit høvande val. Songen nådde sjetteplassen på den britiske singellista.[10] Opningsteksten på «Where Are We Now» minnest namnet på ein jernbanestasjon og ei gate i Vest-Berlin, der Bowie ein gang budde. Ein video som følgde singelen inkluderer rekvisittar som ei demontert fotoramme som ligg kassert på golvet i opningsbiletet, eit stort øyre i bakgrunnen og ei mjuk dukke med to hovud med dei rivne andleta til Bowie og ein stemmelaus motpart «limd» over. Teksten inkluderer òg linja «the moment you know you know, you know».

«The Stars (Are Out Tonight)» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet 23. september 2021. Ein musikkvideo i form av ein kortfilm hadde premiere dagen før.[27] Songen vart spelt ein del på BBC Radio 2 og nådde 102. plassen på UK Singles Chart.

Visconti, som godtok forslaget frå intervjuaren om at han var Bowie si «røyst på jorda», kommenterte albumet til internasjonal presse og gav innsikt i dei enkelte spora.[13] Songane dekker eit breitt spekter av emne og er stort sett observasjonsmessige: dei fleste undersøker tankesetta til forskjellige individ.[13] «Valentine's Day» handlar om ei skuleskyting.[13] «I'd Rather Be High» fortel ei soge om ein soldat i andre verdskrigen.[13] Visconti skildra materialet som «ekstremt sterkt og vakkert». Han la til «om folk leiter etter klassisk Bowie vil dei finne det på denne plata, men om dei leiter etter den nyskapande Bowie, nye retningar, så vil dei finne det òg.»[25] Visconti sa at det vart spelt inn 29 spor for albumet og indikerte at songar som var til overs etter The Next Day kunne kome ut på eit seinare album. Visconti spekulerte i om Bowie kom til å gå attende i studio for å lage eit nytt album seint i 2013,[28] men det skjedde ikkje.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget for albumet er ein tilpassa versjon av Bowie-albumet “Heroes” frå 1977 med ein kvit firkant med tittelen på albumet plassert midt over det gamle omslaget og ein strek over den gamle tittelen.[29] Omslaget var designa av Jonathan Barnbrook, som òg designa omslaga for Heathen og Reality og oppfølgaren Blackstar. Det tildekte fotografiet tyder «å gløyme eller utslette fortida».[30][31] Det originale biletet vart teken av Masayoshi Sukita.[32] Barnbrook forklarte omslaget: «Om du skal tildekke eit album av David Bowie er det mange å velje mellom, men dette er eit av dei mest ærverdige, det måtte vere eit bilete som verkeleg ville merkast om det vart tildekt på ein eller annan måte, og me tenkte "Heroes" kom til å fungere best.»[33] Det vart lansert ein viral-marknadsføringskampanje for å marknadsføre albumet den 15. februar 2013. Kampanjen baserte seg på konseptet bak plateomslaget og tok tilsynelatande normale bilete og skjulte dei bak ein kvit firkant.[34]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The Next Day debuterte på toppen av UK Albums Chart og selde 94 048 eksemplar den første veka. Det var det niande albumet til Bowie som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og det første på 20 år sidan Black Tie White Noise (1993).[35] Albumet fall til andreplassen veka etter og selde 35 671 eksemplar.[36] Den tredje veka fall det til tredjeplassen og selde 23 157 eksemplar.[37]

I USA gjekk albumet inn på Billboard 200 på andreplassen og selde 85 000 eksemplar den første veka. Det var det beste eit Bowie album hadde selt på ei veke etter at Nielsen SoundScan kom i gang,[38] og den høgaste plasseringa hans på Billboard 200. Fram til desember 2016 hadde albumet selt 208 000 eksemplar i USA.[39] Andre stader toppa The Next Day listene i fleire land, inkludert Belgia, Kroatia, Tsjekkia, Danmark, Finland, Tyskland, Irland, New Zealand, Noreg, Polen, Portugal, Sverige og Sveits,[40][41][42][43][44] medan det nådde andreplassen i Australia, Austerrike, Canada, Frankrike, Italia og Spania.[40][45]

Songen 'I'd Rather Be High' vart vald ut for ein Louis Vuitton-reklame der Bowie sit på ein cembalo medan Arizona Muse syng songen.[46]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic81/100[48]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[49]
The A.V. ClubA−[50]
The Daily Telegraph5/5 stars[51]
Entertainment WeeklyB[52]
The Guardian4/5 stars[53]
The Independent5/5 stars[54]
NME8/10[55]
Pitchfork7.6/10[56]
Rolling Stone4/5 stars[57]
Spin5/10[58]

The Next Day fekk god omtale av kritikarane. På Metacritic, som gjev ein vekta score opp til 100 basert på mange meldingar og vurderingar frå media, har albumet ein score på 81, basert på 44 meldingar.[48] Neil McCormick i The Daily Telegraph gav albumet fem stjerner og kalla det eit «modig, vakkert og forvirrande lynglimt gjennom sine eigne myter».[51] Andy Gill gav albumet fem stjerner for The Independent, og hylla albumet som «det beste comeback-album i rock'n'roll-historia», og la til at det er «like bra som noko anna han har laga».[54] The Guardian gav albumet fire stjerner og meinte det var «tankevekkande, rart og fylt med flotte songar».[1] Time Out London gav albumet ei positiv melding skreiv at det var eit «intelligent, minneverdig og til og med litt provoserande» tillegg til Bowie-diskografien.[59] I ei melding for BBC Music skreiv Jude Clarke at The Next Day «er ein triumferande, nesten trassig, retur. Innovativt, mørkt, dristig og kreativt, det er eit album berre David Bowie kunne laga».[60] I ei melding vurdert til 8 av 10 sa NME at «i staden for å finne opp Bowie på ny, absorberer det fortida hans og tar det vidare».[61] The Quietus skreiv ei positiv melding og konkluderte: «så meir enn halvparten av albumet er fantastisk, og resten er veldig, veldig sterkt.»[20] I Q skreiv Andrew Harrison at plata «kjennest som ei demning som brest», og dette er fordi albumet «er eit høgt, spanande, damprullande sjølvsikkert rock and roll-album fullt av støy, energi og ord som [...] som er så så kryptiske som dei nokon gong har vore [...] høyrest ut som dei desperat treng å bli sunge.»[62] Ein av få negative meldingar frå Storbritannia stod i The Wire.[63] Mark Fisher kalla The Next Day eit «ordinært, middelmåtig» album, og sa det var heilt ufortent for den vide heideren sin og at «bølgja av hyperbolen det skapte, peikar på eit vidare ubehag i samtidsmusikken» fordi det beviste at alt med låg kunstnarisk forteneste kunne oppnå suksess via «kunstig tima PR».

Meldingane i USA var hovudsakleg positive. The New York Times kalla albumet «Bowie sitt skumrings-meisterverk»,[64] medan Billboard meldaren skreiv: «Utansett kvar Bowie tar musikken – og det er nokre augneblink der det ser ut til å gå til eit avskrekkande territorium - finn han ein melodisk knagg å svinge på ... Denne alkymien er nesten magisk.»[65] USA Today gav plata fire av fire stjerner og kalla det «ein strålande heimkomst».[66] The A.V. Club merka albumet som «eit fantastisk, resonant uttrykk».[50] CBS News gjekk så langt som å kalla albumet «det beste Bowie har laga til no».[67] Spin kritiserte somme av songane: «Kollisjonen mellom retorikk og intensjonar resulterer i både fargelause abstraksjonar som pianoballaden og den første singelen 'Where Are We Now', og store melodrama som 'You Feel So Lonely You Could Die', som endar med dei same trommene som på 'Five Years'.»[58] Albumet var inkludert i 2014-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[68]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Bowie insisterte på at det ikkje ville bli nokre liveframferder til å marknadsføre albumet, og Visconti sa til NME, «Han er ganske fast bestemt på at han aldri kjem til å opptre live igjen ... Ein av karane sa, 'Korleis skal vi gjere alt dette live?' og David sa: 'Det skal vi ikkje'. Han gjorde eit poeng av å seie det heile tida.»[69] Men Visconti sa seinare at han ikkje hadde sagt at Bowie aldri kom til å stå på scenen igjen, berre at han ikkje kom til å turnere med dette albumet.[70] Visconti sa til The Daily Telegraph at Bowie ikkje hadde avskrive å halde konsertar igjen, men valde å fokusere på lage plater.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av David Bowie; all musikk er komponert av Bowie, utanom der andre er nemnde.

The Next Day – Standardutgåve
Nr.TittelMusikkLengd
1.«The Next Day» 3:27
2.«Dirty Boys» 2:58
3.«The Stars (Are Out Tonight)» 3:56
4.«Love Is Lost» 3:57
5.«Where Are We Now?» 4:08
6.«Valentine's Day» 3:01
7.«If You Can See Me» 3:15
8.«I'd Rather Be High» 3:53
9.«Boss of Me»4:09
10.«Dancing Out in Space» 3:24
11.«How Does the Grass Grow?»4:33
12.«(You Will) Set the World on Fire» 3:30
13.«You Feel So Lonely You Could Die» 4:37
14.«Heat» 4:25
Total lengd:53:17
The Next Day – Luksusutgåva[71]/Vinyl edition[72]
Nr.TittelMusikkLengd
15.«So She» 2:31
16.«Plan» 2:02
17.«I'll Take You There»
  • Bowie
  • Leonard
2:41
Total lengd:57:19
The Next Day – Japansk luksusutgåve
Nr.TittelLengd
18.«God Bless the Girl»4:11
Total lengd:61:30
  • Den japanske utgåva inneheld ein Blu-spec CD2.[73]

The Next Day Extra[endre | endre wikiteksten]

4. november 2013 kom ei tredobbel utgåve med to CD-ar og ein DVD. Den første CD-en inneheld dei 14 spora på originalalbumet. Den andre var ein CD på ti spor som bestod av bonusspora på luksusutgåva «Plan», «I'll Take You There» og «So She», det eksklusive japanske sporet «God Bless the Girl», to remiksar og fire nye songar («Atomica», «The Informer», «Like a Rocket Man», and «Born in a UFO»). DVD-en inkluderer fire musikkvideoar («Where Are We Now?», «The Stars (Are Out Tonight)», «The Next Day» og «Valentine's Day»).

The Next Day Extra – 2-CD + DVD-utgåve (plate 2)
Nr.TittelMusikkLengd
1.«Atomica» 4:05
2.«Love Is Lost» (Hello Steve Reich-miks av James Murphy for DFA) 10:24
3.«Plan» 2:02
4.«The Informer» 4:31
5.«I'd Rather Be High» (Venetian Mix) 3:49
6.«Like a Rocket Man» 3:29
7.«Born in a UFO» 3:02
8.«I'll Take You There»
  • Bowie
  • Leonard
2:41
9.«God Bless the Girl» 4:11
10.«So She» 2:31
Total lengd:40:45
The Next Day Extra – 2-CD + DVD edition (DVD)
Nr.TittelLengd
1.«Where Are We Now?» (Video)4:35
2.«The Stars (Are Out Tonight)» (Video)5:54
3.«The Next Day» (Video)2:59
4.«Valentine's Day» (Video)3:09
Total lengd:16:37

I tillegg til den fysiske utgåva kom det ein digital EP på sju spor som kom utan bonusspora på luksusutgåva.

The Next Day Extra EP – Digital utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Atomica»4:05
2.«Love Is Lost» (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA)10:24
3.«The Informer»4:31
4.«I'd Rather Be High» (Venetian Mix)3:49
5.«Like a Rocket Man»3:29
6.«Born in a UFO»3:02
7.«God Bless the Girl»4:11
Total lengd:33:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå luksusutgåva til The Next Day.[7]

  • David Bowie – vokal (1–15, 17); gitar(1, 16); strykararrangement (1, 3, 15); akustisk gitar (3, 13–15, 17); klaverinstrument (4, 5, 7, 10, 11, 15–17); perkusjon (16)
  • Zachary Alford – trommer (1–5, 7–11, 13–17); perkusjon (7)
  • Sterling Campbell – trommer (6, 12); tamburin (12)
  • Gail Ann Dorsey – bassgitar (1, 3, 4, 10, 11, 13, 14, 17); korvokal (3, 7, 9, 11–13, 17)
  • Steve Elson – barytonsaksofon (2, 3, 9); klarinett (3)
  • Henry Hey – piano (5, 13)
  • Gerry Leonard – gitar (1–5, 7–15, 17); klaverinstrument (15)
  • Tony Levin – bassgitar (2, 5, 7–9)
  • Maxim Moston – strykarar (1, 3, 13–15)
  • Janice Pendarvis – korvokal (3, 9, 12, 13, 17)
  • Antoine Silverman – strykarar (1, 3, 13–15)
  • Earl Slick – gitar (2, 6, 12)
  • Hiroko Taguchi – strykarar (1, 3, 13–15)
  • David Torn – gitar (1, 3, 7, 10, 11, 13–15, 17)
  • Tony Visconti – strykararrangement (1, 3, 13–15); gitar (2, 13, 15, 17); blokkfløyte (3, 9); strykarar (5); bassgitar (6, 12, 15)
  • Anja Wood – strykarar (1, 3, 13–15)
Teknisk
  • David Bowie - produsent
  • Tony Visconti – lydteknikar, miksing, produsent
  • Mario J. McNulty – lydteknikar
  • Kabir Hermon – assisterande lydteknikar
  • Brian Thorn – assisterande lydteknikar
  • Jonathan Barnbrook – cover design
  • Jimmy King – fotografi
  • Sukita – original photograph of Bowie for “Heroes”

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Vekesliste for The Next Day
Liste (2013) Plassering
Argentinske album (CAPIF)[74] 1
Australske album (ARIA)[75] 2
Austerrikske album (Ö3 Austria)[76] 2
Belgiske album (Ultratop Flandern)[77] 1
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[78] 1
Kanadiske album (Billboard)[79] 2
Kroatiske album (HDU)[41] 1
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[42] 1
Danske album (Hitlisten)[80] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[81] 1
Estiske album (Raadio 2)[82] 2
Finske album (Suomen virallinen lista)[83] 1
Franske album (SNEP)[84] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[85] 1
Greske album (IFPI)[86] 5
Ungarske album (MAHASZ)[87] 5
Irske album (IRMA)[43] 1
Italienske album (FIMI)[88] 2
Den japanske albumlista (Oricon)[89] 5
Mexicanske album (Top 100 Mexico)[90] 13
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[91] 1
Norske album (VG-lista)[92] 1
Polske album (ZPAV)[44] 1
Portugisiske album (AFP)[93] 1
Skotske album (OCC)[94] 1
Slovenske album (Slo Top 30)[95] 1
Sørkoreanske album (Gaon)[96] 55
Spanske album (PROMUSICAE)[97] 2
Svenske album (Sverigetopplistan)[98] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[99] 1
Britiske album (OCC)[100] 1
US Billboard 200[101] 2
US Top Alternative Albums (Billboard)[102] 1
US Top Rock Albums (Billboard)[103] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Årsliste for The Next Day
Liste (2013) Plassering
Argentinske album Chart[104] 52
Australske album (ARIA)[105] 100
Austerrikske album (Ö3 Austerrike)[106] 41
Belgiske album (Ultratop Flandern)[107] 10
Den belgiske albumlista (Ultratop Vallonia)[108] 15
Den danske albumlista (Hitlisten)[109] 22
Nederlandske album (Album Top 100)[110] 18
Finske album (Suomen virallinen lista)[111] 3
Den franske albumlista (SNEP)[112] 29
Tyske album (Offizielle Top 100)[113] 53
Ungarske album (MAHASZ)[114] 75
Italienske album (FIMI)[115] 38
Newzealandske album (RMNZ)[116] 46
Spanske album (PROMUSICAE)[117] 33
Svenske album (Sverigetopplistan)[118] 17
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[119] 39
UK Albums (OCC)[120] 26
US Billboard 200[121] 162
US Top Alternative Albums (Billboard)[122] 28
US Top Rock Albums (Billboard)[123] 42

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[124] Gull 35 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[125] Gull 7 500x
Canada (Music Canada)[126] Gull 40 000^
Finland (Musiikkituottajat)[127] Gull 10,951
Frankrike (SNEP)[128] Platina 142,000[129]*
Tyskland (BVMI)[130] Gull 100 000^
Irland (IRMA)[131] Gull 7 500x
Italia (FIMI)[132] Gull 30 000*
Nederland (NVPI)[133] Platina 50 000^
New Zealand (RMNZ)[134] Gull 7 500^
Polen(ZPAV)[135] Gull 10 000*
Sverige (GLF)[136] Gull 20 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[137] Gull 15 000x
Storbritannia (BPI)[138] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «David Bowie to release new album, with surprise single out now». The Guardian (London, England: Guardian Media Group). 8. januar 2013. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 20. september 2021. 
  2. McCormick, Neil (20. september 2021). «David Bowie's Where Are We Now? – first review». The Telegraph (London, England: Telegraph Media Group). Arkivert frå originalen 14. januar 2014. Henta 23. september 2021. 
  3. «Listen to the Next Day on iTunes now!». David Bowie (Official). Facebook. Arkivert frå originalen 18. september 2019. Henta 1. mars 2013. 
  4. «Next Day extra due november». Davidbowie.com. Arkivert frå originalen 30. september 2013. Henta 28. juni 2014. 
  5. Smith, Caspar Llewellyn (18. mars 2013). «David Bowie tops albums chart for first time in 20 years». The Guardian (London, England: Guardian Media Group). Arkivert frå originalen 10. januar 2015. Henta 17. mars 2013. 
  6. «David Bowie, Jake Bugg and Laura Mvula in Mercury race». BBC News (London, England: BBC). 11. september 2013. Arkivert frå originalen 10. november 2018. Henta 12. oktober 2018. 
  7. 7,0 7,1 The Next Day (deluxe edition liner notes). David Bowie. Columbia Records. 2013. 88765 46192 2. 
  8. 8,0 8,1 Greene, Andy (9. januar 2013). «David Bowie Worked in Secret on Comeback LP for Two Years». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. januar 2013. Henta 23. september 2021. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Moreton, Cole (13. januar 2013). «David Bowie is healthy and may even sing in public again, says Tony Visconti». The Daily Telegraph. London. Arkivert frå originalen 17. februar 2015. Henta 23. september 2021. 
  10. 10,0 10,1 Halperin, Shirley. «David Bowie Producer Talks New Music, Health Scare: 'Album Is Physical Evidence That He's Fine' (Q&A)». The Hollywood Reporter. Arkivert frå originalen 120. september 2021. Henta 11. januar 2013. 
  11. «David Bowie's gitarist Earl Slick: 'We want him to tour'». Arkivert frå originalen 13. januar 2013. Henta 11. januar 2013. 
  12. 12,0 12,1 «Exclusive: gitarist Earl Slick Reveals New David Bowie Album Details». Arkivert frå originalen 12. januar 2013. Henta 23. september 2021. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Visconti's Guide to Bowie's new album». The Times UK. 21. september 2021. 
  14. «Discogs – Zachary Alford». Arkivert frå originalen 29. november 2016. Henta 26. desember 2016. 
  15. Greene, Andrew (15. januar 2013). «David Bowie's 'The Next' Day' Album: A Track-by-Track Preview». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 120. september 2021. Henta 23. september 2019. 
  16. 16,0 16,1 Petridis, Alexis (11. januar 2013). «The inside story of how David Bowie made The Next Day». The Guardian. Arkivert frå originalen 7. desember 2013. Henta 23. september 2021. 
  17. Petridis, Alexis (120. september 2021). «Robert Fripp: 'I didn't turn down chance to play on David Bowie album'». The Guardian. Arkivert frå originalen 29. desember 2013. Henta 20. september 2021. 
  18. «David Bowie's cover almost blown». 3 News NZ. 1. mars 2013. Arkivert frå originalen 2. juli 2014. Henta 23. september 2021. 
  19. «Metric almost walked into secret David Bowie recording session». Yahoo. 1. mars 2013. Arkivert frå originalen 12. april 2013. 
  20. 20,0 20,1 Roberts, Chris (23. september 2021). «Great Dame: David Bowie's The Next Day Reviewed». The Quietus. Arkivert frå originalen 29. august 2021. Henta 28. mars 2013. 
  21. Dayal, Geeta. «The Next Day». Slate. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 28. desember 2015. 
  22. Keens, Oliver (23. september 2021). «David Bowie – 'The Next Day' album review». Time Out. Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 28. desember 2015. 
  23. 23,0 23,1 Petridis, Alexis (12. oktober 2014). «David Bowie: Sue (or In a Season of Crime) – review». The Guardian. Arkivert frå originalen 27. november 2015. Henta 23. september 2021. 
  24. Richards, Sam (15. september 2021). «David Bowie – 'Blackstar' Review: The NME Verdict». NME. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 7. januar 2016. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Bowie producer Tony Visconti promises 'rock' sound on new album. NME. 9. januar 2013. Henta 23. september 2021.
  26. Petridis, Alex (19. november 2015). «David Bowie: Blackstar review – 'As a taster for the forthcoming album, it works perfectly'». The Guardian. Arkivert frå originalen 27. november 2015. Henta 23. september 2021. 
  27. «The Stars (Are Out Tonight) video exclusive». davidbowie.com. 25. februar 2013. Arkivert frå originalen 1. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  28. «Bowie producer hints at more albums». 3 News NZ. 120. september 2021. Arkivert frå originalen 2. juli 2014. Henta 13. januar 2013. 
  29. «David Bowie releases first single in a decade». BBC Online. 20. september 2021. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  30. «David Bowie: The Next Day. That album cover design (Barnbrook Design | VirusFonts | Blog)». VirusFonts. 9. januar 2013. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  31. «David Bowie: Cover art for Reality». Barnbrook. Arkivert frå originalen 11. mai 2013. Henta 23. januar 2021. 
  32. jeanmendoza (19. desember 2011). «Masayoshi Sukita: Heroes». Lomography. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 1. januar 2013. 
  33. «David Bowie artist defends album cover». 3 News NZ. 23. september 2021. Arkivert frå originalen 16. desember 2013. Henta 9. januar 2013. 
  34. «US hit by wave of mysterious posters and stencilling». davidbowie.com. 15. februar 2013. Arkivert frå originalen 24. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  35. Jones, Alan (18. mars 2013). «Official Charts Analysis: Davie Bowie scores 9th No.1 album». Music Week. Intent Media. Henta 23. september 2021. 
  36. Jones, Alan (25. mars 2013). «Official Charts Analysis: Timberlake album tops 100k sales in one week». Music Week. Intent Media. Henta 23. september 2021. 
  37. Jones, Alan (31. mars 2013). «Official Charts Analysis: Let's Get Ready To Rhumble sells 83k». Music Week. Intent Media. Arkivert frå originalen 8. desember 2019. Henta 23. september 2021. 
  38. Caulfield, Keith (19. mars 2013). «Bon Jovi Debuts at No. 1 on Billboard 200, David Bowie at No. 2». Billboard. Arkivert frå originalen 21. september 2021. Henta 20. mars 2013. 
  39. «Upcoming Releases». Hits Daily Double. HITS Digital Ventures. Arkivert frå originalen 14. desember 2015. 
  40. 40,0 40,1 «David Bowie – The Next Day» (på fransk). Ultratop. Hung Medien. Arkivert frå originalen 21. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  41. 41,0 41,1 «Top Kombiniranih – Tjedan 11. 2013.» [Top Combined – Week 11, 2013] (på kroatisk). Top of the Shops. Arkivert frå originalen 6. april 2013. Henta 23. september 2021. 
  42. 42,0 42,1 "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201311 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data.
  43. 43,0 43,1 "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.
  44. 44,0 44,1 "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry.
  45. «Kanadiske album : Mar 30, 2013». Billboard. Arkivert frå originalen 28. mars 2013. Henta 27. mars 2013. 
  46. https://www.nme.com/news/music/david-bowie-225-1232409
  47. «The Next Day by David Bowie reviews». AnyDecentMusic?. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  48. 48,0 48,1 «Reviews for The Next Day by David Bowie». Metacritic. Arkivert frå originalen 17. mai 2013. Henta 23. september 2021. 
  49. Erlewine, Stephen Thomas. «The Next Day – David Bowie». AllMusic. Henta 23. september 2021. 
  50. 50,0 50,1 Heller, Jason (10. mars 2013). «David Bowie: The Next Day». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 17. mai 2013. Henta 23. september 2021. 
  51. 51,0 51,1 McCormick, Neil (25. februar 2013). «David Bowie, The Next Day, album review». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 25. februar 2013. Henta 23. september 2021. 
  52. Anderson, Kyle (20. mars 2013). «The Next Day». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 5. februar 2017. Henta 23. september 2021. 
  53. Petridis, Alexis (25. februar 2013). «David Bowie: The Next Day – review». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 23. september 2021. 
  54. 54,0 54,1 Gill, Andy (25. februar 2013). «David Bowie album review – track by track: The Starman pulls off the greatest comeback album in rock'n'roll history with The Next Day». The Independent (London). Arkivert frå originalen 27. februar 2013. Henta 23. september 2021. 
  55. Jones, Lucy (4. mars 2013). «David Bowie – The Next Day Album Review». NME. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 23. september 2021. 
  56. Dombal, Ryan (11. mars 2013). «David Bowie: The Next Day». Pitchfork. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  57. Sheffield, Rob (23. september 2021). «The Next Day». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  58. 58,0 58,1 Soto, Alfred (4. mars 2013). «David Bowie, 'The Next Day' (Columbia/Iso)». Spin. Arkivert frå originalen 28. oktober 2015. Henta 23. september 2021. 
  59. «Our verdict on David Bowie's 'The Next Day'». Time Out London. 23. september 2021. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  60. Clarke, Jude (23. september 2021). «A triumphant, almost defiant, return – innovative, dark, bold and creative». BBC. Arkivert frå originalen 1. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  61. Mackay, Emily (4. mars 2013). «David Bowie – The Next Day». NME. IPC Media. Arkivert frå originalen 17. mai 2013. Henta 5. mars 2013. 
  62. Harrison, Andrew (April 2013). «Speed of Life: David Bowie – The Next Day». Q (321): 92–93. Arkivert frå originalen 26. oktober 2012. Henta 29. mai 2013. 
  63. Fisher, Mark (May 2013). The Wire.  Missing or empty |title= (hjelp)
  64. «America unites in praise of The Next Day». 14. mars 2013. Arkivert frå originalen 18. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  65. Gallo, Phil (27. februar 2013). «David Bowie, 'The Next Day': Track-By-Track Review». Billboard. Arkivert frå originalen 22. september 2014. Henta 23. september 2021. 
  66. Gundersen, Edna (11. mars 2013). «David Bowie leaps boldly, nimbly into 'The Next Day'». USA Today. Arkivert frå originalen 24. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  67. «David Bowie reemerges with first album in a decade». CBS News. 120. september 2021. Arkivert frå originalen 18. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  68. Dimery, Robert; Lydon, Michael (2014). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  69. «David Bowie producer rules out Bowie live shows». Arkivert frå originalen 13. januar 2013. Henta 23. september 2021. 
  70. «Twitter / Tonuspomus: I never said Bowie would never ...». Twitter.com. 11. januar 2013. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 25. februar 2013. 
  71. «デヴィッド・ボウイ : ザ・ネクスト・デイ デラックス・エディション【Blu-spec CD2】» [David Bowie: The Next Day (Deluxe Edition) [Blu-spec CD2]] (på japansk). Sony Music Entertainment Japan. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 9. mars 2013. 
  72. «The Next Day [VINYL]». Amazon.co.uk. Henta 5. mars 2013. 
  73. «The Next Day (Limited Release Blu-spec 2)». spincds.com. Arkivert frå originalen 14. oktober 2013. Henta 15. september 2021. 
  74. «Ranking Semanal Pop» (på spansk). Argentine Chamber of Phonograms and Videograms Producers. 10. mars 2013. Arkivert frå originalen 26. juli 2011. Henta 29. mars 2013.  Note: Define search parameters as «Ranking Semanal Pop» og «10/03/2013».
  75. "David Bowie – The Next Day". Australiancharts.com. Hung Medien.
  76. "David Bowie - The Next Day" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  77. "David Bowie – The Next Day" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  78. "David Bowie – The Next Day" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  79. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Bowie. Prometheus Global Media.
  80. "David Bowie – The Next Day". Danishcharts.com. Hung Medien.
  81. "David Bowie – The Next Day". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  82. «R2 Eesti müügitabel, nädal 12/2013» (på estisk). Raadio 2. Arkivert frå originalen 2. september 2010. Henta 2. april 2013. 
  83. "David Bowie: The Next Day" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  84. "David Bowie – The Next Day". Lescharts.com. Hung Medien.
  85. "Offiziellecharts.de – David Bowie – The Next Day" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  86. «Official IFPI Charts – Top-75 Albums Sales Chart (Week: 16/2013)». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 5. mai 2013. Henta 23. september 2021. 
  87. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  88. "David Bowie – The Next Day". Italiancharts.com. Hung Medien.
  89. ザ・ネクスト・デイ デラックス・エディション(完全生産限定盤) [The Next Day Deluxe Edition (Limited Edition)] (på japansk). Oricon. Henta 23. september 2021. 
  90. «Top 100 México – Semana Del 11 al 17 de Marzo 2013» (PDF) (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen (PDF) 26. februar 2012. Henta 20. september 2021. 
  91. "David Bowie – The Next Day". Charts.org.nz. Hung Medien.
  92. "David Bowie – The Next Day". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  93. "David Bowie – The Next Day". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  94. "20130317 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  95. «Po Dan D in Bon Jovi na vrhu Slo Top 30 tokrat Bowie» (på slovensk). Val 202. 28. mars 2013. Arkivert frå originalen 7. april 2013. Henta 29. mars 2013. 
  96. «Gaon Album Chart – 2013.03.10~2013.03.16» (på koreansk). Gaon Music Chart. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 23. september 2021. 
  97. "David Bowie – The Next Day". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  98. "David Bowie – The Next Day". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  99. "David Bowie – The Next Day". Swisscharts.com. Hung Medien.
  100. "20130317 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  101. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  102. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Alternative Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  103. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  104. «El álbum más vendido durante 2013 en Argentina: «Violetta – Hoy somos más»» (på spansk). Argentine Chamber of Phonograms and Videograms Producers. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 31. desember 2013. 
  105. «ARIA Top 100 Albums for 2013». Australian Recording Industry Association. Henta 23. september 2021. 
  106. «Jahreshitparade Alben 2013». austriancharts.at (på tysk). Arkivert frå originalen 4. januar 2015. Henta 2. januar 2014. 
  107. «Jaaroverzichten 2013 – Albums» (på nederlandsk). Ultratop. Arkivert frå originalen 17. april 2014. Henta 30. desember 2013. 
  108. «Rapports Annuels 2013 – Albums» (på fransk). Ultratop. Arkivert frå originalen 17. april 2014. Henta 30. desember 2013. 
  109. «Album Top-100 2013». Hitlisten.NU (på dansk). Arkivert frå originalen 4. februar 2014. Henta 8. februar 2014. 
  110. «Jaaroverzichten – Album 2013» (på nederlandsk). Dutch Charts. Arkivert frå originalen 15. februar 2014. Henta 30. desember 2013. 
  111. «Myydyimmät ulkomaiset albumit vuonna 2013» (på finsk). Musiikkituottajat. Arkivert frå originalen 12. august 2018. Henta 12. august 2018. 
  112. «Tops de l'Année | Top Albums 2013» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 23. september 2021. 
  113. «Top 100 Album-Jahrescharts – 2013» (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Arkivert frå originalen 19. mai 2015. Henta 28. februar 2017. 
  114. «Összesített album- és válogatáslemez-lista – helyezés alapján – 2013» (på ungarsk). MAHASZ. Henta 23. september 2021. 
  115. «Classifiche annuali 2013 Top of the Music by FIMI GfK» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 7. januar 2014. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 23. september 2021.  Click på «Scarica allegato» to download the zipped file.
  116. «Top Selling Albums of 2013». Recorded Music NZ. Henta 23. september 2021. 
  117. «Top Year 2013 – Albums». El Portal de Música (på spansk). Arkivert frå originalen 12. juni 2014. Henta 23. september 2021. 
  118. «Årslista Album – År 2013» (på svensk). Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen 12. oktober 2014. Henta 2. mars 2014. 
  119. «Schweizer Jahreshitparade 2013». hitparade.ch (på tysk). Henta 23. september 2021. 
  120. Lane, Daniel (1. januar 2014). «The Official Top 40 Biggest Artist Albums Of 2013». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 20. april 2014. Henta 1. januar 2014. 
  121. «Billboard 200 – Year-End 2013». Billboard. Henta 23. september 2021. 
  122. «Alternative Albums – Year-End 2013». Billboard. Henta 23. september 2021. 
  123. «Top Rock Albums – Year-End 2013». Billboard. Henta 23. september 2021. 
  124. «ARIA Charts – Accreditations – 2016 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  125. «Austrian album salstrofé – David Bowie – The Next Day» (på tysk). IFPI Austerrike. 20. september 2021.  Enter David Bowie in the field Interpret. Enter The Next Day in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  126. «Canadian album salstrofé – David Bowie – The Next Day». Music Canada. 25. oktober 2013. 
  127. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  128. «French album salstrofé – David Bowie – The Next Day» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  129. https://www.infodisc.fr/Album_Vente_An2.php?NAn=2013
  130. «Gold-/Platin-Datenbank (David Bowie; 'The Next Day')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  131. «Irish album salstrofé – David Bowie – The Next Day». Irish Recorded Music Association. 
  132. «Italian album salstrofé – David Bowie – The Next Day» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter David Bowie in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  133. «Dutch album salstrofé – David Bowie – The Next Day» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  134. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – The Next Day». Recording Industry Association of New Zealand. 18. januar 2016. 
  135. «Polish album salstrofé – David Bowie – The Next Day» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 11. desember 2013. 
  136. «Veckolista Album – Vecka 11, 15 mars 2013» (på svensk). Sverigetopplistan. Swedish Recording Industry Association. Arkivert frå originalen 16. desember 2013. Henta 14. august 2013. 
  137. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (David Bowie; 'The Next Day')». Hung Medien. 
  138. «British album salstrofé – David Bowie – The Next Day». British Phonographic Industry. 22. juli 2013.  Enter The Next Day in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
The Oslo Bowl
BigBang
Toppen av VG-lista
David Bowie

2 veker, veke 12–13, 2013
Etterfylgjar
Meir
Kvelertak