Cracked Actor (Live Los Angeles '74)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cracked Actor
(Live Los Angeles '74)

Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 22. april 2017
Innspelt 5. september 1974
Spelestad Universal Amphitheatre i Universal City i Los Angeles i California
Sjanger
Lengd 97:04
Selskap Parlophone
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
Live Nassau Coliseum '76
(2017)
Cracked Actor
(Live Los Angeles '74)
A New Career in a New Town (1977–1982)
(2017)


Cracked Actor (Live Los Angeles '74) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut posthumt på Record Store Day den 22. april 2017 gjennom Parlophone. Det var produsert av Bowie og miksa av Tony Visconti,[1] og vart spelt inn under Diamond Dogs-turneen i september 1974. Noko av materialet på albumet var nytta i BBC-dokumentaren Cracked Actor.[2]

Heile konserten dekkjer fem sider med vinylplater, medan den sjette sida er ei etsing av Bowie. Albumet skil seg frå det første konsertalbumet til Bowie, David Live, som vart spelt inn på den same turneen.[3] Det har ei anna og meir R&B-orientert besetning,[2] mellom anna med dei mangeårige samarbeidspartnarane Earl Slick og Carlos Alomar,[1] i tillegg til korsongaren Luther Vandross. Setlista inneheld òg songar som vart spelte inn for The Gouster, eit album som seinare vart utvikla til Young Americans.[3]

Albumet vart gjeve ut for breiare sal på CD den 16. juni 2017.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Pitchfork8.0/10[5]

Pitchfork-kritikaren Chris Randle skreiv: «Du høyrer trommene så mykje tydlegare her at du kan høyre kor kompleks rytmen var på '1984', der rytmen svingar i sirklar for å ynskje kvart nye element velkomen. Bowie brukte midten av 1970-åra besett av kraft og brukte det gjennom djupare og djupare klangfargar, til forføringane hans verka reinsa for kjensler: ein ballade sungen av ein vampyr. Cracked Actor syner at han alt brukte fraseringane sine til å få merksemd.»[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Introduction» 1:47
2.«1984» 2:55
3.«Rebel Rebel» 2:31
4.«Moonage Daydream» 5:17
5.«Sweet Thing / Candidate / Sweet Thing (Reprise)» 7:41
6.«Changes» 3:47
7.«Suffragette City» 3:49
8.«Aladdin Sane» 5:01
9.«All the Young Dudes» 4:09
10.«Cracked Actor» 3:20
11.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Warren Peace4:54
12.«Knock on Wood »Steve Cropper, Eddie Floyd3:16
13.«It's Gonna Be Me» 7:11
14.«Space Oddity» 5:23
15.«Future Legend/Diamond Dogs» 6:58
16.«Big Brother/Chant Of The Ever-Circling Skeletal Family» 4:05
17.«Time» 5:44
18.«The Jean Genie» 5:45
19.«Rock 'n' Roll Suicide» 5:10
20.«John, I'm Only Dancing (Again)» 8:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[6] 73
Belgiske album (Ultratop Flandern)[7] 50
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[8] 83
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 49
Franske album (SNEP)[10] 191
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] 88
Irske album (IRMA)[12] 19
Italienske album (FIMI)[13] 51
Skotske album (OCC)[14] 11
Spanske album (PROMUSICAE)[15] 95
Britiske album (OCC)[16] 20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Woj, Rob (11. mai 2017). «David Bowie's Special Rsd Release Of Cracked Actor To Be Re-issued». Gigwise. Arkivert frå originalen 15. mai 2017. Henta 1. august 2021. 
  2. 2,0 2,1 Cush, Andy (10. mars 2017). «David Bowie Live Album, Rare EP to Be Released on Record Store Day». Spin. Arkivert frå originalen 29. juli 2021. Henta 1. august 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Bowie vaults open as two unreleased albums hit shops for Record Store Day». The Guardian. 10. mars 2017. Arkivert frå originalen 24. mai 2017. Henta 10. juni 2017. 
  4. «New releases round-up». DavidBowie.com. 16. juni 2017. Arkivert frå originalen 22. juli 2017. Henta 31. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 Randle, Chris (29. juni 2017). «David Bowie – Cracked Actor (Live Los Angeles '74)». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2017. Henta 1. august 2021. 
  6. "David Bowie - Cracked Actor - Live Los Angeles '74" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  7. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  8. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  9. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  10. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74". Lescharts.com. Hung Medien.
  11. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  12. "David Bowie – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien.
  13. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74". Italiancharts.com. Hung Medien.
  14. "20170428 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  15. "David Bowie – Cracked Actor - Live Los Angeles '74". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  16. "20170428 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]