David Bowie av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Bowie
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 1. juni 1967
Innspelt Decca Studios i London
11. november 1966 -
25. februar 1967
Sjanger Pop, varieté, folkrock
Lengd 37:07
Selskap Deram Records
Produsent Mike Vernon
David Bowie-kronologi
David Bowie Space Oddity
(1969)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
AllMusic 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Blender 1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

David Bowie er debutalbumet til den britiske musikkartisten David Bowie, gjeve ut i 1967 av Deram Records, som var ein del av Decca Records. Innhaldet på plata var ganske så annleis musikksjangrane Bowie seinare vart kjend for, slik som folkrockSpace Oddity eller glamrockThe Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars. NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt at «ein som høyrer på debutalbumet, som er vand med musikken hans frå 70-talet, vil truleg meine at det anten er sjokkerande eller rett og slett gammaldags».[3]

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Bowie var på denne tida påverka av mellom anna dei teatralske tonane til Anthony Newley, av varietémusikk av artistar som Tommy Steele, og meir underleg britisk musikk av artistar som Ray Davies og The Kinks, barnerima til Syd Barrett frå den tidlege utgåva av Pink Floyd, og enkelte songar av The Beatles som «Being for the Benefit of Mr. Kite!».[4] Ynskje til Bowie sin dåverande manager, Ken Pitt, var at Bowie skulle verte ein «all-round artist» i staden for ei «rockestjerne». Pitt påverka òg musikkstilen hans på denne tida, og dei unngjekk stort sett totalt rock ’n’ roll-stilen.[5]

Musikkstil og tema[endre | endre wikiteksten]

«Rubber Band» var marsjmusikk med tuba som hovudinstrument. «Little Bombardier» og «Maid of Bond Street» var valsar, og innehaldt mykje blåseinstrument og strykarar. «Love You Till Tuesday» og «Come and Buy My Toys» var ein av få songar som hadde ein akustisk gitar som hovudinstrument. «Join the Gang» var eit sjeldant tilfelle der han utforska den samtidige ungdomskulturen, eit bittert syn på gruppepress og narkotikamisbruk, med sitar som eit av instrumenta. Den siste songen «Please Mr. Gravedigger», er «ein makaber duett for vokal og lydeffektar»,[3] og har vorte skildra som ein av «eit av dei verkeleg skrullete augneblikka i popmusikken».[4]

Sjølv om albumet stiller seg på sida av musikken Bowie seinare skulle gje ut, har enkelte kritikarar oppdaga enkelte tema som viste fram mot seinare songar og album.[3][4] «We Are Hungry Men» vert fortalt av Bowie som ein «messias-liknande» person, som seinare dukkar opp igjen i songar som «Cygnet Committee» (frå Space Oddity), «Saviour Machine» (frå The Man Who Sold the World) og «Oh! You Pretty Things» (frå Hunky Dory), i tillegg til hovudpersonen på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Songen referer òg til tema som abort, barnemord og kannibalisme. «There is a Happy Land» var første gong Bowie såg på born som ein eigen rase i forhold til vaksne, eit tema som dukka opp att på The Man Who Sold the World, Hunky Dory og Ziggy Stardust. «She's Got Medals» var ei soge med homofile og lesbiske tydingar som kom før «kjoleomslaget» på The Man Who Sold the World og den biseksuelle/androgyne karakteren til Ziggy Stardust.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut i Storbritannia i både mono- og stereoutgåve 1. juni 1967, same datoen som The Beatles gav ut Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. To singlar vart gjeve ut før albumet med dei same musikarane som spelte på albumet, «Rubber Band» med «The London Boys» som b-side (desember 1966) og «The Laughing Gnome» med «The Gospel According to Tony Day» som b-side (april 1967). «The London Boys» har vorte kalla Bowie sitt første meisterverk,[3][6], ein melankolsk observasjon av Mod-rørsla i London på den tida. «The Laughing Gnome» var nærast for ei barneplate å rekne med «smurfeliknande» vokal, men denne effekten med varierande tonehøgd var brukt meir seriøst på seinare songar som «After All», «The Bewlay Brothers», «Fame» og «Scream Like a Baby». Ei nyinnspelt utgåve av «Love You Till Tuesday» med b-sida «Did You Ever Have a Dream» vart gjeven ut på singel i juli 1967. Ingen av singlane gjekk inn på listene.

David Bowie vart gjeve ut i USA i august 1967 utan songane «We Are Hungry Men» og «Maid of Bond Street». Alle songane frå albumet og singlane frå denne perioden vart gjevne ut på fleire samlealbum, inkludert The World of David Bowie (1970), Images 1966-1967 (1973), Rock Reflections (1990), og The Deram Anthology 1966-1968 (1997). Fleire av songane vart brukt i Ken Pitt sin salsfremmande film Love You Till Tuesday i 1969, men denne kom ikkje ut før i 1984.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Uncle Arthur»   2:07
2. «Sell Me a Coat»   2:58
3. «Rubber Band»   2:17
4. «Love You Till Tuesday»   3:09
5. «There is a Happy Land»   3:11
6. «We Are Hungry Men»   2:58
7. «When I Live My Dream»   3:22
Side to
# Tittel Lengd
8. «Little Bombardier»   3:24
9. «Silly Boy Blue»   4:36
10. «Come and Buy My Toys»   2:07
11. «Join the Gang»   2:17
12. «She's Got Medals»   2:23
13. «Maid of Bond Street»   1:43
14. «Please Mr. Gravedigger»   2:35

I 2010 vart David Bowie gjeven ut på ny i ei omfattande deluxe-utgåve. Utgåva bestod av to plater. Den første plata inneheld orignalalbumet, medan spor 15 til 28 var heile albumet på nytt i monoutgåve.

Bonussdisk i deluxe-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Rubber Band» (singelversjon) 02:04
2. «The London Boys» (mono) 03:22
3. «The Laughing Gnome» (mono) 02:59
4. «The Gospel According to Tony Day» (mono) 02:49
5. «Love You Till Tuesday» (singelversjon) 03:01
6. «Did You Ever Have a Dream»   02:08
7. «When I Live My Dream» (singelversjon) 03:52
8. «Let Me Sleep Beside You» (mono) 03:27
9. «Karma Man»   03:06
10. «London Bye Ta-Ta»   02:38
11. «In the Heat of the Morning»   02:48
12. «The Laughing Gnome» (singelversjon - 2010 stereomiks) 03:00
13. «The Gospel According to Tony Day» (singelversjon - 2010 stereomiks) 02:52
14. «Did You Ever Have a Dream» (singelversjon - 2010 stereomiks) 02:09
15. «Let Me Sleep Beside You» (stereo) 03:22
16. «Karma Man» (stereo) 03:06
17. «In the Heat of the Morning» (stereo) 03:00
18. «When I'm Five» (Love You Till Tuesday-versjonen) 03:08
19. «Ching-a-Ling» (full-length version stereo mix) 02:52
20. «Sell Me a Coat» (remix - mono) 02:58
21. «Love You Till Tuesday» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:00
22. «When I Live My Dream» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:35
23. «Little Bombardier» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:28
24. «Silly Boy Blue» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:25
25. «In the Heat of the Morning» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 04:18

Songar[endre | endre wikiteksten]

Uncle Arthur[endre | endre wikiteksten]

«Uncle Arthur» er opningssporet på albumet og òg ein av dei første som vart spelt inn for albumet. Teksten skildrar ein person, på liknande vis som Ray Davies gjorde i The Kinks, men Bowie sin person er meir surrealistisk og lausrive frå menneskeheita.[7] Den Batman-elskande personen er både eit trist portrett av ein mellomaldrande mann som ikkje aksepterer lukka han snublar over, og av ein liten gut som førestiller seg at han er vaksen, ein som rømmer frå utstrekt kontakt med jenter. Han fortel at personen berre er kjend som Uncle Arthur, og gjev ei kjensle av at teksten er fortalt frå eit barneperspektiv, der det forvirrande vaksenlivet vert forklat av barnelogikk, t.d. at onkel Arthur forlet Sally, fordi han ikkje likte maten hennar, or so mum says).[7]

Songen vart spelt inn 14. november 1966.

Sell Me a Coat[endre | endre wikiteksten]

Lenge før Bowie gav ut debutalbumet sitt, sende manageren hans Ken Pitt, songar til amerikanske musikarar i håp om at han først skulle bli kjend som låtskrivar. Han sendte då «She’s Got Medals» og «Silly Boy Blue» til Jefferson Airplane og Big Brother and the Holding Company. Begge avslo begge songane.

«Sell Me a Coat» er av dei meir pop-aktige songane på albumet.[8] Versa har ein melodi i lågt toneleie, medan Bowie syng teksten langsamt og roleg. Refrenga har eit meir livleg tempo, i eit høgare toneleie og består av korte, slagkraftige frasar, som «little patch pockets»). Teksten består av bilete av vinter og fortviling, som at kjærasten hans har forlete han, og seinare varme og fornying, der han i refrenget leitar etter ein ny kjæraste.[8]

Songen vart spelt inn 8. desember 1966. Ein versjon av songen vart nytta i promofilmen Love You Till Tuesday i 1969 med ny korvokal frå Hermione Farthingale og John Hutchinson.

Rubber Band[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rubber Band.

Love You Till Tuesday[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Love You Till Tuesday.

There is a Happy Land[endre | endre wikiteksten]

You’ve had your chance, and now the doors are closed, sir.

David Bowie (1967)

Songen er ein av fleire Bowie skreiv på denne tida der teksten er sett frå synspunktet til eit barn. Dette var ganske vanleg i psykedeliaen på denne tida, der ein utforska barndomen og rekna tenkemåten til barn på liknande måte som LSD-inspirerte syn.[9]. Ein annan av Bowie sine songar som gjer det same er «When I'm Five». Teksten skildrar barndomen som ein slags eigen orden, med sine eigne rangar og laug, legender og fraksjonar som var ukjende for vaksne. Songen er sett til ei slette i skumringa, timen før middagstid, når «barneriket» er på høgdepunktet sitt.[9]

Songen har eit musikalsk arrangement som er av dei meir ambisiøse på plata, med ein 16-taktar lang instrumental introduksjon, med ein første solo som høyres ut som ein celeste og ein andre solo som vert spelt av eit valthorn. Delar av soloane dukkar opp som motiv seinare i songen, i lag med fleire andre tema. Bowie syng mykje av teksten i lange, langsame tonar, utanom replikkane til dei vaksne, som er korte, mot slutten av kvart vers.[9]

Tittelen kjem kanskje frå «There Is a Happy Land (Far, Far Away)», ei skotsk salme frå 1800-talet.[9]

Songen vart spelt inn 24. november 1966.

We are Hungry Men[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med ein vanvittig «BBC-programvert» som fortel at verda er i ferd med å bli overbefolka, har eit mellomspel med teikneserieaktig Nazi-skrål og når eit høgdepunkt når Bowie syng over skrikande blåsarar: «I’ve prepared a document legalizing mass abortion! We will turn a blind eye to infanticide!»[10] («Eg har førebudd eit dokument for legalisering av masseabort! Vi skal vende det blinde auga til barnedrap!»)

I lag med «She’s Got Medals» er dette det første forsøket til Bowie på eit tema som han var oppteken av det neste tiåret med Messias-liknande fascistiske politikarar og dystopiane som dei kom til makta i. Seinare døme på dette er «Cygnet Committee», «The Supermen» og det meste av Diamond Dogs.[10]

Songen vart spelt inn 24. november 1966.

When I Live My Dream[endre | endre wikiteksten]

Albumet David Bowie var i røynda ferdig i midten av desember 1966, men Deram venta seks månadar før dei gav ut albumet. I februar 1967 spelte Bowie inn to ny songar, som vart inkludert på albumet. Det kan verke som om Bowie og manageren hans Ken Pitt meinte at songen kunne bli gjennombrotet hans.[11] Den første versjonen var enkel, men vart raskt etterfølgd av eit meir avansert arrangement av Ivor Raymonde. Denne versjonen vart føreslått som singel, men Deram avslo. Bowie nytta songen ved fleire høve resten av 1960-åra, og inkluderte songen i pantomimeshowet Pierrot in Turquoise, spelte inn ein tyskspråkleg versjon («Mit Mir in Deinem Traum») og nytta songen som avslutningsnummer i promofilmen Love You Till Tuesday. Han gav til slutt opp i juli 1969, då Bowie spelte «When I Live My Dream» i eit storbandarrangement i ein internasjonal songfestival i ValettaMalta og tapte til eit spansk barnetalent kalla Cristina.[11]

Songen leid av dårleg timing, delvis på grunn av den sentimentale stemninga som høyrtes banalt ut då han kom sommaren 1967.[11] Leos Carax nytta songen i filmen sin Boy Meets Girl i 1984 og Seu Jorge spelte inn ein portugisk språkleg versjon i 2004 for filmmusikken til Life Aquatic.

Den første versjonen vart spelt inn 25. februar 1967, og ein ny versjon 3. juni 1967.

Little Bombardier[endre | endre wikiteksten]

Teksten handlar om ein fattigsleg, gammal krigsveteran som lever eit trist liv aleine, men som får gleda attende når han spionerer på to barn. Han kjøper snop og gåver til dei, og dei elskar han. Han vert så mistenkt for å vere pedofil og vert jaga ut av byen. Om den gamle mannen verkeleg var pedofil eller ikkje, får ein ikkje vite.[12]

Songen går i valsetakt. I 1966 var det uvanleg for ein rockemusikar å bruke 3/4-takt. Songen vart spelt inn 8. desember 1966. BBC likte songen godt nok til at dei bad han framføre songen under den første Top Gear-framføringa hans seint i 1967.

Silly Boy Blue[endre | endre wikiteksten]

«Silly Boy Blue» er eit forsøk frå Bowie på å skildre tibetansk kultur i ein popsong. Bowie hadde vore interessert i tibetansk buddhisme sidan midten av tenåra, då han las Heinrich Harrer-boka Seven Years in Tibet frå 1952, og etter kvart møtte og vart ven med den tibetanske lamaen Chimi Youngdong Rimpoche, som budde i eksil i London.[13]

Songen er strukturert i fire vers, delt i par av eit mellomspel. Songen går opp ein toneart på det tredje, ordlause verset. Den første versjonen av songen vart spelt inn seint i 1965 med the Lower Third, og hadde ein grunnleggande Beatles-rytme. På albumversjonen, som vart spelt inn den 8. desember 1966, nyttar Bowie ein annan rytme med større dynamisk effekt.[13]

Bowie spelte «Silly Boy Blue» to gonger for BBC, mellom anna i 1968 med eit forseggjort arrangement av Tony Visconti med mellom anna gongar og klokkespel. Denne versjonen finst på Bowie at the Beeb. Songen vart spelt inn av Billy Fury same året.

Bowie-songen «Seven Years in Tibet» har eit liknande tema.[13] Bowie spelte òg inn «Silly Boy Blue» inn på nytt for det uutgjevne albumet Toy kring år 2000 og framførte han under Tibet House Benefit i Carnegie Hall in februar 2001. Biografen Nicholas Pegg skriv at Right Said Fred nytta ein del av melodien i hitten deira «Don’t Talk Just Kiss» i 1991.[13]

Come and Buy My Toys[endre | endre wikiteksten]

«Come and Buy My Toys» har eit av dei enklaste arrangementa på David Bowie med akustisk gitar spelt av John Renbourn, bass og vokalen til Bowie. Songen har eit liknande tema som «There is a Happy Land». Songen vart spelt inn 12. desember 1966.

Join the Gang[endre | endre wikiteksten]

It’s all a big illusion, but at least you’re in
At least you’re in.

David Bowie

«Join the Gang» er ein hyllest til det hippe ungdomsmiljøet i London og gjengen det er snakk om består av ein toppmodell, ein sitarspelar som vurderer å bli buddhist, og ein West End-versjon av Jim Morrison, som opptrer full på scenen for eit betalande publikum.[14]

Musikken byrjar med ein funky trommeintroduksjon, manisk sitarspel i opningsverset, honkytonk-piano og ein parodi av opningsriffet på Spencer Davis Group sin «Gimme Some Lovin’».[14] Songen endar i eit nervøst samanbrot. Biografiforfattaren David Buckely spurte Gus Dudgeon om kva lydane i slutten av songen var. Dudgeon sa: «Det er ein støvsugar, promping og jafsing. Eg syns prompinga høyres ganske så ekte ut, spør du meg. Ein av dei har til og med ekko-effekt på seg.»[4]

Songen vart spelt inn 24. november 1966.

She's Got Medals[endre | endre wikiteksten]

Teksten handlar om ei lokal kvinne som forkler seg som ein mann for å verve seg i hæren under krigen («passed the medical/don’t ask me how it’s done») før ho vert lei av «å sjekke opp jenter og barbere krøllene sine». Ho deserterer under bomberegn og går attende til kvinnelivet. Som i «Uncle Arthur», indikerer songen at bak kvar normal nabo (her ei respektabel, eldre kvinne) ligg eksentrisitet, galskap og skummel skandale. Songen vert sungen av Bowie med ei forvridd, teatralsk Cockney-stemme.[15]

Songen vart spelt inn 14. november 1966.

Maid of Bond Street[endre | endre wikiteksten]

«Maid of Bond Street» er ein ordrik, hoppande song. Teksten handlar om ei einsam, glamorøs jente som består av leppestift og filmklipp, og ein sjalu landsbygut som er utestengd frå verda hennar, og som sjølv ønsker å bli ei stjerne.[16] Songen går i ein valsetakt og vart spelt inn 8. desember 1966. Songen vart ikkje gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet.

Please Mr. Gravedigger[endre | endre wikiteksten]

«Eg hugsar Bowie stå der med kragen snudd oppover som om han stod i regnet,
bøygd framover og gravande rundt i ein boks med grus. Og du trudde Brian Wilson var gal!»

Gus Dudgeon om innspelinga av «Please Mr. Gravedigger».

«Please Mr. Gravedigger» er den siste songen på albumet og ein av dei siste som vart spelt inn. Songen er ein gravplassmonolog, framført acapella, av ein barnemordar, i lag med lydar av tore, regndropar, ringande kyrkjeklokker, spadetak, fotsteg og fugleskrik, og eit nys. Bowie går inn i rolla og etter eit nys syng han resten av songen som om han har tett nase. Songen er som eit radioteater med bisarre stemmer og lydeffektar. Bowie nytta seg av lydbiblioteket til Decca for å finne lydeffektane til songen, på liknandevis som the Beatles gjorde med biblioteket til EMI.[17]

Stemninga er uhyggeleg med ein mørk humor og ein forkjølt mordar. Teksten er fylt med bilete om det som ein gong var ein fin gravplass og som er blitt øydelagd av ei bombe, der dei døde ligg oppå kvarandre.[17] Ein mann som har drepe ei 10 år gammal jente står og ser på ein gammal man som grav ei grav, før han finn ut at han må drepe gravaren (anten for å dekkje over drapet sitt, eller dekkje over at han tok eit hårlokk frå jenta).[17]. Når songen sluttar byrjar mordaren å grave grava til gravaren.

Songen vart spelt inn 13. desember 1966. Demoversjonen av «Please Mr. Gravedigger» vart spelt inn samstundes med «Rubber Band» og «The London Boys», men har aldri vore tilgjengeleg, ikkje ein gong på piratkopiplater. Denne versjonen skal visstnok vere berre Bowie og eit orgel, utan lydeffektane.[17]. Han framførte òg songen på det tyske TV-programmet 4-3-2-1 Musik Für Junge Leute i februar 1968, men desse filmklippa skal ikkje finnast lenger.[17]

Andre songar frå perioden 1966-1969[endre | endre wikiteksten]

Over the Wall We Go[endre | endre wikiteksten]

«Over the Wall We Go» er ein song som var dels ein julesong, og dels ein kommentar til dei mange rømmingane frå fengsel i Storbritannia i midten av 1960-åra, som kommunistspionen George Blake i oktober 1966. Songen vart spelt inn kring desember 1966 og er aldri blitt gjeven ut offisielt av Bowie, men finst på piratkopiplater. Ken Pitt gav demoen til Robert Stigwood i januar 1967, som gav han vidare til den nye artisten han hadde i stallen sin, Oscar Beuselinck. Oscar spelte inn songen og gav han ut på singel tidleg i 1967.

The Laughing Gnome[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Laughing Gnome.

The Gospel According to Tony Day[endre | endre wikiteksten]

«The Gospel According to Tony Day» vart gjeven ut som B-sida til «The Laughing Gnome». Songen er ein langsam 10-takts blues, med bass, gitar, obo og fagott. Songen vart spelt inn 26. januar 1967. Songen vart covra av Edwyn Collins i 2003.

Did You Ever Have a Dream[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Love You Till Tuesday.

Little Toy Solider[endre | endre wikiteksten]

«Little Toy Soldier» handlar om den vesle jenta Sadie, ein leikesoldat S&M og mykje pisking.[18] Songen er aldri blitt gjeve ut offisielt og markerer slutte på rekkja av «novelty»-songar Bowie skreiv på denne tida. Songen finst på fleire piratkopiplater.

Songen er sterkt inspirert av Velvet Underground sin «Venus In Furs» og Bowie nyttar mellom anna heile linjer frå denne songen.[18].

Gus Dudgeon, som var lydteknikar for Bowie på denne tida, prydar versa med kakling, piskelydar og knirkande fjører. Halvvegs gjennom, etter at soldaten tar livet av Sadie, endar songen i indianske krigsrop, eksplosjonar, knust glas, hosting, motorvegstøy og nokon som snyt seg.[18]

Songen vart spelt inn 5. april 1967 med the Riot Squad, eit band frå London som Bowie tok over nokre månader i 1967. Dei spelte kring 20 konsertar og han spelte nokre få demoar med dei. Bandet bestod av Rod Davies på gitar, Croke Prebble på bass, Bob Evans på saksofon og fløyte, George Butcher på klaverinstrument og Derek Roll på trommer.

Silver Treetop School for Boys[endre | endre wikiteksten]

«Silver Treetop School for Boys» er ein av dei «tapte» songane til Bowie frå 60-åra. I månadane medan han venta på at Deram skule gje ut debutplata, spelte Bowie inn eit par demoar og håpa at lovande band skulle spele dei inn. Han var visstnok inspirert til å skrive «Silver Treetop» etter å ha lese i avisa om ein marihuana-skandale på Lancing College. Ken Pitt sende demoversjonen til Bowie og the Riot Squad til produsenten Steve Rowland i mai 1967. Nokre få månader seinare spelte to britiske band inn songen, The Beatstalkers frå Glasgow, som òg hadde Pitt som manager og som var kjend for skotskrutete bukser og konsertar som enda i opprør, og The Slender Party, som ein veit lite om. Forskjellige forfattarar har hevda at Bowie syng korvokal på begge, ein av dei, eller ingen av dei.[19] Bowie sin demo vart spelt inn kring april-mai 1967. The Beatstalkers sin versjon kom ut med «Sugar Chocolate Machine» som B-side i desember 1967, medan the Slender Party sin versjon kom i 1967 på Polydor med «I’ve Lost a Friend And Found A Lover» som B-side. Ingen av singlane gjekk inn på salslistene.[19]

Andre demosongar som vart spelte inn samstundes var «Everything is You» og «Social Girl». Ingen av desse vart gjevne ut av Bowie, og dukka først opp på acetatplater i nyare tid. The Beatstalkers spelte inn ein versjon av «Everything Is You» som B-sida til «Rain Coloured Roses» i 1968.[20] Bowie spelte òg inn to songar skrivne av den belgiske songaren Andrée Giroud, òg kalla Dee Dee og komponisten Willy Albimoor, då han vart spurt av forlaget sitt, Essex Music, om han kunne skrive ein engelsk tekst. Dei to songane var «Pancho» og «Love is Always».[21]

Let Me Sleep Beside You[endre | endre wikiteksten]

«Let Me Sleep Beside You» er ein song Bowie spelte inn 1. september 1967, og vart den første songen hans som var produsert av Tony Visconti.[22] Kort tid etter Bowie gav ut albumet sitt i juni 1967, møtte han Visconti på kontoret til David Platz, som var buisnesspartnaren til den britiske produsenten Denny Cordell og songforleggaren til Bowie. Visconti kom til Storbritannia frå Brooklyn som ein 22 år gammal bassist i april 1967 for å arbeide ulovleg som plateprodusent i lære. Han klarte å overtyde tollen om at han reiste med fire gitarar fordi han var ein omreisande musikar som måtte øve på gitarane sine kvar dag. I New York vart han oppdaga av Cordell og då han skreiv eit komplett arrangement for ei innspeling for Georgie Fame i løpet av ein times tid, og då han kom til Storbritannia vart Visconti sett i arbeid på songar av The Move, som «Cherry Blossom Clinic», «Flowers In the Rain», «Mist on a Monday Morning» og Manfred Mann med «So Long Dad». Platz meinte at Visconti ville gå fint i hop med Bowie, sidan han hadde eit rykte for å kunne arbeide godt med artistar som var «vanskeleg å forstå», som Marc Bolan i bandet Tyrannosaurus Rex. Visconti og Bowie vart raskt vener, så då Bowie skulle spele inn ein ny song for Deram mot slutten av sommaren, spurte han Visconti om å arrangere og produsere songen for han.

Visconti smigra Bowie med å kalle songen «nesten amerikansk». Bowie var på denne tida nesten blakk, sidan salet av albumet hadde stagnert. «Let Me Sleep Beside You» var eit forsøk på etterape suksessen til Rolling Stones-songen «Let’s Spend the Night Together». Songen er eit steg bort frå det eksentriske og teatralske som hadde prega songane til Bowie på Deram, og er meir ein grunnleggande rock and roll sex-song. Songen har ein ganske enkel akkordprogresjon på versa (C-B-F), den klassiske rocke-progresjonen, og Visconti nytta ein celloseksjon, ein dominerande bass og trommer frå Alan White (seinare i Plastic Ono Band og Yes), i lag med den akustiske gitaren, som driv songen.[22]

Songen vart avvist av Deram som singel, og songen vart først gjeven ut i 1970 på samlealbumet World of David Bowie som Deram gav ut for å utnytte populariteten til Bowie etter «Space Oddity». Songen finst òg på Deram Anthology og på bonusplata som følgde 2010-utgåva av David Bowie, der han òg finst i ein nymiksa stereomiks.

Karma Man[endre | endre wikiteksten]

«Karma Man» var den andre songen Bowie skreiv som var inspirert av tibetansk buddhisme. Bowie hadde studert tibetansk buddhisme sidan 1965, om ikkje før, og «Karma Man» vart ein slags oppfølgjar til den tidlegare songen «Silly Boy Blue». Men der «Silly Boy Blue» hadde skildra tibetanisk kultur ganske så bokstavleg og realistisk,[23] var «Karma Man» om ein person kledd i safransgul kappe, knelande på golvet i meditasjon, som ein buddhistisk superhelt. Han er i opposisjon til Vesten, dei bedradde og blinde gjer narr av han, reknar han som ein karneval-særing, og prøver å moderere han.[23]

Songen vart spelt inn 1. september 1967 og var føreslått som B-side til «Let Me Sleep Beside You», men denne singelen vart avvist av plateselskapet og aldri gjeve ut. Songen kom ut på Deram Anthology og vart framført for BBC, arrangert av Visconti, den 13. mai 1968. Dette BBC-opptaket finst på Bowie at the Beeb. Det skal ha blitt spelt inn ein versjon av songen for Toy, men denne er ikkje blitt lekka, slik mange av songane frå dette prosjektet er.[23]

Ernie Johnson[endre | endre wikiteksten]

Ernie Johnson var ein rockeopera som Bowie skreiv. Han skreiv mellom anna eit fire sider langt utdrag, med sceneinstruksjonar og kameravinklar, sidan han tenkte at det kanskje kunne hamne på fjernsyn. Soga var inspirert av Anthony Newley sin Gurney Slade, men Cann skreiv i biografien om Bowie at somme av songane i Ernie Johnson vart brukt om att frå eit skodespel Bowie skreiv i 1966, kalla Peacock's Farm. Songane som vart skrivne er «Tiny Tim (You're Smart, You're Pretty Tiny Tim)», «Where's the Loo», «Season Folk», «Just One Moment Sir», «Varioius Times of Day», «Early Morning», «Noon, Lunch-Time», «Evening», «Ernie Boy», «This is My Day» og «Untitled». Dette er den største samlinga av Bowie-songar frå 1960-åra som ikkje er gjevne ut, men har overlevd på eit firespors lydband med Bowie på vokal og korvokal, elektrisk og akustisk gitar og perkusjon. Denne vart auksjonert bort i 1996.[24]

C'est La Vie[endre | endre wikiteksten]

«C'est La Vie» vart skriven av Bowie sommaren 1967 og spelt inn i september. Han var ein av demoane som Ken Pitt sendte til forleggarar og til den amerikanske songaren Chris Montez, men ingen ville ha songen. Lydbandet hadde åtte instrumentale og vokale versjonar av songen. Songen var ein av songane som var planlagt for det andre Deram-albumet til Bowie, men han vart aldri spelt inn på ny. Han nytta seinare ei tekstlinje for «An Occasional Dream» («burns my wall with time») og nytta noko av melodien om att i songen «Shadow Man».[24]

April's Tooth of Gold[endre | endre wikiteksten]

«April's Tooth of Gold» vart spelt inn seint i 1967 eller tidleg i 1968, og er aldri blitt gjeve ut offisielt. Demoversjonen hamna først ut på piratkopiplate i 2010.[24] Songen er driven av ein stødig akustisk gitar, liknande The Kinks sin «Autumn Almanac», og handlar om merkelege, unge folk med blått hår og gulltenner, og den eldre generasjonen som undrar seg over desse. Det same temaet dukka opp att i den seinare songen «Oh! You Pretty Things».

Pantomime-songane[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1960-åra vart Bowie ein profesjonell pantomimikar, som stundom song på scenen. Selskapet hans ynskte å bli kvitt han, sidan ingen av platene hans hadde seld noko særleg. Han hadde ikkje noko band, så ofte fekk han berre inntekter frå pantomimeshowa, anten i sceneproduksjonar eller som oppvarmingsartist for rockeband som Tyrannosaurus Rex. Pantomime var ein viktig del av kunsten til Bowie, og han kledde seg til dømes som Pierrot i musikkvideoen til «Ashes to Ashes».

Bowie følgde stigen til ei typisk framtidig britisk rockestjerne, og spelte i beat-grupper, fekk ein manager, spelte inn singlar, laga eit dels psykedelisk album. Pantomimetida braut med dette mønsteret, og markerte han med ein annan estetikk enn ein typisk rockar.[25] Bowie gjekk i lære hos Lindsay Kemp som sa om Bowie: «Han drakk opp alle orda mine og gjorde akkurat som han fekk beskjed om. Og eit par år seinare, då han inviterte med til å oppføre Ziggy Stardust for han på Rainbow, var han framleis ein glede å regissere. Eg oppfordra han til å gjere framføringane sine enkle, noko han gjorde, og me hadde aldri kunstnariske usemjer. Han var ein ideell elev.» Bowie møtte Kemp i midten av 1967 og då hausten kom tok han dansetimar hos han. Kemp sa seinare at han hadde redda Bowie frå å bli ein buddhistisk munk, sidan Bowie hadde vitja eit buddhistkloster i Skottland og visstnok vurderte å avlegge løfte.[25] Kemp bad Bowie spele og skrive songar for eit nytt stykke han skulle sette opp, «Pierre in Turquoise». Stykket bestod av Pierrot, den triste, godtruande hanreien, hans elska Columbine og kjærasten hennar Harlequin, som var variasjonar på klassiske Commedia dell’arte-typar. Stykket vart ein reisande såpeopera.[25] Bowie hadde eit forhold til både Kemp og kostymedesigneren Natasha Korniloff, og då Kemp fann ut av dette, levde han opp til rolla som den forsmådde Pierrot og kutta handledda sine før eit show. Då såra opna seg og byrja å blø under framsyninga den kvelden, gjekk blodet gjennom Pierrot-kostymet og publikum jubla over den dristige realisme.[25]

Bowie skreiv tre nye songar for Pierrot in Turquoise, «Threepenny Pierrot», «Columbine» og «The Mirror» og henta igjen inn att «When I Live My Dream». «Threepenny Pierrot» vart sidan omskriven til «London Bye Ta-Ta» og kunne ha passa inn på albumet David Bowie. «Columbine» og «The Mirror» var ein ny stil for Bowie i form av rolege viser, med utførlege tekstar. Denne stilen kom til å dominere det neste albumet til Bowie, Space Oddity.[25] Bowie nytta ei gitarlinje frå «Columbine» om att i songen «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» og ein variasjon dukkar igjen opp att i «Width of a Circle» i 1970.[25]

Bowie fortsette å arbeidde som pantomimikar og dansar i 1968 og 1969, som den Kemp-koreograferte versjonen av Pusjkin sin The Pistol Shot og den eigne Tibet-inspirerte framsyninga Yet-San and The Eagle. Då manageren til Bowie, Ken Pitt, prøvde å få liv att i karrieren hans, fekk han Bowie til å spele inn ein promofilm, der Bowie tok med eit lite pantomimestykke (med forteljarstemme) han hadde skrive, kalla «The Mask».

«Threepenny Pierrot», «Columbine» og «The Mirror» fekk debuten sin i Pierrot in Turquoise i Oxford den 28. desember 1967. Dei einaste innspelingane av desse songane er frå ein produksjon av showet frå 1970, kalla The Looking Glass Murders, som gjekk på BBC. «The Mask» vart spelt inn for promofilmen Love You Till Tuesday den 5. februar 1969.

Even a Fool Learns to Love[endre | endre wikiteksten]

Etter at Bowie hadde skrive engelsk tekst for «Pancho», fekk han førespurnad om å skrive ein engelsk tekst for Claude François-songen «Comme D’Habitude», som var skriven av François, Gilles Thibault og Jacques Revaux. Der den franske teksten handla om eit mislukka kjærleiksforhold, handla Bowie sin tekst om sjølvmedlidenheit og triste klovnar, og var i røynda nok ein versjon av «When I Live My Dream», kombinert med Pierrot-bilete.[26] Teksten til Bowie vart avvist. Geoffrey Heath, som arbeidde i Essex Music, sa seinare at sjefane i selskapet ønskte «ei stjerne til å spele inn songen, ikkje denne pøbelen frå Bromley».[26]

Kort tid etter høyrte Paul Anka «Comme D’Habitude» på fransk fjernsyn og skreiv ein ny tekst for han, som heller ikkje følgde den opphavlege tydinga på fransk. Anka kalla songen «My Way», som raskt vart ein særs kjend song for mellom anna Frank Sinatra. Bowie syng over den opphavlege franske versjonen på demoinnspelinga med teksten hans. Denne innspelinga vart gjort i januar-februar 1968. Bowie var misnøgd med at teksten hans vart avvist og framførte mellom anna songen, med sin eigen tekst, på ein mislukka opptaksprøve for ein kabaret seinare i 1968. Songen «Life on Mars» er Bowie sitt svar til «My Way», og har visse likskapar til denne.[26]

In the Heat of the Morning[endre | endre wikiteksten]

«In the Heat of the Morning» var den siste songen Bowie spelte inn medan han var på Deram, og det var den andre singelen på rad som Deram nekta å gje ut, trass i at både denne og «Let Me Sleep Beside You» var langt meir kommersielle enn tidlegare Bowie-innspelingar.[27] Deram ønskte å kvitte seg med Bowie og han forlet selskapet i april 1968.

Songen var meint å vere sentral på det neste albumet til Bowie for Deram, og Bowie og Visconti gjorde sitt beste for å få songen til så skine med eit frodig strykearrangement og litt rar instrumentering, mellom anna gitar dobla med ein Sooty Pixie xylofon.[27] Xylofonen vart spelt av Steve Peregrin Took i Tyrannosaurus Rex, som kalla instrumentet «Pixiephone».[27] Bowie slutta òg å synge i Anthony Newley-stil og har ein meir grov og dominerande tone.

Songen vart først spelt inn for BBC den 18. desember 1967 med ein noko anna tekst («where cunning magpies steal your name») og opningsriffet hadde ikkje utvikla seg enno. Denne versjonen har truleg hatt den falske tittelen «Something I Would Like to Be». Versjonen som Bowie ønskte å gje ut på singel, vart spelt inn 12. mars 1968 og ein annan BBC-versjon vart spelt inn seinare på dagen. Songen vart sidan gjeven ut på Deram Anthology. The Last Shadow Puppets spelte inn songen i 2008 på EP-plata The Age of The Understatement.

London Bye Ta-Ta[endre | endre wikiteksten]

Bowie skal ein gong ha stått på Victoria Station i London då han såg ein vestindisk familie som ropte «London bye ta-ta!» til slektningar som drog med toget.[28] Songen «London Bye Ta-Ta» handlar nettopp om immigrasjon i London. På slutten av 1960-åra hadde det flytta mange vestindarar, afrikanarar, pakistanarar, indarar og andre folk til London. Mange hadde budd i det britiske koloniriket. Songen er den siste varianten av songar Bowie skreiv om å kome til London, i lag med «Can’t Help Thinking About Me» og «The London Boys». Songen er ei omskriving av «Threepenny Pierrot».

Songen vart spelt inn 12. mars 1968 og var føreslått som B-side til den avviste singelen «In the Heat of the Morning». Songen vart òg spelt for BBC dagen etter, og denne versjonen finst på Bowie at the Beeb. Bowie meinte songen hadde potensiale, og vurderte han som ein oppfølgjar til singelen «Space Oddity», og spelte inn ein ny versjon med Marc Bolan på gitar mellom 8. og 15. januar 1970. Denne vart til slutt skrinlagt. Bolan-versjonen vart først gjeve ut i 1989 i plateboksen Sound + Vision.

Angel Angel Grubby Face[endre | endre wikiteksten]

«Angel Angel Grubby Face» var ein song som var tenkt for det andre Deram-albumet, og som kan ha blitt spelt inn samstundes med «London Bye Ta-Ta». Ein demoversjon vart seld på auksjonshuset Christie's i 1993, men har ikkje blitt frigjeven. Ken Pitt fortalte Cann i 1981 at han framleis hadde ein kopi.

When I'm Five[endre | endre wikiteksten]

«When I’m Five» er sungen av eit barn som ynskjer å vere eit barn. Han handlar om den hierarkiske rolla alder speler for eit barn. For ein fireåring er sju år noko ein lengtar etter å bli, ein tiåring ein stor meister, medan dei over 13 høyrer til ei anna, mystisk verd.[29]

Tematisk sett er «When I’m Five» ein oppfølgjar til «There Is a Happy Land» og Bowie brukar til og med om att mellomspelet frå «Happy Land».[29] Medan «Happy Land» vert sungen frå utgangspunktet til ein altsjånande forteljar, som stundom tar stemma til barna han observerer, er «When I’m Five» sungen i førsteperson. Bowie syng songen med ei barnsleg stemme, og mimar eit barn i promofilmen Love You Till Tuesday. Songen verkar å vere sjøvbiografisk med referansar til bestefaren Jones, ein far som gret og ei mor som gøymer løyndomar i skuffa si.[29]

Bowie spelte inn ein demoversjon av songen tidleg i1 968, og den første skikkelege innspelinga vart gjort for BBC den 13. mai 1968. BBC-utgåva vart nytta i filmen Love You Till Tuesday. The Beatstalkers vart overtydd til å spele inn songen, og gav ut sin versjon som den siste singelen deira, med B-sida «Little Boy» (CBS 3936).[29]

Back to Where I've Never Been[endre | endre wikiteksten]

«Back to Where I've Never Been» var ein song skriven av Tony Hill, som var med i visetrioen Turquoise i lag med Bowie og Hermione Farthingale. Han vart spelt inn 24. oktober 1968, same dag som «Ching-a-Ling». Songen vart droppa etter Hill slutta i trioen, berre nokre dagar seinare. Bowie spelte truleg 12-strengs akustisk gitar og song korvokal på songen.[24]

Ching-a-Ling[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1968 vart òg omsider David Bowie hippie. Han let håret vekse ned til skuldrene, sat naken i huset til manageren sin, laga makrobiotisk mat, vart med i kollektive kunstverkstader og danna sin eigen visetrio. Trioen fekk namnet Turquoise, og etter kort tid namnet Feathers. Turquoise vart starta av Bowie, den første seriøse kjærasten hans, Hermione Farthingale, som var ballettdansar og amatørsongar, og visesongaren (og tidlegare gitarist i The Misunderstood) Tony Hill, som etter kort tid vart erstatta av John «Hutch» Hutchinson, som tidlegare var gitarist i det gamle bandet til Bowie, The Buzz. Hutchinson hadde nyleg kome attende til Storbritannia frå Canada, og hadde med seg mykje kanadisk visemusikk, som Gordon Lightfoot, Joni Mitchell og Leonard Cohen. Han oppdaga at Bowie no var meir oppteken av meir dempa musikk, og trengde ikkje lenger eit band.

Feather spelte på universitet og viseklubbar, medan Ken Pitt ønskte at Bowie skulle halde fram å spele konsertar som soloartist og kabaretartist. Bowie har seinare sagt at Feathers vart starta opp for å kunne vere meir med kjærasten. Feather spelte nokre av dei nyare Bowie-songane, som «When I'm Five», nokre Jacques Brel-songar, las dikt, med pantomime innimellom. Lindsey Kemp kalla det «forferdeleg» i ein biografi av Marc Spitz.[30]

Den einaste songen som Feather spelte inn var «Ching-a-ling», som Tony Visconti spelte inn i smug i Trident Studios, utan løyve frå leiinga. Dei håpa at nokon skulle plukke opp songen og gje han ut som singel. B-sida var meint å vere Tony Hill sin «Back to Where You’ve Never Been», men då Hill brått vart erstatta av Hutchinson, gjekk dei bort frå den planen. Bowie nytta seinare delar av melodien i songen «Saviour Machine». Songen vart spelt inn 24. oktober 1968 og han vart sidan gjeven ut på Deram Anthology og seinare på 2010-utgåva av David Bowie. Bowie og Hutchinson spelte òg inn ein demoversjon av songen i midten av april 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Musikarar:
    • David Bowie – vokal, gitar, saksofon
    • Derek Boyes – orgel
    • Dek Fearnley – bassgitar
    • John Eager – trommer
    • I tillegg til fleire studiomusikarar som ikkje er oppførte på omslaget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Thompson. «David Bowie – David Bowie | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/david-bowie-mw0000198656. Henta 2014-06-28. 
  2. «David Bowie – Blender». Blender. Arkivert frå originalen den 28 September 2010. https://web.archive.org/web/20100928085728/http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53907/david-bowie.html. Henta 16 June 2009. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.21-25
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp.35-45
  5. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.253
  6. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: p.15
  7. 7,0 7,1 Chris O’Leary. Uncle Arthur. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  8. 8,0 8,1 Chris O’Leary. Sell Me a Coat. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Chris O’Leary. There is a Happy Land. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  10. 10,0 10,1 Chris O’Leary. We are Hungry Men. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  11. 11,0 11,1 11,2 Chris O’Leary. When I Live My Dream. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  12. Chris O’Leary. Little Bombardier. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Chris O’Leary. Silly Boy Blue. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  14. 14,0 14,1 Chris O’Leary. Join the Gang. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  15. Chris O’Leary. She's Got Medals. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  16. Chris O’Leary. Maid of Bond Street. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 Chris O’Leary. Please Mr. Gravedigger. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  18. 18,0 18,1 18,2 Chris O’Leary. Little Toy Solider. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.
  19. 19,0 19,1 Chris O’Leary. Silver Treetop School for Boys. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  20. Chris O’Leary. 1967-demoes. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  21. Chris O’Leary. The Dee Dee Translations. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  22. 22,0 22,1 Chris O’Leary. Let Me Sleep Beside You. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  23. 23,0 23,1 23,2 Chris O’Leary. Karma Man. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 {Chris O'Leary (2015) Rebel Rebel – Zero Books.
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 25,5 Chris O’Leary. The Mime Songs. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  26. 26,0 26,1 26,2 Chris O’Leary. Evne a Fool Learns to Love. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  27. 27,0 27,1 27,2 Chris O’Leary. In the Heat of the Morning. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  28. Chris O’Leary. London Bye Ta-Ta. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 Chris O’Leary. When I'm Five. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.
  30. Chris O’Leary. Ching-a-Ling. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 15. januar 2016.