Grunde Almeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grunde Almeland

Fødd29. mars 1991 (33 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Grunde Kreken Almeland (fødd 29. mars 1991) er ein norsk politikar frå Øystese i Hordaland som har representert Oslo og partiet VenstreStortinget i perioden 2018–2020 og sidan 2021.

Almeland har studert jus ved Universitetet i Oslo. Han engasjerte seg i Oslo Venstre og var perioden frå 2017 til 2021 vararepresentant til Stortinget. Då partikollega Ola Elvestuen 2018–2020 var statsråd i Solberg-regjeringa, møtte Almeland fast på Stortinget. Frå januar 2020 til oktober 2021 var han så statssekretær i Kunnskapsdepartementet under Trine Skei Grande og etterfylgjaren Guri Melby.

Ved stortingsvalet 2021 var Almeland tredjekandidat for Oslo Venstre og fekk sete i Stortinget på eit utjamningsmandat. Han er frå 2021 leiar i Familie- og kulturkomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]