Erlend Wiborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend Wiborg

Erlend Wiborg
Foto: Bård Gudim/FrPMedia
Fødd20. januar 1984 (40 år)
Sarpsborg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedKirkeparken videregående skole
Alle verv

Erlend Wiborg (fødd 20. januar 1984) er ein norsk politikar for (Frp). I 2013-2017 er han ein av partiet sine to stortingsrepresentantar frå Østfold. I 2005-2009 var han 2. vara, og 1. vararepresentant i 2009-2013. Han hadde difor ein del ansiennitet ved byrjinga av Stortingsperioden 2013-2017. Wiborg er medlem av arbeids- og sosialkomitéen.[1]

Før han vart innvald, var Wiborg varaordførar i Moss og gruppeleiar på fylkestinget i Østfold. Han blei innvald i bystyret og fylkestinget i 2003 og gjenvald både i 2007 og 2011. Frå 2007 har han også vore Frp sin gruppeleiar i både bystyret og fylkestinget, samt politisk nestformann i Østfold Framstegsparti. Han var ordførarkandidat for Frp i Moss ved vala i 2007 og 2011. Han har tidlegare hatt ei rekkje ungdomspolitiske verv, bl.a. som formann i Østfold FpU (2002–2006) og sentralstyremedlem i FpU (2004–2006).

Skulevalet 2003[endre | endre wikiteksten]

Erlend Wiborg, som då gjekk siste året på vidaregåande, blei rikskjend då han blei skulda for å ha halde opp ein plakat med eit bilete av eit esel då ein blind ungdomspolitikar frå Sp talte på ein skuledebatt under skulevalet på Greåker vgs i 2003. Saka blei slått stort opp i riksmedia (Aftenposten, VG og NRK) under valkampen i 2003.[2] Wiborg avviste påstanden, men vedgjekk at han hadde med ein plakat for å «biletleggjera» nokre av synspunkta sine. Han skal ifølgje media også hevda å ha halde opp plakaten medan andre hadde ordet, og at han forsøkte å vera morosam. Senterpartileiar Åslaug Haga gjekk ut og bad om offisiell orsaking frå formannen i Frp, Carl I. Hagen.[3][4] Ved same høve skal Wiborg ifølgje NRK og Nettavisen ha sagt at dei fleste innvandrarar er kriminelle på ein eller annan måte, noko som skal ha ført til at innvandrarelevar i salen blei lei seg. Wiborg sjølv ville ikkje kommentera dette. [5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi på Stortinget.no
  2. «-Holdt opp eselplakat under skoledebatt». Verdens Gang. 3. september 2003. Henta 20. februar 2007. 
  3. «Krever unnskyldning fra Carl I. Hagen». NRK Østfold. 4. september 2003. Henta 20. februar 2007. 
  4. Åpent brev fra leder i Senterpartiet Åslaug Haga til Carl I. Hagen, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013 
  5. Gråt etter skoledebatt. NRK.
  6. «- Holdt opp eselplakat foran blind politiker». Nettavisen. 4. september 2003. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 20. februar 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]