Mathilde Tybring-Gjedde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mathilde Tybring-Gjedde

Fødd15. desember 1992 (31 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedOslo katedralskole
University of Warwick
FarChristian Tybring-Gjedde
Alle verv

Mathilde Tybring-Gjedde (fødd 15. desember 1992) er ein norsk politikar frå Oslo som sidan 2017 har vore stortingsrepresentant frå Oslo for partiet Høgre.

Tybring-Gjedde har utdanning frå University of Warwick. Perioden 2015-19 var ho medlem i Oslo bystyre. Nokre månader i 2017 var ho politisk rådgjevar for helseminister Bent Høie. Etter stortingsvalet i september 2017 rykte ho inn på Stortinget som fast møtande vararepresentant og vart sitjande heile fireårsperioden. Ho var medlem i Utdannings og forskningskomiteen. Frå 2021 er Tybring-Gjedde sikra fast tingsete til 2025.

Christian Tybring-Gjedde er far hennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]