Ingvild Kjerkol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvild Kjerkol

Fødd18. mai 1975 (48 år)
Stjørdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNord universitet
FarOle Meier Kjerkol
Alle verv

Ingvild Kjerkol (fødd 18. mai 1975) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er leiar for Trøndelag Arbeidarparti. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2013. Ho var helse‑ og omsorgsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2024.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kjerkol kjem frå Stjørdal. Ho har utdanning frå NTNU, der ho har ein samfunnsvitskapleg bachelorgrad innan psykologi. Ho har også studert drift og vedlikehald av EDB-system ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ingvild Kjerkol har jobba som både lærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I 2009, før ho vart fylkesråd, jobba ho i ein periode som næringspolitisk rådgjevar i ALLSKOG.[3]

Kjerkol har hatt og har fleire styreverv. Ho har sete i styret for Steinvikholm Musikkteater AL, som årleg set opp den historiske operaen Olav Engelbrektsson.[4] Ho har også vore styreleiar i Innovasjon Norge Nord-Trøndelag, nestleiar i styret for Regionale forskingsfond Midt-Norge og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Trøndelag.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Kjerkol var au pair i Frankrike da ho i 1995 vart spurd om å stille på lista til Arbeidarpartiet for første gong, den gongen som listefyll.[5] Ho vart vald inn og like etter vakna den politiske interessa hennar for fullt. I 2003 vart ho også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting.

Kjerkol var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 2005–2009, med knapp margin frå å verta vald inn, og 2. vararepresentant 2009–2013. Ho har møtt som vararepresentant i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité og Stortingets familie- og kulturkomité. Kjerkol er medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiets sidan landsmøtet i 2009.[6][7]

Lokal- og regional politikar[endre | endre wikiteksten]

Ho har vore leiar i Stjørdal Arbeiderlag sidan 2011, kasserar i Stjørdal Arbeidarparti i fleire år og sete i styret i Nord-Trøndelag Arbeidarparti, både som direktevald og tiltredande medlem. Kjerkol var ordførerkandidaten til Arbeidarpartiet i Stjørdal i 2007, men Arbeidarpartiet kom ikkje i posisjon, og Kjerkol var gruppeleiar for partiet i både Stjørdal kommunestyre og Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho tredde frå verva som gruppeleiar i kommunestyret og fylkestinget da ho vart fylkesråd for regional utvikling (med politisk ansvar for næring, regional forsking og utviklingsplan) hausten 2009.[8] Kjerkol var fylkesrådsleiar i eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti 2011–2013.

Kjerkol vart valt til leiar for Trøndelag Arbeidarparti i 2020,[9] og attvalt i 2024.[10]

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Kjerkol vart utnemnt til helse- og omsorgsminister i Støre-regjeringa den 14. oktober 2021.[1]

Den 20. januar 2024 kom Kjerkol i hardt vêr etter at det vart kjent at masteroppgåva som ho hadde levert saman med ein medstudent i 2021 inneheldt tekstlikskapar med andre tekstar.[11] Masteroppgåva vart vurdert å nyo, noko som enda med at ho vart underkjend på grunn av plagiat. Den 12. april 2024, kort tid etter at oppgåva vart underkjend, vart det kunngjort at Kjerkol måtte gå av som helse- og omsorgsminister.[12][13] Ho fekk avskil i nåde den 19. april 2024, og Jan Christian Vestre vart ny helseminister.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Endringar i regjeringa». Statsministerens kontor. Henta 19. april 2024. 
  3. «Ingvild Kjerkol blir ny næringspolitisk rådgiver». ALLSKOG. 5. januar 2009. 
  4. «Sikrer «Tryllefløyten»». Adresseavisen. 7. oktober 2008. 
  5. «31 år og Aps toppkandidat». Byavisa Trondheim. 19. september 2006. 
  6. «Kjerkol inn i sentralstyret». NRK Trøndelag. 21. april 2009. 
  7. «Kjerkol vant valgstrid». Adresseavisen. 22. april 2009. 
  8. «Kjerkol valgt til ny fylkesråd». NRK Trøndelag. 29. september 2009. 
  9. Vegard Woll & Amund Aune Nilsen. «Ingvild Kjerkol valgt til ny leder i Trøndelag Ap» (på norsk bokmål). NRK. Henta 12. april 2024. 
  10. Ingvild Jensen. «Kjerkol fortsetter som leder i Trøndelag Ap» (på norsk bokmål). TV2. Henta 12. april 2024. 
  11. Karoline Johannessen Litland; et al. «Helseminister Kjerkol: – Vi har ikke kopiert, vi har brukt samme metode» (på norsk bokmål). NRK. Henta 12. april 2024. 
  12. Louise Eberhard-Gran, Sondre Nilsen, Line Fausko, Erlend Ofte Arntsen & Martin Folkvord. «Kjerkols 125 tekstlikheter» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 11. april 2024. 
  13. Ingrid Emilie Waaler; et al. «Kjerkol går av: – Vi har ikke hatt til hensikt å plagiere andre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 12. april 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ingvild Kjerkol