Erlend Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend Larsen

Fødd13. oktober 1965 (58 år)
Stokke kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Erlend Larsen (fødd 13. oktober 1965) er ein norsk flygar og politikar frå Stokke i Vestfold. Han har sidan 2017 representert Vestfold fylke/valkrins på Stortinget, vald for Høgre.

Frå 1984 til 2005 var Larsen tilsett i infanteriet i Forsvaret, dei fyrste åra på heiltid. Sidan var han områdesjef i Heimevernet i ni år. I 1993-94 var han med Norbatt i Libanon. Larsen var flygar 1989-93 i Norsk Flytjeneste og 1994-2011 i Widerøe Norsk Air + Widerøes Flyveselskap. Han har gitt ut ni bøker på E-forlag.

Larsen var ordførar i Stokke kommune frå 2011 til då Stokke i 2016 vart slått saman med kommunane Andebu og Sandefjord.

Til stortingsvalet 2017 var Larsen Høgre sin tredjekandidat i Vestfold. Då partiet gjorde eit framifrå val kom han inn på Stortinget, der han i fireårsperioden hadde plass i Helse- og omsorgskomiteen. Ved stortingsvalet 2021 var han Vestfold Høgre sin fyrstekandidat, fylkespartiet vart representert med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]