Peter Christian Frølich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Christian Frølich.
Foto: Leda Rivero Mendelez/NHHS

Peter Christian Frølich (fødd 17. september 1987 i Bergen) er ein norsk politikar (H) som er stortingsrepresentant frå Hordaland 2013-2017.

Frølich har vore medlem av Bergen bystyre og fraksjonsleiar i komitéen for oppvekst sidan 2011. Han har også vore medlem av sentralstyret i Unge Høgre sidan 2012, formann i Bergens Unge Høgre 2010–2012 samt politisk rådgjevar for byrådet i Bergen kommune 2010–2011. [1] Hausten 2012 blei Frølich nominert som Høgres 3. kandidat til Stortinget frå Hordaland ved stortingsvalet 2013.

Frølich har studiekompetanse frå Bergen Handelsgymnasium, der han også var elevrådsleiar. [2] Han har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2012, og har sidan vore advokatfullmektig i Kluge Advokatfirma DA i Bergen. [3] Masteroppgåva hans omhandla bistandsreglane i Forsvaret, som han meinte var utan heimel i gjeldande lov og i strid med Grunnlova. [4][5] Frølich tenestegjorde i militærpolitiet i den frivillige innsatsstyrken Bjørn West i Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 2007–2012. [6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Profil hjå Høgre
  2. BT.no, 28.08.12: Til aksjon for BHG. Vitja 10.10.13.
  3. Profil på Kluge.no
  4. Bergens Tidende, 15.02.13, side 4–5: «Beskyldes for å bryte Grunnloven». Forfattar: Strand, Tron; Eidsvik, Øyvind Lefdal
  5. Bergens Tidende, 25.02.13, s. 9: «Hoppet bukk over tvilen» Forfattar: Eidsvik, Øyvind Lefdal
  6. Profil på Kluge.no