Silje Hjemdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silje Hjemdal

Fødd8. august 1984 (39 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Silje Hjemdal (fødd 8. august 1984) er ein norsk politikar frå Bergen. Ho har sidan 2017 representert Hordaland og FramstegspartietStortinget.

Hjemdal var medlem i Hordaland fylkesting frå 2011 til 2019 og Bergen bystyre 2013-19. Frå juni 2015 til hausten 2019 var ho byråd for sosial, bolig og områdesatsning i Bergen. Ved stortingsvalet 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Hordaland, attvald 2021. Tingbloken 2017-21 var ho medlem i Famile- og kulturkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]