Frank Sve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Sve

Fødd18. februar 1968 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Stranda (2002–2011)
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Frank Edvard Sve (fødd 18. februar 1968) er ein norsk politikar frå StrandaSunnmøre som sidan 2021 har representert Framstegspartiet i Møre og RomsdalStortinget.

Sve er utdanna industrisnikkar og arbeidde fleire år i møbelindustrien. Hausten 1999 kom han inn i kommunestyret i Stranda, der han markerte seg som ein høglytt leiar av partigruppa tik Framstegspartiet. Hausten 2003 vart han vald til ordførar i Stranda kommune. Framstegspartiet i Stranda gjorde eit brakval ved kommunevalet 2007. Med 47,5 % av veljarane bak seg, heldt Sve fram som ordførar. Eit kostbart prosjekt i kommunal regi førte til at Stranda kommune mista kontroll over økonomien. Kommunevalet 2011 straffa Framstegspartiet og Sve måtte overlevere ordførarklubba til Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet. Sve søkte om å verte friteken for å møte i kommunestyret.

Sve har vore medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal sidan 2003. Han leia Møre og Romsdal Framstegsparti 2004-10 og frå 2014. På fylkestinget har Sve vore den dominerande figuren i partigruppa. Han har kjempa om å verte fylkesordførar både ein og fleire gongar, men har ikkje lukkast samle nok stønad for sitt kandidatur hos andre partigrupper.

Sve var aktuell på «sikker» plass før stortingsvalet 2017. Men då nestleiaren i Framstegspartiet, Oslo-buande Sylvi Listhaug, sikta mot ein stortingsplass, vart Sve tvinga til å godta tredjeplassen på vallista til Framstegspartiet i Møre og Romsdal. Etter å ha vore vararepresentant 2017-21, vart Sve vald inn på Stortinget i 2021. På Tinget er han fyrste nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Sve var medlem av representantskapet i Noregs Bank frå 2010 til og med 2017. Periodane 2010-11 og 2012-13 var han nestleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]