Heidi Greni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Greni

Fødd3. juli 1962 (61 år)
Ålen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Heidi Greni (fødd 3. juli 1962) er ein norsk politikar for Senterpartiet, stortingsrepresentant sidan 2013. Ho er frå Ålen i Sør-Trøndelag, der ho fram til 2011 arbeidde på samvirkelaget i bygda.

Greni har vore medlem av kommunestyret i Holtålen sidan 2003. Etter kommunestyrevalet i 2011 vart ho vald til ordførar i Holtålen. Ho var den aller fyrste kvinnelege ordføraren i kommunen og den fyrste ordføraren på 104 år som ikkje kom frå Arbeidarpartiet.[1] Greni vart i 2011 vald inn i kommunestyret på ei fellesliste for Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Greni har ikkje teke plass i ordførarstolen, då ho allereie frå sommaren 2001 møtte fast på Stortinget. Etter storingsvalet 2009 var ho fyrste vararepresentant for Sør-Trøndelag Senterparti, og sidan den valde representanten, Ola Borten Moe, var statsråd i perioden 2011-13, møtte ho på Stortinget resten av tingperioden. Greni var Senterpartiet sin fyrstekandidat ved stortingsvalet 2013, og vart innvald med god margin.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]