Kai Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kai Birger Knudsen (25. juni 19033. mars 1977), fødd i Vardø, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, som hadde to ulike statsrådspostar i Oscar Torp si regjering 1952-55: justisminister og forsvarsminister.

Han tok examen artium i 1922) og vart cand.jur. i 1926. Han var kommunerevisor i Haugesund 1926-1927. Han var dommarfullmektig i Heddal sorenskrivarembete 1928-30, arbeidde som advokatfullmektig 1930-1935 og dreiv deretter eigen praksis som overrettssakførar i Notodden 1935-1943 og i Oslo i 1943-45. Han var konstituert sorenskrivar i Tinn og Heddal sorenskrivarembete 1945-1946. Han var kontorsjef hos riksmeklingsmannen 1946-1948. Frå 1948 til 1952 var han sekretær for statsministeren. Etter statsrådperioden 1952-1955 avslutta han yrkeskarrieren som sorenskrivar ved Indre Follo sorenskrivarembete frå 1955-1973.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

I Oscar Torp si regjering hadde han to statsrådpostar:

Verv[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Biografi hos Stortinget.no