St Kilda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St Kilda
Lokalt namn: Hiort 
Geografi
St Kilda is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°48′ N 8°36′ WKoordinatar: 57°48′ N 8°36′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 8,546 km²
Høgaste punkt Conachair (430 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Am Baile
Demografi
Folketal 0

St Kilda (skotsk-gælisk Hiort) er ei isolert øygruppe, 64 km vest-nordvest for North Uist i Nord-Atlanteren. Ho omfattar dei vestlegaste øyane i Ytre Hebridane i Skottland.[1] Den største øya er Hirta, som har dei høgaste kystklippene i Storbritannia. Øyane høyrer administrativt til Comhairle nan Eilean Siar.[2]

St Kilda var permanent busette i minst to tusen år, men det har truleg aldri vore meir enn 180 menneske busette her (og ikkje meir enn 100 etter 1851). Heile folkesetnaden vart evakuert i 1930. I dag er det berre militære personell som held til på øya.[3]

Ved landsbyen på St Kilda (1969)

Opphavet til namnet St Kilda er ukjend. Første gong øyane vart nemnde i skriftlege kjelder var seint i mellomalderen. Mellomalderlandsbyen på Hirta vart bygd opp att på ny på 1800-talet. Sjukdom som kom med auka turisme og den første verdskrigen førte til at øyane vart evakuerte i 1930.[4]

Heile øygruppa er eigd av National Trust for Scotland. Øyane vart ein av dei fem verdsarvstadane i Skottland i 1986 og ein av få i verda som har denne statusen både basert på natur og kultur.[5] Øyane er hekkestad for mange viktige sjøfugl, mellom anna havsule, lundefugl og havhest.St. Kilda-gjerdesmett og St. Kilda-markmus er endemiske underartar.[3] Frivillige nyttar sommaren til å restaurere dei mange forfalne husa på øyane. Dei deler øya med ein liten militærbase som vart oppretta her i 1957.[6]

Gata i 1886

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St Kilda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om ein ser bort frå Rockall, som har omstridd status internasjonalt
  2. Steel (1988) page 254.
  3. 3,0 3,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  4. Maclean (1977), Steel (1988), Fleming (2005).
  5. "World Heritage: United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland". UNESCO.
  6. Steel (1988) s. 273.