Eurovision Song Contest 1970

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ESC 1970)
Eurovision Song Contest 1970
Dato
Vertskap
Stad
Rai Congrescentrum
Det nederlandske flagget Amsterdam i Nederland
Programleiar(ar)
Willy Dobbe
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Trekte seg
 Finland
 Noreg
 Portugal
 Sverige
Kart
Røysting
Vinnar
Det irske flagget «All Kinds of Everything»
Eurovision Song Contest
1969 1971
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1970 (ESC 1970) var den 15. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen med songen «All Kinds of Everything», framført på engelsk av musikkgruppa Dana.

Som følgje av at fire land delte fyrsteplassen i 1969 (Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland), vart Nederland valt til vertsland gjennom loddtrekning. Austerrike (som ikkje hadde vore med i 1969), Finland, Noreg, Portugal og Sverige boikotta konkurransen dette året fordi dei ikkje var nøgde med resultatet i 1969 og med avstemmingssystemet.

Dei nederlandske produsentane såg seg nøydde til å utvide programmet ettersom berre tolv land bestemte seg for å reisa til Amsterdam for å delta. Ein hadde difor eit større opningsnummer, og kvart innslag vart introdusert av eit såkalla «postkort», noko som har vorte ein tradisjon sidan.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.  Nederland Hearts of Soul «Waterman» Nederlandsk 7 7
2.  Sveits Henri Dès «Retour» Fransk 4 8
3.  Italia Gianni Morandi «Occhi di ragazza» Italiensk 8 5
4.  Jugoslavia Eva Sršen «Pridi, dala ti bom cvet» Slovensk 11 4
5.  Belgia Jean Vallée «Viens l'oublier» Fransk 8 5
6.  Frankrike Guy Bonnet «Marie-Blanche» Fransk 4 8
7.  Storbritannia Mary Hopkin «Knock, Knock Who's There?» Engelsk 2 26
8.  Luxembourg David Alexandre Winter «Je suis tombé du ciel» Fransk 12 0
9.  Spania Julio Iglesias «Gwendolyne» Spansk 4 8
10.  Monaco Dominique Dussault «Marlène» Fransk 8 5
11.  Vest-Tyskland Katja Ebstein «Wunder gibt es immer wieder» Tysk 3 12
12.  Irland Dana «All Kinds of Everything» Engelsk 1 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]