Pátra

Koordinatar: 38°15′N 21°44′E / 38.250°N 21.733°E / 38.250; 21.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Patrai)
Pátra
Lokalt namn Πάτρα

Det romerske Odeumet i Pátra
Geografi
Stad Peloponnes
Koordinatar 38°15′N 21°44′E / 38.250°N 21.733°E / 38.250; 21.733
Areal 333,14 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Hellas
Akhaía
Hovudsete Pátra (169 886 innb.)
Demografi
Folketal 215 922 (2021[1])
Folketettleik 648,1 /km²

Pátra (gresk Πάτρα, klassisk gresk Πάτραι, Pátrai, latin Patrae, osmantyrkisk Ballıbadra) er den tredje største byen i Hellas og ligg nord på Peloponnes, 215 km vest for Aten. Han er hovudstad i periferieininga Akhaía i periferien Vest-Hellas. Byen vart bygd ved foten av fjellet Panakhaikó ved Pátrabukta.

Storbyområdet rundt Pátra har om lag 214 000 innbyggjarar.[2] Det har vore busetnadar her i fire tusen år og i romartida vart han ein storby og eit senter for det austlege Middelhavet og i følgje kristen tru var det har apostelen Andreas leid martyrdøden. Kalla Hellas si «dør til vesten» er Pátra eit trafikknutepunkt med ei travel hamn og handel og kommunikasjon med Italia og resten av Vest-Europa. Byen har to offentlege universitet og eit teknologisk institutt, som fører mange studentar til byen. Den imponerande Río-Andírio-brua knyter Río, ein austleg forstad i Pátra, til byen Andírio over Korintbukta.

Kvar vår er Pátra åstad for eit stort karneval og med eit stort kulturelt miljø vart byen europeisk kulturhovudstad i 2006.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Pátra, no kommunaleininga Pátra

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[3]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 215 922 innbyggjarar, medan kommunaleininga Pátra hadde 173 600 og tettstaden med same namn 169 886 innbyggjarar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Pátra

Pátra ligg 215 km vest for Aten med bil, 94 km nordaust for Pýrgos, 7 km sør for Río, 134 km vest for Korint, 77 km nordvest for Kalávryta og 144 km nordvest for Trípoli.

Den største elva i området er Glávkos som renn sør for Pátra. Glávkos har sitt utspring i Panakhaikó og vatnet renn ut i eit reservoar nær landsbyen Soúli, og gav energi for det første vasskraftverket i landet.[4]

Området er seismisk aktivt, noko som har ført til mange kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste kraftige kom i 1993 med eit skjelv på 5 på Richterskalaen og eit anna i 1995.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pátra, eksport av rosiner
Apolloteateret ved Georg 1.-plassen

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora etter busetnad i Pátra går tilbake til 2000-talet fvt. Pátra byrja å vekse i den mykenske perioden (1580–1100 fvt.). Pátra vart i antikken danna av tre mykenske landsbyar ved Aroe, Antheia og Mesatis. Gresk mytologi fortel at etter ein doriansk invasjon oppretta ei gruppe akhaiarar frå Lakonía, leia av Patrevs, ein koloni. I antikken vart Pátra verande ein landleg region, men i romartida vart han ei viktig hamn.

Etter 280 fvt., men før den romerske erobringa av Hellas, spelte Pátra ei viktig rolle i grunnlegginga av Det akahiske forbundet i lag med byane Dyme, Triteia og Farrai. Som følgje av dette vart dei politiske rørslene flytta vestover i Akhaía. Romarane erobra Hellas i 146 fvt. og Augustus oppretta seinare ein romersk koloni der. Eit matrikkelkort vart skrive opp, han fekk privilegium og det vart oppretta handverkarbransjar. To industrisoner vart oppretta, tempel vart bygd og vegar som gjorde Pátra til eit kommunikasjonssenter vart bygd. Mot slutten av 200-talet evt. byrja derimot byen å forfalle, truleg etter eit kraftig jordskjelv som råka heile regionen i år 300.

Apostelen Andreas[endre | endre wikiteksten]

I følgje kristen tru kom apostelen Andreas til Pátra for å forkynne kristendom under regjeringstida til keisar Nero og han vart krossfesta som ein martyr. Han skal ha vorte hengd opp på ein type kross kalla Crux decussata (X-forma kross), som ofte vert kalla «Andreaskross». Etter den tid har han vorte rekna som ein vernehelgen for byen. I følgje segna vart leivningane hans flytta frå Pátra til Konstantinopel, og så vestover. Ei lokal segn seier at leivningane vart seld til romarane av lokale prestar i byte mot at romarane bygde eit vassreservoar for byen.[4]. I følgje Hieronymus, som òg fortel at leivningane vart flytta til Konstantinopel på 300-talet, skal leivningane av evangelisten Lukas ha vorte flytta frå Pátra til Konstantinopel samstundes. Dette tyder på at Lukas òg var aktiv i Akhaía og at han òg leid martyrdøden her.

I seinare år vart leivningane haldne i Vatikanstaten, men vart sende tilbake til Pátra av Pave Paul VI i 1964. Leivningane som består av ein liten finger og ein del av toppen av kraniet til Andreas har sidan den gong vorte halde i St. Andreaskyrkja, i ei spesiell grav. Andreaskrossen, der han leid martyrdøden, vert òg halde her, nær helgenen sine leivningar. To tempel vart bygd til ære for han. Ein basilika i gamal austromersk stil, og ei ny monumental kyrkje, som stod ferdig på 1970-talet.

Austromarriket[endre | endre wikiteksten]

I tida under Austromarriket var Pátra framleis ei viktig hamn og eit industrisenter. I 551 vart byen lagd i ruinar etter eit jordskjelv. I 807 klarte Pátra, utan hjelp utanfrå, å slå slavoniarane, men mykje av æra for dette fekk St. Andreas. Andreaskyrkja fekk pengestøtte frå imperiet, og erkebiskopen her styrte over biskopane av Methone, Lacedaemon og Korone. Artehas av Cæsarea, ein lærd filosof og teolog, vart fødd i Pátra rundt år 860. På 800-talet var byen i stor velstand.

Det latinske riket[endre | endre wikiteksten]

I 1204 vart Pátra erobra under det fjerde krosstoget og vart eit sete for det latinske hertugdømet Akhaia innanfor fyrstedømet Akhaia. Byen vart igjen erobra i 1205 av Vilhelm av Champlitte og Villehardouin og vart hovudstad og erkebispesete for fyrstedømet Akhaia. I 1387 ønskte De Heredia, stormeister av MaltesarordenenRódos, å styre over Akhaía og tok Pátra med makt. I 1408 vart han ein del av Republikken Venezia. På slutten av 1400-talet, vart derimot byen styrt av ein erkebiskop under paven. Pátra vart erobra igjen despoten Konstantin XI i 1430.

Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

I 1458 vart Pátra erobra av sultanen av Det osmanske riket, Mehmet II. Under osmanarane vart han kalla Baliabadra (frå gresk Paliá Pátra (Παλαιά Πάτρα, «gamlebyen»), i motsetnad til Néa Pátra (Νέα Πάτρα, «nybyen» ved festninga)). Mehmet gav byen spesielle privilegium og skatteletter, men han vart aldri eit stort handelssenter. Venezia og Genova gjekk til åtak og erobra byen fleire gongar på 1400- og 1500-talet, men klarte aldri å gjenopprette eit effektivt styre.[5]

Pátra spelte ei viktig rolle i den greske sjølvstendekrigen mot osmanarane i 1821. Det var her den greske revolusjonen byrja. ;[6], men tyrkarane klarte å halde på festninga her ut 1828. Det har vorte hevda at den greske revolusjonen starta 25. mars 1821, då erkebiskopen av Gamle Pátra, og medlemmer av revolusjonsorganisasjonen Filikí Etería, svor Germanos sjølvstende ved Ájos Jeórjos-kapellet nær den moderne plassen.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Pátra vart frigjeve 7. oktober 1828 av franske styrkar på Peloponnes under General Maison. I 1829 vart det lagt fram planar om ein ny byplan for byen, som då framleis var i ruinar. Planen vart ikkje sett i verk før midt på 1800-talet. Pátra utvikla seg til det nest største storbyområdet i Hellas seint på 1800-talet.[7]

Området rundt byen var storprodusent av rosiner på 1800-talet, men eksportprisane i det internasjonale markedet på rosiner stupte i 1894 og dette førte med seg store finansielle, politiske og sosiale etterverknadar, kalla den greske rosinkrisa.[8] Handel med Vest-Europa, hovudsakleg Storbritannia, Frankrike og Italia, gjorde mykje for å forme byen som ei viktig hamn og storbyområde tidleg på 1900-talet i Hellas.

Den første verdskrigen hemma utviklinga til byen og førte til ukontrollert byspreiing då flyktningar kom til byen frå Vesleasia. Under den andre verdskrigen vart byen eit mål for italienske bombetokt. Tyskarane okkuperte så byen og avretta mellom anna heile den mannlege folkesetnaden i den nærliggande byen Kalávryta og sette heile byen i brann. Etter krigen kom byen seg raskt, men i seinare år er han stadig vorte meir overskugga av Aten.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[9] Folketal 2021[1]
Pátra Pátra 168 034 169 886
Ovryá Messátida 6 308 6 424
Río Río 4 664 5 430
Paralía Paralía 6 336 5 378
Ájos Vasílios Río 2 662 2 889
Deménika Messátida 2 783 2 845
Vrakhnéika Vrakhnéika 2 571 2 640
Mindilógli Paralía 2 120 2 104
Aktéo Río 1 494 1 451
Rojítika Paralía 1 288 1 194
Néo Soúli Pátra 756 1 048
Kríni Messátida 888 973
Kallithéa Messátida 691 781
Saraváli Messátida 735 749
Áno Kastrítsi Río 832 745
Kamínia Vrakhnéika 716 703
Romanós Pátra 623 695
Psathópyrgos Río 663 640
Karyá Pátra 457 605
Monodéndri Vrakhnéika 721 572
Ájos Stéfanos Messátida 335 546
Káto Kastrítsi Río 758 545
Skióessa Pátra 626 529
Mavromandíla Messátida 462 503

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
  2. EU-kommisjonen http://www.urbanaudit.org/CityProfiles.aspx
  3. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  4. 4,0 4,1 Thomopoulos, St. N, History of the City of Patras from Antiquity to 1821, Patrai 1952, (ed. Triantafyllou, K.N.)
  5. Islamsk leksikon s.v. Baliabadra
  6. Strategus Makrygiannis, "Memoirs", Bok A, Kapittel I, Aten, 1849, http://www.snhell.gr/testimonies/writer.asp?id=102
  7. Triantafyllou, Κ.Ν., Historic Lexicon of Patras
  8. Nasi Balta, "The civilization of raisin. Raisin cultivation in 19th century Peloponnese, the economic crisis, and the revolt of the farmworkers. The political, cultural and social framework" To Vima 06/02/2000 side S03 http://tovima.dolnet.gr/print_article.php?e=B&f=12838&m=S03&aa=1 Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
  9. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pátra