Ålesund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålesund kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ålesund
Areal 371,34 km²
 - land 353,38 km²
 - vatn 17,96 km²
Folketal 58 509  (1. januar 2024)
Målform nynorsk[2]
Ordførar Håkon Lykkebø Strand[1] (Frp) (2024)
Kommunenr. 1508
Kart
Ålesund kommune
62°28′16″N 6°09′15″E / 62.471238888889°N 6.1542388888889°E / 62.471238888889; 6.1542388888889
Wikimedia Commons: Ålesund
Nettstad: www.alesund.kommune.no

Ålesund er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Byen Ålesund er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, han er kjend for sine mange bygningar i jugendstil, bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og det meste av Sandøy kommune blei slåtte saman til nye Ålesund kommune.[3]

Frå 1. januar 2024 vart Ålesund kommune delt, og Haram vart uskild som eigen kommune.

Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 632 km²., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 km² jordbruksareal.[4]

Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.

Byen ligg nær både rike fiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 1950- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.

Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.

Historiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.

Bybrann[endre | endre wikiteksten]

23. januar 1904 vart Ålesund ramma av ein brann. Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co.s fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vestanfor det som i dag blir kalla Brusdalshagen, det vil seie Borgundvegen 39. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag. Totalt gjekk det med om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Berre ein person omkom under brannen.

Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm II sitt namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørgde han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.

Ålesund
Ålesund føre bybrannen

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ålesund held festivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer:

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk frå Ålesund kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlegare Ålesund kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlegare Haram kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlegare Skodje kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlegare Ørskog kommune[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlegare Sandøy kommune[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ålesund kommune Ordførar og varaordførar
  2. Knapt fleirtal for nynorsk i Ålesund. framtida.no (13. desember 2019)
  3. «Endringer i de regionale inndelingene». Statistisk sentralbyrå. 17. januar 2020. Henta 7. mars 2020. 
  4. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 20. desember 2019. Henta 7. mars 2020.