Tears of Rage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tears of Rage
Song av Bob Dylan & The Band
frå albumet The Basement Tapes
Utgjeve 1975
Innspelt 1967
Sjanger Rock
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan, Richard Manuel
Produsent Bob Dylan & The Band
Tears of Rage
Song av The Band
frå albumet Music from Big Pink
Utgjeve 1. juli 1968
Innspelt 1968
Sjanger Rock
Lengd 5:23
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Bob Dylan, Richard Manuel
Produsent John Simon

«Tears of Rage» er ein song skriven av Bob Dylan og Richard Manuel, Dylan teksten og Manuel melodien.

Songen vart først spelt inn under øvingane med The Band i huset «Big Pink» i 1967, med Dylan på solovokal og The Band som akkompagnement. Denne innspelinga vart ikkje offisielt gjeven ut før åtte år seinare, på albumet The Basement Tapes frå 1975. Innspelingane sirkulerte derimot mykje på piratkopiar i tida fram til dette albuemt kom ut.

Den første offisielle utgåva av songen var opningssongen på debutalbumet til The Band, Music from Big Pink frå 1968, utan Dylan og med Manuel på solovokal.

Tears of Rage opna albumet med ein langsam song, som var nok ein måte å gjere opprør mot opprøret. Vi gjekk med medvit mot massane. Få artistar hadde nokon gong opna med ein langsam song, så me berre måtte. I høgdepunktet i den psykedeliske tida med flammande gitarar og endelause soloar og lange jammar, og vi ville ikkje den type album. [...] Songprestasjonen til Richard var ein av dei beste han gjorde nokon gong.
—Levon Helm, This Wheel's On Fire[1]

 

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av fleire andre artistar, mellom andre Joan Baez, Gene Clark, Jerry Garcia, Ian & Sylvia, Jimi Hendrix, Albert Lee, Marty Ehrlich, Karate, Barbara Dickson, Bob Margolin, Totta Näslund og Chantal Kreviazuk.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

1967-innspelinga for Bob Dylan & The Band sitt The Basement Tapes

1968-innspeligna til The Band sitt Music from Big Pink

  • Richard Manuel - Solovokal, piano
  • Rick Danko - Bassgitar, korvokal
  • Levon Helm - trommer
  • Garth Hudson - Lowrey orgel, sopransaksofon
  • Robbie Robertson - Elektrisk gitar gjennom «black box»
  • John Simon - Tamburin, barytonhorn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Levon Helm & Stephen Davies. This Wheel's On Fire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]