Estisk økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emajõe-senteret i Tartu, med den største banken i Baltikum, Hansapank, eit symbol på den raske økonomiske veksten i Estland.

Estisk økonomi er ein kapitalistisk, open blandingsøkonomi i den indre marknaden i EU. Han har på 20 år vorte ein open, moderne tenesteøkonomi med innslag av avanserte teknologibedrifter. Tradisjonelt har økonomien i landet vore dominert av landbruk med låg foredlingsgrad. I 700 år var Estland prega av liveigenskap og underlagt framande makter – Danmark, Tyskland, Sverige, Russland og Sovjetunionen – som fokuserte på jordbruksproduksjon og dikterte den økonomiske politikken i landet fram til 1918. Tre jordreformer etter den gongen har snudd om på det estiske landbruket.

Før moderne tid var meieriproduksjonen den mest avanserte landbruksnisjen, og smør og ost vart eksportert til land i nordvest-Europa. Ein annan stimulans til byøkonomien i Tallinn (Reval) var funksjonen landet hadde som hamnestat for handelen med varer i Austersjøen. Tekstilindustrien vart grunnlagt under Tsar-Russland, men fyrst i etterkrigstida vart det bygd opp ein meir avansert industri i større skala, som eit ledd i den «sosialistiske arbeidsdelinga» i Sovjetunionen. Estland utvikla noko elektronisk industri, mekanisk industri og leverandørindustri til våpenindustrien i Sovjetunionen og romprogram. Det vert òg produsert olje frå oljeskifer i aust langs Narvaelva, på grensa til Russland.

For landbrukssektoren vart sovjetperioden eit sterkt tilbakeslag med tvinga kollektivisering og deportasjon av bønder. Inntektsnivået, som i 1940 var på linje med Finland sitt, låg i 1987 berre på 17 av det inntektsnivået finnane då hadde oppnådd.[1]

Etter sjølvstendet i 1991 har Estland raskt utvikla ein marknadsøkonomi med del- og heilprivatisering av ei rekkje industriar. Landet vart i 1994 eit av dei fyrste i verda med flat skatt uavhengig av inntekt, og i dei to neste åra vart den flate skattesatsen redusert frå 25 % til 24 % og 23 %. Estland har lagt vekt på ein stabil valuta, stimulans av utanlandske investeringar og orientering mot frihandel gjennom EU-medlemskap. Eksport bidreg til meir enn 50 % av BNP, der 80 % av den estiske handelen er med EU.

Allereie på 1990-talet var Estland det austeuropeiske landet som fekk dei største utanlandske investeringane,[2] og som hadde sterkast økonomisk vekst, årleg mellom 7 og 11 % frå 2000 til 2007. Frå omkring 2006 byrja inflasjonen å auke merkbart, og veksten bremsa opp, mellom anna på grunn av ein liten og ufleksibel arbeidsmarknad der mange velferdsgode var knytte til arbeidsplassen, og ny, lønsam produksjon har utfordringar med å skaffe arbeidskraft.[3]

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Frå fangst til føydalisme[endre | endre wikiteksten]

Klosterstaten til Den tyske riddarordenen hadde landområde i «Livland» frå 1237 til 1561.

Jordbruk, jakt og fiske i den såkalla «Kundakulturen» oppstod for 7–9 000 år sidan. Området mangla metall, og bronse måtte importerast frå Polen.[4] Eit fåtal romerske gjenstandar vitnar om relativ fattigdom i romartida, men jordbruket oppstod på denne tida.[5]vikingane kom på 800-talet vart Estland ein viktig transittveg til handelssentera Novgorod og Kijev. Frå Birka i Sverige var Estland ei naturleg rute søraustover for å unngå sarasenske sjørøvarar i Middelhavet. Via Estland gjekk metall austover og tømmer og pelsverk vestover. Tusenvis av myntar frå Bysants, Arabia og Tyskland vitnar om handelen.

1100-talet naut Estland eit slags sjølvstende, og estisk piratverksemd i Østersjøen vekte uro i Sverige og Danmark. Då danskane underla seg landet på 1200-talet, fekk Estland ei viss urban blomstring, med grunnlegginga av «Reval» og Narva som handelssentrum med danske og estiske handelsborgarar. Men i jordbruket gjekk utviklinga motsett veg. Danskane sin de facto okkupasjonsstyrke, dei tyske riddarane, delte Estland opp i føydale jordegods og innførde liveigenskap med ufrie estiske jordarbeidarar.[6] Eit blodig bondeopprør i 1343 avfolka delar av landsbygda. Storbønder og godseigarar i området søkte tysk riddarhjelp for å slå opprøret ned, og ein svekt kong Valdemar Atterdag lét dei tyske riddarane overta kolonien for 19 000 mark sølv.[7] Gjennom salet vart Estland tysk føydalmark dei neste 213 åra.

Utarming av landsbygda[endre | endre wikiteksten]

Den russiske tsaren Ivan IV la på 1580-talet under seg Narva for å få ei god utanrikshamn i vest. I 1588 gjekk han mot Tartu, og svenskane reagerte på trusselen mot austersjømakta si ved å erklære krig mot Russland. Sverige inntok Tallinn i 1561 og førde konstant krig fram til sigeren ved Narva i 1582. Krigane som følgde dei neste 25 åra, kombinert med hungersnaud i Russland 160103, la store byrder på landbruket.[8]

Sjølv om krigføringa reduserte folketalet endå meir, heldt tyske godseigarar framleis eit grep over landsbygda. Samtidig vart den økonomiske kløfta mellom by og land større. Svenskane innførde ein tolerant handelspolitikk, og under guvernør Johan Skytte, ein tidlegare rektor ved Uppsala Universitet, vart Universitetet i Tartu opna i 1632. Boktrykking vart etablert i Tallinn og allmenn skulegang annonsert i 1697. Men utdanningsreforma fekk lita praktisk tyding for jordbruket og ein brå slutt med Peter den store sin invasjon på 1720-talet.

Ein «livonets» (96 kopek) frå 1757, teken i bruk i dei russiske provinsane i Baltikum.

På landsbygda gjekk utviklinga under svenskane, og sidan under det russiske styret, frå gale til verre. Svenskane lét dei tyske landeigarane utøve eit endå strengare rettsregime overfor liveigne bønder. Ei ny hungersnaud i 169597 og 1710 reduserte folketalet med 20–30 % totalt, og med 70 % i Tallinn.[9] Under Den store nordiske krigen, som varde fram til 1721, vart bygda rasert i oppgjeret mellom Sverige og Russland, og den russiske okkupasjonsmakta lét tyske landeigarar vidareføre både rettshandhevinga og skatteinnkrevjinga. Liveigenskap med sal av tenarar for 4–30 rublar florerte.[10] Napoleon si formelle oppheving av liveigenskapen i 1816 fekk ikkje reell effekt før etter nokre tiår; 200 baltisk-tyske adelsfamiliar eigde praktisk talt all den jorda 800 000 estarar arbeidde på.[11]

Bondefrigjering og industrialisering[endre | endre wikiteksten]

Eit stort bondeopprør i 1841 alarmerte den russiske regjeringa, og då Krimkrigen (1850–54) kravde nye skattar, rasjonar og mannskap, såg ikkje Moskva annan utveg enn å la estiske bønder kjøpe seg fri frå arbeidsplikta og verte frie småbønder. I 1861 fall liveigenskapen formelt i heile Russland. Russarar tok i 1890 over rettshandhevinga på landsbygda for å sikre reformene, og før 1910 var 40 % av all privat jord i Estland eigd av estarar.[12]

Den tyske adelen førde også med seg noko utvikling. Den svært billege arbeidskrafta i Estland gjorde det lønnsamt å produsere forbruksvarer på godseigedommane, framfor å importere frå Tyskland. Tyske bryggjeri og destilleri og tysk tekstilindustri vart etablert, og med jernbana i 1870 voks også Tallinn og Tartu fram som industribyar, med estiske handelsborgarar. Omkring 1850 var estarane berre såvidt komne i fleirtal blant dei 20 000 innbyggjarane i Tallinn og dei 14 000 i Tartu. Femti år seinare hadde Tallinn 64 000 innbyggjarar, der berre 10 000 av dei var tyskarar.

Dei nye, estiske handelsborgarane konkurrerte med tyskarane om produksjon og eksport av brennevin, korn og tekstilar, og estarar som betalte skatt fekk stemmerett i lokalval frå 1877. Det vart også grunnlagt estiske aviser med opptil 10 000 i opplag. Frå 1889 fekk estiske produsentar uventa og ufrivillig drahjelp frå Moskva i konkurransen: Den «russifiseringa» som følgde som reaksjon på ekspansjonen til Tyskland under Bismarck, reduserte fyrst og fremst maktposisjonen til den tyske adelen til fordel for estiske og russiske borgarar. Dessutan skapte politikken ein estisk nasjonal motstand, som berre vart sterkare gjennom kornmangelen og kampen om matrasjonane i krigsperioden 191418.[13]

Økonomiske reformer i verdskrise[endre | endre wikiteksten]

Estland vann sjølvstende i Den estiske sjølvstendekrigen frå 1918 til 1920. Den tysk-russiske krigføringa i den fyrste verdskrigen etterlét nok ein gong ei utarma landsbygd, og krigsfinansieringa skapte sterk inflasjon i Russland, der rubelen stadig sokk i verdi. På 1920-talet tyngde ein etterkrigsdepresjon heile Europa, og regjeringane i Estland fann det naudsynt å gjennomføre omfattande reformer.

Ei stor jordreform vart gjennomførd i 1920. Tyske landeigarar fekk kompensasjon, og jordeigedomane vart fordelte blant estiske bønder. Fram til 1939 auka talet på frie bruk frå 86 000 til 140 000, og bruka vart no svært små.[14] Same året vart det innført ei statleg pensjonsordning og allmenn skulegang, to tunge reformer som kravde ein stabil betalingsbalanse som mål for budsjett- og valutapolitikk. Ei sterk og langvarig krise i tekstilindustrien i Sovjetunionen[15] gav betre eksporttilhøve for den estiske.

I 1929 etablerte Estland sin eigen valuta, kroon, og ein sjølvstendig sentralbank. Regjeringane var kortvarige og ustabile, men kom stort sett frå sentrum-venstre med representasjon av bondeparti som kunne formulere krav til jordreformene og på den måten bremse framveksten av sterke kommunistiske rørsler.[16]

Estland vart hardt ramma av den store depresjonen i 1929, og i 1932 var utanrikshandelen halvert. Før og under det diktaturet som Konstantin Päts etablerte i 1934, vart utslaga av den økonomiske krisa motverka gjennom minsteprisar på smør og egg og subsidiar til oljeskiferproduksjon og nydyrking. Estland vart sjølvforsynt med bygg, kveite, rug og høy.[17] Det vart innført toll på import, og arbeidsløysa sokk drastisk. Samtidig auka ganske snart etterspurnaden frå Vest-Europa og Tyskland, og dette supplerte Estland med ein eksportleidd vekst, slik også Noreg opplevde. Før 1937 opplevde Estland mangel på arbeidskraft.

Eksporten omfatta tekstilar, meieriprodukt og andre landbruksvarer, med fokus på handel med Vest-Europa. Berre 3 % av utanrikshandelen involverte Russland. Produksjon av oljesand starta omkring 1925, men eit større volum vart ikkje produsert før på 1950-talet under sovjetokkupasjonen.[18]

Eksperiment i Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Med den sovjetiske annekteringa av Estland 18. juni6. august 1940 vart 90 % av all privat næringsverksemd og byeigedomar over 130 m² nasjonaliserte. Valutaen kroon vart avløyst av rubelen til ein svært ugunstig kurs, noko som ruinerte estiske spararar og handelsborgarar og innebar ei formidabel skattelegging av formuene folk hadde. Berre i jordbruket gjekk sovjetleiarane forsiktigare fram; i byrjinga vart større jordeigedomar stykka opp og delte ut til småbønder.[19] Utbreiinga av kollektivbruk gjekk seint, og svært mange bønder heldt fram med å eige gardsbruk, men måtte etter kvart selje til kollektivbruka til faste, låge prisar.

Talet på bruk i landbruket[20] 1919 1939 1949 1989 1992 1995 1999
Talet på registrerte heiltidsbruk 86 000 139 984 3 000 365 7 029 13 513 11 700

Den tyske okkupasjonen frå 1941 til 1944 gav ingen lettingar. Eigedomane til borgarskapen var framleis konfiskerte og leveranseplikta til bøndene vart berre endå større. Og då sovjethæren kom tilbake, vart produksjonslivet ramma endå meir, då 10 % av estarane – og halvparten av den politiske og akademiske eliten – flykta til Sverige eller Tyskland.[21] Alle større fabrikkar var bomba, og halvparten av husdyrhaldet på landsbygda var vekke.[22]

Sovjetleiarane tok raskt over all industri, for å vinne kontroll og knuse den anti-kommunistiske grunnstraumen som var komen til uttrykk under den tyske okkupasjonen.[23] Leiarane vidareførde fyrst ei forsiktig kollektivisering av landbruket etter det tyske nederlaget. Dei siste attverande storgardane vart delte opp og gjevne til småbønder eller russarar som flytta inn i den nye sovjetrepublikken. Matvarene måtte igjen seljast til statlege grossistar og etter kvart til kollektivbruk – kolkhozy. Forbruket til bøndene vart det medvite kjempa mot gjennom låge dikterte prisar og løningar kombinert med rasjonering, og bønder og småborgarar som hadde tent pengar under krigsøkonomien, fekk sparepengane sine effektivt konfiskerte gjennom valutareforma i 1947.[24]

Kollektivisering av jordbruket i Estland vart vedteke 21. mai 1947. Same året vart eit kollektivbruk etablert på øya Saaremaa. I mars 1949 var meir enn 500 kollektivbruk etablerte, og i juni var talet oppe i 3 000 store kollektivbruk, som avløyste 140 000 små, frie gardsbruk. Same året vart 22 000 bønder sende til straffeleirar i Sibir, ofte berre for å ha vist den minste motstand mot kollektiviseringa.[25]

Landarbeidarar fekk ha att 0,6 hektar dyrkingsjord og 1,5 hektar beitemark til ei ku og nokre griser og sauer.[26] Landbruksproduksjonen vart svekt ved at kollektivleiarar, av frykt for arrestasjon dersom produksjonen ikkje nådde budsjettet, konsekvent underbudsjetterte og manipulerte produksjonstala. Dessutan var industri- og jordbrukstilsette bundne til arbeidsplassen, noko som skapte arbeidskraftmangel og flaskehalsar i fleire bransjar.[27] Jordbruksproduksjonen vart også hemma av høge produksjonsmål og skattar, kombinert med vanskeleg produksjonsplanlegging sidan kollektivbruka ikkje fekk eige sine eigne maskiner.[28]

Figur som viser produksjonen av olje frå oljeskifer, målt i millionar tonn. Den estiske produksjonen er vist i grønt.

For å støtte opp om rustingskappløpet og auke kontrollen over arbeidsmarknaden vart det bygd ut tungindustri i stor skala. Dei store investeringane i industri i Sovjetunionen gjekk klart utover landbruksinvesteringar og forbruksvareproduksjon i Stalin-perioden.[29] Fyrst i 1950 var reallønene igjen oppe på 1940-nivå.[30] Produksjonen av naturgass frå oljeskifer i Kohtla-Järve i nordaust vart raskt etablert, og kunne i 1948 dekkje gassforbruket til heile Leningrad. Tallinn fekk ikkje gassforsyning før i 1953. Samtidig vart gruver og dagbrot utvikla for produksjon av fosfat og uran, og Estland fekk etablert nye anlegg innanfor kjemisk industri og papirindustrien. Arbeidskraftmangelen som følgde av den andre verdskrigen vart kompensert ved innvandring av 200 000 etniske russarar i Stalin-perioden, frå 1945 til 1953.

Det fyrste av fleire økonomiske eksperiment følgde i kjølvatnet av Khrustsjov sin kritikk av Stalin på den 20. partikongressen i 1956. Attlevande estarar som var fengsla i Sibir etter krigen, fekk vende heim att. Handhevinga av arbeidsplikt på kollektivbrukene vart samtidig mildna, og dei private jordlappane fekk styrkt stillinga si.[31] Det vart gjeninnført fri arbeidsmarknad der folk kunne søkje arbeid i nye bransjar, og leiarar ved kollektivbruk og statsføretak vart fritekne for frykta for arrestasjon dersom resultata vart dårlege.[32] Og landbruket tok eit positivt skritt då Estland som fyrste sovjetrepublikk innførse avløning i pengar (framfor i naturalia) for landarbeidarane sine, i 1959. No auka landbruksproduksjonen raskt, og investeringane vart kanaliserte til fornying og teknologisering av kollektivbruka. Frå 1953 til 1964 vart landbruksinvesteringane firedobla.[33] Kornprisane og landbrukslønene til staten vart auka for å styrkje incentiva i produksjonen.

Men på andre område vart det stramma inn, og mange reformer var mislukka. I 1957 innførde Khrustsjov eit system med 105 regionale plankontor (sovnarkhozy) i konflikt med sentral planlegging gjennom Gosplan. Dobbeltplanlegginga førde snart til oppløysing av all kontroll med produksjonen, ikkje minst i Estland, der det offisielle planorganet (sovnarkhoz) i 1962 kontrollerte så lite som 0,2 % av produksjonen i republikken.[34] Prisauker på matvarer i 1962 skapte motstand i breie lag, og i 1963 opplevde sovjetjordbruket ei regelrett krise med 8 % produksjonsfall.[35] Men sjølv om ei katastrofalt låg avling i 1963 bidrog til fallet til Khrustsjov, heldt landbruksreformene fram under etterfølgjaren Leonid Bresjnev. Marknadsorienterte eksperiment stoppa derimot opp.[36]

Produksjonen av kapitalvarer auka framleis raskare enn forbruksvarer, men politikken var endra – den niande femårsplanen (197175) sette høgare vekstmål for forbruksvareproduksjonen.[37] Likevel viste det sentraliserte kollektivsystemet seg å svekkje incentiva til bøndene mykje. Jordbruksproduksjon krev mange sjølvstendige, individuelle val i møtet med årstider, vêromslag og klima. Med kollektiviseringa vart kvar enkelt tilsett si vurdering skoven i bakgrunnen eller overstyrd av diktat eller frykt for kollektiv avstraffing. Kollektivbruka vart dessutan stadig større – 3 000 bruk hadde vorte til berre 365 i 1989. Den vesle private jordflekken på opptil 2,1 hektar gav noko utløp for initiativ, som kunne avlesast i langt større produktivitet på dei private jordlappane.[38] I sovjetperioden vart opptil 14 av korn- og 13 av kjøtproduksjonen eksportert til andre sovjetrepublikkar.[39]

Den økonomiske politikken til Mikhail Gorbatsjov fekk tilnamnet perestrojka («gjenoppbygging») og vart promotert på eit eige frimerke i 1988.

Perioden under Mikhail Gorbatsjov frå 1985 til 1991 gav for fyrste gong verkelege reformer i økonomien, etter at den økonomiske veksten truleg hadde stoppa heilt opp.[40] Kollektivbruka fekk bestemme over eigen produksjon, eigedomsretten til maskiner vart desentralisert og bøndene fekk igjen kjøpe maskiner og dyrke større private jordlappar og eige husdyr. Dette var den tredje store jordreforma i landet i det århundret. I 1988 stod dei private jordlappane i Sovjetunionen for 4 % av jordbruksarealet, men 60 % av produksjonen av poteter, 30 % av alle grønsaker og ein større del av mjølka, kjøtet og egga som vart produsert.[41]

I juni 1987 vart det innført reformer der industrien vart utsett for intern og intra-sovjetisk konkurranse, med moglegheit for konkursar, oppseiingar eller permitteringer og friare prisdanning. Det vart også opna for fellesføretak med utanlandske partnarar, etter kvart med meir enn 49 % utanlandsk eigarandel. Og 1. januar 1988 gjekk meir enn halvparten av alle føretak over til reell, intern rekneskapsføring og eigenfinansiering av produksjonen gjennom salsinntekter.[42] Oppseiingar, vidare subsidiar og sosiale stønader gav no sterkt press på dei offentlege utgiftene, og under den nye atmosfæren med lokalt sjølvstyre nytta partileiinga i Estland og andre sovjetrepublikkar høvet til å halde tilbake skatteinntekter og bruke dei lokalt. I mai 1989 vedtok Det øvste sovjet i Estland ei Lov om økonomisk sjølvstende, og ei sjølvstendeerklæring i november same året.

Sjølvstendig marknadsøkonomi i EU[endre | endre wikiteksten]

Ved sjølvstendet i 1991 var sovjetøkonomien i fritt fall – jordbruket slo feil på andre år på rad, industriproduksjonen svikta, og oljeeksporten fall med 50 % på tre år.[43]. Det sjølvstendige Estland sleit framleis med etterverknadene av sovjetperioden i nokre år og møtte nye utfordringar. Jordreforma frå 1989 vart sluttførd med full tilbakeføring av tidlegare kollektivisert land til dei opphavlege eigarane i 1991. Men sjølvstendet stengde den sovjetiske eksportmarknaden for landbruksprodukt, samtidig som det estiske jordbruksoverskotet møtte tollmurar og høge helsekrav i EU. Grossistprisane og investeringane i landbruket var kunstig låge heilt fram til EU-medlemskapen, og mange forlét landbruket. I tiåret 19902000 fall jordbruksproduksjonen med 54 %.[44]

Meir enn nokon annan er økonomen Siim Kallas arkitekten bak det estiske «tigerspranget». Kallas starta karrieren sin som ekspert i det estiske finansdepartementet i sovjettida, vart deretter både sentralbanksjef, finansminister og statsminister i Estland, før han vart den fyrste EU-kommisjonæren i Landet.
Foto: U.S. Department of State, september 2002

Estland staka tidleg ut ei radikal liberalisering av økonomien, som kom til å overføre arbeidskraft og kapital frå landbrukssektoren til særleg tenestenæringane. Skattepolitikken vart utforma for å stimulere maksimal investering og arbeidsinnsats – med flat skatt og gradvis nedtrapping av skattesatsen. For statsbudsjettet vart det lovfesta budsjettbalanse og stramma vesentleg inn for å unngå statsgjeld og for å kunne skjerme eit minimum av sosiale ytingar. I juni 1992 vart valutaen rubel igjen erstatta med den 100 % konvertible kroon (EEK) og bunden til tysk mark etter kursen 8:1. Estland følgde ikkje tyskarane sin overgang til euro i 1999, men kroon til euro på kursen 15,6466 EEK. 27. juni 2004 vart valutaen i Estland tilknytt den europeiske vekslingsmekanismen. Innføringa av euro var opphavleg planlagt i 2008, men høg inflasjon har ført til at fristen er forskoven til 2010.

Tidleg i 1992 opplevde Estland kredittmangel og bankkrise, og sektoren vart difor modernisert med effektive konkurslover, og liberalisert ved at utanlandske investorar fekk høve til å kjøpe seg opp til majoritetsposisjon i estiske bankar. Reformene betra kreditten til investeringar, omstilling og modernisering.

Vidare vart utanlandske investeringar kraftig stimulerte gjennom skatteincentiv og liberal eigedomsregulering. I dei fyrste åra vart ei rekkje statsverksemder privatiserte. Den statlege televerksemda vart omdanna ved grunnlegginga av Eesti Telekom AS i 1991, eit føretak som innan få år vart delprivatisert til svensk-finske TeliaSonera og børsnotert. Sidan vart også jernbane, flyselskap og ulike industriverksemder privatiserte, slik at berre hamnedrift og kraftproduksjon i dag er i statlege hender. I 2007 vart likevel jernbaneføretaket Eesti Raudtee kjøpt tilbake til statleg eige.

I 1996 opna det ein eigen børs i Tallinn. Dette stimulerte også omstillinga i økonomien ved at heimlege og framande investorar fekk høve til å overta og utvikle verksemder og tilføre omstillinga frisk kapital. Tallinn-børsen vart kjøpt opp av Helsinki-børsen/OMX i 2001.


Estland vart medlem av WTO i 1999, og utvikla seg frå mottakarland til donorland i IMF i løpet av dei neste ti åra. Landet har hatt eit større underskot på betalingsbalansen, men budsjettpolitikken har likevel bidrege til å redusere det noko.

Estland innleidde medlemskapsforhandlingar med EU i 1998. Medlemskapet frå 2004 gav full integrasjon i den indre marknaden i EU og opna den estiske økonomien opp for større investeringar og breiare eksport, men også for import og utflagging eller nedlegging av lite konkurransedyktig produksjon. Såkalla «omstillingstaparar» (transition losers) som ikkje har makta overgangen til meir kunnskapsbasert produksjon og større individuelt ansvar for avløning og velstand, har særleg omfatta pensjonistar og arbeidstakarar som stod midt i karrieren i sovjettida.[45]

I 2007 hadde inflasjonen stige til 6,7 %, etter å ha lege vesentleg lågare frå 1999 til 2006. Dei viktigaste årsakene til inflasjon i Estland var den aukande globale råoljeprisen, høg økonomisk vekst med arbeidskraftmangel, og raskt aukande prisar i eigedomsmarknaden. Den planlagde innføringa av euro har vorte utsett frå 2007 til perioden 2011–13, i påvente av betre kontroll med inflasjonen.

I fyrste kvartal 2008 opplevde Estland ei sterk demping av den økonomiske veksten, og regjeringa fann det for fyrste gong naudsynt å fråvike lovfestinga av budsjettbalanse. Ein stimuleringspakke i ekstraordinært statsbudsjett vart vedteken ved at budsjettinntektene – fyrst og fremst moms og arbeidsgjevaravgift – for 2008 vart reduserte med 6,1 milliardar EEK, og utgiftene kutta med 3,2 milliardar EEK,[46] i alt eit underskot på om lag 4–5 milliardar norske kroner.

På grunn av den svært opne økonomien sin, lånefinansieringa og den høge kapitalimporten, vart Estland merkbart ramma av finanskrisa i 2008. Landet opplevde ein nedgang i bruttonasjonalproduktet på 1 % i fyrste kvartal, 1,4 % i andre kvartal, 3 % i tredje kvartal og 9,4 % i fjerde kvartal 2008. Sidan folkeveksten er tilnærma null, utvikla BNP målt per innbyggjar seg med dei same storleikane, altså med negativ økonomisk vekst på om lag –3,6 % i 2008.[47] Dette var den nest sterkaste nedgangen i heile EU i 2008, berre Latvia fekk større nedgang.[48] Særleg sterk var nedgangen i bygg- og anleggsbransjen, medan eksportindustrien klarte seg bra med auka eksport og betra handelsbalanse i 2008.

Økonomisk politikk og offentlege finansar[endre | endre wikiteksten]

Det har vore brei semje om den økonomiske politikken over tid sidan sjølvstendet i 1991, ikkje minst fordi sentrum-høgre-parti har dominert regjeringsdanningane. Sjølv om mange regjeringar har avløyst kvarandre, har nokre nøkkelpersonar hatt stor innflytnad på den økonomiske politikken, ikkje minst statsministrane Mart Laar og Siim Kallas.

Hovudmålet med den økonomiske politikken har vore å sikre økonomisk vekst gjennom rask strukturell omstilling av produksjonslivet, utanlandske investeringar, auka produktivitet og meir effektive finansmarknader. Hovudverkemidla for å nå desse måla har vore høvesvis privatisering, liberal formue- og eigedomsregulering, låg, flat skatt, og liberalisert banklovgjeving.

Skatten for verksemder og privatpersonar i Estland er 21 %. Han er flat og har vore trappa ned med 1 prosentpoeng kvart år, med mål om 18 % skattesats i 2010, dvs. lik skatt på arbeid og varer, sidan dagens sats for moms også er 18 %. Trass i skattesenkingane har offentleg budsjettunderskot og gjeld vorte redusert sidan 2005. Utgiftene til staten har vore bremsa gjennom sal av ulønsame statseigde verksemder og effektivisering i offentleg sektor. Samtidig har inntektene til staten auka etter skattereduksjonane – Estland har hatt eit stort, uforløyst verdiskapingspotensial og har lege «til venstre på Lafferkurven».[49] Frigjeringa av produksjonslivet frå sentralstyringa og planlegginga i sovjettida har truleg gjeve så stor økonomisk vekst at sjølv «overgangstaparar» har støtta opp om den radikale økonomiske politikken.

Den stramme finanspolitikken har medført at Estland har lagt opp valutareservar, og under finanskrisa 2007–2009 har styresmaktene i landet brukt denne handlefridomen til å stimulere økonomien med underskotsbudsjettering, ved letter i ei rekkje særavgifter. Dette har i 2008 svekt inntektssida på budsjettet og gjeve landet det fyrste budsjettunderskotet sidan 1990-talet.

Offentlege budsjett, i mill. EEK 2005 2006 2007 2008
Inntekter ekskl. folketrygd 61 654,8 76 089,7 91 225,0 94 090,6
Statleg sektor 46 639,3 57 735,2 69 027,6 68 621,0
Kommunesektoren 15 653,8 19 274,3 22 316,2 26 035,7
Folketrygd og sosiale fond 8 047,9 9 392,7 11 785,3 13 409,5
Utgifter ekskl. folketrygd 59 060,2 70 115,1 84 770,1 101 471,5
Statleg sektor 44 042,6 53 148,7 62 783,8 74 634,0
Kommunesektoren 16 466,3 19 121,7 23 447,4 27 937,9
Folketrygd og sosiale fond 7 237,5 8 157,2 10 443,1 12 875,1
Budsjettbalanse ekskl. folketrygd 2 594,6 5 974,6 6 454,9 –7 380,9
Budsjettbalanse ekskl. folketrygd 4,21 % 7,85 % 7,08 % –7,84 %

Den offentlege politikken har også vore av meir målretta, næringspolitisk art. Estland har satsa på forsking og innovasjon, og i 1996 starta regjeringa IT-prosjektet Tiigrihüpe med utrulling av breiband til alle skular.[50] Prosjektet utvikla også rutinar og teknologi for anti-hacking-oppdrag, og i 2007 bidrog dette til at NATO oppretta eit anti-cyber-krigføringssenter i TallinnNATO Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence. Tiigrihüpe nyt godt av kunnskap som vart bygd opp ved eit kybernetisk institutt som låg i Tallinn i sovjetperioden. Estland har også satsa mykje på digitalt tilgjengelege offentlege tenester og sakshandsaming.

Økonomiske resultat[endre | endre wikiteksten]

Figur som viser den økonomiske veksten i BNP kvart år frå 1996 til 2008, med nullvekst eller negativ vekst under nedgangskonjunkturen i 1999 og finanskrisa i 2008. I heile EU hadde berre Latvia sterkare nedgang i 2008.

Fram til 2006 var den estiske økonomien ein av dei raskast veksande i verda, og fleire år tangerte veksten 10 %. Gjennom ein kombinasjon av høg vekst og omstilling av produksjonen til konkurranseutsett marknadsøkonomi, har Estland makta å halde inflasjon og arbeidsløyse nede. Dei fyrste ti åra var likevel tøffe og ujamne. Mange estarar forlét landet dei fyrste åra etter sjølvstendet; folketalet fall med heile 194 000, eller 12 %, frå 1989 til 2000. Arbeidsløysa var tidvis høg og nådde 12,5 % i 2000, men er på veg ned, takka vere jobbskaping, og lønsnivået stig for mange, grunna produktivitetsvekst.[51]

Landet har utan tvil hatt både raskare vekst og meir vellykka nyskaping enn Latvia og Litauen. Estland har ført ein stram finanspolitikk og offensivt trekt til seg utanlandsk kapital, og har i motsetnad til dei to nabolanda sine i Baltikum oppnådd låg offentleg gjeld og gode valutareservar. Trass i låg investering i jordbruket, er totalinvesteringane svært høge, med 31–34 % av BNP dei siste fem åra.[52] I desember 2008 var Estland eit av donorlanda i IMF som ytte økonomisk krisebistand til Latvia. Men i 2008 fekk Estland sjølv sterk økonomisk nedgang, og i EU var det berre Latvia som opplevde større økonomisk nedgang.[53] Den svært opne og investeringsavhengige økonomien har ei større innanlands lånefinansiering av veksten, noko som truleg har bidrege til eit større konjunkturutslag i Estland enn i nabolanda.

Bankreformene har også verka. I 2005 var Estland rangert som nummer 21 av i alt 121 land på det amerikanske, sjølvstendige Milken Institute si rangering av kapitaltilgang – Capital Access Index 2005, framfor mellom andre Austerrike og Italia. I 2007 og 2008 steig plasseringa til høvesvis 19. og 15. plass globalt, framfor Japan, Tyskland, Frankrike og Irland.[54]

Estland var allereie før Sovjetunionen fall meir velståande enn Latvia og Litauen, og den sterke økonomiske veksten sidan midten av 1990-talet har auka dette forspranget. Men aukande lønskostnader, auke i oljeprisen og behov for avgiftsauker verkar samtidig inflasjonsdrivande.

I fjerde kvartal 2008 var ei gjennomsnittleg, brutto månadsløn på 13 117 kroon, eller om lag 7 000 norske kroner.[55] Lønsinntektene har auka raskt, frå 35 euro i 1992 til 456 euro i 2003, og altså 838 euro i 2008. Full pensjon er om lag halvparten av lønsnivået og kviler på statleg folketrygd, obligatorisk fondssparing og frivilleg fondssparing.[56]

Arbeidsløysa auka merkbart ved avviklinga av den subsidierte statsøkonomien frå 1990-talet. Dei siste åra har ho stabilisert seg på 5–10 %, men med store regionale variasjonar. Størst er arbeidsløysa i fylka med tungindustri i nordvest; både Ida-Viru og Jogeva maakond hadde ei arbeidsløyse på over 16 % i 2005, mot 4–6 % i Tartu, Viljandi og Pärnu maakond midt i landet. I hovedstadsfylket rundt Tallinn var arbeidsløysa same året på 7,5 %.[57]

Økonomiske nøkkeltal 2000 2005 2006 2007 2008 Kjelde
BNP [58]5,62 mrd. USD 13,94 mrd. USD 16,61 mrd. USD 21,28 mrd. USD [59]c. 21,00 mrd. USD Verdensbanken [60]
BNP (vekst) 9,6 % 10,5 % 11,4 % 7,0 % –3,6 % stat.ee
BNP per innb. 4 108 USD 10 368 USD 12 396 USD 15 932 USD [61]15 555 US$ Verdsbanken, stat.ee
BNP per innb. (PPP) c. 9 500 USD 15 478 USD 19 155 USD c. 21 400 USD 20 259 USD UNDP, IMF
Ind.produksjon (vekst) 14,6 % 11,0 % 9,9 % 9,5 % –6,3 % Eurostat, stat.ee
Konsumprisar 4,0 % 4,1 % 4,4 % 6,6 % 10,4 % stat.ee
Rente, Talibor 3 mnd. 5,13 → 6,13 % 2,41 → 2,60 % 2,60 → 3,85 % 3,85 → 7,30 % 7,23 → 7,87 % Den estiske sentralbanken
Arbeidsløyse 13,5 % 8,0 % 5,8 % 4,6 % 5,5 % stat.ee
Eksport 81,5 mrd. EEK 138,9 mrd. EEK 165,9 mrd. EEK 177,7 mrd. EEK 189,2 mrd EEK stat.ee
Import 85,0 mrd. EEK 149,8 mrd. EEK 189,5 mrd. EEK 203,7 mrd. EEK 200,3 mrd. EEK stat.ee
Handelsbalanse –3,5 mrd. EEK –10,9 mrd. EEK –23,6 mrd. EEK –26,0 mrd. EEK –11,1 mrd. EEK UNDP, WTO
Netto utanl. investeringar 0,39 mrd. USD 2,94 mrd. USD 1,797 mrd. USD 2,69 mrd. USD Verdsbanken[62]
Betalingsbalanse –0,30 mrd. USD –1,38 mrd. USD –2,76 mrd. USD –3,77 mrd. USD –2,18 mrd. USD Den estiske nasjonalbanken[63]
Betalingsbalanse –5,18 mrd. EEK –17,37 mrd. EEK –34,30 mrd. EEK –43,16 mrd. EEK –22,89 mrd. EEK Estlands Bank
Off.gjeld, prosentdel av BNP 5,17 % 4,52 % 4,26 % 3,49 % 4,79 % stat.ee

Fordeling og sosiale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Den låge arbeidsløysa vitnar om god fordeling av lønnsarbeid, men det er truleg ein del skjult arbeidsløyse i form av tidleg pensjonerte arbeidstakarar som fekk utdanninga og yrkesstarten sin i sovjetperioden og ikkje følgjer med i kunnskapsutviklinga. Sidan 2000 har talet på Internett-brukarar auka frå 28,6 % til 63,7 %, medan mobiltetthleiken har auka frå 41 % til 148 %.[64] Gini-koeffisienten i 2005 var på 35,8.[65] Estland har dermed ein grad av inntektsfordeling som ligg om lag midt mellom gjennomsnittet i EU (30) og nivået i USA (40).

Sosiale ulikskapar skaper likevel ikkje større politiske spenningar enn at det sosialdemokratiske partiet Sotsiaaldemokraatlik Erakond gjekk i regjeringsallianse med det borgarleg-liberale Eesti Reformierakond. Den estiske fagrørsla har nasjonale overeinskomstar og eit fastsett regelverk for tariffoppgjer og konfliktløysing i arbeidslivet. Det er to hovudorganisasjonar – EAKL for dei «tradisjonelle» yrkesgruppene, og den meir frittståande TEKL – som begge er medlemmer av Euro-LO (ETUC).

I 2003 ville Viking Line omregistrere skipet «Rosella», som gjekk på ruta HelsinkiTallinn, frå finsk til estisk flagg og hyre om mannskapet til estiske tilsette på estiske arbeidsvilkår.[66] Sjømennene streika og Den internasjonale sjømannsføderasjoenn (ITF) i andre europeiske land gjekk til kollektiv sympatiaksjon. EF-domstolen stadfesta delvis streikeretten i avgjerda 11. desember 2007.[67] Samtidig gjenstår det viktige, praktiske avklaringar av denne retten sett opp mot den frie arbeidsmarknaden i landa, som inngår i dei fire fridomane i EU. Denne saka har aktualisert retten til fagorganisering etter konsernmodellen på tvers av landegrenser for å motarbeide sosial dumping.[68]

Med vedtaket av tenestedirektivet i EU vil lønsskilnadene mellom Estland og dei nordiske landa verte eit konkurransefortrinn på individnivå, ved at estiske føretak vil kunne ta oppdrag i Norden og andre EØS-land på estiske vilkår (opphavslandsprinsippet). Sett frå ein fagleg-politisk ståstad er derimot kritikken av direktivet at det vil kunne verte eit hinder for å halde fram lønsutviklinga i land som Estland.

Estland ligg høgt på lista når det gjeld utvikling (Human Development Index), med 42. plass globalt innan menneskeleg utvikling. Levealderen er derimot relativt låg, 71,3 år er 92. plass globalt.[69]

Struktur og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kredittbanken (Krediidi Pank) i Tallinn.

Næringslivet i Estland har vore gjennom store endringar sidan 1991. Den relativt store økonomiske viktigskapen landbruket hadde har vorte mindre, tungindustrien har vorte effektivisert eller lagt ned, medan det har vokse fram ein stor tenestesektor, ikkje minst innanfor varehandel, finanstenester og bygg og anlegg. I dag utgjer tenestenæringar heile 67 % av BNP, industrien utgjer 28 %, og primærnæringane 5,5 % – der jordbruket utgjer halvparten, og skogbruk og treforedling ein fjerdedel.

Den kroniske dempinga av privat konsum i sovjetøkonomien, kombinert med dårleg fungerande marknader og transport, medførde at Estland hadde eit enormt potensial for eigenproduksjon og privat tenesteyting på 1990-talet. Dei siste åra har den heimlege forbruksvareindustrien byrja å vekse raskare enn tenestesektoren.

I jordbruket har talet på mindre bruk halde fram med å falle og investeringane har vore kronisk låge. Derimot har agroindustrielle føretak hatt vekst. Medan dei 12 000 gardsbruka i landet åtte 52 % av jordbruksarealet med 20,7 hektar kvar i snitt i 2001, høyrde 31 % av jorda til store, agroindustrielle einingar på 467 hektar i snitt, og 17 % høyrde til nesten 180 000 ørsmå familieeidge jordlappar. Særleg mjølkeproduksjonen er sentralisert – 34 av mjølkekyrne står på 340 store produksjonsanlegg. Aukande kvalitets- og helsekrav gjev ei stadig sentralisering av produksjonen, men framleis vert halvparten av dyrkingsarealet brukt til høgproduksjon.[70]

Dei største bryggjeria i landet, «Saku» i Tallinn og «A’le Coq» i Tartu, har over 100 års historie. Føretaket Kalev produserer sjokolade og godteri, og har elles også teke over møbelfabrikanten Luterma. Tekstilindustrien møter billigimport frå Asia, men har lenge hatt stor suksess med merke som «Monton», «Baltman» og «Ilves». Føretaket Kreenholm i Narva er ein tradisjons- og suksessrik fabrikant av bomullsvarer.

I sovjetperioden var oljesandindustri, tekstilindustri, papirindustri og kjemisk industri dei viktigaste bransjane utanom jordbruket. Større elektronikkprodusentar for den sovjetiske våpenindustrien vart avvikla, men elektronisk og mekanisk lettindustri er igjen i rask vekst. I 2000 vart eit større produksjonsanlegg i Estland (og Ungarn) opna av finske Elcoteq, med produksjon av mobiltelefonar for Ericsson. Andre føretak produserer kablar, PC-komponentar, laboratorieutstyr og bildelar i Estland. Det er også vekst i metallvareindustrien.

Føretaket Tallink sine ferjer «Star» og «Galaxy» på kaia i Helsinki.

Den kjemiske industrien i nordaust måtte omstille seg frå sovjetisk våpenproduksjon til sivile føremål etter sjølvstendet og omfattar det ukrainskåtte Nitrofert (kunstgjødsel og ammoniakk), Viru Keemia (oljesand) og det amerikanskåtte Velsicol (benzosyre) i byen Kohtla-Järve og Silmet (sjeldne edelmetall) i Sillamäe.

Estland er nesten sjølvforsynt med energi. Meir enn 95 % av dei lokale elektrisitetsbehova i kraftverk vert møtte av olje og gass som vert utvunne frå oljeskifer.[71] Alternativ energi, som treverk, torv og biomasse, utgjer 9 % av den primære energiproduksjonen, i og utanfor kraftverk. Bensin og andre raffineringsprodukter må derimot importerast frå Russland og andre stader i Europa.

Den isfrie hamna i Muuga ved Tallinn har vorte modernisert med gode transittmoglegheiter, kornlager, kjølelager og ein ny oljeterminal. Føretaket Tallink er det største i Estland, og driv snøggåande ferjer mellom Tallinn, Helsinki og Stockholm med 3,2 millionar billettar årleg. Ruta var særleg lukrativ etter at EU utvida tollfrikvotene for alkohol, men den store grensehandelen vart merkbart redusert då Finland i 2003 reduserte alkoholavgiftene sine sterkt for å avgrense handelslekkasjen. Storparten av dei 3,4 millionar turistane i Estland er finnar,[72] medan 50 000 årleg er nordmenn. Estonian Air og Tallinn lufthamn med detaljhandelen sin er ein viktig verdiskapar og arbeidsgjevar.

Dei største føretaka finn ein i dag innan tenestenæringar som banknæringa, telekommunikasjon, IT, transport og bygg og anlegg. Det er dessutan sterke aktørar innanfor møbelindustri, tekstilindustri, elektronikk og gambling.

Skype har utviklingssenteret sitt i Tallinn, og 200 av dei 420 tilsette er lokaliserte der. Eit overslag oppgjev at det er 2 000 IT-systemutviklarar i Estland, og bilettenesta Kazaa oppstod i Tallinn.[73]

Turismen står direkte og indirekte for kanskje så mykje som 10 % av BNP-et til landet.[74] Meir enn 84 % har mobiltelefon, og Eesti Telekom bidreg til å utvikle mobil betaling, offentlege e-tenester og andre komponentar av ein elektronisk økonomi.[75]

Dei største føretaka i Estland Bransje Børsnotert Marknadsverdi
29. april 2009, mill. EUR[76]
Omsetnad
2007/08, mill. EUR
Omsetnad
2007/08, mill. EEK
Tallink Grupp Transport (ferje) OMX Tallinn 222,36 [77] 786,8 12 310,0
Eesti Energia Energi Statleg [78] 578 9 043,7
Tallinna Kaubamaja Varehandel OMX Tallinn 75,35 [79] 417,0 6 531,0
Hansapank Finans Stockholm [80] 397,3 6 216,4
Eesti Telekom Telekommunikasjon OMX Tallinn 675,98 395,6 [81] 6 190,0
BLRT Grupp Skipsbygging [82] 363,8 5 692,2
SEB Eesti Ühispank Finans 884,2 [83] 4 993,0
Merko Ehitus Bygg og anlegg OMX Tallinn 39,83 297,4 [84] 4 654,0
Nordecon International Bygg og anlegg OMX Tallinn [85] 247,2 3 867,9
Eesti Kesko Varehandel Helsinki [86] 189,7 2 968,2
Olympic Entertainment Group Gambling OMX Tallinn 61,91 [87] 179,0 2 800,8
Järvevana Bygg og anlegg OMX Tallinn 3,89 [88] 178,9 2 798,5
Elisa Eesti Telekommunikasjon OMX Helsinki [89] 150,7 2 357,9
Tele2 Eesti Telekommunikasjon Stockholm [90] 1 121 mill. SEK [91] 1 850,0
Liviko Alkohol [92] 118,0 1 846,0
Eesti Raudtee Transport (jernbane) Statleg 115,5 [93] 1 809,6
Viru Keemia Grupp Petroleum, kjemisk 114,2 [94] 1 787,0
Silvano Fashion Group Tekstilindustri OMX Tallinn 13,20 [95] 108,3 1 694,8
Eesti Gaas Petroleum, energi 104,2 [96] 1 630,3
Stora Enso Timber AS Papirindustri Helsinki [97] 95,9 1 503,1
Sampo Pank Eesti Finans København [98] 700 mill. DKR [99] 1 470
Norma Automotiv industri OMX Tallinn 36,30 [100] 88,3 [101] 1 382,1
Estonian Air Transport (fly) 88,2 [102] 1 380,9
Luterma Treforedling OMX Tallinn 13,94 [103] 86,2 1 348,4
Ekspress Grupp Media OMX Tallinn 11,57 [104] 84,6 1 323,4
Baltika Grupp Tekstilindustri OMX Tallinn 8,76 [105] 76,3 [106] 1 194,3
Tallinna Sadam Transport (hamna i Tallinn) 74,8 [107] 1 169,0
Eesti Statoil Varehandel Oslo 64,0 [108] 1 000,0
Nitrofert Kjemisk industri Ukraina [109] 60,0 940,0
Kalev Grupp Matvareindustri OMX Tallinn 59,2 [110] 925,7
Saku Õlletehase Bryggjeri 58,8 [111] 920,1
Harju Elekter Elektronikk OMX Tallinn 14,45 55,7 [112] 871,6
Kreenholmi Valduse Tekstilindustri 49,4 [113] 773,1
Tallinna Vesi Vassforsyning OMX Tallinn 180,00 46,0 [114] 719,9
Arco Vara Eigedom OMX Tallinn 9,53 42,2 [115] 660,0
Viisnurk Treforedling OMX Tallinn 3,19 15,9 [116] 249,5
Eesti Krediidi Pank Finans 12,2 [117]191,1

Utanrikshandel og investeringar[endre | endre wikiteksten]

Den estiske eksporten utgjer om lag 190 milliardar kroon eller rundt 110 milliardar norske kroner årleg, medan den noko større importen utgjer omtrent 200 milliardar kroon eller 113 milliardar norske kroner. Eksporten utgjer dermed om lag 80 % av BNP, noko som gjer den estiske økonomien svært open. Om lag 13 av eksporten er tenesteeksport, medan tenester berre utgjer 15 av importen.

Eksporten omfattar ikkje minst møblar, elektronikk (mellom anna mobiltelefonar), maskiner og varer av jern og aluminium, kunstgjødsel og papir. Fisk og meieriprodukt har også ei mindre tyding. Dei største marknadene for estisk eksport er Finland (18 %), Sverige (14 %), Russland (10 %), Latvia (10 %), Litauen (6 %) og Tyskland og USA (5 %).

Estland importerer ei rekkje forbruksvarer frå Finland, Sverige, Latvia, Litauen og andre EU-land, ikkje minst bilar, maskiner, råmetall og bensin. Det er derimot ein klar tendens til at ein føretrekk heimleg produserte matvarer.[118] Landet importerer treverk og cellulose til papirindustrien frå Russland, Latvia og Litauen. Dei største importkjeldene er Finland (15 %), Tyskland (13 %), Sverige (10 %), Latvia og Litauen (9 %) og Russland (7 %).

Handelen mellom Noreg og Estland var i 2004 på om lag 2 milliardar norske kroner, og i 2007 på nesten 3 milliardar norske kroner. Oml ag 34 er estisk eksport til Noreg, og denne har lenge vore aukande, medan Noreg sin eksport til Estland er stabil på omkring 60 millionar euro årleg.[119]

Dei største direkte, utanlandske investorane i Estland er utan samanlikning svenske føretak med 3–5 milliardar euro i årlege direkte investeringar – etterfølgde av Finland med 2,5 milliardar euro årleg. Deretter følgjer Nederland (300–700 millionar euro), Noreg (200–400 millionar euro), Russland (150–400 millionar euro), Storbritannia (200–350 millionar euro) og Tyskland (150–250 millionar euro).[120] Per 30. september 2008 hadde norske føretak investeringar bokført for 469 millionar euro i Estland, noko som var 3,9 % av alle utanlandske investeringar og plasserte Noreg på ein fjerdeplass blant investorar.[121]

Meir enn 300 norske føretak (til dømes Glamox, Rimi, Nycomed, Norfolier, Orkla, Schibsted, Statoil Fuel & Retail, Larvik Cell AS, Expert, Selvaag Gruppen, Linstow og Polimoon) er i dag etablerte i Estland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Acton, Edward, Russia – The present and the Past, Longman, London 1986 (1987). ISBN 0-582-49323-4.
  • Nove, Alec, An Economic History of the USSR – 1917–1991, Penguin 1969, 3. utgåve 1992. ISBN 0-14-015774-3.
  • Sawka, Richard, Soviet Politics – an Introduction, Routledge, London 1989. ISBN 0-415-00505-1.
  • Scocozza, Benito & Jensen, Grethe, Danmarks historie, Politiken, København 2004. ISBN 87-567-7064-2.
  • Taylor, Neil, Estonia, Bradt forlag, Storbritannia 2007. ISBN 1-84162-194-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BNP per innbyggjar var om lag det same i dei to landa i 1940. I 1987 var BNP per innbyggjar høvesvis 2 000 USD og 14 379 USD. Kjelde: Mart Laar – «The Estonian Economic Miracle», 7. august 2007. Heritage Foundation, ein liberalistisk tenketank i USA.
  2. Mart Laar – «The Estonian Economic Miracle», 7. august 2007. Heritage Foundation.
  3. Baltic Business News, «Estonia on bottom of Europe by labour market freedom», 20. mai 2008.
  4. Taylor, 2007, side 12.
  5. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia, «Natural conditions for the rural economy».
  6. Taylor, 2007, side 13.
  7. Benito Scocozza & Grethe Jensen, Danmarks historie, Politiken, København 2004, side 85.
  8. Acton, 1986 (1987), side 15.
  9. Taylor, 2007, side 14.
  10. Taylor, 2007, side 14.
  11. Taylor, 2007, side 15.
  12. Taylor, 2007, side 15.
  13. Acton, 1986 (1987), side 111, 176.
  14. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia, «The development of the rural economy».
  15. Nove, 1992, side 89.
  16. Taylor, 2007, side 19.
  17. Taylor, 2007, side 19–20.
  18. United States Geological Survey – Report 2005-5294 «Geology and Resources of Some World Oil-Shale Deposits», 2005.
  19. Taylor, 2007, side 21.
  20. Hovudkjelde: Economy EstonicaThe rural economy in Estonia.
  21. Rein Ruutso, «Estonia», i Detlef Pollack & Jan Wielgohs (red.), Dissent and opposition in communist Eastern Europe , Ashgate 2004, side 119. Tilgjengeleg på Internett hjå Google.
  22. Taylor, 2007, side 23.
  23. Acton, 1986 (1987), side 111, 273.
  24. Acton, 1986 (1987), side 270–271.
  25. Taylor, 2007, side 23–24.
  26. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia , «The development of the rural economy».
  27. Acton, 1986 (1987), side 279–280.
  28. Sawka, 1989, side 48, 73.
  29. Acton, 1986 (1987), side 269–270.
  30. Acton, 1986 (1987), side 271.
  31. Sawka, 1989, side 73.
  32. Edward Acton, Russia, Longman, London 1986 (1987), side 279–280.
  33. Sawka, 1989, side 73.
  34. Nove, 1992, side 369.
  35. Nove, 1992, side 372.
  36. Sawka, 1989, side 86.
  37. Acton, 1986 (1987), side 283.
  38. Acton, 1986 (1987), side 304.
  39. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia, «The development of the rural economy».
  40. Sawka, 1989, side 251.
  41. Sawka, 1989, side 251.
  42. Sawka, 1989, side 258.
  43. Nove, 1992, side 412–413.
  44. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia, «Crisis in agriculture in the 1990s».
  45. Taylor, 2007, side 34.
  46. Det estiske finansdepartementet – informasjon om statsbudsjettet.
  47. Statistics Estonia – «Main indicators».
  48. Eurospat – «Real GDP growth rate».
  49. Dette tyder at landet har vore i ein situasjon der reduserte skattesatsar utløyser så mykje auka produktivitet at det aukar dei totale skatteinntektene.
  50. Tiigrihüpe – offisiell heimeside.
  51. Economy EstonicaEconomy, General.
  52. UN Statistics – «Estonia, all available series».
  53. Eurostat – «Real GDP growth rate».
  54. Milken Institute – «Capital Access Index 2008», side 10.
  55. Statistics Estonia – Labour market indicators.
  56. Economy EstonicaEconomy, «Pension reform and pension funds».
  57. Statistics Estonia – «Unemployment rate by counties – 2005».
  58. Verdsbanken – Country profiles, Estonia.
  59. Overslag utifrå 10 % inflasjon og 3,6 % negativ realvekst.
  60. Verdsbanken – Country profiles, Estonia.
  61. Statistics Estonia – «National Accounts Indicators».
  62. Verdensbanken – Country profiles, Estonia.
  63. Bank of Estonia – «Balance of payments (USD m), short version».
  64. Verdensbanken – Country profiles, Estonia. Ein mobiltettleik på over 100 % oppstår når kvar brukar har fleire abonnement (SIM-kort) og vekslar mellom desse for å utnytte ulike prisfortrinn.
  65. Kjelde: UNDP «Human Development Report 2007 Data». Dette indikerer ei ganske skeiv inntektsfordeling etter europeisk målestokk – til samanlikning var Gini-koeffisienten i heile EU-området det same året kalkulert til 30. Ein Gini-koeffisient på 0 tyder full økonomisk likskap, medan 100,0 tyder at éin person disponerer all inntekt.
  66. ETUC – «VIKING v INTERNATIONAL TRANSPORT WORKERS' FEDERATION C438/05».
  67. ETUC – «Viking case».
  68. ETUC – «Assessment of the Opinions of the Advocates General in Laval and Viking» av Brian Bercusson, King's College i London 31. oktober 2007.
  69. UNDP – «Statistics, Human Development Index 2008».
  70. Economy EstonicaThe rural economy in Estonia, «The structure of agriculture».
  71. Stat.ee – «Energy consumption and production».
  72. Economy EstonicaEconomy, General.
  73. Credit Suisse – «Skype – A Baltic Success Story», 6. september 2006.
  74. Esonomy EstonicaEconomy, Tourism.
  75. Economy EstonicaEconomy, Telecommunication.
  76. OMX Baltic – hovudlista, børsverdi.
  77. Tallink – Årsrapport 2008, side 6.
  78. Eesti Energia – Årsrapport 2007/2008, side 3.
  79. Tallinna Kaubamaja – Årsrapport 2008, side 8.
  80. Swedbank – Årsrapport 2007.
  81. Eesti Telekom – «Financial Info».
  82. Anslag for 2008. BLRT Grupp – Årsrapport 2007/2008, side 10.
  83. SEB – Årsrapport 2008, side 11.
  84. Merko Grupp – Årsresultat 2008, side 4.
  85. Nordecon Int'l – Årsrapport 2008.
  86. Kekso – Årsrapport 2008.
  87. OEG as – Årsresultat 2008. side 15.
  88. Jarvevana – Årsresultat 2008.
  89. Heile omsetnaden utanfor Finland. Talet er noko høgt.
  90. Tele2 – Årsrapport 2008, side 17.
  91. Overslag utifrå ein valutakurs på 1 SEK = 1,65 EEK. Kjelde: Oanda.com – FXConverter.
  92. Liviki – 21. april 2009. Det vert oppgjeve «sales profit», men andre opplysningar og tal tilseier at det er «sales» som er meint.
  93. EVR (Eesti raudte) – Årsrapport 2007.
  94. VKG – Årsrapport 2007, side 23.
  95. Silvano – Årsresultat 2008.
  96. Eesti Gaas – Årsrapport 2006.
  97. Estland står for 0,87% av totalsalet på 11,029 mrd. euro. Stora Enso – Årsrapport 2008, side 178.
  98. Overslag utifrå at overskotet (margin) var 220 mill. DKR.Danske bank – Årsrapport 2008, side 35.
  99. Utifrå ein valutakurs på 1 DKR = 2,0974 EEK. Kjelde: Oanda.com – FXConverter.
  100. Norma – Årsrapport 2008, euro.
  101. Norma – Årsrapport 2008, kroon.
  102. Estonian Air – Årsrapport 2007.
  103. Luterma/Kalev – Årsrapport 2008, side 28.
  104. Ekspress Grupp – Årsrapport 2008, side 26.
  105. Baltika Grupp – Årsrapport 2008, euro.
  106. Baltika Grupp – Årsrapport 2008, kroon.
  107. Tallinna Sadam – Årsrapport 2008.
  108. Overslag, basert på at 13 % (3 mrd. kr) av Statoil sitt diesel- og bensinsalg skjer i Baltikum og Russland. StatoilHydro – Årsrapport 2007 SH 20F, side 58.
  109. Nitrofert – Economic performances, «Sales», i alt 70,2 USD i 2006.
  110. Kalev – Årsrapport 2006/07.
  111. Saku – Årsrapport 2007, side 18.
  112. Harju Elekter – Årsrapport 2008, side 33.
  113. Krenholm – About Krenholm, 2007.
  114. Tallinna Vesi – Årsrapport 2008, side 5.
  115. Arco Vara – Årsrapport 2008, side 4.
  116. Viisnurk – Årsrapport 2007.
  117. Krediidi Pank – Årsrapport 2008.
  118. Economy EstonicaEconomy, Food Industry.
  119. Kjelde: Den estiske ambassaden i Oslo – «Estonia and Norway».
  120. Bank of Estonia – «Direct investment position by countries».
  121. Kjelde: Estlands ambassade i Oslo – «Estonia and Norway».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]