Harum Scarum
| Harum Scarum Filmmusikalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 3. november 1965 | |
| Innspelt | Februar 1965 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 24:14 | |
| Selskap | RCA Victor | |
| Produsent | Gene Nelson, Fred Karger | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| Elvis for Everyone!
(1965) |
Harum Scarum | Frankie and Johnny
(1966)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic[1] | |
Harum Scarum er eet 24. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3468, i november 1965. Albumet inneheld filmmusikken til filmen med same namn frå 1965. Innspelinga fann stad i RCA Studio B i Nashville i Tennessee den 24. til 26. februar 1965. Albumet nådde åttandeplassen på Top LP's-lista.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Albumet markerte ei tilbalkevending til å lage filmmusikk for Presley, sjølv om han hadde gjeve ut studioalbumet Elvis for Everyone i 1965. Albumet med songar spelt inn dei siste ti åra, heilt attende til tida i Sun Studios i Memphis, hadde fått ein overraskande hitt verda over med ein fem år gammal gospelsong, «Crying in the Chapel». Presley uttrykte misnøye med kvaliteten på songane og det store presset på dei faste låtskrivarane hans samla saman av Freddy Bienstock — låtskrivarane Giant, Baum og Kaye som aleine hadde skrive 17 av 47 songar på dei fire siste filmmusikkalbuma i løpet av 18 månader.[3] I røynda kunne ein ha pressa nesten kva song som helst inn i historia, inkludert gamle klassikarar. Men så lenge salet heldt fram, gjorde teamet rundt Presley kontroll over opphavsrettane til nye songar skrivne av låtskrivarane til eit rav.[4] På denne tida byrja derimot plate- og kinosalet til Presley å falle.
Det vart spelt inn elleve songar for Harum Scarum, og alle vart brukte på albumet, medan to songar ikkje vart nytta i filmen. Som med Roustabout vart det ikkje gjevne ut singlar frå albummet. Det kom ut ein singel ein månad seinare, ein song som var att frå 1957, «Tell Me Why» i lag med «Blue River» frå eit avlyst album frå mai 1963. Det var eit illevarslande teikn på det som skulle kome, då singelen berre nådde 33. plassen på Billboard Hot 100, den lågaste plasseringa Presley hadde hatt på lista til då i karrieren.[5]
Presley spelte inn «Wisdom of the Ages» den 24. februar 1965 i RCA studios.[6] Det vart gjeve ut som eit bonusspor på filmmusikkalbumet, i lag med «Animal Instinct», som heller ikkje var med i filmen.[7][8] The Jordanaires sang korvokal.[9] Filmen og filmmusikken vert rekna som noko av det dårlegaste Presley gjorde.[10]
I 2003 vart Harum Scarum gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak..[11]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Original release
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Harem Holiday» | Peter Andreoli og Vince Poncia | 26. februar 1965 | 2:18 |
| 2. | «My Desert Serenade» | Stanley J. Gelber | 25. februar 1965 | 1:47 |
| 3. | «Go East - Young Man» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 2:16 |
| 4. | «Mirage» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 2:25 |
| 5. | «Kismet» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 25. februar 1965 | 2:08 |
| 6. | «Shake That Tambourine» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 24. februar 1965 | 2:02 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Hey Little Girl» | Joy Byers | 25. februar 1965 | 2:15 |
| 2. | «Golden Coins» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 1:54 |
| 3. | «So Close, Yet So Far (From Paradise)» | Joy Byers | 25. februar 1965 | 3:01 |
| 4. | «Animal Instinct» (bonusspor) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 26. februar 1965 | 2:13 |
| 5. | «Wisdom of the Ages» (bonusspor) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 25. februar 1965 | 1:55 |
Follow That Dream-utgåva frå 2003
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]| År | Lister | Plassering |
|---|---|---|
| 1965 | Billboard Pop Albums | 8 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Harum Scarum - Elvis Presley». AllMusic. Henta 11. mai 2016.
- ↑ «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 201.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 198.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 417.
- ↑ Worth, Fred L.; Tamerius, Steve D. (23 March 1992). Elvis: his life from A to Z. Wings Books. Henta 1. desember 2016.
- ↑ McLafferty, Gerry (1989). Elvis Presley in Hollywood: celluloid sell-out. Hale. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Matthew-Walker, Robert (1995). Heartbreak hotel: the life and music of Elvis Presley. Castle Communications. ISBN 978-1-86074-055-8. Henta 1. desember 2016.
- ↑ American Film Institute; Munden, Kenneth White (1971). The American Film Institute catalog of motion pictures produced in the United States. University of California Press. s. 457. ISBN 978-0-520-20970-1. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Cotten, Lee (21 July 1987). The Elvis catalog: memorabilia, icons, and collectibles celebrating the king of rock 'n' roll. Doubleday. s. 120. ISBN 978-0-385-23705-5. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Kjelder:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Arkivert frå originalen 13. mars 2019. Henta 30. november 2016.
- «Harum Scarum». Shopelvis. ABG EPE IP LLC. 2015. Henta 30. november 2016.[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Harum Scarum (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2016.