Elvis sings The Wonderful World of Christmas
| Elvis sings The Wonderful World of Christmas Studioalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 20. oktober 1971 | |
| Innspelt | 27. juni 1968 – 16. mai 1971 | |
| Sjanger | Julemusikk, pop | |
| Lengd | 35:06 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Produsent | Felton Jarvis | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| I Got Lucky (1971) |
Elvis sings The Wonderful World of Christmas | Elvis Now (1972) |
| Singlar frå {{{namn}}} | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| Robert Christgau | B+[2] |
| MusicHound | |
| The Rolling Stone Album Guide | |
| Rough Guides | |
Elvis sings The Wonderful World of Christmas er eit musikkalbum frå 1971 av Elvis Presley. Det var det andre og siste julemusikkalbumet til Presley, og kom ut i oktober 1971. Ein singel frå albumet, «Merry Christmas Baby»/«O Come All Ye Faithful», kom ut i november same året. Albumet vart ein bestseljar som toppa Billboard Holiday Albums Chart, og ville ha gått høgt inn på Billboard 200, men frå 1963 til 1973 vart ikkje julemusikkalbum tekne med på denne lista. Albumet selde ikkje like godt som det første julemusikkalbumet til Presley, Elvis' Christmas Album. I løpet av åra har det likevel seld godt, og oppnådde gullplate 4. november 1977, platina 1. desember 1977, 2x platina 20. mai 1988 og 3x platina 15. juli 1999 hos RIAA i USA.[6]
Fleire av songane på albumet vart publiserte av songforlaget til Elvis Presley, som «Holly Leaves and Christmas Trees», «I'll Be Home on Christmas Day», «If I Get Home on Christmas Day» og «On a Snowy Christmas Night». Presley vert akkompagnert av The Imperials Quartet på dei fleste songane.
På seinare utgåver av albumet vart songen «Blue Christmas», som vart spelt inn 27. juni 1968, lagt til albumet. Songen var tidlegare gjeven ut på albumet Elvis.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalutgåve
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «O Come, All Ye Faithful» | Tradisjonell; arrangert av Elvis Presley | 16. mai 1971 | 2:49 |
| 2. | «The First Noel» | Tradisjonell; arrangert av Elvis Presley | 16. mai 1971 | 2:11 |
| 3. | «On a Snowy Christmas Night» | Stanley Gelber | 16. mai 1971 | 2:50 |
| 4. | «Winter Wonderland» | Felix Bernard, Richard B. Smith | 16. mai 1971 | 2:20 |
| 5. | «The Wonderful World of Christmas» | Charles Tobias, Al Frisch | 16. mai 1971 | 1:59 |
| 6. | «It Won't Seem Like Christmas (Without You)» | J. A. Balthrop | 15. mai 1971 | 2:43 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «I'll Be Home on Christmas Day» | Tony Macaulay | 16. mai 1971 | 3:50 |
| 2. | «If I Get Home On Christmas Day» | Michael Jarrett | 15. mai 1971 | 2:54 |
| 3. | «Holly Leaves and Christmas Trees» | Glenn Spreen, Red West | 15. mai 1971 | 2:14 |
| 4. | «Merry Christmas Baby» | Lou Baxter, Johnny Moore | 15. mai 1971 | 7:20 |
| 5. | «Silver Bells» | Jay Livingston, Ray Evans | 15. mai 1971 | 2:03 |
| 6. | «Blue Christmas» (berre nyare utgåver) | Billy Hayes, Jay W. Johnson | 27. juni 1968 | 2:34 |
Follow That Dream-utgåver
[endre | endre wikiteksten]| Plate 1 | Plate 2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Imperials Quartet - kor
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Organ | Nivå | Dato |
|---|---|---|
| RIAA | 3x platina | 15. juli 1999 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elvis Sings The Wonderful World of Christmas» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Elvis sings The Wonderful World of Christmas på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert. «Elvis Presley (Consumer Guide Reviews)». robertchristgau.com. Henta 8. desember 2016.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 8. desember 2016.
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 146. ISBN 1-84353-417-7.
- ↑ «Elvis sings The Wonderful World of Christmas». RIAA. 2013. Henta 19. oktober 2013. Note: Enter advanced search for The Wonderful World of Christmas
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Elvis sings The Wonderful World of Christmas på Discogs (liste over utgjevingar)