Frankie and Johnny av Elvis Presley
| Frankie and Johnny Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1. mars 1966 | |
| Innspelt | Mai 1965 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 26:40 | |
| Selskap | RCA Victor | |
| Produsent | Fred Karger | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| Harum Scarum (1965) |
Frankie and Johnny | Paradise, Hawaiian Style (1966)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic[1] | |
Frankie and Johnny er det 25. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3553, i mars 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, 12. til 14. mai 1965. Albumet nådde 20. plassen på Top LP's-lista.[2] Albumet selde til gull- og platinaplate 6. januar 2004 i USA.[3]
Inhnhald
[endre | endre wikiteksten]Sidan filmen føregjekk på 1800-talet, vart det nytta somme tradisjonelle songar i filmen. «When the Saints Go Marching In» er ein gammal gospelsalme som har blitt ein jazzstandard og knytt til tradisjonell hot jazz frå New Orleans. Han vart spelt i ein medley med «Down by the Riverside», ein annan tradisjonell gospelsong frå denne tida. Begge er i offentleg eige.[4] Tittelsongen «Frankie and Johnny», er ein variant av ein amerikansk populær song som først vart publisert i 1904 og tilskriven Hughie Cannon. Med ny tekst vart opphavsretten sikra for Gladys Music, songforlaget til Presley.[5]
Det vart spelt inn tolv songar for Frankie and Johnny, og alle vart brukte i filmen. Tittelsongen vart gjeven ut på singel i lag med «Please Don't Stop Loving Me» som b-side. Han vart gjeven ut like før eller samstundes med albumet. «Frankie and Johnny» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 45. plassen.[6]
Pickwick- og Follow That Dream-utgåvene
[endre | endre wikiteksten]I 1970-åra fekk Pickwick Records leige rettane til fleire av innspelinga til Presley frå RCA og gav ut filmmusikkalbumet på ny i 1976 med eit nytt omslag og tittelen endra til Frankie & Johnny. Rekkjefølgja på songane vart endra og tre songar vart fjerna — «Chesay», «Look Out Broadway» og «Everybody Come Aboard». Omslaget indikerer ikkje at dette var ei nyutgjeving, og det var det einaste filmmusikkalbumet hans som vart gjeve ut på denne måten. Det nådde ikkje Billboard 200. Plata var i trykk i fleire år fram til Presley døydde i august 1977 og RCA gav ut alle albuma hans på ny, men avtalen med Pickwick hindra RCA å gje ut dette albumet. Det var derfor ikkje tilgjengeleg att i USA før i 2010 då Frankie and Johnny kom ut på ny.
I 2003 vart Frankie and Johnny gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[7]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley – vokal
- The Jordanaires – korvokal
- Eileen Wilson – vokal
- George Worth – trompet
- Richard Noel – trombone
- John Johnson – tuba
- Gus Bivona – saksofon
- Scotty Moore – elektrisk gitar
- Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Charlie McCoy – munnspel
- Larry Muhoberac – piano
- Bob Moore – kontrabass
- D.J. Fontana, Buddy Harman – trommer
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Original release
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Frankie and Johnny» | Alex Gottlieb, Fred Karger, Ben Weisman | 14. mai 1965 | 2:32 |
| 2. | «Come Along» | David Hess | 12. mai 1965 | 1:52 |
| 3. | «Petunia, the Gardener's Daughter» | Roy C. Bennett og Sid Tepper | 14. mai 1965 | 2:59 |
| 4. | «Chesay» | Ben Weisman, Fred Karger, Sid Wayne | 14. mai 1965 | 1:39 |
| 5. | «What Every Woman Lives For» | Doc Pomus og Mort Shuman | 13. mai 1965 | 2:27 |
| 6. | «Look Out, Broadway» | Fred Wise og Randy Starr | 14. mai 1965 | 1:40 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Beginner's Luck» | Roy C. Bennett og Sid Tepper | 12. mai 1965 | 2:34 |
| 2. | «Down by the Riverside» og «When the Saints Go Marching In» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 12. mai 1965 | 1:56 |
| 3. | «Shout It Out» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 13. mai 1965 | 2:17 |
| 4. | «Hard Luck» | Ben Weisman and Sid Wayne | 13. mai 1965 | 2:51 |
| 5. | «Please Don't Stop Loving Me» | Joy Byers | 13. mai 1965 | 2:02 |
| 6. | «Everybody Come Aboard» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 14. mai 1965 | 1:51 |
Pickwick-utgåva
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Frankie and Johnny» | 2:32 |
| 2. | «Come Along» | 1:52 |
| 3. | «What Every Woman Lives For» | 2:27 |
| 4. | «Hard Luck» | 2:51 |
| 5. | «Please Don't Stop Loving Me» | 2:02 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Down by the Riverside» og «When the Saints Go Marching In» | 1:56 |
| 2. | «Petunia, the Gardener's Daughter» | 2:59 |
| 3. | «Beginner's Luck» | 2:34 |
| 4. | «Shout It Out» | 2:17 |
«Chesay», «Look Out, Broadway» og «Everybody Come Aboard» var ikkje med på denne utgåva
Follow That Dream-utgåva
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frankie and Johnny (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Frankie and Johnny - Elvis Presley». AllMusic. Henta 1. desember 2016.
- ↑ «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Arkivert frå originalen 1. desember 2016. Henta 1. desember 2016.
- ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016. Merk: Søk på «Frankie and Johnny»
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 195.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 196.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 417.
- ↑ Kjelder:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Arkivert frå originalen 13. mars 2019. Henta 30. november 2016.
- «Frankie and Johnny». Shopelvis. ABG EPE IP LLC. 2015. Henta 30. november 2016.
- ↑ «American album salstrofé – Elvis Presley – Frankie and Johnny». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH