(Marie's the Name) His Latest Flame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Marie's the Name) His Latest Flame
Singel av Elvis Presley
B-side

«Little Sister»

Utgjeve 8. august 1961
Innspelt 26. juni 1961, RCA Studios i Nashville[1]
Sjanger Rock and roll, pop
Lengd 2:07
Selskap RCA Victor
Tekstforfattar Doc Pomus
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman[1]
Elvis Presley-kronologi 
«Wild in the Country» / «I Feel So Bad»
(1961)
(Marie's the Name) His Latest Flame «Rock-A-Hula Baby» / «Can't Help Falling in Love»
(1961)


«(Marie's the Name) His Latest Flame» er ein song som vart spelt inn av Elvis Presley og publisert av Elvis Presley Music i 1961. Han vart skriven av Doc Pomus og Mort Shuman og opphavleg spelt inn av Del Shannon for albumet Runaway With Del Shannon, som kom ut i juni 1961.[2][3][4] Den meir kjende og suksessrike innspelinga til Presley kom ut i august 1961. Den relativt intense melodien, med ein Bo Diddley-rytme, gjorde det godt på både pop- og easy listenening-stasjonane og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Easy Listening-lista. Singelen (gjeven ut som ei dobbel A-side med «Little Sister», som i Statane) og låg fire veker på toppen av UK Singles Chart[5] — ein av ni Presley-songar på toppen av den britiske singellista mellom 1960 og 1962.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, 25. juni 1961.[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av det alternative rockebandet The Smiths (som ein del av ein live medley med songen «Rusholme Ruffians», noko ein finn på albumet Rank), punkbandet Misfits, heavy metal-bandet Scorpions og det italienske alternative rockebandet Verdena, i tillegg til Brian May. El Vez gav ut ein singel med songen, og endra tittelen til «Maria's the Name (of His Latest Flame)».

Songen vart òg spelt inn av R. Stevie Moore i 1984 på albumet Everything. I 1987 gav Marco T ut ein spansk versjon av songen i Colombia.

Ein tysk versjon kalla «Sie war all' sein Glück» vart skriven av Camillo Felgen og framført av Ted Herold i 1961.

Ein fransk versjon kalla «Sa grande passion» vart skriven av Lucien Morisse og André Salvet, og framført av Richard Anthony, Les Champions, Jackie Seven, François Deguelt, alle i 1961, og Dalida i 1991. Ein annan fransk versjon vart kalla «Mon vieux copain» og skriven av Bertrand Bédard. Han framførte denne versjonen sjølv i 1970, og ein annan versjon med denne teksten vart framført av Johnny Farago.

Ein nederlandsk versjon vart omsett av Stijn Meuris og kalla «Zijn laatste vlam». Denne vart framført av Noordkaap i 1992.

Kari Kukkola skreiv ein finsk song kalla «Pois raiteiltaan» og framført av Johnny & The Dodgers i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 62. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. «Recording: His Latest Flame - Del Shannon». Second Hand Songs. Henta 29. november 2016. 
  3. «Runaway With Del Shannon/Hats off to Del Shannon | Del Shannon | Album». MTV. Henta 29. november 2016. 
  4. «Album Diskografi». Delshannon.Com. Henta 29. november 2016. 
  5. «Doc Pomus and Mort Shuman». www.history-of-rock.com. Arkivert frå originalen 14 May 2008. Henta 26. mars 2008. 
  6. Jorgensen, Ernst, Elvis Presley: A Life in Music, The Complete Recording sessions, St. Martin’s Press, New York, 1998 s. 157-159

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]