TCB Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
TCB Band
ESML TCB Band Dennis Jale.jpg
TCB Band 2013 under den 12. europeiske Elvis-festivalen i Bad Nauheim: Glen Hardin, Ron Tutt, James Burton og den austerrikske songaren Dennis Jale
Opphav USA
Sjanger rock
Aktive år 1969–1977, 1987, 1997 til i dag
Tilknytte artistar Elvis Presley
Plateselskap RCA Records
Sony BMG
Nettstad www.elvis.com
Tidlegare medlemmer
James Burton
Larry Muhoberac
Jerry Scheff
John Wilkinson
Ron Tutt
Glen D. Hardin
Larrie Londin
Bobby Ogdin
Tony Brown

TCB Band var ei gruppe profesjonelle musikarar som danna kjernen i rytmeseksjonen til bandet til Elvis Presley frå august 1969 til han døydde i 1977.[1] TCB står for Taking Care of Business, eit personleg motto Presley nytta tidleg i 1970-åra. Det var endringar i besetninga til bandet gjennom åra, men dei originale medlemmane var James Burton (sologitar), Jerry Scheff (bass), John Wilkinson (rytmegitar), Larry Muhoberac (klaverinstrument) og Ron Tutt (trommer). Dei spelte den første konserten med Presley i Las VegasInternational Hotel den 31. juli 1969.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Presley planla å halde konsertar att etter suksessen med comebacket på fjernsyn i 1968, ønskte Presley å erstatta musikarane han hadde splet med gjennom 1960-åra.[3] Elvis ringde først til Ricky Nelson sin gitarist, James Burton, som han hadde spurt om hjelp til å danne gruppa etter å ha kjend til han i mange år. Etter at klaverspelaren Glen D. Hardin avslo tilbodet til Burton om å bli med i gruppa, takka Larry Muhoberac, som hadde spelt på fleire av filmmusikkinnselingane til Presley, ja til tilbodet. Burton henta sidan inn Jerry Scheff på bass og John Wilkinson på rytmegitar. Muhoberac føreslo Ron Tutt på trommer.[4] I februar 1970 kom Glen D. Hardin likevel med på klaverinstrument, og erstatta etter kvart Muhoberac som gjekk attende til studioarbeid i Los Angeles.[5]

I 1975 akkompagnerte Burton, Tutt og Muhoberac Johnny Cash på albumet hans John R. Cash.

Etter Elvis Presley døydde[endre | endre wikiteksten]

Då Presley døydde i 1977 danna fleire av dei tidlegare medlemmane i TCB Band Emmylou Harris's Hot Band og The John Denver Band. Desse musikarane var mellom andre James Burton, Glen D. Hardin, Emory Gordy jr. og Jerry Scheff. Burton slutta i Hot Band i 1976 og vart erstatta av den engelske gitaristen Albert Lee. Scheff var aldri medlem av Hot Band. Gordy slutta i John Denver sitt band i 1980 (han spelte ei kort stund med Denver i 1989) og vart erstatta av Scheff. Burton, Hardin og Scheff spelte med Denver fram til tidleg i 1994, og vart så erstatta av Pete Huttlinger, Chris Nole og Alan Deremo.

Etter å ha spelt trommer nokre år med Jerry Garcia Band då Presley døydde, vart Ron Tutt invitert av Neil Diamond til å bli den faste trommeslagaren hans. Tutt har òg spelt på fleire innspelingar med Nancy Sinatra.

Fleire av medlemmane i TCB band (Glen D. Hardin på piano, James Burton på sologitar, Jerry Scheff på kontrabass og Ron Tutt på trommer) spelte òg med Roy Orbison i 1987 på konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. Burton, Hardin, Scheff og Tutt kom saman att i 1997 for å spele på Elvis: The Concert, med John Wilkinson i høve 25-årsjubileumskonserten i Memphis. Sidan den gong har Burton, Hardin, Tutt og Scheff ofte spelt i lag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.undercover.com.au/news/2003/20030825_elvis.html
  2. Elvis Presley & the TCB Band
  3. http://www.elvis.com.au/presley/article_blackie.shtml “Blackie” Bill Black & Elvis, Arjan Deleen
  4. http://www.james-burton.net/elvis-presley James Burton website
  5. Note: Credits from februar 1970 live album «In Person At The International Hotel, Las Vegas, Nevada -LIVE-» list Hardin and Muhoberac on piano and organ respectively. RCA, ASIN: B000002WFC

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: TCB Band