Elvis (1956)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvis
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 19. oktober 1956
Innspelt 1956
Sjanger Rock and roll, rockabilly, country
Lengd 29:47
Selskap RCA Victor
Produsent Steve Sholes
Elvis Presley-kronologi
Elvis Presley
(1956)
Elvis Loving You
(1957)
Singlar frå Elvis
  1. «Love Me»
    Utgjeve: 1956
  2. «When My Blue Moon Turns to Gold Again»
    Utgjeve: 1956
  3. «Paralyzed»
    Utgjeve: 1956
  4. «Old Shep»
    Utgjeve: 1956
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
MusicHound4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Rough Guides4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]

Elvis er det andre studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono, LPM 1382, i oktober 1956. Innspelinga fann stad 1. til 3. september ved Radio Recorders i Hollywood, med eitt spor til overs etter innspelinga for debutalbumet hans ved RCA Victor sitt studio i New York den 30. januar.[5] Albumet låg fire veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista det året og Presley vart den første artisten som hadde to album som gjekk rett inn på førsteplassen av lista i løpet av det same året. 17. februar 1960 hadde albumet selt til gull, og 10. august 2011 hadde det selt til platina hos Recording Industry Association of America.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

RCA Victor-produsenten Steve Sholes hadde bestilt to nye songar for denne innspelinga, «Paralyzed» frå Otis Blackwell og «Love Me» frå Jerry Leiber og Mike Stoller, låtskrivarane som skreiv begge sidene av sommarhitten til Presley frå 1956, «Don't Be Cruel» med «Hound Dog» på andre sida. Det var den første singelen som toppa alle dei tre listene til Billboard som då eksisterte: pop-, R&B- og countrylista.[7] Presley valte ut tre songar av Little Richard og tre nye countryballadar frå den faste Everly Brothers-låtskrivaren Boudleaux Bryant og gitaristen Chet Atkins, Sun-musikaren og lydteknikaren Stan Kesler, og Aaron Schroeder og Ben Weisman. Dei siste to hadde kontrakt med Hill and Range, forlaget til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, og skreiv dusinvis av songar for Presley i 1960-åra. Med på albumet var òg songen som Presley vann ein songkonkurranse med då han var ti år gammal i Tupelo, Red Foley-countrysongen «Old Shep» frå 1941.

Alle utanom eitt spor på albumet vart spelt inn i løpet av tre dagar i september med Presley og bandet hans: Scotty Moore, Bill Black og D.J. Fontana, i tillegg til The Jordanaires. Dei klarte å gjenskape den lause kjensla frå dagane i Sun Studio, og blanda rhythm and blues og country and western slik dei hadde gjort på alle singlane hans for Sun.[8] Dei forsterka denne effekten med å ta med ein song i same stil som den aller førte Sun-innspelinga hans: ein blues av Arthur Crudup, som skreiv «That's All Right (Mama)», og ein song spelt inn av bluegrassskaparen Bill Monroe, «When My Blue Moon Turns to Gold Again». Fleire folk var til stades på innspelinga, som den dåverande kjærasten hans på den tida, skodespelarinna Natalie Wood og skodespelaren Nick Adams, som begge hadde spelt i Rebel Without a Cause med James Dean. Steve Sholes var RCA sin mann under innspelinga, og tok seg av papirarbeidet og slikt, mens det var Elvis sjølv som i røynda valte ut songane, leia innspelinga og tok avgjersler om kva opptak dei skulle bruke. Elvis fungerte derfor som produsent på innspelinga.[9]

Pianisten på albumet er ikkje registrert i dei offisielle RCA-arkiva, utanom på songen «So Glad You're Mine», som vart spelt inn i New York tidlegare på året. Under eit intervju i 1984 med Jan-Erik Kjeseth sa Gordon Stoker i The Jordanaires at det var han som spelte piano på dei fleste songane på albumet. I ein artikkel av Kjeseth for magasinet Flaming Star, vert det hevda at pianisten på «Love Me», «Old Shep» og «How's the World Treating You» var Elvis sjølv. Ernst Jørgensen, som skreiv Elvis Presley - A Study in Music, verkar å ha same meininga. Kjeseth hevda òg at Elvis spelte piano på singelen frå innspelinga, «Playing for Keeps». Gordon Stoker spelte piano på «Rip it Up» og «Anyplace is Paradise».

RCA gav ut albumet på CD i 1984 med falsk stereo. Denne vart raskt trekt attende og plata vart gjeve ut på ny med den originale monolyden. RCA gav ut ei utvida utgåve av albumet i 1999 og igjen i 2005. For 1999-utgåva vart det lagt til seks bonusspor, seks sider av tre singlar. Singlane vart plasserte innimellom dei originale songane, slik at rekkefølgja på albumet vart endra. Fire av songane nådde toppen av listene: «Love Me Tender», «Too Much», og den doble A-sida «Hound Dog» og «Don't Be Cruel». Bonusspora vart spelte inn 2. juli i RCA Studios i New York City, i september ved Radio Recorders, og «Love Me Tender» ved 20th Century Fox Stage One under innspelinga for filmen Love Me Tender. Utgåva frå 2005 var nymastra ved hjelp av DSD-teknologi og hadde med dei same seks bonusspora, men lagt til på slutten av albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Rip It Up»  Robert Blackwell og John Marascalco3. september 1956 1:50
2. «Love Me»  Jerry Leiber og Mike Stoller1. september 1956 2:41
3. «When My Blue Moon Turns to Gold Again»  Gene Sullivan and Wiley Walker2. september 1956 2:18
4. «Long Tall Sally»  Robert Blackwell, Enotris Johnson, Richard Penniman2. september 1956 1:51
5. «First in Line»  Aaron Schroeder og Ben Weisman3. september 1956 3:21
6. «Paralyzed»  Otis Blackwell og Elvis Presley2. september 1956 2:18
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «So Glad You're Mine»  Arthur Crudup30. januar 1956 2:18
2. «Old Shep»  Red Foley2. september 1956 4:10
3. «Ready Teddy»  Robert Blackwell og John Marascalco3. september 1956 1:55
4. «Anyplace Is Paradise»  Joe Thomas2. september 1956 2:26
5. «How's the World Treating You»  Chet Atkins og Boudleaux Bryant1. september 1956 2:23
6. «How Do You Think I Feel»  Webb Pierce og Wayne Walker1. september 1956 2:10

1999-utgåva med bonusspor[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Hound Dog» (utgjeve 13. juli 1956, 47-6604b, #1)Jerry Leiber og Mike Stoller2. juli 1956 2:16
2. «Don't Be Cruel» (utgjeve 13. juli 1956, 47-6604a, #1)Otis Blackwell og Elvis Presley2. juli 1956 2:02
3. «Anyway You Want Me (That's How I Will Be)» (utgjeve 28. september 1956, 47-6643b, #20)Cliff Owens og Aaron Schroeder2. juli 1956 2:13
4. «Rip It Up»  Robert Blackwell og John Marascalco3. september 1956 1:50
5. «Love Me» (#2)Jerry Leiber og Mike Stoller1. september 1956 2:41
6. «When My Blue Moon Turns to Gold Again» (#19)Gene Sullivan og Wiley Walker2. september 1956 2:18
7. «Long Tall Sally»  Robert Blackwell, Enotris Johnson, Richard Penniman2. september 1956 1:51
8. «First in Line»  Aaron Schroeder og Ben Weisman3. september 1956 3:21
9. «Paralyzed» (#59)Otis Blackwell og Elvis Presley2. september 1956 2:18
10. «So Glad You're Mine»  Arthur Crudup30. januar 1956 2:18
11. «Old Shep» (#47)Red Foley2. september 1956 4:10
12. «Ready Teddy»  Robert Blackwell og John Marascalco3. september 1956 1:55
13. «Anyplace Is Paradise»  Joe Thomas2. september 1956 2:26
14. «How's the World Treating You?»  Chet Atkins og Boudleaux Bryant1. september 1956 2:23
15. «How Do You Think I Feel»  Webb Pierce og Wiley Walker1. september 1956 2:10
16. «Too Much» (utgjeve 4. januar 1957, 47-6800a, #2)Lee Rosenberg og Bernard Weinman2. september 1956 2:31
17. «Playing for Keeps» (utgjeve 4. januar 1957, 47-6800b, #21)Stan Kesler1. september 1956 2:50
18. «Love Me Tender» (utgjeve 28. september 1956, 47-6643a, #1)Vera Matson og Elvis Presley24. august 1956 2:41

2005-utgåva med bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Same som utgåva frå 1999, men med den originale rekkefølgja på songane og bonusspora til slutt.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Lister Plassering
1956 Billboard Pop Albums 1

Singel

År Singel Lister Plassering
1956 «Love Me» Billboard Black Singles 7
Billboard Country Singles 10
Billboard Pop Singles 2
«Old Shep» Billboard Pop Singles 47
«Paralyzed» Billboard Pop Singles 59

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofè
(Salsterskel)
Sal
USA States Platina 1 000 000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 27. september 2016. 
  4. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 110. ISBN 1-84353-417-7. 
  5. «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». www.keithflynn.com. 2013. Henta 27. september 2016. 
  6. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis» og gå til side 1 and 37
  7. Miller, Jim, ed. The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. New York: Random House, 1980; ISBN 0-394-51322-3, s. 34
  8. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, insert booklet, s. 32 and 34
  9. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley, A Life In Music. New York: St. Martin's Press, 1998; ISBN 0-312-18572-3, s. 38 and 60-61

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]