(You're the) Devil in Disguise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(You're the) Devil in Disguise
Singel av Elvis Presley
B-side

«Please Don't Drag That String Around»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1963
Innspelt 26. mai 1963, RCA Studios, Nashville i Tennessee
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:17
Selskap RCA
Komponist Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye
Tekstforfattar Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye
Låtskrivar(ar) Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye
Elvis Presley-kronologi 
«One Broken Heart for Sale»

(1963)

(You're the) Devil in Disguise «Bossa Nova Baby»

(1963)


«(You're the) Devil in Disguise» er ein song frå 1963 av Elvis Presley, skriven av låtskrivarane Bill Giant, Bernie Baum og Florence Kaye. Han vart publisert av Elvis Presley Music i juni 1963. Denne songen nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA 10. august 1963 og niandeplassen på Billboard Rhythm and Blues-lista, og vart den siste topp 10-singelen hans på Rhythm and Blues-lista.[1] Singelen selde til gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar. Songen toppa òg Utamatic-lista i Japan hausten 1963.

I 1963 vart songen spelt for eit britisk publikum for første gongen på BBC-showet Juke Box Jury, der kjendisgjesten John Lennon stemnde songen som «ein miss» og sa at den nye songen til Elvis Presley var «som Bing Crosby no». Songen nådde toppen av den britiske singellista.[2]

Presley spelte opphavleg inn songen 26. mai 1963, i RCA Studios i Nashville. «(You're the) Devil in Disguise» og B-sida «Please Don't Drag That String Around» vart spelte inn for eit heilt album som var planlagt for 1963, men RCA valde i staden å gje ut desse songane som singlar og som bonusspor på filmmusikkalbum.[3]

Bass-songaren J.D. Sumner er med på songen og syng i eit lågt register for å representere djevelen med linja «Oh, yes, you are», før songen tonar ut.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
Belgia (Ultratip Vallonia)[4] 1
Canada (CHUM Chart)[5] 1
Finland (Den finske singellista) 1
French Singles (SNICP)[6] 1
Tyskland (Media Control AG)[7] 2
Ireland (IRMA)[8] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 1
New Zealand Singles (NZFPI)[5] 3
Noreg (VG-lista)[10] 1
UK Singles (Official Charts Company)[11] 1
US Billboard Hot 100[[#cite_note-'"`UNIQ--ref-0000000C-QINU`"'-13|[13]]] 3
US Hot R&B Sides[14] 9
Liste (2005) Plassering
European Hot 100 Singles[[#cite_note-'"`UNIQ--ref-0000000F-QINU`"'-16|[16]]] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[17] 23
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 58

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Rank
US Singles (Cash Box)[19] 76

Tiårslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1960-69) Rank
German Singles (Boxen-Schlager)[5] 107

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[20] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av Trisha Yearwood finst på Honeymoon in Vegas, som hovudsakleg består av Presley-songar. Punkrockbandet The Misfits spelte inn songen på den utvida utgåva av Project 1950, eit album som òg inneheld ein versjon av Presley sin «Latest Flame». Den svenske komikaren Robert Gustafsson spelte inn ein versjon av songen i 1990-åra.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein spansk versjon kalla «Un diablo disfrazado» skriven av Augusto Algueró vart framført av Luis Aguilé i 1963. Peter Buchenkamp skreiv ein tysk tekst kalla «Liebe kälter noch als Eis» som vart framført av Rex Gildo i juli 1963.

Ein fransk versjon av songen kalla «Tu n'as rien de tout ça» vart skriven av Ralph Bernet. Denne vart først framført av Eddy Mitchell i november 1963, og sidan av Johnny Hallyday i 1964 og så av Betty & The Bops i 2000.

Moog Konttinen skreiv ein fink tekst kalla «Nainen valepuvussa» som vart framført av Kontra i 1977.

Ein nederlandsk tekst vart skriven av Nelly Byl og kalla «Duivelskind». Denne vart framført av Will Tura i 1984. Ein tsjekkisk versjon kalla «Ďábel tisíc tváří má» vart framført av Karel Gott i 2012.

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

«(You're the) Devil in Disguise» er med i kortfilmen til Kenneth Anger kalla Scorpio Rising.

Songen vert òg nytta i Disney-filmen Lilo & Stitch og det påfølgjande filmmusikkalbumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  2. Norman, Philip (2008). John Lennon: The Life. Doubleday Canada. s. 335. ISBN 978-0-385-66100-3. 
  3. Christopher Niccoli (1991), liner notes for The «Lost» Album (BMG-RCA 61024-2), 1991
  4. "Ultratop.be – Elvis Presley – (You're the) Devil in Disguise" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. desember 2016.
  5. 5,0 5,1 5,2 Steve Hawtin; et al. (27. januar 2013). «Song artist 2 - Elvis Presley». Tsort pages. Henta 12. desember 2016. 
  6. «Toutes les Chansons N° 1 des Années 60». Syndicat National de l'Industrie et du Commerce Phonographiques (på fransk). Infodisc.fr. 2013. Henta 17. februar 2013. 
  7. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 12. desember 2016.
  8. «The Irish Charts – Search charts». Irish Innspelt Music Association. 2008. To use, type «Devil Disguise» in the «Search by Song Title» search var and click search. Henta 12. desember 2016. 
  9. "Dutchcharts.nl – Elvis Presley – (You're the) Devil in Disguise" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. desember 2016.
  10. "Topp 20 Single uke 30, 1963 – VG-lista. Offisielle hitlister fra og med 1958". VG-lista. Verdens Gang AS. Henta 12. desember 2016.
  11. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. desember 2016.
  12. «The Billboard Hot 100: Week of 10. august 1963». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 10. august 1963. Henta 21. februar 2013. 
  13. [[#cite_ref-'"`UNIQ--ref-0000000C-QINU`"'_13-0|↑]] "Presley?f=379&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  14. «Elvis Presley - Awards». Allmusic. Henta 21. februar 2013. 
  15. «Elvis Presley - Chart history: European Hot 100 Singles». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. Henta 21. februar 2013. 
  16. [[#cite_ref-'"`UNIQ--ref-0000000F-QINU`"'_16-0|↑]] "Presley?f=349&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" European Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  17. "Dutchcharts.nl – Elvis Presley – (You're the) Devil in Disguise" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. november 2016.
  18. "Swedishcharts.com – Elvis Presley – (You're the) Devil in Disguise". Topp 60. Hung Medien. Henta 12. desember 2016.
  19. «The CASH BOX Årslisters: 1963». Cash Box Magazine. 28. desember 1963. Henta 17. februar 2013. 
  20. «American single salstrofé – Elvis Presley – Devil in Disguise». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH


Føregangar
«Lucky Lips»
Cliff Richard og The Shadows
Toppen av VG-lista
Elvis Presley

6 veker, Veke 30–35, 1963
Etterfylgjar
«Sukiyaki»
Kyu Sakamoto