Loving You av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loving You
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 1. juli 1957
Innspelt 1957
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 26:23
Selskap RCA Victor
Produsent Steve Sholes
Elvis Presley-kronologi
Elvis
(1956)
Loving You Elvis' Christmas Album
(1957)
Singlar frå Loving You
  1. «(Let Me Be Your) Teddy Bear»
    Utgjeve: Juni 1957
  2. «Mean Woman Blues»
    Utgjeve: 1957
  3. «Loving You»
    Utgjeve: 1957
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Rough Guides4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Loving You er det tredje studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono, LPM 1515, i juli 1957. Plateinnspelinga fann stad 15. til 18. januar 1957 i Paramount Pictures Scoring Stage, og 12., 13. og 19. januar og 23. og 24. februar 1957 i Radio Recorders i Hollywood.[4] Dette var dei første innspelingane der Steve Sholes stod offisielt oppført som produsent. Albumet låg ti veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista. Det hadde seld til gullplate 9. april 1968 hos Recording Industry Association of America.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld sju songar som vart skrivne for filmen Loving You frå låtskrivarar som hadde kontrakt med Elvis Presley Music og Gladys Music, forlaga som Presley og manageren hans, Colonel Tom Parker, eigde.[6] Ein åttande song som var skriven for filmen, men ikkje brukt, «Don't Leave Me Now», var med på albumet, og ei ny innspeling var med i den nesten filmen hans, Jailhouse Rock.

Albumet inneheld begge sidene av singeleln frå filmen, hitten «(Let Me Be Your) Teddy Bear» med B-sida som var tittelsporet til filmen, «Loving You».[7] Produsenten Hal B. Wallis likte «Teddy Bear» så godt at han insisterte på å songen i filmen.[8] Det vart lagt til songar for å auke lengda på albumet, som swing-favoritten «Blueberry Hill», som hadde vore ein stor hit for Fats Domino i 1956. «Have I Told You Lately That I Love You?» hadde tidlegare blitt spelt av Sons of the Pioneers og Bing Crosby med The Andrews Sisters. Cole Porter sin «True Love», skriven for musikalfilmen High Society i 1956, vart teken med anten for å ha med ein enkel, romantisk song, eller for å gje Presley og The Jordanaires ein song der dei kunne syngje tette harmoniar. Praksisen til RCA med å ta songar spelte inn for filmar og legge til nokre ekstra songar for å fylle ut albumet vart vanleg for Presley utover i 1960-åra.

RCA gav ut albumet på CD i 1988. Albumet vart gjeve ut på ny med åtte bonusspor i 1997. Alle songane var frå den same innspelinga, med tre alternative versjonar og resten frå EP-en Just For You og tre singelsider, inkludert «Tell Me Why» som vart gjeven ut først ni år seinare. Her var og ei nyinnspeling av Sun-innspelinga «When It Rains, It Really Pours», som òg vart gjeven ut i 1965 på albumet Elvis for Everyone. Den 11. januar 2005 gav Sony BMG ut albumet ijen med remastra lyd ved hjelp av DSD-teknologi med seksbonusspor. I 2006 følgde nok ei utgåve i form av ei dobbeltplate på Follow That Dream med mange bonusspor og alternative opptak.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein (songar frå filmen Loving You)
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Mean Woman Blues»  Claude Demetrius13. januar 1957 2:15
2. «(Let Me Be Your) Teddy Bear»  Kal Mann og Bernie Lowe24. januar 1957 1:45
3. «Loving You»  Jerry Leiber og Mike Stoller24. februar 1957 2:12
4. «Got a Lot o' Livin' to Do»  Aaron Schroeder og Ben Weisman12. januar 1957 2:31
5. «Lonesome Cowboy»  Sid Tepper og Roy C. Bennett15. januar 1957 3:07
6. «Hot Dog»  Jerry Leiber og Mike Stoller18. januar 1957 1:17
7. «Party»  Jessie Mae Robinson22. januar 1957 1:27
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Blueberry Hill»  Vincent Rose, Al Lewis, Larry Stock19. januar 1957 2:38
2. «True Love»  Cole Porter23. februar 1957 2:07
3. «Don't Leave Me Now»  Aaron Schroeder og Ben Weisman23. februar 1957 2:00
4. «Have I Told You Lately That I Love You?»  Johnny Russell og Scott Wiseman19. januar 1957 2:30
5. «I Need You So»  Ivory Joe Hunter23. februar 1957 2:40

«Teddy Bear» og «Loving You» vart gjevne ut som singlar og nådde høvesvis førsteplassen og 20. plassen på Billboard-lista.[9]

Bonusspor på 1997- og 2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Loving You vart gjeven ut på Cd med dei originale 12 songane og fleire bonusspor:

# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
13. «Tell Me Why» (opphavleg gjeven ut som singel, 47-8740, 3. desember 1965, #33)Titus Turner12. januar 1957 2:05
14. «Is It So Strange» (opphavleg gjeven ut på EP-en Just For You, EPA 4041, 1. april 1957, #16)Faron Young19. januar 1957 2:28
15. «One Night (of Sin)» (alternativ versjon for singel, 47-7410, 21. oktober 1958, #4)Dave Bartholomew, Pearl King24. januar 1957 2:29
16. «When It Rains, It Really Pours» (opphavleg gjeven ut på Elvis for Everyone, LSP 3450, 10. august 1965, #10)William Emerson24. februar 1957 1:47
17. «I Beg of You» (alternative master, opptak 12)Rose Marie McCoy and Cliff Owens13. januar 1957 1:50
18. «Party» (alternativ master, opptak 7)Jessie Mae Robinson22. januar 1957 1:07
19. «Loving You» (alternativ versjon, opptak 13)Jerry Leiber og Mike Stoller14. februar 1957 1:25
20. «Got a Lot o' Livin' to Do» (finale)Aaron Schroeder og Ben Weisman12. januar 1957 1:20

Follow That Dream-utgåva frå 2006[endre | endre wikiteksten]

Plate 1
Originalt album
# Tittel Lengd
1. «Mean Woman Blues»   2:19
2. «(Let Me Be Your) Teddy Bear»   1:49
3. «Loving You»   2:15
4. «Got A Lot O´ Livin´ To Do!»   2:32
5. «Lonesome Cowboy»   3:06
6. «Hot Dog»   1:16
7. «Party»   1:32
8. «Blueberry Hill»   2:40
9. «True Love»   2:07
10. «Don´t Leave Me Now»   2:00
11. «Have I Told You Lately That I Love You»   2:32
12. «I Need You So»   2:39
Bonusspor
# Tittel Lengd
13. Utan namn (One Night) 2:32
14. «I Beg Of You»   1:53
15. «All Shook Up»   2:02
16. «That´s When Your Heartaches Begin»   3:24
17. «Tell Me Why»   2:08
18. «Is It So Strange»   2:29
19. «When It Rains, It Really Pours»   1:50
20. «One Night (of Sin)»   2:36
21. «I Beg Of You alternativ master»   1:52
22. «Loving You» (J-16 end version*) 2:18
23. «Party» (A-7 alternativ master) 1:21
24. «Loving You» (K-03 main version*) 2:16
25. «Loving You» (HX-14 farm version 2*) 2:04
26. «Got A Lot O´ Livin´ To Do!» (R-13 finale) 1:31
27. «Mean Woman Blues» (BX-07 version 2*) 2:34
28. «Loving You» (KX-21 main version 2) 1:33
29. «Loving You» (HZ 12 farm version 3) 2:05
30. «Blueberry Hill» (frå acetat) 3:12
31. «Got A Lot O´ Livin´ To Do!» (D-17 main version [frå acetat]*) 1:55
*tidlegare ikkje utgjeven
Disk 2

14. februar-innspelinga

1-12. «Loving You» (HZ alle mono-versjonar)

13-34. «Loving You» (KX alle mono-versjonar)

35-50. «Loving You» (KX opptak 1-15 stereoversjonar)

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[10] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Lister År Plassering
UK Albums Chart[11] 1957 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review.
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 891. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 111. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016. 
  5. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis» and go to page 36
  6. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 78-80.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 411.
  8. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters. RCA 66050-2, 1992, liner notes s. 34.
  9. «Billboard Top 20: Pop singles». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 1. oktober 2016. 
  10. «American album salstrofé – Elvis Presley – Loving You». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  11. «Chart Stats - Elvis Presley - Lovin' You». chartstats.com. Arkivert frå originalen 24 Jul 2012. Henta 27. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]