Elvis' Gold Records Volume 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvis' Gold Records Volume 4
Samlealbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 2. januar 1968
Innspelt Juni 1958 til juni 1966
Sjanger Rock and roll
Lengd 29:03
Selskap RCA Victor
Elvis Presley-kronologi 
Clambake

(1967)

Elvis' Gold Records Volume 4 Speedway

(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Elvis' Gold Records Volume 4 er det 34. albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3921 i januar 1968. Albumet består av innspelingar frå ein åtteårsperiode i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, og i RCA Studios og Radio Recorders i Hollywood. Det er eit samlealbum med hitsinglar gjevne ut mellom 1961 og 1967 og nådde 33. plassen på Billboard 200.[2] Det selde til gullplate 27. mars 1992 i USA.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Presley hadde vore ein populær artist sidan Elvis' Golden Records Volume 3 (1963), og hatt åtte album inne på topp 10 og 17 singlar på topp 40, hadde salet falle sidan glanstida.[2] Samlealbumet Elvis for Everyone (1965) var det første albumet hans som selde under 300 000 eksemplar, og dei siste fem filmmusikkalbuma hadde alle gjort det stadig verre, og falle under 200 000 selde eksemplar.[4] Singlane hans nådde ikkje lenger automatisk topp 40, og sjølv om den siste singelen hans «Big Boss Man» hadde seld 350 000, hadde han ikkje nådd 500 000 for å få gullplate i USA.[5] Vanlegvis var samlealbuma ein garantert salssuksess, men denne utgåva selde berre 400 000 eksemplar. Dette var betre enn dei siste filmmusikkalbuma, men langt dårlegare enn dei tre føregjengaren.[6] Det var no tvil om den framtidige karrieren til Presley.

Elvis' Gold Records Volume 4 består av fem A-sider og sju B-sider. Tre songar hadde ikkje blitt skrivne for Presley: «Love Letters» kom frå filmen med same namn; «Witchcraft» hadde vore ein hit i 1956 for The Spiders og «What'd I Say» var klassikaren til Ray Charles frå 1959.[7] Tre B-sider, «Lonely Man», «A Mess of Blues» og «Just Tell Her Jim Said Hello» var gamle nok til å ha vore med på Elvis' Golden Records Volume 3, og ei anna B-side «Ain't That Loving You Baby», kom frå permisjonsinnspelinga for RCA den 10. juni 1958, då han spelte inn musikk som skulle gjevast ut medan Presley var i United States Army.[8]

I 1997 vart Elvis' Gold Records Volume 4 gjeven ut på ny med seks ekstra songar og ei anna rekkefølgje på songane. «Rock-A-Hula Baby» frå Blue Hawaii i 1961 vart gjeven ut som B-sida til singelen «Can't Help Falling In Love».[9] Tre songar vart gjevne ut som singlar før filmmusikkalbuma dei høyrte til kom ut: «Bossa Nova Baby» for Fun in Acapulco; «Kissin' Cousins» for albumet med same namn og «Return to Sender», som kom ut ein månad før Girls! Girls! Girls!.[10] «Viva Las Vegas» (B-sida til «What'd I Say»), av Doc Pomus og Mort Shuman, vart ein av dei mest kjende Elvis-innspelingane, og ei rekkje artistar har spelt inn denne songen, som Dead Kennedys, Bruce Springsteen og Nine Inch Nails. Gospelsongen «Crying in the Chapel» vart spelt inn under innspelinga for His Hand in Mine, og denne fem år gamle songen nådde tredjeplassen og selde ein million eksemplar då han kom ut på singel i 1965.[11]

I 1968 var det mindre vanleg å gje ut plater i mono, så monoutgåva av albumet vert rekna som sjeldant og er eit samleobjekt.[12]

Dei originale innspelingane vart produserte av Steve Sholes, Joseph Lilley, Chet Atkins, Urban Thielmann, George Stoll og Felton Jarvis.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Plassering for singlar er for Billboard Pop Singles-lista, med mindre det står noko anna.

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr. Z Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Tid
1. «Love Letters» Edward Heyman og Victor Young 26. mai 1966 47−8870 8. juni 1966 19 2:30
2. «Witchcraft» Dave Bartholomew and Pearl King 26. mai 1963 47−8243b 1. oktober 1963 32 2:19
3. «It Hurts Me» Joy Byers og Charlie Daniels 12. januar 1964 47−8307b 10. februar 1964 29 2:27
4. «What'd I Say» Ray Charles 30. august 1963 47−8360 28. april 1964 21 3:02
5. «Please Don't Drag That String Around» Otis Blackwell og Winfield Scott 26. mai 1963 47−8188b 18. juni 1963 1:54
6. «Indescribably Blue» Darrell Glenn 10. juni 1966 47−9056 10. januar 1967 33 2:48
Side to
Nr. Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Time
1. «(You're the) Devil in Disguise» Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye 26. mai 1963 47−8188 18. juni 1963 3 2:20
2. «Lonely Man» Bennie Benjamin og Sol Marcus 7. november 1960 47−7850b 7. februar 1961 32 2:43
3. «A Mess of Blues» Doc Pomus og Mort Shuman 20. mars 1960 47−7777b 5. juli 1960 32 2:39
4. «Ask Me» Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye 12. januar 1964 47−8840 22. september 1964 12 2:07
5. «Ain't That Loving You Baby» Clyde Otis og Ivory Joe Hunter 10. juni 1958 47−8840b 22. september 1964 16 2:22
6. «Just Tell Her Jim Said Hello» Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 1962 47−8041b 17. juli 1962 55 1:52

Bonusspor på 1997-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Tid
1. «Return to Sender» Otis Blackwell og Winfield Scott 27. mars 1962 47−8100 2. oktober 1962 2 2:06
2. «Rock−a−Hula Baby» Fred Wise, Ben Weisman, Dolores Fuller 23. mars 1961 47−7968b 22. november 2016 1961 23 1:57
3. «Love Letters» Edward Heyman og Victor Young 26. mai 1966 47−8870 8. juni 1966 19 2:30
4. «Bossa Nova Baby» Jerry Leiber og Mike Stoller 22. januar 1963 47−8243 1. oktober 1963 8 2:02
5. «Witchcraft» Dave Bartholomew og Pearl King 26. mai 1963 47−8243b 1. oktober 1963 32 2:19
6. «Kissin' Cousins» Fred Wise og Randy Starr 30. september 1963 47−8307 10. februar 1964 12 2:12
7. «It Hurts Me» Joy Byers og Charlie Daniels 12. januar 1964 47−8307b 10. februar 1964 29 2:27
8. «Viva Las Vegas» Doc Pomus og Mort Shuman 10. juli 1963 47−8360b 28. april 1964 29 2:21
9. «What'd I Say» Ray Charles 30. august 1963 47−8360 28. april 1964 21 3:02
10. «Please Don't Drag That String Around» Otis Blackwell og Winfield Scott 26. mai 1963 47−8188b 18. juni 1963 1:54
11. «Indescribably Blue» Darrell Glenn 10. juni 1966 47−9056 10. januar 1967 33 2:48
12. "(You're the) Devil in Disguise" Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye 26. mai 1963 47−8188 18. juni 1963 3 2:20
13. «Lonely Man» Bennie Benjamin og Sol Marcus 7. november 1960 47−7850b 7. februar 1961 32 2:43
14. «A Mess of Blues» Doc Pomus og Mort Shuman 20. mars 1960 47−7777b 5. juli 1960 32 2:39
15. «Ask Me» Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye 12. januar 1964 47−8840 22. september 1964 12 2:07
16. «Ain't That Loving You Baby» Clyde Otis og Ivory Joe Hunter 10. juni 1958 47−8840b 22. september 1964 16 2:22
17. «Just Tell Her Jim Said Hello» Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 1962 47−8041b 7. juli 1962 55 1:52
18. «Crying in the Chapel» Artie Glenn 31. oktober 1960 47−0643 6. april 1965 3 2:24

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Lister Plassering
1968 Billboard Pop Albums 33

Saltrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[13] Gull 500 000^

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. 2,0 2,1 «Elvis Presley (awards)». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 8. desember 2016. 
  3. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 8. desember 2016.  Merk: Søk på «Elvis Golden Records, Volume 4»
  4. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 201, 222, 224, 240.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 240.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 244.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 180, 184.
  8. Jorgensen, op. cit., s. 107.
  9. Jorgensen, op. cit., s. 164.
  10. Jorgensen, op. cit., s. 170, 177, 185.
  11. Jorgensen, op. cit., s. 200.
  12. Jerry Osborne's Presleyana: The Elvis Presley Record, CD, and Memorabilia Price Guide
  13. «American album salstrofé – Elvis Presley – Elvis' Gold Records Volume 4». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]