Almost in Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Almost in Love
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve November 1970
Innspelt 29. juni 1966 - 20. januar 1969
Sjanger Pop
Lengd 25:44
Selskap RCA Camden
Elvis Presley-kronologi
On Stage: februar 1970
(1970)
Almost in Love That's the Way It Is
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
MusicHound3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Almost in Love er det 39. albumet til Elvis Presley, gjeven ut i november 1970 på billigselskapet RCA Camden. Det var det førte av fleire album på RCA Camden med songar som berre tidlegare hadde vore tilgjengeleg på singlar eller EP-ar.

Her finst mellom andre «A Little Less Conversation» frå filmmusikken til Live a Little, Love a Little frå 1968 og «Rubberneckin», ein singel frå 1969 frå filmen Change of Habit som vart spelt inn i Memphis under innspelingane der i 1969. Songen vart seinare miksa av Paul Oakenfold i 2003.

Songen «Stay Away, Joe» (kjenningsmelodien til filmen med same namn frå 1967) vart feilaktig teken med, sidan han alt var gjeven ut tidlegare i 1970 på samlealbumet Let's Be Friends). Då RCA gav ut Almost in Love på ny i 1973, vart han erstatta med ein annan song, «Stay Away», frå same filmen. Denne hadde ikkje tidlegare blitt gjeven ut på noko album.

Tittelsporet på albumet er ein song frå filmen Live a Little, Love a Little frå 1968. Albumet vart gjeve ut på ny av Pickwick Records med eit anna plateomslag i 1975 og seinare på CD i 2006. Det selde til gullplate og platinaplate 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Det siste sporeet vart erstatta på nyutgjevinga i 1973 og CD-utgåva i 2006:

Nr.TittelLengd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Almost in LoveAllmusic
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 8. januar 2017.  Merk: Søk på «Almost in Love»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]