Don't Cry Daddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Cry Daddy
Singel av Elvis Presley
B-side «Rubberneckin'»
Utgjeve November 1969
Innspelt 15. januar 1969
Sjanger Country
Lengd 2:50
Låtskrivar(ar) Scott Davis
Elvis Presley-kronologi
Suspicious Minds Don't Cry Daddy Kentucky Rain


«Don't Cry Daddy» er ein song skriven av Mac Davis og spelt inn av Elvis Presley i 1969.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Scott Davis (òg kjend som Mac Davis) og spelt inn av Elvis Presley den 15. og 21. januar 1969. Songen vart gjeven ut på singel. Rytmesporet vart spelt inn 15. januar og vokalen til Elvis lagt på den 21. januar. Somme spekulerer i om songen vart laga som ei trøyst til faren til Elvis som vart enkemann då kona døydde i 1958. Songen nådde sjetteplassen på den amerikanske singellista[1] og åttandeplassen i Storbritannia.

Det vart teke konsertopptak av songen i andre sesongen i Las Vegas i februar 1970, og fleire av desse er gjevne ut. Middagskonserten den 13. august 1970 ved International Hotel spelte han inn ein versjon som glir rett inn i «In the Ghetto»[1].

Duett[endre | endre wikiteksten]

I 1997 laga Lisa Marie Presley ein video av «Don't Cry Daddy», der ho syng songen som ein duett med faren. Videoen vart presentert 16. august 1997, på ein konsert som markerte at det var 20 år sidan Elvis døydde. Videoen nyttar originalvokalen til Elvis, med nyinnspelt akkomapgnement og vokalen til Lisa Marie. Innspelinga var ikkje for kommersielt bruk. Songen skapte fornya interesse i Lisa Marie som plateartist, og synte ein slørete klang i røysta hennar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
  2. «Elvis Presley Song 'Don't Cry, Daddy' (1969) — fan comments, trivia, on which CD to buy it». Elvistribute.us. http://www.elvistribute.us/songs/dont-cry-daddy.php. Henta 30. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]