Double Trouble av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Double Trouble
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Utgjeve 1. juni 1967
Innspelt Mai 1963, juni 1966
Sjanger rock, pop
Lengd 22:36
Selskap RCA Victor
Produsent Jeff Alexander
Elvis Presley-kronologi
How Great Thou Art

(1967)

Double Trouble Clambake

(1967)

Singlar frå Double Trouble
  1. «Long Legged Girl (With the Short Dress On)»
    Utgjeve: April 1967
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic 1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Double Trouble er det 29. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3787 i juni 1967. Innspelinga fann stad i Radio Recorders og i MGM Studios i Hollywood i California, den 28. til 30. juni 1966.[2] Albumet nådde 47. plassen på Billboard 200.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Presley hadde vanlegvis insistert på å arbeide i komfortable, vanlege lydstudio, og hadde unngått dei store, lydtette filmstudioa. Sjefane i MGM som ønskte å halde budsjettet lågt, insisterte på å flytte filmmusikkinnspelinga nettopp til eit slikt studio.[4] Ein frustrert Presley gjekk med på dette, men dropen rann over då han måtte syngje «Old MacDonald», og han storma ut av studio i sinne etter å ha gjort ferdig ein særs kort master-innspeling av «Long Legged Girl (with the Short Dress On).»[4] Denne songen vart gjeven ut på singel seint i april, før filmen hadde premiere. Singelen nådde berre 63. plassen på Billboard Hot 100.

Etter det entusiastiske gospelalbumet How Great Thou Art som vart spelt inn månaden før i Nashville, gjekk Presley her attende til å kverne ut plater og filmar som raskt gjekk i gløymeboka.[5] Sjølv utgjevingsdatoen for Double Trouble var uheldig - same dagen som The Beatles gav ut landemerket Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og same dagen som David Bowie gav ut debutalbumet sitt.

Det vart spelt inn ni songar for filmen og dei vart berre i alt 17 minuttar og 11 sekund, altfor kort for eit vanleg album. For å auke speletida vart det lagt til tre sognar frå innspeligna til eit «tapt album» i mai 1963, slik at lengda på albumet kom like over tjue minuttar.[6] To songar vart alt gjevne ut som b-sider til singlar, «Never Ending», som var B-sida til eit fire år gammalt albumspor, «Such a Night» og «Blue River» som var B-sida til det åtte år gamle sporet «Tell Me Why."[7] «It Won't Be Long» vart spelt inn for filmen, men ikkje nytta.

I 2004 vart Double Trouble gjeven ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Double Trouble»   Doc Pomus og Mort Shuman 29. juni 1966 1:38
2. «Baby, If You'll Give Me All of Your Love»   Joy Byers 29. juni 1966 1:47
3. «Could I Fall in Love»   Randy Starr 28. juni 1966 1:42
4. «Long Legged Girl (With the Short Dress On)»   Leslie McFarland, Walter Scott 29. juni 1966 1:27
5. «City by Night»   Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye 28. juni 1966 3:04
6. «Old MacDonald»   Randy Starr 29. juni 1966 2:04
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «I Love Only One Girl»   Sid Tepper og Roy C. Bennett 29. juni 1966 1:52
2. «There Is So Much World to See»   Randy Starr 28. juni 1966 1:53
3. «It Won't Be Long» (bonusspor) Ben Weisman og Sid Wayne 29. juni 1966 1:44
4. «Never Ending» (bonusspor) Buddy Kaye og Phil Springer 26. mai 1963 1:57
5. «Blue River» (bonusspor) Paul Evans og Fred Tobias 27. mai, 1963 2:11
6. «What Now, What Next, Where To» (bonusspor) Hal Blair og Don Robertson 26. mai 1963 1:56

Follow That Dream-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Spor 1-12 er originalalbumet

# Tittel Lengd
13. «Double Trouble» (opptak 1) 1:39
14. «Baby, If You'll Give Me All Of Your Love» (opptak 2) 2:25
15. «I Love Only One Girl» (opptak 1) 2:25
16. «It Won't Be Long» (opptak 1,2) 2:21
17. «Long Legged Girl» ([2. versjon] opptak 1,2) 2:40
18. «Could I Fall In Love» (opptak 6 [undubbed master]) 2:27
19. «There Is So Much World To See» (opptak 10) 2:27
# Tittel Lengd
20. «Long Legged Girl» ([1. versjon] take 6) 1:44
21. «City By Night» (opptak 3/10) 2:56
22. «It Won't Be Long» (opptak 5) 1:47
23. «Double Trouble» (opptak 2,3) 1:50
24. «Baby, If You'll Give Me All Of Your Love» (opptak 3,4) 2:49
25. «Could I Fall In Love» (harmony opptak 1) 1:48

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Lister Plassering
1967 Billboard Pop Albums 47

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. «Keith Flynn's Elvis Presley pages». Keith Flynn. 2015. http://keithflynn.com/recording-sessions/60_index_02.html. Henta 6. desember 2016. 
  3. Double Trouble av Elvis PresleyAllmusic
  4. 4,0 4,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 221.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 222.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 179.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 75.
  8. Kjelder:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]