Hopp til innhald

Roustabout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roustabout
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 20. oktober 1964
Innspelt 2. og 3. mars, 29. april 1964
Sjanger Pop
Lengd 20:05
Selskap RCA Victor
Produsent Joseph Lilley
Elvis Presley-kronologi 
Kissin' Cousins
(1964)
Roustabout Girl Happy
(1965)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Roustabout er det 21. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 2999, i oktober 1964. Det inneheldt filmmusikken til filmen med same namn. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 2. og 3. mars og 29. april 1964. Det nådde toppen av Billboard Top LP's-lista.[2] Det selde til gullplate 20. mai 1988 av Recording Industry Association of America.[3] Albumet vart det siste filmmusikkalbumet som nådde toppen av lista og det siste albumet generelt som nådde toppen før Aloha From Hawaii: Via Satellite i 1973.[2]

Presley fekk betalt mellom 225 000 til 1 000 000 dollar på førehand av kvar film han deltok i, ofte halve budsjettet til produksjonen. I tillegg fekk han halvparten av inntektene frå filmane.[4] Desse filmane vart stundom filma på under tre veker, og all musikk til filmen og albumet tok sjeldan meir enn to veker.[4] Det var ansvaret til Freddy Bienstock, assistenten til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å sikre at songane passa inn i inntektslikninga og utgjevingane vart kontrollerte av Elvis Presley Music eller Gladys Music, som var Hill and Range Publishing-selskap som Presley og Parker eigde. På grunn av dette mista suksessrike låtskrivarar som Doc Pomus og Mort Shuman, Otis Blackwell og Winfield Scott, og Don Robertson interessa i å skrive songar for Presley.[4] Det var samverkande marknadsføring, og ein tilsett i MGM sa at filmane «ikkje trengde titlar. Me kunne ha gjeve dei nummer. Dei ville likevel ha selt bra».[4]

Blackwell og Scott skreiv faktisk ein kandidat til tittelsporet, «I'm a Roustabout» som vart spelt inn 3. mars, men fann ut at songen vart byta ut med ein song frå andre låtskrivarar.[5] Denne innspelinga vart etter kvart gjeven ut av RCA på samlealbumet 2nd to None i 2003.[6]

Presley og klikken hans som bestod av dei beste studiomusikarane pløydde seg gjennom alt dette, og spelte inn elleve songar som resulterte i 25 minuttar med musikk på albumet. Fire av sognane frå dette albumet kom seinare ut på samlealbumet The Essential 60s Masters II i 1995: «Roustabout», «Little Egypt», «Poison Ivy League» og «There's a Brand New Day on the Horizon».[7]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Roustabout»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. april 19641:56
2.«Little Egypt»Jerry Leiber og Mike Stoller2. mars 19642:15
3.«Poison Ivy League»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye2. mars 19642:02
4.«Hard Knocks»Joy Byers2. mars 19641:42
5.«It's a Wonderful World»Sid Tepper og Roy C. Bennett2. mars 19641:48
6.«Big Love Big Heartache»Dolores Fuller, Lee Morris, Sonny Hendrix3. mars 19641:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«One Track Heart»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye3. mars 19642:15
2.«It's Carnival Time»Ben Weisman og Sid Wayne3. mars 19641:32
3.«Carny Town»Fred Wise og Randy Starr3. mars 19641:19
4.«There's a Brand New Day on the Horizon»Joy Byers3. mars 19642:00
5.«Wheels on My Heels»Sid Tepper og Roy C. Bennett3. mars 19641:19

Plassering

[endre | endre wikiteksten]

Album

Lister (1965) Plassering
Billboard Pop Albums (Billboard 200) 1

Region SalstroféSalstal
USA (RIAA)[8] Gull 500 000^
  1. ↑ Allmusic review
  2. 1 2 «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 30. november 2016.
  3. ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016. Merk: Søk på «Roustabout»
  4. 1 2 3 4 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 198.
  5. ↑ Jorgensen, op. cit., s. 198-199.
  6. ↑ «Events in Memphis - Elvis Presley News - Memphis i Tennessee». Elvis.com. Henta 30. november 2016.
  7. ↑ Roustabout på Allmusic
  8. ↑ «American album salstrofé – Elvis Presley – Roustabout». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH