King Creole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
King Creole
Filmmusikk av Elvis Presley
Utgjeve 19. september 1958
Innspelt 1958
Sjanger
Lengd 21:35
Selskap RCA Victor
Produsent Walter Scharf, Phil Khagan
Elvis Presley-kronologi
Elvis' Golden Records
(1958)
King Creole For LP Fans Only
(1959)
Singlar frå King Creole
  1. «Hard Headed Woman»
    Utgjeve: 10. juni 1958
  2. «King Creole»
    Utgjeve: 1958 (Europa)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Rough Guides3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

King Creole er det sjette albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i september 1958,[4] og spelt inn i løpet av fire dagar i Radio Recorders i Hollywood. Det inneheld songar skrivne og spelt inn for filmen med same namn og nådde andreplassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5] Albumet selde til gullplate 15. juli 1999 hos Recording Industry Association of America.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av songane kom frå låtskrivarar som arbeidde for Hill and Range, eit songforlag som Presley eigde i lag med Colonel Tom Parker: Fred Wise, Ben Weisman, Claude Demetrius, Aaron Schroeder, Sid Tepper og Roy C. Bennett. Jerry Leiber og Mike Stoller var relativt lite medverkande, etter at dei hadde kome på kant med Parker under den forrige filmen, Jailhouse Rock (1957), der dei praktisk talt dominerte musikkproduksjonen. Parker var rasande over at låtskrivarar hadde så lett tilgang til Presley utan å gå gjennom Parker sine «rette kanalar», særleg sidan dei òg hadde prøvd å påverke filmretninga til Presley med å gje han ein ide om å gjere ein film av Nelson Algren-romanen A Walk on the Wild Side (1956) med Elia Kazan som regissør og musikk av Leiber og Stoller.[7] Parer sette foten ned for slike innfall, men duoen klarte likevel å få med tre songar i filmen, inkludert tittelsporet og «Trouble». Framsyninga til Presley av «Trouble» i filmen syner til Muddy Waters og Bo Diddley. Han spelte songen på det særs suksessrike fjernsynsprogrammet hans i 1968.

Songane «Hard Headed Woman» og «Don't Ask Me Why» vart gjeven ut på singel 10. juli 1958, samstundes med filmen. «Hard Headed Woman», A-sida, og «Don't Ask Me Why» nådde begge Billboard Hot 100-lista på høvesvis toppen av lista og 25. plassen.

RCA gav ut det originale albumet på CD i 1988. Albumet kom ut på ny i 1997 med sju bonusspor, inkludert songen «Danny» som vart spelt inn under innspelinga av albumet, seks alternative opptak der fire ikkje var gjevne ut før.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Bonusspor på 1997-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Spor 3 («Danny») var opphavleg gjeven ut på plata Elvis: A Legendary Performer Volume 3 (CPL1-3082) i desember 1978.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Lister År Plassering
UK Albums Chart[8] 1958 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Sal
USA Gull 500 000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 112–13. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. Combs, Paul (2009–2013). «The Elvis Presley Record Research Database: King Creole». elvisrecords.us. Henta 6. oktober 2016. 
  5. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016. 
  6. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis»
  7. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, box set insert booklet, s. 46-48.
  8. «Chart Stats - Elvis Presley - King Creole». chartstats.com. Arkivert frå originalen 21 July 2012. Henta 6. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]