Paradise, Hawaiian Style

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paradise, Hawaiian Style
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Utgjeve 10. juni 1966
Innspelt Juli-august 1965
Sjanger Pop, Hawaii-musikk
Lengd 22:20
Selskap RCA Victor
Produsent David Weichman, Thorne Nogar
Elvis Presley-kronologi
Frankie and Johnny

(1966)

Paradise, Hawaiian Style Spinout

(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic[1]1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg

Paradise, Hawaiian Style er det 26. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3643, i juni 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, den 26. og 27. juli, og 2. august 1965. Det nådde 15. plassen på Top LP's-lista.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I 1965 spelte Presley inn musikk for filmar, nesten eitt år før filmane kom ut. Borte var dagane då det kunne ta mindre enn ei veke frå Presley var i studio, til plata var på plass i butikkane, slik det t.d. var for Elvis Is Back!.[3] Medan han arbeidde på dette albumet gjekk den siste filmen hans, Tickle Me på kino, og Presley hadde fullført tre filmar til sidan den gongen. Med titlar som «A Dog's Life» og «Queenie Wahine's Papaya» gjorde han ope narr av songane han spelte inn, og sløste med tida før han kom bort til mikrofonen for å syngje.[4] Han aksepterte motvillig songane han vart tilbode, og som han kjapt ville ha avvist i tidlegare år. Han fullførte alltid arbeidet, men i røynda hadde Presley vorte ei leigehjelp i sin eigen karriere.[4]

Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Det vart spelt inn ti songar i innspelinga for filmen, men berre ni vart nytta i filmen. Den siste songen, «Sand Castles», vart med på albumet for at talet skulle kome opp i ti songar. Salet for albumet var under 250 000, ein ny botnrekord for eit Presley-album.[5] Den gode meldinga var singelen som kom ut i juni 1966, to dagar før albumet, standarden «Love Letters» i lag med Clyde McPhatter sin rhythm and blues-hit «Come What May». Denne nådde respektable 19. plassen på Billboard Hot 100, og reflekterte i det minste den faktiske musikksmaken til Presley.[6] Det var òg den første nyare innspelinga som kom ut på tre år sidan «(You're the) Devil in Disguise» i juni 1963, og kom i butikkane mindre enn to veker etter han vart spelt inn.[7]

I 2004 vart Paradise, Hawaiian Style gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og fleire alternative opptak.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Paradise, Hawaiian Style»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye27. juli 1965 2:39
2. «Queenie Wahine's Papaya»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye27. juli 1965 1:35
3. «Scratch My Back (Then I'll Scratch Yours)»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye26. juli 1965 2:16
4. «Drums Of The Islands»  Sid Tepper og Roy C. Bennett26. juli 1965 2:34
5. «Datin'»  Fred Wise og Randy Starr26. juli 1965 1:23
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «A Dog's Life»  Ben Weisman og Sid Wayne27. juli 1965 1:59
2. «House of Sand»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye27. juli 1965 2:04
3. «Stop Where You Are»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye27. juli 1965 2:06
4. «This Is My Heaven»  Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye27. juli 1965 2:36
5. «Sand Castles» (bonusspor)David Hess og Herb Goldberg2. august 1965 2:58

Follow That Dream-utgåva frå 2004[endre | endre wikiteksten]

Original utgåve
# Tittel Lengd
1. «Paradise, Hawaiian Style»   2:39
2. «Queenie Wahine's Papaya»   1:34
3. «Scratch My Back»   2:15
4. «Drums Of The Islands»   2:33
5. «Datin'»   1:22
6. «A Dog's Life»   1:58
7. «House of Sand»   2:03
8. «Stop Where You Are»   2:04
9. «This Is My Heaven»   2:34
10. «Sand Castles» (bonusspor) 2:58
Alternative opptak
# Tittel Lengd
11. «This Is My Heaven» (opptak 4) 3:01
12. «A Dog's Life» (opptak 4, 5, 6) 5:45
13. «Datin'» (opptak 6, 7, 8, 11, 12) 3:23
14. «This Is My Heaven» (opptak 7) 2:48
Alternative opptak
# Tittel Lengd
15. «Drums Of The Islands» (opptak 4, 5) 3:37
16. «Queenie Wahine's Papaya» (opptak 5) 1:57
17. «Stop Where You Are» (opptak 1) 2:40
18. «House Of Sand» (opptak 3 plus intro) 4:44
19. «Paradise, Hawaiian Style» (opptak 4, 1) 4:04
20. «Scratch My Back» (opptak 1) 2:29
21. «A Dog's Life» (opptak 8) 2:06
22. «Sand Castles» (KOV opptak 1) 3:06
23. «Datin'» (opptak 1, 2, 3, 4) 3:20
24. «This Is My Heaven» (opptak 1, 2, 3) 3:56

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Lister Plassering
1965 Billboard Pop Albums 15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paradise, Hawaiian Style - Elvis Presley». AllMusic. Henta 1. desember 2016. 
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 30. november 2016. 
  3. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 127.
  4. 4,0 4,1 Jorgensen, op. cit., s. 201.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 222.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 217.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 415, 417.
  8. Kjelder: