From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee
| From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee Studioalbum av Elvis Presley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1. mai 1976 | |
| Innspelt | 2.-7. februar 1976 i Graceland i Memphis i Tennessee | |
| Sjanger | Soul, countrypop[1] | |
| Lengd | 34:48 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Produsent | Felton Jarvis | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
|---|---|---|
| The Sun Sessions (1976) |
From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee | Welcome to My World (1977)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| MusicHound | |
| The Rolling Stone Album Guide | |
| Rough Guides | |
From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee er eit album av Elvis Presley, gjeve ut i 1976 på RCA Records. Det vert ofte mistolka som eit konsertabum sidan det står på omslaget at songane vart «spelte inn live». Sjølv om dette er sant, vart songane spelte inn live i eit platestudio heime hos Presley, i Graceland, og ikkje føre eit publikum.[6] To songar som vart spelte inn under innspelinga, «Moody Blue» og «She Thinks I Still Care», vart gjevne ut året etter på det siste albumet hans, Moody Blue. From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee var det fjerde albumet til Presley som gjekk til topps på Billboard si country-liste dei siste fire åra.[7]
«Hurt» vart gjeven ut på singel og nådde topp 10 på både country- og adult contemporary-lista, medan «For the Heart» stoppa på 45. plassen på countrylista. Sistnemnde nådde så vidt topp 30 på poplista.[7] Begge songane gjekk igjen inn på countrylista i 1980-åra – «For the Heart» vart den første singelen til The Judds i 1983, medan Juice Newton tok sin versjon av «Hurt» til topps i 1986.[8]
From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee selde til gullplate den 10. oktober 1977 hos RIAA.[9] I 2000 vart songane på albumet lagt til Moody Blue som ei utvida utgåve av det sistenemnde albumet.[10] I 2012 vart ei utvida utgåve av sjølve From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee gjeven ut på Follow That Dream.[11]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Original LP-utgåve
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Hurt» | Jimmie Crane, Al Jacobs | 5. februar 1976 | 2:09 |
| 2. | «Never Again» | Billy Edd Wheeler, Jerry Chesnut | 6. februar 1976 | 2:53 |
| 3. | «Blue Eyes Crying in the Rain» | Fred Rose | 7. februar 1976 | 3:44 |
| 4. | «Danny Boy» | Frederic E. Weatherly | 5. februar 1976 | 3:59 |
| 5. | «The Last Farewell» | Roger Whittaker, Ron A. Webster | 2. februar 1976 | 4:05 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «For the Heart» | Dennis Linde | 5. februar 1976 | 3:24 |
| 2. | «Bitter They Are, Harder They Fall» | Larry Gatlin | 2. februar 1976 | 3:19 |
| 3. | «Solitaire» | Neil Sedaka, Phil Cody | 3. februar 1976 | 4:42 |
| 4. | «Love Coming Down» | Jerry Chesnut | 6. februar 1976 | 3:09 |
| 5. | «I'll Never Fall In Love Again» | Lonnie Donegan, Jimmy Currie | 4. februar 1976 | 3:45 |
CD-utgåve frå 2002
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Follow That Dream-utgåva frå 2012
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Region | Organisasjon | Trofé |
|---|---|---|
| United States | RIAA | Gold [13] |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley - vokal, gitarar, bass på «Blue Eyes Crying In The Rain»
- J.D. Sumner & The Stamps, Kathy Westmoreland, Myrna Smith - korvokal
- Bergen White - strykar- & blåsearrangement
- James Burton - sologitar
- John Wilkinson - rytmegitar
- Jerry Scheff - bass
- David Briggs - klaverinstrument
- Ronnie Tutt - trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee på Allmusic
- ↑ AllMusic review
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 8. desember 2016.
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 151. ISBN 1-84353-417-7.
- ↑ «From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 26. juni 2017.
- 1 2 From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee på Allmusic (Awards)
- ↑ Kjelder:
- ↑ «Searchable database». RIAA. 2015. Henta 15. januar 2015. Note: Enter advanced search for «Presley, Elvis» (artist) and «From Elvis Presley Blvd., Memphis i Tennessee» (album name)
- 1 2 From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee på Allmusic
- 1 2 «From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee». Elvis Presley shop. For Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Henta 26. juni 2017.[daud lenkje]
- ↑ «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2012. Henta 16. februar 2012.
- ↑ «Sitemap». Elvis.com. Henta 16. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rareelvispresley.com Arkivert 2014-01-02 ved Wayback Machine.