Return to Sender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Return to Sender
Singel av Elvis Presley
frå albumet Girls! Girls! Girls!
B-side «Where Do You Come»
Utgjeve 5. september 1962
Innspelt 27. mars 1962, Radio Recorders, Hollywood, California
Sjanger Rhythm and blues[1]
Lengd 2:07
Selskap RCA Victor[2]
Låtskrivar(ar)
Produsent Steve Sholes og Chet Atkins[2]

«Return to Sender» er ein song frå 1962 av den amerikanske songaren Elvis Presley. Songen vart skriven av Winfield Scott og Otis Blackwell.[2]

Songen vart spelt inn 27. mars 1962 i Radio Recorders i Hollywood og handlar om ein mann som postar brev til kjærasten sin etter ein krangel. Ho skriv «return to sender» (returner til avsendar) på dei og han held fram å skrive brev og nekta å innsjå at forholdet er over. Presley spelte «Return to Sender» i filmen Girls! Girls! Girls!.[2]

Med på innspelinga var Barney Kesselelektrisk gitar, Tiny Timbrell på akustisk gitar, Ray Siegal på kontrabass, D.J. Fontanatrommer, Dudley Brookspiano, Boots Randolphbarytonsaksofon, og Jordanaires på korvokal, i lag med forskjellige studiomusikarar, som trommeslagaren Hal Blaine. Songen opnar med ein saksofon. Ein annan saksofonist, Bobby Keys, hevda han spelte soloen på songen i memoara sine Every Night's A Saturday Night. Men Hardin skal ikkje ha møtt Presley før februar 1970, då han vart med i turnébandet hans. I tillegg vert denne påstanden avkrefta av RCA, Ernst Jorgensen (den offisielle arkivatoren for innspelingane til Presley), og studiologgane.[3]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Songen gjekk til topps på UK Singles Chart,[4] og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista. Songen gjekk derimot til topps på dei rivaliserande listene til Cash Box og Music Vendor. «Return to Sender» nådde òg femteplassen på R&B-lista.[5] Det var den første songen som toppa singellista under jula i Irland, sidan den irske singellista først vart starta opp i oktober 1962. Singelen selde til platinaplate hos RIAA for over 1 million selde eksemplar i USA.

Songen låg heile 11 veker på toppen av VG-lista i Noreg.[6]

Svarsong[endre | endre wikiteksten]

Gerri Granger spelte inn svarsongen «Don't Want Your Letters». Denne songen vart arrangert og dirigert av Bert Keyes. Han vart gjeven ut på singel på Big Top 45-3128.[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk versjon vart omsett av og framført av Henri Salvador som «Retour au porteur» i 1963. Denne versjonen vart òg spelt inn av Betty & The Bops i 2000 og Frank Michael i 2003.

Ein tysk versjon vart omsett av Camillo Felgen og kalla «Zurück an Johnny». Denne vart framført av Ted Herold i 1963. Ein annan tysk versjon vart omsett av Volker Rosin og framført som «Bye bye ihr Kinder» av Volker Rosin und die Lolly Pops i 1995.

Det er blitt omsett to nederlandske versjonar. Den første vart omsett av Nelly Byl og kalla «Verkeerd verbonden». Denne vart framført av Will Tura i 1984. Den ande versjonen vart omsett av John Spencer og Rob Peters og framleis kalla «Return to Sender». Denne vart framført av John Spencer i 1985.

Ein dansk versjon av songen vart omsett av Nils P. Jørgensen og kalla «En tur i center». Denne vart framført av Bamses Venner i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elvis Presley - Girls! Girls! Girls!». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/girls!-girls!-girls!-mw0000856434. Henta 27. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 67. ISBN 0-85112-250-7. 
  3. Jorgensen, Ernst (1998). Elvis Presley: A Life in Music - The Complete Recording Sessions. St. Martin's Press. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 144–5. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  6. [1] Return to Sender på VG-lista
  7. «Gerri Granger - Don't Want Your Love Letters / Ain't It Funny - Bigtop - USA - 45-3128». 45cat. http://www.45cat.com/record/453128us2. Henta 2014-04-05. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]