I Dig Everything

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Dig Everything
Singel av David Bowie
B-side «I'm Not Losing Sleep»
Utgjeve 19. august 1966
Innspelt Pye Studios, London, 5. juli 1966
Sjanger Pop
Lengd 2:45
Selskap Pye
7N 17157
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Hatch
David Bowie-kronologi
«Do Anything You Say»
1966
I Dig Everything «Rubber Band»
1966

«I Dig Everything» er ein song av David Bowie. Han vart gjeven ut som singel i 1966. Songen vart opphavleg spelt inn som demo med turnebandet til Bowie, The Buzz, men Tony Hatch var ikkje nøgd med spelinga deira og erstatta dei med studiomusikarar. Songen vart spelt på konsertar i 1966-1967 som ein omskriven versjon av 1-2-3 (seinare Clouds), som Bowie høyrte spele på The Marquee tidleg i 1967.[1]. Singelen selde dårleg og var den siste innspelinga til Bowie for Pye.

Teksten skildrar ein ungdom som kjem til ein by, truleg høg på noko, og spring kring i London og gledar seg over alt han ser. Dette er hans verd, hans by, syng han, og dei som ikkje ser det vakre i slummen og fortaua er anten blinde eller gamle (eller politi).[2] Der «Can’t Help Thinking About Me» handlar om å flytte frå bygda til London, handlar «I Dig Everything» om at guten har kome fram, bur i ein skiten leilegheit, har fleire vener enn mat, sit og røyker og ler av dei eldre folka som er på veg til jobb og er fortapt i bylivet.[2]

Musikken består av ein latinsk rytme med vaskebrett og bongotrommer, og syner at produsenten Tony Hatch nytta studiomusikar i staden for bandet til Bowie på denne tida, The Buzz. Songen vart spelt inn 5. juli 1966 og kom ut 19. august same året.

Songen vart spelt inn på ny 34 år seinare for albumet Toy, som aldri vart gjeven ut, men Bowie spelte songen ein del på konsertane sine i 1999.

B-sida til singelen var «I'm Not Loosing Sleep». Tony Hatch hadde berre spelt inn mislukka singlar med Bowie, og prøvde å få han til spele noko som minna om Petula Clark. Til dømes minna korvokalen som syng «too bad!» om refrenget i «Downtown». Songen vart spelt inn same dagen som A-sida, 5. juli 1966.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mojo magazine Nov 1994 article "1-2-3 and the Birth of Prog", interview with David Bowie
  2. 2,0 2,1 Chris O’Leary. I Dig Everything. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 13. januar 2016.