Can't Help Thinking About Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Can't Help Thinking About Me
Singel av David Bowie with The Lower Third
B-side

«And I Say to Myself»

Utgjeve januar 1966
Innspelt London, 1965
Sjanger Rock
Lengd 2:47
Selskap Pye Records (UK) / Warner Bros. (US)
Pye 7N 17020 (UK) WB 5815 (US)
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Hatch
David Bowie-kronologi 
«You've Got a Habit of Leaving»
Davy Jones & the Lower Third
(1965)
Can't Help Thinking About Me «Do Anything You Say»
(1966)


«Can't Help Thinking About Me» er sin song skriven av David Bowie i 1965 og gjeven ut som singel under namnet David Bowie & the Lower Third. Dette var den første singelen dei gav ut etter han endra namn frå David Jones til David Bowie, og den første på Pye Records. Singelen var òg den første innspelinga til David Bowie som vart gjeven ut i USA.

Songen var den første av fleire Bowie-songar om ein landsens gut som flyttar til den livlege London og farane og gledane han møter der. Teksten er i hovudsak ei vag bakgrunnssoge. Songaren har drege heime frå. Han har sverta familienamnet på ein eller annan måte. Han står på togperrongen, seier farvel til kjærasten sin og er både trist og nær ekstatisk samstundes om utsiktene til eit liv heimefrå. Det handlar om blømande narsissisme og sjølv-dramatikk i ungdomsåra. Enkelte biografiforfattarar har indikert at songen er eit farvel til det gamle bandet hans, Lower Third. Bandet vart avslutta, som fortalt av Christopher Sandford, i ein klubb i Bromley der kvart enkelt medlem måtte koble frå instrumenta sine og levere dei over til manageren til Bowie, medan Bowie satt der passivt.[1]

«Can’t Help Thinking About Me» var, som alle Bowie-singlane på denne tida, mislukka.

B-sida til singelen var «And I Say to Myself», som var ein slags Sam Cooke-liknande song.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte overraskande nok songen på VH1 Storytellers i 1999, for første gong på meir enn 30 år.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart gjeve ut på ny av Pye i Storbritannia som ein EP med fire songar i september 1972. Dette var eit forsøk på å tene pengar på den nye populariteten Bowie hadde på denne tida. Plata nådde ikkje listene, men vart eit samleobjekt.
  • Pye gav òg ut singelen med bilete på omslaget i Spania i september 1972, men denne versjonen hadde «I Dig Everything» som B-side.
  • Songen finst òg på samleplatene:

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]