Memory of a Free Festival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Memory of a Free Festival
Singel av David Bowie
frå albumet Space Oddity
A-side «Memory of a Free Festival Part 1»
B-side «Memory of a Free Festival Part 2»
Utgjeve 12. juni 1970
Innspelt Advision Studios, London
3., 14., 15. januar 1970
Sjanger Folkrock, progressiv rock
Lengd 3:59 (Part 1)
3:31 (Part 2)
Selskap Mercury
6052 026
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi
«The Prettiest Star»
(1970)
Memory of a Free Festival «Holy Holy»
(1971)

«Memory of a Free Festival» er ein song av David Bowie. Han vart opphavleg spelt inn som ein sju minuttar lang opus på albumet David Bowie i 1969. Han vart omarbeidd etter ønske frå Mercury Records, som meinte at songen hadde betre sjanse til suksess som singel enn «The Prettiest Star», som kom ut tidlegare på året.

Bowie og Tony Visconti delte songen om lag i to, spelte inn begge halvdelar på ny slik at begge halvdelane kunne fungere som individuelle songar. Ein meir rocka versjon enn det tidlegare albumsporet,[1] med trommeslagar Mick Woodmansey for første gong i studio for Bowie. Dette danna bandet som kort tid etter skulle spele inn The Man Who Sold the World.

Biografen David Buckley skildrar «Memory of a Free Festival» som «ein slags tripp-aktig nyinnspeling av the Stones sin 'Sympathy For The Devil', men med smilande tekst.»[2] Songen vart skriven som ein hyllest til Free Festival, organisert av Beckenham Arts Lab, som vart halden i Croydon Road Recreational Ground i Beckenham den 16. august 1969, den same helga som Woodstock-festivalen.[3] På festivalen spelte Bowie mellom anna ein reggae-versjon av «Space Oddity», men denne vart aldri spelt inn, i tillegg til artistar som The Strawbs, alle introdusert av John Peel. Den nye kjærasten til Bowie, Anglea Barnett, steikte hamburgarar i ei trillebår. Festivalen var fredleg og ein relativt stor suksess med kring 3000 i publikum.[4]

Songen Bowie skreiv kort tid etter festivalen, vart den siste songen på albumet og kanskje den siste han spelte inn i 1960-åra.[4] Songen handlar om ein lukkesaleg ettermiddag der forteljaren vandrar gjennom ein glad gjeng av blomsterbarn, utvekslar kyss, helsar på venusbuarar og endar med ei felles dyrking av solnedgang og håp om fleire gleder gjennom natta som ligg føre dei.[4] Dette var ikkje sant i røynda. Festivalen skjedde berre fem dagar etter gravferda til far til Bowie, og han var i dårleg humør og kalla partnarane sine «materialistiske rævhol» som tente pengar på hamburgarar og t-skjorter, klagde på dårleg PA-system og storma til slutt bort i sinne mot slutten av kvelden.[4] Mary Finnegan, som ein gong var kjæraste med Bowie og som samarbeida med Beckenham Arts Lab, kalla seinare Bowie ein hyklar som kunne skrive ein fred- og kjærleikshymne om ein festival han mislikte så sterkt.[4]

Singelen selde dårleg då han vart gjeven ut i USA i juni 1970 og selde berre nokre få hundre kopiar. Han vart òg gjeven ut i Storbritannia, men gjekk like dårleg her.

Den originale versjonen av «Memory of a Free Festival» starta med Bowie som spelar eit Rosedale elektrisk orgel (eit slags elektrisk [[harmonium] mer berre kring tolv spelbare akkordar). Dette akkompagnerer dei fire versa i songen og gjev eit audmjukt kyrkjeleg supplement til den vaklande vokalen til Bowie.[4] Etter eit mellomspel med orgel, klipp av prat og latter og gitar-grynt, kjem eit fire taktars refreng (D-G-C-D) som varer til slutten av refrenget: «The sun machine is coming down and we’re gonna have a party!».

Bowie elska «Hey Jude» av Beatles, og hadde spelt eit «na na na»-refreng i demoversjonen sin av «Janine» og denne songen var eit tydeleg forsøk på å imitere Paul McCartney sin struktur med å strekkje ein tre minuttar lang song til ein episk song med hjelp av eit langt parti med fellessong over dei same tre akkordane. I følgje Nicholas Pegg skal somme av personane i koret ha vore Tony Woollcott og Bob Harris.[4]

Våren 1970 bad det amerikanske selskapet til Bowie, Mercury, han om å spele inn «Memory of a Free Festival» på ny for ein singel. Mercury meinte songen hadde hitpotensiale, og instruerte Tony Visconti til å auke tempoet og flytte «sun machine» til kring to minuttar ut i songen. Kompromisset var å bryte songen i to delar, der B-sida berre var eit framhald av «sun machine»-biten. Mick Ronson spelar sologitar på denne innspelinga.

Den originale songen vart spelt inn kring september 1969, medan singelversjonen vart spelt inn 3., 14. og 15. april 1970.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte songen for radioshowet The Sunday Show den 8. februar 1970. Ei forkorta utgåve av dette finst på samlinga Bowie at the Beeb frå 2000.
  • Bowie spelte òg songen i 1973 under Ziggy Stardust-turneen som den tredje delen av ein medley som starta med «Quicksand» og «Life on Mars?».
  • The Mike Garson Band, namnet på bandet som akkompagnerte Bowie på Philly Dogs-turneen sin, lukka settet sitt med ein soul-aktig versjon av songen i 1974.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.33
  2. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.98
  3. The Free Festival which inspired the song: BowieWonderworld.com website. Retrieved on september 22, 2007.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Chris O’Leary. Memory of a Free Festival. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 18. januar 2016.